Velkomen til Amira og hennar familie
Wolfmoor Angel -til dagleg kalla Amira- vår utruleg vakre og trufaste eurasier.
Starten
Siste helga i mai 2008 henta vi heim vår etterlengta eurasier Amira frå kennel Wolfmoor  i  Ljusdal i Sverige. Dette var siste helga før vi skulle halde konfirmasjon i heimen, og det var nok fleire enn svigermor som tenkte sitt om denne kjerringa på Byrøygard.... No sto vel husvask og invitasjonar på dagsordenen meir enn ein egotripp til Sverige...

Vel framme i Ljusdal vart vi møtt av ei vakker tispe med ei søt lita bamsejente som ville leike, leike og leike... Det var nesten vemodig å skulle skilje desse to frå kvarandre, men det gjekk kjempefint! Eg namna henne Amira med det same, og ho sat på fanget i bilen heile dei 55 mila heim til Gudbrandsdalen.

Eg har ikkje angra eitt sekund på at eg tok denne spontane avgjerdsla og henta heim gromjenta som gjorde familien vår fullkomen!

Vel heime
Matmor hadde i lang tid -fleire år- studert denne hunderasen på nettet, og draumen om ein turkamerat og trufast følgjesvein voks seg etter kvart så sterk at det var som om lykka var fullkomen då Amira endeleg kunne hentast heim. Ho har frå første stund vore ein ualminnelge fredeleg og påliteleg kvelp som alltid har vorte beundra for sin vakre utsjånad og sitt tillitsfulle vesen. Ein STOR takk til Berit, som var den første til å tipse oss om denne vakre og familievenlege hunderasen!

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Nøve | Svar 17.02.2010 22.09

Jeg er sikker på at du gjorde det rette den helga i mai

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

26.06 | 17:27

Så fint at Amira har blitt bra att!

...
22.02 | 16:49

Så artig at du likte bileta Hadde vore artig om eg visste kven du var -kanskje du også har fine fotografi på nettet..?

...
20.02 | 08:07

fine Bilde

...
11.02 | 09:50

Ja, her er det prat om ekte, gjengejeldande kjærleik

...
Du liker denne siden