 |
 |
|
 |
 |
|
|
 |
Far
Vi er ein familie på 5 som bur i Garmo i Lom. Far i huset, Stig, driv eige føretak som smed, og innreidde for nokre år sidan det tidlegare fjøset til smie og mekanisk verkstad. Sidan han no arbeider for det meste heime i verkstaden, slepp Amira å gå åleine heime kvar dag medan born og vaksne er på jobb og skule -ho veit alltid at Stig er i smia når bilen er heime. Når det er tid for kaffepause, har far no fått ein trufast kompis som ligg ved føtene hans og passar på at ingen smuler går til spille...
Far i aktivitet i smia.
Mor
Mor er utdanna lærar, men har dei siste 9 åra jobba som barne- og ungdomsbibliotekar ved Lom folkebibliotek. Ho stortrivst i jobben, men skulle som mange andre mødre ønskje at ho hadde meir tid til borna og Amira. Framtidsplanene no er å bruke tid på Amira saman med borna -agility, utstillingar og blodspor står høgt på lista...
Første møte med Amira. No blir du norsk!
Eldsteguten
Ola på 17 år er ihuga spelemann, og brukar det meste av fritida si på trekkspelet.
Musikk på verandaen.
Jenta vår
Sina går sisste året på ungdomsskulen og brukar mykje tid ved data`n med lekser og oppdatering på vennesida.
Sina -som vanleg ved data`n...
Minsteguten
Iver på 10 år er ein skikkeleg skater som alltid er i aktivitet, og han er den som saman med mor går mest turar med Amira. I tillegg spelar han gitar mange økter kvar dag.
Iver -ein ekte skater!
Pusen
Pus er også ein fullverdig familiemedlem på 5 år. Han søkjer fred på rommet til Iver no etter at den store bamsen flytta til gards. Pus er ein matglad og ualminneleg kosete katt som elskar å sitje på eit varmt fang.
Er det snart servering, tru..?
|
|
|
 |