 |
 |
|
 |
 |
|
|
|
Her ser de bilete av ymse turar Amira har vore på. Ho er med sin låge alder naturlegvis ingen topptrena hund som går kjempelange turar, men vi går lengre og lengre kvar dag. Ho elskar å kome opp i høgda slik at ho får utsikt over landskapet!
|
|
|
|
Sina og Amira på avkjølingstur til nedre Sjodalsvatnet.
Provisorisk "strandtelt" ved Tesse. Det er VARMT å vere med på badetur!
Amira ved Dågåtjønn ved Tesse -ferieparadiset i heimfjellet vårt.
Ved Tesse har Amira mange gode kompisar -deriblant samojedjamaldringen Koriak. Utslitne etter ei lang økt med leik...
På tur i skogen ovanfor huset heime. Amira sit musestille og høyrer på fuglesongen...
Idrettslaget i Garmo har mange fine orienteringspostar å gå på om sommaren. Her ved Krosstjønn utanfor Arne Brimi sitt Vianvang. På turen såg vi hoggorm!
Endeleg framme ved Storskalet! Amira sette seg ende ned og lot seg imponere over utsikta over heimbygda Garmo. Ei svensk frøken i rotnorsk landskap...
Må nok passe godt på Iver så han ikkje stuper ut over dette bratte lendet!
Amira, Iver og granneungane på tur mot Ausfjellet -her med utsikt mot Vågåvatnet.
Her var ein liten sølepytt mykje meir interessant for Amira enn utsikta mot Lomseggen og Skjåk
Så inderleg godt å slappe av i skuggen etter ein lang tur med mange nye inntrykk og framande lukter. ZZZZZZ......
Atrig med klin!!
Telttur i Memurubu olsok 2008.
Amira i fjæresteinane i Balestrand.
Iver og Amira ved ein rar stein på Langhovden.
Stille kveld ved Dågåtjønna.
Mmmm, kor godt vi har det!
I stri motvind på Kampom.
Kvilingsstund på Nordsetra.
Pen dame i turutstyr.
I gråver opp mot Koppflya 14.09.2008
Fredeleg kvile medan sesongen er på hell...
Kyr er "ålreite" dyr!
Spennande med slike store firfotingar!
Utsikt mot Tesse
Så vakkert når fjellet viser seg fram etter ein skytung morgon.
Amira strevar for å få gå først, men...
Stille bekk mot tjønna ved Steinbua til Vegard Brimi.
Turmålet nådd, og vi kan stemple post nr 10 på orineteringskortet!
Mang ein godbit låg att etter rast frå besøkjande i går...
Kakao, mjukbrød og polarbrød -men kor mykje kan vi ha håp om at dett ned her da, tru..?
Siste del av pausa heldt vi ute i solveggen.
Svein sjekkar "loggen"...
Tjønna ved Steinbua.
Iver glyttar inn glaset.
Så godt med ein slurk og litt svalande vassing!
Amira ser langt etter snøfonna...
Søtnos!
Koppflya kastar lange skuggar seinhaustes...
Fjellet på sitt vakraste!
Amira skodar ned mot Tesse att.
Før skodda lettar.
Siste vassing før isbading!
Skitt au -skal eg gje opp, eller?
Det aller første møtet med snøen!
Mmmmmm!
Vakker kontrast i skogen -Amira 5.oktober 2008.
Amira skodar utover frå Høgkollen 26.okt. -08.
Her var det pent, du!
Så fint å vere dronning på "Haugen" ei lita stund...
Pent i Lia au ja, men penare på andre sida av Kollen :-)
Ei stutt kvilingsstund før det ber i full fart nedover att.
Godt å springe fritt, men selen fekk vere på så det skulle vere snøgt å hekte i att bandet dersom vi skulle møte på skvetne folk.
Den vakraste ulldotten matmor veit om -og eg er fullstendig klar over det :-)
Litt kei, men berre ei ørlita stund...
Bestefar på tytingtur 26.oktober 2008! Nokon betre?
Mer infoLiker
|
|
|
|
 |