Dagbok

Nytt

Torsdag 18.november

Flesket ligg i bulkete pølser bakover ribbeina, underpelsen sit tett isolerande under lange dekkhår, matfatet er alltid tomt, og andre hundar er igjen fullt akseptert -så lenge mageskinnet får vere i fred for snusing og bitt. Amira er m.a.o. friskare enn på lenge, og matmor ser ørlitegrann ljosare på framtida med raudreven.

For ein god månad sidan tok vi med Amira til Gjøvik Dyreklinikk for om mogleg finne ein underliggjande årsak til alle plagene hennar. Alle dyrlegebesøka heime i Lom tilseier at noko ikkje er som det skal med hunden, og som fullverdig familiemedlem set vi alt inn på å hjelpe henne til ei friskare framtid.

Dyktige dyrlegar tok fleire biopsiar og sende til England for dyrking, behandla henne for parasittar (berre for å vere på den sikre sida), samt fryste ned serum for seinare analysering. Dei sjekka også augo og øyre medan ho var i narkose, sidan også desse har vore utsette for sjukdom  ved fleire høve. Ho fekk to tablettkurar med det same: ein cortisonkur, samt ein antibiotkakur av anna slag enn ho har fått tidlegare. Biverknader har vore ein unromalt enorm apetitt og ustoppeleg tørste, noko som altså har resultert i ei fyldigare kroppsform:-)

 Dei førebelse svara frå utlandet viser at ho har ein overfatisk hudinfeksjon, og denne har nok plåga henne i stor grad. Store, svarte pigmenteringar over det meste av kroppen -særskilt under magen og på halsen- er ofte hissige og blåraude med tørre, såre kantar. Den intense kløen har gitt seg etter cortisonkuren, men pigmentflekkane er like hissige. Neste steg no blir å finne årsaken til hudlproblema, og serum er no sendt etter til England for analyse. Matmor har stappa øyrflippane inderleg vel inn i dei tronge øyrgongane sine kvar gong veterinærane har ymta frampå om at ei form for allergi kan vere underliggjande årsak, så ho er førebels optimist med tanke på engelsk svar (kanskje har ho gløymt så mykje av dette framande språket at ho ikkje riktig skjønar kva som er gale, heller..) Vi kryssar fingre og tær, og kosar oss i mellomtida med mange fine turar i flott vinterver, samt timelange kosestunder i skinnsofaen (som Amira har teke i bruk som seng på nattestid).

Sist sundag feira vi farsdagen med ein flott tur opp til det nette ysthuset eg har vore så heldig å få leige. Eitt knøttlite rom var meir enn nok plass til 12 tofotingar og 6 firfotingar då kaffien skulle opp av sekken, og vi hadde ei rett så triveleg stund på setra. Ute stod det i tillegg att 4 andre hundar, så vi var eit gildt følgje der vi trakka oss oppover skogen. Minstejenta på 7 veker hekk trygt plassert kring halsen på bestemor, medan sprekingen Estin på 4 år gjekk heile turen på eiga hand. Amira oppførte seg eksemplarisk, tok mykje kontakt med både menneske og andre hundar, og sakka ikkje akterut ein einasate gong. No ber vi til vergudane om at føret held seg til sundag, då tek nokre av ein skikkeleg fellestur att.

Oppdateringane er sjeldne på sida her, då eg framleis er på leit etter eit godt alternativ til blogg eller heimeside. Har du noko godt forslag, er det fint om eg får eit tips :-) Hej så lenge!

Mandag 27.september

Etter ein fortreffeleg dag i Klatreparken med sambygdingar i går, har eg bestemt meg for å "gjenoppta" heimesida inntil vidare. Det ligg ikkje så lett for tøyge Vårdølar å bestemme seg for kva ein skal velje i nettvrimmelen, så eg får sove på ny blogg nokre netter til.

Amira er i topp form i høve til kva ho har vore på år og dag. Ho er suveren i  "på plass" for tida -i alle fall dersom nokon rører seg på kjøkkenet; då trengst ikkje eingong kommando før sniken står i stram giv akt med dådyraugo og viftar med vippene som best ho kan... Alt som heiter folkemat MÅ smakast på, og når matfar et middag, legg ho heile snuten messom heilt tilfeldig varsamt bortpå låret hans -berre så han skal kjenne kor trist det er å sitje på golvet, under bordet, i den herlege matdufta. Eit triks som for øvrig verkar kvar gong...

Pelsen er derimot ikkje heilt på topp att... Etter nesten konstant røyting sidan april, er vi no inne i ein storrøytebolk! Voffa klør seg attpåtil noko skrekkeleg av og til, så under halsen er delar av den mjuke pelsen erstatta av små, tørre skorper :-(  Har i dag kontakta Gjøvik Dyreklinikk for å ta ein ekstra sjekk på dama, for no VIL vi ha henne skikkeleg frisk, stakkar!

Dagens tips, som eg naturlegvis har lært av oppfinnsame Bestemor Berit, er å henge fulle bæsjeposar under vindaugeviskaren før ein kjører heim etter endt tur, i staden for å slenge den illeluktande stankeposen i golvet, for så å halde pusten heile vegen heim til søppeldunken... Sistnemnde handling er ikkje alltid like vellykka, nemleg!

I kveld har vi skrangla heim att Adrianna frå sommarcampen, så no er sommaren definitivt over. Lycky me har i staden smiska meg innpå ein grei gardbrukar for leige av ei lita bu i heimfjellet framover vinteren, så her er inga depping :-)

Har sååå mange nye, flotte bilete, men har no brukt den tilmålte tida mi ved skjermen på å utarbeide ein haustdesign til nokre av sidene... Natti-natt!

Tysdag 24.august

Nåja, det er ikkje alltid ting går som ein har tenkt her i verda... Eg lurar stygt på kva eg skal føreta meg i høve denne heimesida til Amira. Dette opplegget fungerer fint, sida er lettvint å oppdatere og eg kan leggje passeleg personleg preg på sidene. MEN, det er eit stort MEN : Fleire gonger no har sida vore så full av bilete at eg må slette nokre for å få lagt til nye, og det har eg ikkje lyst til, rett og slett... Har oppgradert storleiken ein gong, men veit ikkje om det er tenleg å gjere det mange gonger, det ligg trass alt så mange  gratis alternativ tilgjengeleg på nett. Trur kanskje eg i nær framtid kjem til å opprette ein blogg i eit anna format, med lenkje til denne sida, så er eg ute av problema. Det er jo så artig å skrive, og sjølv om eg bloggar i samband med arbeid, blir det messom ikkje  tilfredsstillande nok ... Alt til sitt bruk, damata... Men eg skulle gjerne hatt ei side som kunne innehalde m.a. eit bildearkiv for lekkerbisken, også. Hmmm, dersom nokon har tips om eit greitt alternativ, vil eg gjerne høyre om det!

Amira sjølv er framleis ikkje heilt i form. Førre helg fekk ho øyrebetennelse, truleg som følgje av insektibitt, og enno ei narkose måtte til for å reinske opp i styggedomen. Elles har ho mest lyst til å sove, sove og sove med snuta godt gøymt langt inne i duskehalen, godt samankrulla i buret. Ho kan somne der ho står, og ser rett og slett uopplagt ut, stakkar... Gretten på andre hundar har òg vorte, ho som alltid har elska å springe om kapp med andre pelsdottar i fri leik. Dersom ikkje helsa snur litt snart, må eg vel ta nokre blodprøver att for å sjekke skikkeleg kva som riv gromjenta mi.

Laurdag hadde vi besøk av samojeden Kazan, som skulle vere att hos oss for første gong. Han er ein lettvint og grei kar, og det var ingen sak og gå tur med dei båe i band for ei kjerring som aldri har gått med andre hundar enn Amira. Arrangering av blodsporprøve sundag, der eg skulle vera testleiar, gjorde sitt til at eg ikkje fekk kosa nok med Kazan, og eg har nesten vorte lova å få låne han att ved seinare høve. Yesss!!!

Torsdag 22. juli.

For berre nokre snaue månader sidan var vi enkle sjeler i baksida lykkelege eigarar av ein -ja, ein- stasjonær pc, utan strålingar frå usynleg, trådlaust nett flytande rundt oss i den støvete stovelufta. Moderniseringa vart derimot eit nødvndig onde også for trauste dølar, og berbare maskiner som før har hatt gode dagar i heimen fekk for nokre veker attende ein ny vår, då ein brått kunne kople seg på verdsveven både frå sengehalmen og vaskekjellaren. Ei stund. Om det var Tor med hammaren eller andre årsaker som slo krøll på nyvinninga er uvisst, men du verda så kronglete det vart då vi atter vart 5 ivrige nettbrukarar på ein stajonær -og otyleg tøyg- pc... Lykkelegvis tok eg ferie på same tid, og saknet etter tastar og nett vart slett ikkje noko problem for meg som brukar kvar ledige stund i fjellet. I kveld vart det derimot etterlyst oppdatering på bloggen, noko som ikkje har vorte prioritert desse tre frivekene...

Ser at det ikkje har vore nemnt i tidlegare innlegg at Amira vart kåra til Martan`s penaste hund under Fjordingsmartna`n i Lom -på sjølvaste 40-årsdagen til matmor! For ein nedrøyta rekonvalesent som hatar store folkehopar vart dette ein aldri så liten siger, premiert med stooor, raud sløyfe! Artig!

Den 9.juli pakka vi kakuskive og kaffe i sekken og tok turen mot Kyreggen saman med tibbane Litol og Kaisa, samt 3 andre godt til års komne kvinnfolk. Bakkane oppover gjekk ganske så lett, og sjølv etter ein laaang, iskald vinter og ein større operasjon var Amira sprek heile dagen. Det var forresten matmor også, heilt til ho skulle stemple orienteringskortet sitt på toppen... Kort og kart låg trygt att heime på kjøkkenbenken, utan så mykje som eitt einaste lite merke som bevis for utflukta... Skal tru om vi får levert noko aktivitet inn til idrettslaget denne hausten?

Trass i at folk og media sukkar og ojar seg over det dårlege sommarvèret, har vi hatt fleire fine kveldar ved Dågåtjønna -åleine og saman med godt selskap ymse gong. Stordotta får lov å liggje i senga hos mor og Iver der oppe, då golvplassen er på storleik med ei dørmatte når får vrengt av oss kleda for natta. Dette har gjort sitt til at ho no smyg seg lydlaust opp i skinnsofaen her heime om kvelden, og tek det som ei sjølvfølgje at ho skal ha minst like god seng som dei tobeinte og katten i familien. Når far i huset står opp i gryotta, hjelper det ikkje med streng stemme og kvasse blikk: då blir bikkja knøttlita og reknar seg som bortimot usynleg blant puter og pledd...

Svigerfar har snekra saman det flottaste huset til Amira denne sommaren -veranda med tak, stolpar med skjeringar, vinterisolerte veggar og takrenner mot dropane frå "oven" er blant fasilitetane. Det heile nøye snekra saman av erfarne fingrar etter sirlig nedteikna idè av svigerfar sjølv. Ein mann eg ikkje for alt i verda vil byte mot nokon anna svigerfar!

Først i veka var vi med svigersyster Irene på hytta, og der presterte jammen hufsa å ta si første mus!! Dette tok dei fine frugene meget ille opp, og det spann seg ut ein hard kamp bakom hytteveggen før berta måtte gje slepp på den saftige steika, og damene triumferande kunne hive den klessblaute, daude gnagaren langt over gjerdet til glede for andre svoltne skapningar. Dronninga sjølv synte fram ei stygg side då ho ville forsvare byttet sitt, men det hjelpte lite med hogg og knurring når kvinnfolka hadde bestemt seg... Vel heime ringde matmor veterinæren og bestilte ormekur til jegeren!

I helga er det meldt finvèr, og vi to bertene har planar om ein lengre tur laurdag. Då reiser Iver til Danmark, så vi må nok rekne med å gå åleine i fjellet, då matfar har fullt opp med gjeremål i smia og tenåringane i huset er travle med arbeid. Neste veke er det arbeid att for meg, men etter kun ei veke blant bokhyllene sklir eg atter over i feriemodus og late dagar.

Trass i at besøkstalet syner godt over 60 000 treff på heimesida, er det sjeldan vi ser helsingar i gjesteboka vår? Kjempetrivleg om den som les legg att eit spor i ny og ne :-) Mange nye bilete er lagt inn i sommaralbumen. Nyt sommaren saman med oss!

Måndag 5.juli.

Usj, kor fort dagane og kveldane går! Vi har gjort så utruleg mykje forskjellig dei siste vekene utan at vi har fått krota det ned i nokon blogg. Dette har etter kvart vorte som ei dagbok for min eigen del, og det er til og med tenleg einkvan gongen å kunne bla seg attende til hendingar ein har opplevd.

Ny kortlesar er i alle fall kjøpt, og i kveld er nye bilete lagt inn i sommaralbumet. Framleis vantar det bilete som bevis for at vi har delteke på runderingstrening saman med redningshundar i lokalmiljøet -noko vi er utruleg stolte over! Amira overraska matmor med å bykse innover skogen for å snuse på ein framand mann med godis i lomma fleire gonger -ja, ho føretrakk faktisk mannebeinet framfor dei to damene som hadde dandert seg så innbydane i lyngen :-) Der er nok hufsa litt lik matmor si, ja... Dette er noko vi gjerne blir med på fleire gonger!

Vi har også flytta vogna opp til Dågåtjønn att for campering når finveret lokkar! Iver, Amira og eg har allereie overnatta der 3 gonger, trass i at ferien ikkje starta før i helga for min eigen del. Amira vaktar området rundt vogna vår like hardnakka som hagen heime, og ingen bør trakke henne for nær når ho døsar av i skuggen der, nei!

Torsdag hadde vi ein flott fjelltur til Krosstjønn saman med storesyster Kjersti og 3 av tanteborna mine. Supert turvèr, fantastisk turmål og snodige turkompisar gjorde turen til ei pangoppladning før ferien! Bilete frå turen i sammaralbumet.

Då Iver, Amira og eg kom heim frå kveldstur i efta, hadde Iver plukka ein flott bukett til mamma -han hadde ikkje mindre enn 20 ulike blomeslag i neven då vi fekk finrekna! Og namnet visste han på dei aller fleste, samt at vi fekk lært nokre nye å kjenne.

I morgon blir røyteberta att heime hos far medan vi andre tek turen over fjellet for å shoppe sommarklede i Stryn :-) Ho er snart heilt snau bak på ryggen der rompa vanlegvis ligg i krøll når humøret er på topp, så det spørst om vi ikkje må investere i sololje til henne på vestlandet ...

Sundag 13.juni

KRISE!!! Den trufaste, digitale spegelrefleksen har svikta totalt, og nektar å leggje inn nye, flotte bilete frå veka som har gått! Må visst investere i ein kortlesar, så i dag blir det blogging utan bilete...

Onsdag drog Iver, Amira og eg til fjells for å overnatte i vogna ved Dågåtjønn. Det silregna heile kvelden, men morgonen opneberra eit spegelblankt Tesse der sola kasta blanke stjerner mot oss for å lokke oss ned til herlegdomen. Vi var heilt einslege i paradis, og dei to sprekingane eg hadde med fauk bortetter sanddynene og spratt i dei mjuke, klinete hola ei fleire timar frå kl 8 om morgonen. Om natta vakna eg av at ein elg sprada mellom bilen og campingvogna, men med tung sømn i augo orka eg dessverre ikkje å tumme fram apparatet for å forevige opplevinga... Ein flott, liten miniferie! Kl 11 fòr vi ned i bygda att for å dra på styrketrening, og Iver vart som alltid (når han har tid) med for å vera tidtakar...PUH!

Amira har som tidlegare nemnt vorte enno meir vaktbikkje rundt huset vårt, og difor har vi hyra inn ein dyktig hundetrenar som testar henne ut litt på heimebane. Det er ein fryd å vera vitne til samspelet mellom desse to, og vi har kært ikkje så reint lite i seinare tid. Han hevdar hardnakka at det ikkje finst noko aggressivitet i bikkja, men at ho må få tid på seg framover til å byggje opp meir mot, og til å bli kjent med fleire av dei ho har bestemt seg for at ho ikkje likar...

Hundetrenaren er også mykje brukt som dommar på MH-testar, og i går inviterte han oss til eit figurantkurs der vi skulle få prøve bikkja gjennom eit par moment i løypa. Han fortalde på førehand kva han trudde kom til å skje, medan eg hadde mine store tvil. Aldri verda om Amira godtek eit snikjande ullteppe som kjemapr seg ut av skogen for så å begynne aktiv leik med ei fille! Såg mest føre meg hjarteinfarkt på blåtunga... Har no skjøna at eg aldri skal spå på førehand korleis denne bikkja vil te seg i nye, uvante situasjonar! Overrasking på overrasking, kan ein vel oppsummere den regntunge gårdagen med -og eg kan understreke at eg sov GODT i natt!

I morgon skal eg på handel så eg får lagt ut nye bilete snarast!

Onsdag 2.juni.

Endeleg! Sommaren er i gang, stova er nyoppussa, jenta er konfirmert, og Amira er friskmeldt! ...og mor er lykkeleg tilfreds med tilvèret :-) Hektiske dagar med vaskefille og skurekost er definitivt over for denne gong, og vi kan bruke tida litt meir etter humør og vèr.

Amira har fått ein allergisk reaksjon på stinga som skal løyse seg opp inne i magen, så heile såret er dekt av blemmer og vablar. Matmor fekk naturlegvis ein liten nedtur då dette dukka opp, og såg føre seg både brokk og det som verre var, men den alltid så dyktige veterinæren fekk roa ned storhufsa mange hakk, så vi smører oss sjølve med tolmod og bikkja med Fucidinkrem til det heile er over, tenkjer eg :-)

I dag baud det første høvet seg til å ta ein skikkeleg fjelltur for å teste forma til Amira etter inngrepet, og der skal eg sei vi kan skrive ut friskmelding med det same! Bikkja la på sprang bortetter sanddynene, baska i snøfonnene som låg att i gropene og plaska i tjønna om kapp med våryr fjellfisk. Irritasjonen i magen ser ikkje ut til å hemme det minste, og i morgon satsar vi på ein lengre tur så også mor får testa sommarkondisen...

Her heime har vi no verdas dyktigaste vaktbikkje, som ikkje lenger nøyer seg nokre halvhjerta boff når gjestar nærmar seg grinda. Illsint gneldring med påfølgjande knurring og bustreising må til for å vere trygg på at alle skjønar kor farleg ein ulv som vaktar smeden og fru og deira tre englar...

Ein kryss i margen får også forsikringsselskapet som var pålitelege og greie i handsaminga av saka vår -vi fekk att kvar ei krone for utgiftene i samband med sjukdom og operajon, raskt og effektivt. Då betaler ein eigenandelen med glede, og prisar seg lykkeleg for at hunden er trygt forsikra hos trufast selskap.

Bloggen blir heretter oppdatert mykje oftare, då roa på ny har lagt sitt svalande teppe over heimen i baksida, og nye bilete skal det ryddast plass til i ny sommaralbum.

Måndag 10.mai

Dagane går, våren let vente på seg, og Amira gjev blaffen i alt saman. Etter den 3 veker lange antibiotikakuren, vart ikkje Amira i nemneverdig betre form, og den 3. mai vart det såleis operasjon med fjerning av livmor og eggstokkar. Matmor var som vanleg skeptisk til diagnosen, og veldig spent på kva veterinærane ville finne når dei skar opp buken hennar. Men både livmor og eggstokkar bar tydeleg preg av unormal aktivitet, og eit par dyktige dyrlegar gjorde ein fantastisk jobb medan mamsen sat og beit neglar utover kvelden.

Då vi kom heim var Amira framleis i narkose, og då ho etter kvart tok til å vakne opp, begynte ho å skjelve voldsomt. Vi pakka henne ned i fleire lag varme teppe og masserte dei dovne musklane med varsame hender. Då vi la oss for kvelden, fekk Amira liggje på den gilde svanemadrassa si, som vi drog ut i gangen utanfor soverommet vårt. Berre nokre få minutt seinare tok ho til å piste og skrike, medan ho framleis låg roleg på madrassen. Vi drog heile rukkelet inn til senga mi, og då vart det heilt stilt -men kun nokre få minutt. Sidan heldt ho det gåande med pisting og jamring heile natta utan opphald -truleg både av forvirring, smerter og fortviling. Verst var det då ho fekk auge på seg sjølv med den gilde kragen i spegelen på kleskapdøra -då rein ho ende ut kvar gong ho glytta på seg sjølv....

Første morgonen starta med ny skjelving, og slik skulle det vere kvar morgon i 5 dagar. Dag 3 var smertene så store at ho laut få smertestillande ein ekstra gong, elles har ho for det meste daffa på dyna si i stova. Sundag, 6.dag etter inngrepet, var ho i så bra form at ho ikkje trong meir smertestillande, og det meste av dagen var ho med og heldt overoppsyn over rakinga ute i hagen. Då kvelden kom, sov ho så tungt at det var mest uråd å vekke henne for å gje medisin...

No har det gått ei veke, og det verste er tydelegvis over. Ho har klødd på seg store, blødande sår på sidene av magen, men dette ser også ut til å ha roa seg i dag. Vi gler oss veldig til laurdag -då skal alle dei 22 stinga ut, og den varme, harde kragen takast av. DÅ skal vi kose oss, då!!!

Ny våralbum er oppretta med bilete av pasienten.

Torsdag 22.april

Huff, det er elendig lite som skjer i bloggen her for tida, men det har si forklaring. Amira har vore i stussleg form i laaang tid, og dyrlegen kunne for eit par veker sidan slå fast at ho truleg lir av kronisk livmorbetennelse. Eg tok henne til veterinæren allereie etter første løpetida for halvanna år sidan, då Amira hadde vage, rare symptom på noko eg ikkje kunne forklare. Sidan har vi vore der med jamne mellomrom, fleire gonger etter løpetid, med symptom som ikkje har bore fram nokor diagnose -før no.

Vi har ikkje gått ein skikkeleg tur på fleire veker, utanom sist laurdag. Då gjekk vi i heile halvannan time -om enn i veeeldig sakte tempo- men lell. Dei andre gongene eg har prøvd å få henne med, tek ho ganske fort til å skumme frå munnen, og hovudet heng mot bakken medan ho stoppar opp og tydeleg ikkje har det greitt. Det blir såleis til at vi kosar oss med å sitje på fang, kleie magen og tufse litt rundt i hagen. Det er meir enn nok trim for henne slik ho er no, og etter 20 dagar antibiotika-kur, reknar vi såleis med at det blir operasjon. Eg kryssar fingrane for at dette skal gå bra, og at Amira endeleg kan bli ei sprek bikkje som har glede av skog- og fjellturar saman med matmor att.

Elles er stova no ferdig måla og beisa, og nytt golv er lagt. Tykkjer sjølv at vi har fått ei heilt ny stove med ljose, lette fargar som går godt med det fine golvet. Skal leggje ut bilete når møbleringa er på plass att.

Til helga slår sjefen og eg saman 40-års dagane våre og held stort 80-års kalas. Vi har fått 55 gjestar som har varsla om frammøte på lista, og gler oss stort. Amira får då passe huset einsleg ein kveld, men ho søv jo 23 timar i døgnet for tida, så det klarar ho nok supert. Før eg legg inn fleire bilete på sida, lyt eg renske opp i nokre av dei gamle bileta... Kjem med nytt så snart pc`en er ledig att!

Tysdag 23.mars

Amira er frykteleg lykkeleg om dagen! Mor den Spreke har husbrott, og heng kvar ein efta høgt oppunder stovetaket med målekost og akrylmasse i flott driv over takbjelkane. Slik omreiing gjer sitt til at det blir litt langt mellom trimturane, noko Amira set stor pris på! No kan ho liggje i fred på dyna si og kun glytte dorskt opp når einkvan i huset raslar med godis ved matskåpet, i full forvissing om at mor har ikkje nok timar til tur denne dagen heller.

Amira må vera fødd i sakte kino ; alt ho gjer går i langdrag, utanom skatojakta i hagen. Alle kommandoar, all eting, all tankeverksemd ser ut til å vera nøye gjennomtenkt og så absolutt ikkje overila hos denne dama. Ein tur med den Spreke lyt også vurderast i det lengste, før ho motvillig kjem tuslande med hengehovud for å få selen tredd over skallen. Av og til har eg undra meg på om ho er heilt frisk, men det er berre til eg opplever henne i fri utfalding med andre hundar, eller på tur i det fri utan band. Då spring ho som om ho aldri har gjort anna.

Vi har no røntga henne for HD, og ventar berre på positivt svar. Tennene vart reinska for tannstein når ho likevel var i narkose, så no er alt i skjønnaste orden. Til helga blir det pedikyr att også -noko ho med glede går med på annakvar veke- og pelsen har snart røyta frå seg. Løpetida har snart rasa frå seg, og sola er komen attende i stoveglaset.

Måndag 8.mars

Eg er pinleg klar over at "morgondagen" var ein gong midt i førre veka, og at underteikna er ei slurve på å halde visse lovnader. Men når hovud"personen" i heile dette heimesidaopplegget er så ualminneleg uinteressert i all aktivitet, all fotografering og alt matmor vil ta henne med på, tykkjer eg nesten det er litt greitt med stillstand på sida nokre dagar til. Sjå for deg følgjande: Når eg dreg på meg stilongsen og ruslar fram i stova for å invitere til ein trivleg kveldstur, gjer Amira seg så flat og usynleg som ein bamse på godt og vel 20 kilo klarar, smyg seg umerkjeleg gjennom rommet og smett stille inn i buret, for så å borre nasen godt ned i dyna og knipe augo demonstrativt hardt i hop. Tur er uaktuelt, og det er ingen vits å freiste truge med å gå åleine, for då bøyer ho hovudet skrått mot meg og set opp eit medlidande dådyrblikk som fortel meir enn alt anna at denne hunden MÅ ikkje forlatast i ein slik tilstand... Kos, dulling, pusling rundt øyro og struking over magen er derimot heilt greitt -heile tida... Altså : løpetid og medkjensle står på dagsordenen på Byrøygard enno eit par veker --MINST. Men vi freistar å ta nokre nye bilete likevel, og kjem hoppande inn så snart noko nytt er å vise :-)

Onsdag 3.mars

Vi har hatt nokre hektiske dagar i det siste, og bloggen står urøyvd og strålar med gammalt nytt... Dette skal rettast opp i løpet av morgondagen, men det lyt berre kjapt nemnast i dag at Amira har fått løpetid i løpet av natta. Ho ligg altså grumt nedgraven i den mjuke dyna si og drøymer om kjekke hannar med vårvind i pelsen... Meir nytt, samt bilete, kjem snarast!

Søndag 14. februar.

Så heldig den er som har 3 friske ungar, ein standhaftig mann og ei elskverdig bikkje som ligg trufast ved sengekanten til matmor -trass i at morsdagen byr på laaang morgonkaffe med minstemann og marsipankake på nattbordsnippen. Slike dagar gjer ein og annan baksmell til lommerusk som kan viftast bort med nordavinden, og livet blir ei festreise med grumme augneblinkar klistra vel opp på baksida av pannebeinet. Slike stunder som verkeleg kan takast fram att når grå dagar truar med å leggje lykkerusen i grus. Den heldige kjerringa er Meg!

I dag skulle minstemann i slalombakken med grannen, den komande konfirmanten låg på 3. dagen med virus innabords, medan eldstemann hadde lang kvilingsstund utover morgonen. Då sa smeden til kjerringa på morsdagen: "Hadde åss gjort rætt, så ha åss spænt på åss ski`n å trakka uppåver Klæppdal`n i dag, ævon...?" Den som er gift med ein smed, veit å smi medan jarnet er varmt, og slik vart dagen ein gild opptur i sola på silkeføre og delvis bortsmurde ski. Sveitten la seg i svalande bekkar mellom valkane under ullskjorta, og bikkja sprang lykkeleg fritt i laussnøen med eit utall tenlege hundsnuar i det klåre vèret. 5 minusgrader, sol og vindstille gjorde morsdagsturen til ei grom oppleving å samle på for oppslagstavla. Vel heime kunne mor sige sliten og stiv i knea ned i godstolen og berre vente på at middagen skulle bli servert... Ja, eg SA at EG var den heldige kjerringa ;-)

Amira har begynt å røyte for alvor -store haugar mjuk underull blir kamma bort kvar dag, og det lir mot ny løpetid. Ljoset utanfor glaset minner om at våren er på tur også til baksida, og blomane i karmen strekkjer hals og struttar livsmodige mot den klåre dagen. Då ser vi sjølvsagt ikkje mørkt på at det er godt over ein månad til vi kan kjæle dei første solstrålane på stoveveggen her i baksida...

Søndag 7.februar.

Å, kjerringa gjekk seg på veaskog -hei fara, på veaskog,
der låg det ei kjøving og gnaula og gnog -hei fara, fallturillturalltura!
                             
Å kjøvinga volt over fàr og bru -hei fara, over fàr og bru,
så kjerringje måtte seg heim att snu -hei fara, fallturillturalltura!
                              

Vinteren her mellom fjella byr framleis på rimfrost i skjegget for dei robuste sjelene som vågar seg utom døra meir enn ein knapp tur borti vedskjulet. Og som den heimsmidde songen over fortel, velt kjøvinga så stor over bekken oppi skogen her at det er umogleg å kome over før våren kjem sildrande med godvèr og fuglelått. Frykteleg utenleg for meg og Amira, som dermed lyt ta bilen den første stubben når vi skal ut på vår dagelege trimtur. Når graderstokken då ligg jamt melleom -20 og -30 det meste av denne vinteren, lyt vi av og til såleis finne på alternativ trening innomhus.

Her om dagen var eg på salg, og fekk kjøpt ei mjuk seng i litt hendigare format til Amira for ein merkeleg billig penge. For dei uinnvidde, har den bortskjemde hunden altså så langt hatt ei svanemadrass i barnesengstorleik som sin fristad, og far i huset tykte nok at dette var i drøyaste laget -ein kunne formeleg sjå kor han gremdest når vi fekk ukjente på besøk... Den nye "dyna" vart trass den vante luksusen godteken av Amira, og eg nytta høvet til å trene litt klikker med den nye senga som mål. Dette var gjort på nokre få treningsstunder, og når Amira først hadde lagt seg på senga, ville ho ikkje opp att. Dermed var den treningsøkta over...

Dagen etter var eg på nytt på handel, og investerte i eit innebur som hunden kan få vere i fred i når det blir litt vel kvekt i huset. Etter å ha prøvd dette tidlegare, var eg skeptisk, men la forhåpningsfull den mjuke, nye dyna inn i buret og sette burdøra på vid vegg. Etter kun ei kjapp snuserunde smatt Amira inn, trakka dyna saman i lugumt leie, og volt ned med eit djupt sukk. Sidan har ho brukt buret friviljugt som seng og pauserom, og med framande på besøk, ligg ho roleg og slappar av så lenge vi vil. Det verkar som at ho legg av seg noko av denne vaktinga ho har vorte så ekstrem med i det siste, og det er mykje enklare å ha besøk. Så dersom nokon blir kaffitørst, er det no litt trivlegare å kome på besøk til smeden og fru :-)

Søndag 24. januar

20 dagar har gått sidan førre blogginnlegg... 20 dagar med tråling på nettet av primært 2 ting: mittelspitzkvaplar og åtferdsterapeutar for hund. For å ta det trivlege først, så har eg forelska med totalt i ei søt tispe i eit mittelspitzkull. Eg skal IKKJE ha kvalp nå, eg har IKKJE noko med å drive slik smug-glytting på pelskledde hjerteknusarar -og JA: eg har tenkt å behalde Amira. Vi har etter jul prata fram og attende om korleis og kvar vi skal få hjelp med denne skeptiske vaktbikkja vår, og i kveld har eg endeleg sendt ein mail til ein erfaren mann som visstnok skal ha god greie på problemåtferd hos hund. Eg har lagt ned så enormt med arbeid på Amira og vorte så utruleg glad i henne at alt må prøvast for å gjere henne meir medgjerleg med framande på besøk her heime. Vi kryssar fingrane på eit postitivt svar denne gongen, og at det kanskje finst håp for ei felles framtid for oss saman med Amira.

Etter at den bortimot 6 veker lange frostbolken med rundt 30 minusgrader jamt over har gjeve seg, har vi så småt begynt å trimma juleflesket. Det vil seie: Amira har ikkje mykje juleflesk, då ho ikkje har ete heile jula. Men i går hadde vi ein skikkeleg langtur att, og boffa åt av eigen fri vilje då vi kom heim! Skal leggje inn eit par bilete som syner ein ekte, matlei hund...

I dag var vi på Flaten og feira premiedryss for dei noko tøffare kompisane til Amira. Ho sjølv er som kjent eit ork å dra inn i utstillingsringen, og det gjer seg messom ikkje å dra ein stokk, stiv hund gjennom ringen saman med andre, lettfløygde modellar... Vi var difor lykkelege på vegne av kompisane, og bilete blir lagt i vinteralbumen.

Amira fekk i dag også helse på ei ny tispe -den islandske fårehunden Tufa. Tufa sette seg i respekt med det same dei snusa på kvarandre, og dermed var resten av treffet heilt greitt for vår del :-) Ved eit tidlegare høve skulle Amira nemleg tvihalde på dei små kjærastane sine på Flaten, og tok like greitt og rundhjula eit par tisper på besøk. Det var heldigvis første og siste gongen vi har opplevd noko slik. Tufa er elles ei utruleg søt jente som for tida bur saman med filledokka Garm og spretten Krumme.

Skal prøve å leggje nokre nye bilete i albumen, og vil oppdatere bloggen oftare nå...

Måndag 4. januar

Då er nytt album oppretta, og bilete lagt inn: Etterjulsvinter 2010.

Søndag 3. januar 2010

Almanakken viser 2010, og folket under bratthenget i baksida gyv laus med ny frisk. Min største treningsmotivator ligg og kless utover okseskinnet under sofabordet, kun med nokre forsiktige spasmer i draumen for å brenne av overflødig energi. Dette trimopplegget vi to starta på for halvanna år sidan ber merkeleg rart av stad: Når matmor treng ei økt oppetter skogen, vil Dyret kose madrassen... Når Dyret finn det tenleg med ein aldri så liten luftetur, syner graderstokken 30 stikkande minus! Og når det ein sjeldan gong klaffar slik at vi båe er hyppe på ei sveittyre, ligg issvullane blanke oppover stigen... Tjaaa -er det rart at undertrøya skjuler ein dissande six-valk i staden for ein yppig, stram six-pack..? Men som sagt; nytt år og nye planar!

Romjula, og førjulsdagane for den saks skuld, spikra fast ein hard kuldebolk som beit seg så fast at det minna mest om tilhøva Kjell Aukrust så møysommeleg skildra frå Alvdal. Amira er frykteleg glad i snø, men med slik kulde jumpar ho kun ut på 3 stive for å skvette naudsynte dropar, medan ho ser lidande ut og lettar på ymse, stivfrossen fot. Mellom 25 og 30 minusgrader i veke etter veke er vakkert, men FOR kaIdt! I dag, derimot, kom godveret med kun 14 minus, og det vart kalla inn til hundetreff på Flaten. Amira ELSKAR den plassen, og særleg når filledokka hennar, Garm, fyrer laus bortetter snøen! Ho trur visst ho kan gjere som ho vil med den vesle sjarmøren, og det verste er at han finn seg i det. Som biletet syner, kjem han ofte innom meg for å få trøyst og ein godbit, og set då opp ei maske som ikkje er til å ta feil av: det ER synd i han, men han tør ikkje ta att på dette utysket av ei pelsførkje... Dressur er under opparbeiding, Garm!

Det lir så langt på kvelden at eg lyt gjere som boffa -kufse meg borti senga- men lovar å leggje inn ein del fine bilete frå jula og dagens treff snarast. Natti!

Mandag 14.desember

Joggetur, juletreblinking med kjempehundetreff, fakkeltog, snøleik og nissespaning -førjulstida er hektisk, men fantastisk! Dei to siste dagane har julesnøen verkeleg kome, og sjølv om det er varsla kuling i fjellstroka i natt, satsar vi på ein kjapp skogstur for fotografering i morgon tidleg. Dersom veret er like fint som i dag, lyt nok sandnøttdeigen kvile ei ekstra natt i kjøla. Etter endt kveldsvakt veit vi at mor i huset ikkje tek til med slike husmoderlege aktivitetar i alt for høg grad i morgon kveld.

Laurdag var heile 11 hundar med eigarar samla på Flaten, og alle hadde det topp i den lause snøen! Rommel var sitt ansvar bevisst og tok ei laaaang spaningsrunde på eiga hand i skogen for forsikre alle om at det var trygt og ferdast i skogkanten denne dagen. Eigaren var visst ikkje heilt einig i at dette var så frykteleg naudsynt, men, men.... Amira fekk leike m.a. med Artus -ein vaksen labrador med eit fantastisk gemytt! Dette var sunt for hufsa med frykt for alt som er stort og svart, og vi håpar verkeleg vi får høve til dette att om ikkje så lenge.

Sundag gjekk vi fakkeltog til ljosmesse i kyrkja på kveldstid, og Amira var sjølvskriven i denne folkehopen -super sosialisering for henne! Rommel gjorde også eit spetakkel utan like i kjøkenglaset heime, då han vart vàr storekjærasten i mengda. Slik fekk også han bli med på den stemningsfulle turen i snøvèret, til Amira si store begeistring.

I kveld har vi vore på låven og glytta etter nissen, som Amira har varsla om heile i efta -med nasen vendt mot den opne låvedøra i hektisk snaltring på denne framande julegjesten som no tydelegvis boltrar seg i høyet der om natta. Amira og Iver har også laga snøenglar og baska i snøen, medan mor freista å ta nokre nye bilete i myrkret -ikkje enkelt... Nokre nye bilete er likevel lagt i vinteralbumen.

Laurdag 5.desember.

No har far i huset hatt så flott eit tilnamn på den smukke bakenden til kjerringa si i så lang tid at vi laut gjere noko med det. I årevis har denne stadig esande kroppsdelen min  gått under tilnamnet "bakstrøv", og i dag ville mor i huset endeleg bevise at ho er denne tittelen verdig! I går koka eg difor ein gild kjele gode poteter, avkjøla dei og mol dei etter beste evne. Stappen fekk stå og godgjere seg under eit arvegods av eit kjøkkenhandkle i den kjølege kjellaren til i dag, før eg litt låg under skautet segla meg ned den blankslipte gardsplassen ned i bakstekjellaren i gamelstugu med stapp, mjøl, surmjølk og eit forkle som på merksnodig vis har krympa så at eg laut berestykket henge ned på ranga over låra i staden for å knyte det rundt nakken... Ei inderleg fred råder i dette rommet, der historia om dei som no er borte framleis sit i veggane om ein let nostalgien sige innover seg.

No skal det seiast at eg hadde hyra inn fagfolk til å vere med på utarbeiding av den første knoa, då eg var rimeleg usikker på mjølmengd i mjukbrødemne. Gamle, spreke mor stilte optimistisk opp og instruerte som best ho kunne før ho tusla seg inn att for å hefte bort Iver, som dei to siste dagane har vore fòra på Tamiflu. Heldigvis hadde smeden kome ned i kjellaren med Amira, så eg hadde tyleg selskap lell. Ho krølla seg saman under bakstfjøla med det same ho hadde snusa ferdig og godkjent plassen, alltid like lykkeleg over å få vere der matmor er. Der låg ho og dorma til siste leiv var utkjevla og ferdig steikt. Og baksten gjekk over all forventing! Med vilje gjorde ikkje bakstaren emna så uhorveleg store, men var stortilfreds då 24 snodige leivar låg og godgjorde seg under kledet. Iver drog seg også til såpass at han vart med på dei siste emna, og baka seg i dag sine 3 første, perfekte mjukbrødleivar (lefse, for dei som kallar baksten det). Vi var faktisk så tilfredse at vi har planar om neste bakstdag om ikkje så lenge.

Med dette kan altså den velpolstra bakenden min bere tilnamnet "bakstrøv" med rette! Bevisa blir no lagt i vinteralbumen.

(Og Berit: skruv på lyden når framsida er oppe :-)

Sundag 29. november

Nok ei veke har gått, og det med ekte "rassballføre" som vi så fint kallar det. Tysdag tok vi med Berit, Krumme og Garm på tur borti baksida, og aldri har vi vorte så keie av så snodig ein tur! Eit tynt lag med fin nysnø skjulte totalt det fryktlege føret som gøymde seg under... Denne dama er frå naturen si side lykkeleg utstyrt med gilde støytdemparar både framme og bak, noko som kom særs godt med denne morgonen. To gilde fall med påfølgjande nedrenning av 3 overlykkelege hundar, den eine av dei også med iherdig lommeransaking, gjorde sitt til at vi fann det likast å snu. Turen ned tok omtrent dobbelt så lang tid som turen opp, og vel nede oppdaga vi forbausande nok at vi har musklar på heilt uante plassar -laaangt inne bak valkediss og støytdemping... Då eg kom heim, fann eg ut at mobilen min var søkk borte, men pytt -den er jo så sjeldan i bruk lell at! Varsla likevel Berit dagen etter om at ho kunne berre "springe" opp bakkane i baksida dersom ho høyrde ein ringjelyd ovanfor issvullane. Litt seinare på dagen kom ingen ringare enn Berit smilande inn døra mi med mobilen! Garm hadde vore ute på lufting, og matmora hadde for moro skuld ringt på telefonen min. Garm hadde som vanleg alle sansar intakt, og stogga brått ved grøfta medan han skakka forundra på hovudet. Innunder ei stor grastorve, godt gøymt for all snøen, hadde altså telefonen overnatta ute, utan å ha teke noko skade av det! Dyktig, Garm! Finnarløn skal bli!

I dag har Iver, Amira og eg vore på sesongens fyrste skitur. Vegen var ikkje eingong brøyta opp til Brimi fjellstue etter snøfallet i natt, og Amira fekk såleis springe laus i den finkorna snøen  heile turen. Ikkje andre enn ein rev hadde trakka i faret før oss , og med 6-7 minusgrader og masse nysnø kosa Amira seg enormt med rekordmange snøbad. Iver er ein racer på ski, og mor i huset hadde meir enn nok med å halde tritt med dei to i løypa, sjølv om Boffa jo brukte ein del tid på basking i snøen og snusing i kjørra. Ho er no super å ha laus på tur, og går aldri langt frå matmor -med ørten snuar innom godislomma for å få understreka kor flink ho er. No håpar vi berre at snøen vil liggje i ro slik at vi slepp fleire dramatiske fall med det fyrste.

Bilete frå skituren er lagt i vinteralbumet. Så tenner vi det første ljoset til eftaskaffen...

Sundag 22. november

Hu hei, kor fantastisk det er med hundefolk som set pris på vinter, snø og lange rusleturar med slurveprat og skratt! I dag var vi eigentleg inviterte på dogging på Flaten med "småkompisane", men vi er sære på tidspunkt her i garden... Difor fridde vi på Koriak og co borti Lia seint i går kveld. Vèrmeldinga såg heller dyster ut, så vi såg det an litt med nokre ekstra minutt (les: timar...) dorming under dyna i dag tidleg. Eit forsiktig hint pr sms over elva antyda at det kanskje var for ruskete ute til tur i dag...? Men den gong ei! "Tyleg med tur i hufsevèr", var meldinga frå Lia... Trass i tungt nedsnødd bil og triste kjøretilhøve ragga vi såleis i veg, medan tanken om den mjuke sofaen framom peisen skrymta i bakhovudet.

Vel framme i Lia kunne vi konstantere at det var kome mykje mindre snø der enn heime, så vi skjønte kvar den enorme optimismen litt tidlegare kom seg av. Men holkeføret under nysnøen gjorde sitt til at Rolle kjøyrde oss alle i 4-hjulstrekken siste stubben opp til turstart -og takk høgare makter for det! FOR eit FØRE! Blankis dekt av nysnø på nullføre kombinert med bratte bakkar -fysj! Men inga hindring!

Vi var nok alle eit syn der vi tretta oss oppover på stive føter med hundane skliande framfor oss. Vi laut såleis bite tungpusten og sveitten i oss, og traske i laussnøen oppover -puh! Trur eg veit korleis det kjennest å trene sandvolleyball... Vel oppe var slitet gløymt, utsikta vakker, liene kvitkledde og trea snøtunge -flott! Det vart nokre fine bilete som blir lagt i vinteralbumet. Lyt forressten rydde litt i alle bileta no, for vi har snart sprengt grensa på nytt...

Amira skar opp eine poten sin på isen i dag, og la att nokre bloddropar i snøen. Det ser imidlertid heilt fint ut no, og i morgon blir det nok berre ein liten eftastur, før vi kanskje tek ein litt lengre tur tysdagsmorgon.

Kos dykk med snøen, dei som kan!

Laurdag 7. november

Ein flott morgontur i fint vintervèr gjorde sitt til ein suveren start på helga! Berit, Krumme og Garm vart med på kappgang, duse-og-gøyme, snøbad og tullprat oppover skogen, med maaange fine bilete som resultat! Og det beste av alt: Amira fekk endeleg lært Garm å bade i snøen -og NYTE det! ...sjølv om det i starten vart brukt ganske så brutal tvangsmedtodikk i opplæringa, tykte eg...

I går kveld gjorde vi også alvor av å sende ein mail til ein åtferdsterapeut... Vi hadde i går besøk av 3 framande menn likt på kjøkenet, og det var beint fram utriveleg med Amira sin reaksjon :-(  Ikkje berre kjenner vi oss utrygge på kva ho kan finne på, men vi ser også at ho sjølv har det skikkeleg vondt. Dette kan ikkje halde fram slik utan at vi kjempar litt meir for å betre situasjonen, og vi er spente på svaret vi får... Heng med, dette skal oppdaterast!

Kan anbefale ein titt i vinteralbumen!

Søndag 1.november.

JIIHUUU! I dag har kong vinter vore på besøk, og vi nytta høvet til å slite dei snøkledde bakkane i Lia i godt selskap med Bestemor, Sissel og Korjak. Dei to firbeinte gjekk supert i lag i dag, då Korjak har gjeve opp håpet om eit lite nummer bakom ein granlegg i denne omgang. Difor var ladyen i dag kjempegrei mot kvitebjørn, og ørten hundsnuar hit og dit gjorde vegen mange gonger så lang for desse to. Amira har blitt super på innkalling når ho går fritt på tur, noko som truleg skuldast det skvetne vesenet hennar. Korjak er mykje tryggare på seg sjølv og sitt vesen, og Amira slapp rompa og berre gav seg til å vente på han når han drog på oppdagingsferd litt lengre inn i skogen. Like lykkeleg kvar gong han kom jumpande fram frå dei snøtunge greinene la ho seg ned i pudderet og inviterte til snøbad og leik i dei kjølande bakkane.

Vi har oppretta ein vinteralbum i anledning dagen, og lagt inn dei første bileta. Har også laga litt nytt på framsida, samt lagt på litt musisk stemning for dei besøkjande :-)

Torsdag 22.oktober

Ein praktfull morgon med nydeleg haustvèr, og vi starta dagen med ein sosial trimtur med kompisane i anledning "løpetid over". Stigen bort til postkassa for "aksjon turmål" bak Kollen er nyrydda etter at det lokale idrettslaget gjennomførte ein storstila dugnad sist helg, så i dag slapp vi stille i vernebriller og nykvesst ljå for å kome oss fram utan risper på hornhinna og oppskrabba legger. Hundane sprang fritt over den rimdekte skogbotnen, medan kjerringene kom halsande etter -godt inntulla i vinterleg habit, som ganske kjapt skulle syne seg å vere litt varm for ei trimøkt. Allereie etter den første bakken steig ein velkjend eim pulserande opp frå under skjortelinninga, noko vi feira med varm kaffe og raudostsmurde mørelefser etter endt økt.

Men for ein morgon! På attendeturen smaug den bleike haustsola seg forbi granleggane og la eit vakkert skjer over dei kvitfrosne stråa som framleis kneisar modig over lyngen, og 3 hundar i fritt svev i seinhaustes motsol er eit syn som gjer sjølv ei sveitt, utsliten husmor linn i hugen... Dessverre hadde vi i dag med kun eit overfylt, lite kamera som brukte 3 lange og 7 breie på å bestemme seg for at motivet var klart, så trass i iherdig filming, vart det kun nokre få brukbare bilete. Desse blir lagt inn haustalbumet nu.

No står golvvask, klesvask, foreldresamtale og kokking på planen, før vi kanskje skal lite oss til Skjåk på hundetrening i kveld? Med andre ord ein super fridag! Ha ein strålande dag!

Onsdag 21.oktober

Endeleg nokre nye bilete i haustalbumet fra dei seinaste gjeremåla og opplevingane!

Sundag 18.10.

Biletet i dag lyg litt -det er nemleg frå i fjor haust, før eg visste kva det ville seie å dele gleder, sorger, godbitar, godstol, campingvogn og soverom med ein hårete forfoting. Har valt ut dette fordi det er seeeeint på kvelden, og eg har lova meg sjølv å oppdatere dette her før veka er over -og det er jo om ein time... Men også litt fordi vi i dag har hatt ein flott fjelltur med Korjak og Sissel i sola oppi Åslia. Amira var veldig sugen på eit kornete snøbad i haustsola, men Korjak var enno meir hypp på eit saftig nyp med den seinløpske dotta. Det vart nok ein slitsam tur for den unge samojeden med velutvikla drifter, ja, men dei fann ut av det, og Amira sa tydeleg i frå at han var vel seint ute denne gongen... Dei to hundane er veldig vakre saman, og geipen hekk langt nedover bringa på underteikna då kameraet vart straumtomt etter 2 bilete... Skal sjå om eg får lagt inn dei 2 i morgon, så får vi lade apparaturet til neste tripp.

Sidan sist har vi også kokt ei mengd saftflasker av bær frå skog og hage, gått eit knøttlite blodspor (...), vore på maaange turar i jegerskogen og snusa febrilsk etter gilde slakt på ymse farkostar, og som sagt gjort frå oss ei lite problematisk løpetid. Ikkje for det -det var jo då det heile var over at problema begynte sist, så ein skal aldri seie aldri...

Amira har også verkeleg teke til å setje vinterpels, og kiloane ligg blanke og skin på ribbeina att. Ho var eit stussleg syn i månadsvis, så det er godt å sjå at faktisk er ein ekte Eurasier vi har likevel. Framleis storhyfsen på framande mannebein, sær i utveljing av selskap og umåteleg rar i matvegen -eller ein suveren hund for oss i storflokken!

God natt!

Sundag 11.oktober

Hausten er jakttid, syltetid, saftetid, møtetid, løpetid.... og fint lite ventetid! Resultat: ikkje tid til bloggtid.

Vi har opplevd ein god del i det siste, men just nu strekk ikkje tida til for denne oppdateringa. Amira og mamsen er difor kun lynkjapt innom for å forsikre om at sida SKAL oppdaterast innan veka er over, og håpar at folket der ute ikkje gjev oss opp trass i denne "dautida"... Besøksteljinga på sida vår viser fleire hundre treff sidan sist vi la ut eit skikkeleg blogginnlegg, noko vi bøyer oss skamfulle i støvet for! Det vil seie -Amira ligg vel i sin ende av skinnsofaen og drøymer løpsk om staslege hannar i haustblæsten, medan matmor kjempar forgjeves for å få gjennomslag for søknaden om fleire timar i døgnet.

Vi kjem sterkare attende snarast! Hej då!

Måndag 21. september.

Førre veka trimma Amira og matmor mest oppover skogen her heime. Skogen er så flott å rusle i no om hausten, med frisk luft av rå skogbotn og lydar som ber langt på klåre haustdagar. I går var vi saman med rundt 60 andre vårdølar på ein fantastisk aktivitetsdag i klatreparken i Brimiskogen. Dagen vart litt av ei prøve for Amira, då mangt eit frydefullt kvin ljoma gjennom skogen, og store og små tobeinte med ujamne mellomrom kom susande i lufta på lange liner mellom trea høøøgt oppe lufta. Det verste var at Iver for det meste dreiv utagerande akrobatikk langt der oppe mellom greinene, sprang gjennom lange nett, balanserte på liner og svinga seg mellom trekronene utan at Amira kunne kontrollere at alt gjekk rett føre seg. SKUMMELT! Om ikkje dette var nok, lufta det også utruleg godt frå den gilde tønnegrillen som varma pølser i stor stil gjennom dagen. Heldigvis datt det lagleg ned eit par pølser som vart i slik forfatning at dei ikkje kunne serverast som menneskeføde... Ein utruleg trivleg dag med mange inntrykk som laut fordøyast i lange snork på den svale skiferhella framom peisen då vi var vel heime...

I kveld har vi vore på idrettsplassen og heia på fotballaget til Iver på den siste kampen dei skal spela denne sesongen. Amira var kjempeflink og låg roleg det meste av tida ved føtene til storblubba, berre avbrote av ei mengd små fingrar som i tide og utide berre MÅTTE grave litt djupt i den mjuke pelsen. Ballar som kom susande direkte på Amira fekk sprette i fred, og jubel og rop var heilt greitt. Berre ei fjong kattefrøken frå grannelaget vart for stor freisting i dag, då ho spaserte godtruande over idrettsplassen med halen høgt i vèret og femibartene sveiande i vinden... Den godbiten kunne nok vofsen tenkt seg å herja noko skikkeleg med, ja...

Løpetida er enno ikkje i gang, men er vel like om hjørnet... Skal prøve å leggje inn nokre bilete frå klatredagen, dersom pc`en går med på det i kveld.

Søndag 13.september

Med hausten kjem sommaren i år, ser det ut til. Det passar jo ypparleg når ein bur i solsvelta innunder brattaste berget i baksida, og sola takkar for seg først i september... Amira tek ikkje det så tungt no når pelsen endeleg er på full fart attende :-) Ho veit også inderleg vel at når arbeidsveka er over, overlet matmor husarbeidet til hybeldottane og pakkar sjølv sekken og fèr til fjells med turvenninna si. Førre helg var vi ved Smådøla og henta reinsmose saman med bestemor i flott haustver. Der inne er skogbotnen heilt kvitkledd av mjuk mose etter den fuktige sommaren, og vi var ikkje seine om å finne det vi ønskte å gøyme til juledekorasjonane. Amira fann dei raraste pinnane og slengde dei høgt opp i lufta i håp om at vi ville bli med på leiken -ho elskar lange skog- og fjellturar når veret ikkje er alt for varmt. Men best som det var tykte eg ho hadde så merkeleg ein kvist i munnen, og ved nærare ettersyn viste det seg at ho hadde funne ein doven hoggorm som bukta seg sakte over mosedynene -og ho hadde bakenden på det ekle kreket i munnen!! Vi jumpa bortover skogen og var plutseleg VELDIG ferdige med mosesankinga... Ekstremt vaktsame tufsa vi oss ned att til camoingvogna og fekk ned att pulsen med ein kopp varm kaffe.

Fredag hadde vi ei spesiell oppleving då Amira fekk snakke med ein dyretolk. Det var overraskande kor mykje den dama fekk av truverdig informasjon ut av hunden vår, og timen var vel verdt kvar ein øre! Amira fortalde m.a. om ein sær katt i huset (stemmer!), at ho ønskjer å helse/snuse skikkeleg på folk før dei går inn hos oss (stemmer!!) og at ho over alt elska å fluge laus i skogen time etter time saman med matmor (stemmer!!!). Eg gler meg til vi får oversendt samtala slik at eg får fordøye alt som kom fram denne regntunge ettermiddagen.

I dag tok vi med bestemor på hennar gamle trakter i Bøverdalen. Mytingen viste seg i fantastiske fargar i det flotte haustveret, der dei små seterstovene går i eitt med naturen og kyrne har det fredelegaste beitet ein kan drøyme om. Mimringa til bestemor gjorde sitt til at turen vart ei minnerik oppleving, der naturen og historia vart knytt saman med inntrykka frå dagen i dag til ein vakker heilskap som rørde ved dei elles så godt gøymde hjarterøtene mine. Tekoppen drakk vi på den sjarmerande "Skrømthaugen" før vi snudde nasen nedover att. Takk, høgare makter, for at slike stader er skapt! Så får vi heller sjå gjennom fingrane med den heilt store flesketrimminga i dag, for i efta er det konfirmantpresentasjon for Sina i kyrkja.

Årstida tilseier at eg må opprette ein ny album : haust 2009.

Måndag 31.august

Ja, så var vår første spesial plutseleg over... Rart med det her i livet: somt tek messom år og dag før ein blir ferdig med det, og anna er over før ein vinst snu seg.
Laurdags morgon sto vi opp før hanen i grannegarden hadde pussa svevnen ut av fjørene, og humpa oss nedover Gudbrandsdalen i tett duskregn. Sekken var pakka med eit par børstar i tilfelle nokon kjekkas skulle dukke opp på Frya, og på Hundorp var matmor snøgt innom ein bensinstasjon og handla ei kald grillpølse berre slik for sikkerheits skuld... Aldri godt å vite kva for kunster ein lyt syne fram når ein kjem til slike store arrangement, så det er best å ha litt ekstra godis i kaffefilteret i lomma.
Vel framme var planen å trekkje Amira frå utstillingsbiten -snau, kald og tynnslitte både nerver og ribbein er visst ikkje den beste kombinasjonen på spesialutstillingar har vi forstått, så det var ei grei avgjerdsle. Dette skulle vise seg å ikkje vere så enkelt, men som sære norddølar greidde vi nå det til sist. Og bra var det, for hunden frå den tronge, trygge dalen hadde slettest ikkje ærend inn i den kalde betonghallen smikkfull av framande pelsdyr og atterljom som song i dei velutvikla øyro. Ho sette framføtene bastant ned i dei ynkjelege grastustane framfor inngangen, og der STOD ho...
Vi er nok ikkje skapte for slike finare tilstelningar vi to damene frå grisgrendte strok, så etter at matmor fekk helsa på dei få vi har møtt ved tidlegare høve, pakka vi ned att dei kalde og totalt uinteressante pølsebitane frå Hundorp, sneik oss usynleg bort til skodaen og trilla stilt der i frå... På netthinna hadde vi nok båe to limt godt fast nokre bilete av flotte, pelsrike og fargesprakande kjekkasar, og i den fredelege bilturen oppover dalen vart nok fleir enn ein framtidig friar fantasert fram i dagdraumen for Amira-mor...
Skal tru om vi nokon gong blir så drevne på ringgonge at vi får synt fram det beste i denne hunden...?

I hagen blomar det meir enn på år og dag, og medan det nybeisa gjerdet kjempar for å tørke i den klessblaute seinsommaren, struttar gladiolusane om kapp med graniumane mellom regndropane. Innomhus ligg boffa og ladar opp til løpetid...

Tysdag 25. august

Førre veke klarte eg ikkje gå og sjå på den tufse hunden lenger, men putta henne i bilen og knalla nordover til Lom. Heldigvis kom vi til ein veterinær som har sett Amira ved fleire høve tidlegare, då vi stramma opp på kontoret torsdag. Ho kjende ikkje att hunden, som ved tidlegare besøk har vore ei grom bamsejente med tjukk, mjuk pels. No ser ho berre ut som ein veltrimma gjetarhund med tynn, men framleis mjuk, pels...hmmm. Etter grundig undersøkjing og tumming, vart vi einige om å sende nokre bloddropar til analysering for å utelukke lumske sjukdomar matmor har mana fram i bakhovudet gjennom mange lange, haustmørke netter den siste tida. Og i dag kom resultata av blodprøvene. Konklusjon: Hunden er sær, matlei, snau, mager og pussig, men aldelest frisk -og veldig dyktig på dyrlegebesøk! Den dyktige veterinæren fekk gjere alt ho ville med den elles ganske så pysete boffa, og kun ved barbering av framfoten kom det spede protestar  -forståeleg nok, når den framande tok til å fjerne resten av den elles så gristne pelsen. Amira er nok ikkje som andre damer, som både titt og ofte lyt fram med barbersakene for å pynte på tjafsete legger...

Eg er overlykkeleg over friskmeldinga, og går natta ljost i møte! Matlysta er også litt på opptur etter investering i fryseturka vom, så torsdag durar vi av stad for å få tak enno meir og betre næringsrik vomfyll. Vi trimmar så det sprutar i lyngen om dagen båe to, men medan Amira blir sprekare og like standhaftig sær i matvegen, blir matmor berre enno svoltnare og drugare rundt midjemålet...

Spesialen til helga blir nok ingen suksess for oss to norddølane, men vi tek det som ei lita frihelg med tjuvtitting på lekre hannhundar og sosial omgang med trivlege folk som KAN hund. Og matmor har lagt bilete av nakenhunden inn i sommaralbumet for å ha noko å sjå attende på når røytinga og hypokondrien slår til for fullt att neste gong. Ha det godt alle saman -og kos dykk med ei god bok dersom tankane tek overhand i haustmyrke, lange nattetimar!

Måndag 17.august

No har eg for alvor begynt å lure på om Amira eigentleg var så heldig då eg fekk tilbod om å kjøpe henne... Hundar har eg aldri hatt peiling på, Amira er slettest ikkje lettlært, og eg er nok ingen sterk flokkleiar, nei. Slikt lyt rett og slett gå på trivselen laus, må vite.Tidlegare har Amira vore veldig skeptisk når det har kome framande til gards, då spesielt menn, men no har vi inntrykk av at ho verkeleg legg sjela si i å beskytte flokken sin her heime. Framande mannebein lyt nappast i bukseleggen så dei verkeleg skjønar kor skummel ein ulv som regjerer her på staden, og illsint gneldring med påfølgjande knurring er naudsynt i slike usikre situasjonar. Når folk vel er komne inn, er alt i skjønnaste orden, men vi kan nok ikkje godta slik framferd når gjestar skal få velkomsten sin på dette viset. Spørsmålet er berre korleis vi skal gripe dette an no. Medan einskilde sjeler hardnakka hevdar at bikkja lyt dengjast som andre hundar ville ha gjort med henne ved uønska åtferd, meiner andre at dette absolutt må takast i langdrag -og med det gode som lokkemiddel. Sjølv kunne eg meir enn gjerne visst kva Amira tenkjer og meiner om dette sjølv, og ville så inderleg håpe at ein dyktig dyretolk kunne hjelpe. Det er alt for gale om ein hund som elles er så super for familien sin skal bli tvinga til omplassering berre pga ein slik ting -noko vi faktisk har prata om dersom vi ikkje får naudsynt hjelp. Vi kan ikkje risikere at hunden t.d. bit etter born som er på besøk hos oss, vi som jo ofte har småtassar i huset. Slike tankar er vanskelege når ein har knytt så sterke band som eg har gjort til Amira :-(

I tillegg til dette er Amira skikkeleg tufs i pelsen etter ei forferdeleg røtyting som slår alle tidlegare rekordar. Lår, akslar og rygg er frykteleg nakne, noko som blir ekstra trist fordi ho også er unormalt tynn for tida. Matlysta har vore på botn i laaang tid, og ryggrada stikk knoklete ut baketter ryggen hennar. Ho er jo elles frisk og rask, men har dei siste dagane vore veldig uroleg her heime -ho som vanlegvis ligg og velt utover stovegolvet eller den overgrodde plenen det meste av dagen. Ho har til og med oppført seg agressivt overfor eit par framande tisper førre veka, noko vi aldri har opplevd utanom situasjonar der ho har beskytta beinet sitt. Eg har difor bestemt at vi skal i veg og helse på dyrlegen for å forsikre oss om at alt er som det skal. Men nokon spesial blir det vel neppe, sjølv om vi har sett fram mot dette i mange månader...

Biletet i dag blir like godt av ei høne frå grannelaget  :-)

Sundag 9.august

Siste feriedag er snart over for i sommar, men eg har hatt ein aldelest fortreffeleg flott sommar dette året! Denne veka har vi vore i Sverige og m.a. helsa på Chiko, far til Amira. Denne første heile sommaren saman med Amira hadde eg korkje lyst eller hjertelag til å reise frå henne her heime for å dra på feriekos sjølv, så ho vart naturlegvis med. Det er ein draum å kjøre med henne, då ho ligg og dormar baki buret sitt så lenge vi seier at ho må. Då var det litt verre å kjøre båt... Det var ei forferdeleg oppleving som nok både Amira og eg kunne vore forutan, men vi hadde sikkert godt av det båe to. Ho klamra seg fast til meg, skalv og sleva heile den 15 minutt lange turen over til Skaftø, og måtte berast i land då det heile var over...

Eine kvelden fekk vi besøk av sjølvaste far til Amira på campingen. Chiko er ein draum av ein eurasier i mine augo, og å få oppleve han var kjempestas -mest for meg... Amira derimot var nok ikkje heilt komfortabel med å bli verande att einsleg i friområdet til Chiko og kompisen, ho som vanlegvis ELSKAR alle hundar ho møter. Vi var nemlge så heldige å bli invitert heim til Chiko og hans matte då vi skulle dra heim frå Lysekil, og Amira skulle få springe fritt saman med desse to flotte hannane medan vi fekk helse på dei 3 tispene til Anette på andre sida av huset. Så medan vi storkosa oss med kaffe og 3 skjønne tisper på verandaen, sat Amira flat bak ei buske og leikte struts med hovudet i bakken medan ho venta på å bli fridd frå desse svenske sjarmørane...:-) Anette er ei trivleg og kunnskapsrik dame som det var skikkeleg artig å helse på! Dersom alt går etter planen (som eg kanskje ikkje trur det gjer...), møtest vi kanskje på spesialen sist i månaden.

Heimturen gjekk også problemfritt med Amira, sjølv om matmor gjerne skulle vore flåttane på Svinesund forutan! Ho (Amira altså :) var ute og gjorde sitt fornødne i grastustane der medan dei andre i bilen hamstra godis til gjebortpris, og det stutte besøket resulterte i ikkje mindre enn 5 ekle flåttar! Flått er noko drit, og eg er sjeleglad for at vi enno ikkje er invadert av desse kreka her mellom fjella.

Vel heime vaska eg 9 maskiner med klede, før vi laurdag pakka kjølebagen og dura oppover til campingvogna ved Tesse att! Der hadde vi ein tyleg, sosial kveld med raudvin og tullprat, og vakna opp att halv 6 til trolsk vakker stemning over vatnet. Dei andre på plassen kjende derimot mest ikkje att Amira, som har mist enormt mykje pels dei siste 3 vekene, i tillegg til at ho er rett så mager og matlei for tida... Med andre ord ikkje noko stashund å stille på spesialen... Då manglar det berre at ho får løpetid, så går vi glipp av heile moroa!

I morgon er det arbeid att, men Amira får ha Iver og Sina heime enno ei veke til. Skal prøve å leggje inn nokre nye bilete NU...

Måndag 20.juli

Første feriebolken er over, og vèret har verkeleg vore på mi side denne ferien! Første dag på jobb att har regnet hølja ned uavbrutt og klaska 30mm væte i den grøne koppen ved den enda grønare kjøkkenhagen min. Men bløyta trengs, og dei andre på biblioteket treng ferie, så dette er i grunnen nettopp slik det bør vera denne veka!

Fredag gjekk eg og Amira tur over Havyrju saman med syster Kjersti, tanteborna og gordon setteren deira, Gaisa. Amira og Gaisa er eit merkeleg venninnepar. Ute på tur trur eg knapt Gaisa la merke til at det faktisk var ein firføtt skapning til som dilta bak henne der ho svinsa fram og attende med strie nakkesener i djup overtyding om at ho var ute på oppdrag -som alltid når koppelet er festa til halsbandet... Amira var som vanleg tøyg i løypa, og hadde god tid til å snuse på alle gamle og ferske spor etter ymse fjellvandrarar av ulik rase. Den overivrige fuglehunden laaangt der framme ga ho raskt opp å få noko fornuftig ut av. Snodige jenter. Bilete av Gaisa blir bloggbilete i dag -knipsa dei 2,37 minutta ho låg og peip og sikla medan vi hadde rasten vår... Stilig dame, da!

Amira er i full gang med ei skikkeleg røyting, noko som passar frykteleg dårleg no siste månaden før spesialen! Ho stiller nok i klassa for pjuskete norddølar med særdeles dårleg behåring...-kanskje vi får ei ei ekstra klasse for slike vesen, sidan spesialen skal finne stad i Gudbrandsdalen...? Vi gler oss no lell, vi da. Men først ser vi fram til å møte pappaen til Amira i Lysekil. Det er ein skikkeleg stram kar, som matmor har smugtitta på leeenge før Amira kom til gards... Berre synd at pappa får sjå avkommet sitt så snau, ho som eigentleg har DEN flotte pelsen...


Torsdag 16.juli.

Trass i ferie og latmannsdagar i vogna ved Tesse, må ein av og til ta kuten ned i bygda att for å ta ein tørn med ugraset i kjøkkenhagen og smiske llitt med husbonden som strevar i verkstaden medan kjerringa lever gode dagar i fjellet. Kleda lyt vaskast, golva må svosjast over og vi må proviantere litt. Vèret er også litt ustabilt om dagen, så det er greitt med litt kvardagslege gjeremål for ei stund.

I hagen står Jasminen i full blomstring nett no og sender skjønne duftskyer over verandaen når ein kan nyte ein kaffekopp der mellom regnbygene. Eine rosa har blomstra frå seg, medan ei anna står på sitt vakraste i dag. Bilete frå hagen er lagt inn i sommaralbumet 2009. Av unemnelege grunnar tok ikkje eigaren bilete av den svært så grønne kjøkkenhagen -som for tida er litt for grøn...

Turar blir det om ein ikkje er i fjellet også, og dei siste dagane har vi både vore ute og småjogga litt, samt gått eit par trivlege turar med syster og tanteborn som er heime på ferie frå Nittedal. I dag fekk vi imdlertid melding om at det på nytt har vore observert bjørn i skogen ovanfor oss denne veka, så det spørst vel om vi ikkje foretrekkjer høgfjellet heretter att. Eg likar slett ikkje tanken på at eg plutseleg kan stå nase mot nase med ein stor, firføtt bamse i skogen -og det enno mindre når eg har born og hund med i følgjet.

Amira har no fått for seg at det ho ser på som sitt må passast på og forsvarast på det sterkaste -spesielt overfor andre hundar. Som kvelp hadde ho tendens til å forsvare maten sin, men dette fekk vi kurert henne for med god hjelp av Berit. No har det derimot kome att noko av det same, sjølv om vi her heime kan ta frå henne både leiker, mat og godbitar i tide og utide. Men dersom ein anna hund kjem bort til henne der ho har hatt mat eller godsaker, snaltrar ho i og varslar tydeleg frå at her er mitt område! Ho er elles også inne i ei litt rar periode på andre måtar, så eg vel å sjå det heile litt an -så lenge ho ikkje har skada nokon eller kome opp i slagsmål med nokon. Dersom dette derimot held fram, må vi nok ta henne eit skikkeleg kurs i normal hundeskikk att...

I går hadde vi eit forferdeleg torevèr, og det buldra og herja over oss i timesvis. Hunden i grannegarden vart så redd at dei måtte ta henne innandørs til det ga seg, men Amira låg versjuk og dorsk ute på plenen og knapt nok glytta opp under dei verste braka. Det er jo greitt å vete dersom det skulle bli uvèr ein gong ho er åleine i huset. Vi har forresten fått plass på MH-test i august, og det er noko eg både gler og gruar meg litt til. Det blir frykteleg spennande å sjå korleis ho gjennomfører dei ulike momenta!

Onsdag 8.juli

Delar av familien har levd Herrens glade dagar ved Dågåtjønna mest heile førre veke i strålande sommarvèr. Varmen vart for heit for tobeinte så vel som firbeinte her nede i bygda, så vi evakuerte like godt til fjells der ein kan kjøle seg ned i det svalande fjellvatnet Tesse. Ekstra trivleg er det at vi har fått Berit, Krumme og Garm som naboar der oppe (og Eirunn, som er komen heim frå rideleir) -og alle hundane har funne seg vel til rette i ferieparadiset vårt. Kvar dag førre veka brukte vi timesvis på bading ved dei mjuke sandstrendene, og vi vart herleg solbrende -og etter kvart skikkeleg spanjolfarga!
 
Dessverre fekk eg låne med meg nedover minnepinnen til Berit for å "stele" nokre bilete, og sjølvtilliten sokk mange hakk då det dukka opp eit skremande, disselugumt kvinnfolk med eit stort kamera klaskande mot den mjuke vomma på rett så mange av bileta! Eg som har spegla meg og tykt at eg har fått ei kledeleg brunfagre eg stolt kan syne fram i sommarvarmen, og så får desse fotografia meg til å innsjå at frå og med i dag er det trim, fiber og grønt som MÅ stå på dagsordenen! Takk, Berit! Amira og eg har starta det nye tilveret med ein trim/joggetur til Byrsetra i dag, før vi gjekk amok og stal salat i hagen til bestemor Bakke. Jau, jau -det går seg vel til dette òg...

Amira har i alle fall vorte kjempeflink til å svømje desse dagane, noko framsidebiletet vitnar om. Vi gler oss stort til å kome oppover att, berre kleda er tørre att og golvvasken unnagjort. Ferie i halvannan veke til på meg, så får vi nyte dagane uansett vèr og søthunger... Bileta skal leggjest inn snart.

Torsdag 25. juni.

ENDELEG!!! Sommarvarmen er komen, og den nyt vi i fulle drag! Helga som gjekk var vi med og feira bryllupsfest på fjellet, men før vi reiste oppover rakk vi eit stutt besøk av Kazan. Samojeden på 5 år går veldig godt overeins med Amira -som nesten alle andre hundar ho har møtt- men dei møtest så alt for sjeldan. Laurdag fekk dei imidlertid rasa av seg ei god økt før den varme sola begynte å steike alt for mykje. Etterpå vart Amira med på ein fjelltur saman med rundt 50 bryllupsgjestar, noko som var utruleg sundt for henne. Mange av gjestane tykte naturlegvis (?!) godt om den vakre bofsen, og hadde lyst til å tumme den mjuke pelsen. Amira klarte all merksemda med glans, men sov visst ein laaang, god dupp då ho kom heim til Sina.

I går kveld drog Iver, Amira og eg til fjells for å overnatte i den gromme, velbrukte campingvogna vår. Sidan forteltet vårt like godt reiste i den første vindkula i sommar, arrangerte vi eit provisorisk "lufttelt" framom vogna, der vi danderte bord, stolar, lys og myggbøtte på idyllisk vis. Vi storkosa oss i det strålande veret, sjølv om matmor sleit litt med sømnen i den stille sommarnatta... Men ein skal jo ikkje sova bort.... så det gjorde absolutt ingenting! Vi vakna opp att til like fantastisk, klar himmel og eit blikkstilt Tesse som spegla raudstilken der han flaug og kvitra morgonsong for fjellturistane. Etter frokosten kom syster Kjersti og dei to borna hennar opp til oss, og resten dagen tilbrakte vi like godt i dei mjuke sandstrendene langs vasskanten ved Tesse. Slike dagar lever ein verkeleg leeenge på, sjølv om eg håpar og trur at vi har fleire slike rett om hjørnet no... I morgon er det arbeid att, men SÅ er det FERIE!! 3 veker saman med born, mann og hund -og forhåpentlegvis mykje flott vèr! Desom det blir langt mellom oppdateringane her, skuldast det truleg at vi oppheld oss i fjellet ein del framover.

Nye bilete i sommaralbumet, samt ein ny underalbum, Tesse -sommaren 2009.

Torsdag 18.juni

Er berre snøgt innom for å informere om at eg har lagt til nokre bilete frå "Hundepatruljen" i sommaralbumet.

Har i kveld vore på styremøte i den lokale hundeklubben, etter ein innhaldsrik dag der dotter i huset har hatt produksjonsdag i elevbedrifta saman med 4 andre ungdommar heime hos oss. Ein anstrengjande dag for Amira når mange folk har vore innom huset på same tid (fekk besøk av inspiserande lærarar frå ungdomsskulen som skulle sjå til alt gjekk rett føre seg...), men ho oppførde seg eksemplarisk -nesten :-)

Onsdag 17. juni

Amira har no vore hos oss i eitt år, og vi tykkjer ho har fått opplevd mykje forskjellig i løpet av tida ho har budd i Norge. Vi har vore på telttur, båttur, hotellferie, ymse andre overnattingar, maaange skog- og fjellturar, sentrums- trening, kvelpekurs, lydigheitskurs, utstilling, utallige hundetreff med eit stort antal ulike hunderaser, og elles vanlege daglegdagse ting som kjem godt med i sosialiseringa av ein skvetten hund. Vi veit at det ligg mange utfordringar framfor oss, men alt er nytt og spennande for ein uerfaren hundeeigar, og eg ser fram til mange interessante år med denne bikkja -som har lært meg alt eg kan om hund (bortsett frå dei erfarne hundefolka vi er så heldige å ha rundt oss, da!).

I kveld har vi også vore på ein lærerik tur, då vi ga oss med på stigrydding av den gamle "Måsådråje" som går rett opp baksida like bortanfor barndomsheimen min. Det er ei bortimot loddrett dråg som svingar seg oppetter skogen, og det var nytt for Amira å ha med seg to karar som gjekk føre og rydda veg med store ryddesakser og velta store greiner nedover den stupbratte hellinga. Heldigvis var tøffe Kaisa med, og dei to frøknene vart riktig så godt kjende på turen. Spreke Kaisa gjekk føre, og når Amira-blubba vart hengjande for langt bak, jumpa den vesle pelsdotta nedetter stigen for hente med seg latsabba opp att. Artig å sjå! Dei to fann også restar av ein hjort oppe i skogen -men den kunne Amira tenke seg å ha for seg sjølv...

I går kveld hadde vi ein elles sur kveldstur opp til Tesse, der vi laut ta ned att forteltet til campingvogna etter ei stygg vindkule. Vi fekk melding frå andre fjellfolk om at teltet vårt hekk og slong i vinden, og det var inga overdriving! Teltduken var totalt sundsliten og flaksa i store flak rett ut frå vogna. Heldigvis hadde ikkje møblane og det andre i teltet blåse bort eller vorte øydelagd, så det gjekk trass alt ikkje så frykteleg gale. Så får vi berre sjå om skillingboka held til eit nytt fortelt, eller om vi lyt klare oss med det knøttvesle vinterforteltet denne sommaren...

Amira er heilt kaputt etter turen, og eg lyt nok finne kufsa sjølv også, kjenner eg... Stive undersåttar etter ein trivleg kveldstur i stupbratta? Neida...skal vel klare å krekse oss opp att i morgon også :-)

Bilete frå stigryddinga under sommaralbumet!

Søndag 7.juni

We are back again! Nå er sommaren skikkeleg i gang, og vi har mykje å fortelje! Førre helg henta vi heim ei utgammal, skjønn campingvogn som erstatning for den hytta vi aldri får, og mor i huset drog med seg maken på storhandel på Europris. Der fortalde vi personalet at kjerringa var utsongje frå heimen, og at mannen no gladeleg betalte nye hushaldningsartiklar berre maskrøkja held seg unna han i framtida. Den stakkars mannen i kassa ønskte oss båe noko mumlande og usikkert "Lykke til..." då vi trippa lattermilde ut att med lassevis av hybelartiklar. Han skulle berrre visst at planen var å innreie ei gammal, velhalde campingvogn til eit idyllisk ferieparadis for dei to -som mot normalt er like lykkelege saman etter 23 år som kjærastar ;-) (Naturlegvis er også borna og Amira medrekna i "hytteplanane").

I dag hadde vi flyttardag, og slo leir ved Dågåtjønna. Kvar sommar i årevis attende har eg humpa oppover setervegen mange gonger i veka for å nyte denne plassen i fulle drag -i all slags vèr. Det er difor frykteleg artig at vi i år kan ha vårt eige, vesle stell der oppe, og vi vil nytte kvarteinaste høve vi har til å campere på denne idylliske plassen ved Tesse. Amira lærte å kjenne denne plassen godt i fjor sommar, og det var tydeleg at ho kjende seg att første turen vi hadde opp dit i vår. Vi ser ljost på sommaren!

Elles har ein ny krabat kome inn i livet vårt! Berit og Krumme har fått ein ny, firbeint racer i hus. Garm er ein 9 veker gammal islandsk fårehund, og han og Amira vart gode venner førre helg, då vi passa han att heile laurdagskvelden. Han er ein skikkeleg tøffing som har utruleg stort pågangsmot, men har på same tid verdas mest truskuldige blikk... Vi gler oss til å følgje han framover!

Onsdagskveldane har vi den siste tida vore med "hundepatruljen" på tur rundt omkring på Bergom. Der møter den som vil ut på tur opp kl 19.00 ved vassvaglen, så tek vi opplegget frå der. Eit skikkeleg trivleg og sosialt tiltak, som kvar gong ender opp med kaffe og is på ein gjestfri kafè...

Skulle så gjerne fortalt lassevis med andre ting, men ein blogg skal visstnok vera stutt, og dei andre i huset har teke natta for lengst. Eg har laga nytt album under namnet "Sommaren 2009", der det allereie ligg mange bilete. Kos døkk i sommarkulden!

Fredag 29. mai

Uff, for ein sørgjeleg bloggar eg er .... Medan eg har oppdatert bibliotekbloggen fleire gonger på arbeid dei siste vekene, står denne sida i stabil kvilemodus :-(

Eg er velsigna med eit munnstykke som i gitte situasjonar får ein hardnakka diarè, men som enno ikkje har lært at det går an å seie "Nei" til ulike gjeremål som lyt ordnast i tide og utide. Slikt går seg ut over både barn, mann, hund, og sosiale tenester, må veta... Mellom anna har eg sagt "Ja" til å vere sekretær i den lokale hundeklubben, noko eg meinte måtte vera ein lettvint og grei jobb. Akk, ja -resultatet er nok ein gong ullande, grått samvet og seine nattetimar med oppattnøsting av lause trådar... Vel, det går seg nok til dette òg!

Eg ser no først av alt fram til ei strålande pinshelg med utplanting av sommarblomar og fine turar med "voffa". Og laurdag blir det kanskje selskap av ein ualminneleg nett, liten krabat ;-) Då LOVAR eg å kome raskt attende med nytt og forhåpentlegvis nokre fine fotografi!

Dersom nokon har tenkt seg på tur i helga og gjerne vil ha selskap, må de berre hue! Ha ei skjønn pinshelg!

Sundag 17. mai

Dagane og vekene flyg avstad som tørt lauv i frisk vårbris -og bloggen blir dårleg oppdatert... I veka som har gått har Amira kun trena på dei for oss viktigaste områda nettopp no, som t.d. gå bak, gå fot, stopp og sitt under gonge o.l., men vi prøvar å variere treningsstad ofte. Når vi møter menneske medan vi er ute på tur, trenar vi også mykje på kontakt med meg og gå fot i staden for å springe andre i møte. Seinast i går fekk vi skryt av ei dame vi har møtt ved fleire høve over kor flink Amira hadde vorte. Det er så artig når folk som i utgangspunktet er uinteressert i hunden legg merkje til at vi jobbar med turkameraten vår, og at vi gjer vårt beste for å framelske sømeleg åtferd i møte med framande.

I går synte graderstokken heile 15 varmegrader, og sola kasta varme stråler på Amira og meg der vi traska opppover skogen. Men vi hadde ikkje kome lange stubben før den firbeinte fekk laaang tunge, hadde tendens til å hengje rompa nedpå og glytte forsiktig nedover stigen vi kom. Boffen var beint fram kei, og orka ikkje gå meir enn halve turen av kva vi gjorde torsdag. Dette tyder ikkje bra for alle dei fantastiske fjellturane matmor har sett fram mot i sommar...Når veret blir varmt, vil pelsdotta nemleg helst liggje på steingolvet framfor peisen med haka og nasen trykt godt ned i det kjølege golvet... Ja, ja høgfjellet er ikkje å forakte, og der er det ofte eit svalande drag i lufta sjølv om sola steikjer.

I dag har vi som alle andre nordmenn feira nasjonaldagen med kyrkjegonge, togvandring, underhaldning, kaffe og leik på den lokale grendaskulen. Amira var då åleine heime, men i efta reiste vi til Lom for å sjå på folketoget i sentrum og oppleve korpsmusikk -noko som er totalt ukjent for Amira. Vi stilte oss lydige opp ved sida av ein diger Riesenschnauzer, og venta på opptoget. Men då musikken nærma seg, hoppa den store, svarte hunden opp på muren ved sida av matmor si og kraup skjelvande innåt henne med nasen trykt godt mot oksla hennar. Amira skjøna ingenting, men sat lydig og venta på klarsignal til å snuse over resten av gangvegen når toget var gått. Vel, så var vi den erfaringa rikare...og slepp kvi oss når vi ved seinare høve skal møte korpsmusikk ute i det fri.

Denne veka håpar eg inderleg det er siste runda med møte før sommaren, for eg ønskjer å bruke mykje meir tid på barn, hund og hage enn denne våren har tillate så langt. Men slik er det når ein stikk nasen sin borti alt, og ikkje klarar halde munn når diskusjonane stormar som verst rundt ein. Når ein attpåtil tykkjer det faktisk er artig å få ting ned på papiret (eller inn på skjerm...), skal ein vel ikkje klage på at ein blir vald inn i ymse styre ;-)

Ha ei strålande veke!

Sundag 10.mai.

Heisann! Veka som har gått gjekk visst med til jobb, arbeid, møte, jobb og møte.... Våren er alltid hektisk, og når 2 av 3 blir borte på arbeidsplassen seier det seg sjølv at det blir litt ekstra på den som ikkje fann på noko artigare enn å vere på arbeid ;-) Well, eg stortrivst i jobben min, så det vart berre stas -spesielt når veret har bydd på kuling og rengbyger i dagesvis. Bakdelen er at det blir mindre aktivitet på den firbeinte i huset, men gudskjelov har vi effektive treningsøkter kvar dag etter dei gode råda vi fekk på lydighietskurset, så samvitet er ikkje så dårleg likevel.

Onsdag kveld skulle Amira og ein Bernen Sennen starte opp ei turgruppe i Lom, men ingen andre enn dei to og eigarane møtte opp. Det var kanskje like greitt, for Amira er vant med å boltre seg med kortvokste hundar, så det vart ei litt anna oppleving å få 55 kg hannhund rundt nakken... Men dama varsla frå at dette vart litt vel nærgåande, og deretter gjekk turen knallfint!

Fredag kveld kom Rommel på friing, og kjæresteparet hadde nokre hektiske runder på plenen før Amira velta seg andpusten og lykkeleg ned i daudgraset -til gemalen si store forundring. Han skjønar framleis ikkje kvifor dama hans får laaang tunge så fort, og lyt leggje seg nedpå litt...

I kveld har vi endeleg hatt ein fortreffeleg gjensynstreff på Flaten etter vinteren. Ein gild brunbjørn har labba over leikeplassen vår der tidleg i vår, og vårløysinga er så sein i baksida at det har vore vanskeleg å fått dette til tidlegare. I kveld vart det derimot trimma bort lassevis med energi på jordet, og dei tobeinte fekk seg ein god kaffekopp med godt attåt. Det var artig å konstantere at dei to småkarane (ikkje Ragnar altså...) har vakse seg Store i vinter, noko dei varsla høglydt frå om med det same leiken tok til. Rommel slit i tillegg med sterke drifter for tida, og hia det meste han kom over av båe kjønn...

Ei ny og hektisk veke står for tur, men får vi tid, skal vi blogge litt om det vi held på med. Nytt album er oppretta under tittelen "Gjensynstreff".

Sundag 3. mai.

Langhelga har vore knakandest fin med klårt vèr og fine opplevingar. Laurdagskvelden vart far i huset med oss turdamene på vandring langs vegen Heilag Olav kom då han var i Lom for å kristne vårdølane. Det seiest at det enno er avtrykk etter hesteskoa til hesten hans i berget langs vegen, sjølv om mose og attgroing av ymse slag gjer dette merket vanskeleg å finne i dag. Det er like fullt ein fin turveg, og eg kan ikkje fri meg frå tanken på at eg trakkar i fotefara etter denne historisk store mannen når eg ruslar mor Storviksøygarden. Raset som gjekk i grenda vår for 3 år sidan har likevel sett større og vondare far etter seg langs denne stigen, og eg blir framleis kvalm når eg står på kanten av stupa der raset starta og ser herjingane naturen gjorde rundt oss denne tunge dagen. Vi kjenner oss jo også som ein viktig del av historia her etter denne hendinga, sjølv om vi vel aldri kan måle oss med Heilag Olav...

I dag har Sina, Amira og eg rusla setervegen frå Brimi fjellstue til Byrtnes, der vi besøkte Svein og ungane i det nyrestaurerte seterhuset. Dei har fått ei flott seterstue etter renoveringa, og vi ba oss att seinare utpå sommaren ;-)

Vi tok mange flotte bilete, deriblant av skjønne bukkeblomar (mogop), og fleire av desse ligg no i våralbumet.

Onsdag 29. april.

Det er seeeint på kvelden, og det er enno ikkje helg, men eg må berre raskt innom for å tipse om den nye teikneserien som vart til etter kurset sist helg. Anne Bøe frå kurset har vore så snill å sende mange bilete som vi fritt fekk bruke på sida, og det veit vi å nytte oss av! Takk igjenn, Anne!

Amira og eg har hatt fleire treningsrunder etter inspirasjonen vi fekk på kurset, og det ser jammen ut til å gå rett så bra -heilt til vi prøvde ute i skogen i dag.... Der trudde visst dama at i dag stod sportrening på dagsordenen, og ho støvsaug iherdig kvart minste spor frå to- og firbeinte som ferdast i lysløypa seint og tidleg. Men fatt mot -vi gjev ikkje opp så lett! I morgon kjem ein ny dag med nye sjansar! Hej då!

Måndag 27. april

Ååååh, den som kunne fatte seg i kortheit! Denne helga har vore av dei heilt store for Amira og min del! Fredag pakka eg og dei to yngste i huset pjanket vårt og dura av stad til syster Kjersti i Nittedal. Der vart vi tekne vel i mot av eit overlykkeleg småtroll og ei strålande blid jente, samt ei småsur, tilårskomen tispe og eit par omtenksame vaksne med varm kjuklingfilet i omnen. Gordonsetteren Gaisa på 9 år og Amira fann merkverdig fort ut av det med kvarandre, då Amira underkasta seg med det same Gaisa varsla høglydt frå om at der i huset var ho -og ingen annan- sjefstispa! Berre ved eitt høve vart Boffen frå dalstroka utanfrå ståande eit bel med nasen gøymt langt bak sofaen og leike struts fordi det heile vart litt vel skummelt. Sidan heldt ho seg friviljug på verandaen -med oppe dør- det meste av tida...

Laurdag flaksa Amira og eg til Lunner med sommarfuglar i magen. Lydigheitskurs for eurasierar -WOW! DET vart artig, det! For det første var det SÅ flotte hundar -3 tisper og 3 hannar + tispa til instruktøren, og for det andre hadde vi ein utruleg dyktig og inspirerande instruktør i Elin Lien sin skikkelse! Ei dame det formeleg osa glede, struktur, kunnskap og styrke av -noko ho skulle få bruk for på alle vis gjennom kurset med oss. Vi to Gudbrandsdølane kjende oss trygge frå første stund, og det beste var at vi slett ikkje skilde oss ut med lite kunnskap og dårleg dressur frå før. Vi var naturleg nok alle på ulikt nivå, men kvar hund og førar hadde sine moment dei var litt dyktige på frå før -inkludert oss ;-)

På kurset var vi gjennom kvardagslydigheit som sitt, dekk, bli, helse, gå pent i møte med kvarandre, innkalling, "småtriks", gå bak osv. -og det heile vart avslutta med ein gjennomgang av agilitybanen. Denne avslutninga var utruleg vellykka for absolutt alle hundane -og kom ikkje her og sei at ikkje våre eurasiarar kan brukast til noko!! Amira klarte flott ALLE hindra på banen med eitt unnatak: lengdehopp over 3 benkar. Ho var skikkeleg gira og ivrig, og drog den stakkars blubba av ei matmor ho har etter seg i flott driv gjennom det heile! Stoltheita voks mange hakk i bringa under den sveitte skjorta etter dette!

Det eg sjølv likevel kjem til å leve lengst på etter denne helga er dei avsluttande orda eg fekk med av instruktøren etter endt kurs:
"Du har en trygg (!) og god eurasier som matcher ditt vesen perfekt. Du er en dyktig flokkleder for hunden din, og dere to har et veldig nært forhold som legger grunnen for god fremgang i fremtidig trening." Etter slike ord måtte matmor svelgje tre gonger før ho takka noko flåsete for vakker omtale... Ho kunne også avkrefte at tilhøvet oss to i mellom var FOR nært, det var rett og slett VELDIG BRA!

Endeleg har eg fått bekrefta og opplevd at eg har ein NORMAL eurasier, og at vi to saman kan utrette meir enn folk rundt oss tidlegare har meint. Så berre pass dykk: HERE WE COME!

(Håpar å få tilsendt bilete frå kurset av ei snill dame blant deltakarane...)

Torsdag 23. april

I morgon fer Amira, Sina, Iver og eg til Nittedal for å bu hos storesyster Kjersti og familien heile helga. Det passa ypperleg å ha base der når hund og eigar skal delta på lydigheitskurs på Roa både laurdag og sundag. Det blir frykteleg spennande å sjå kva flatbygdingane kan gjere for oss trongsynte attgløymer frå "Oladalen". Lydigheit er eit omgrep vi knapt veit kva det inneber, så lenge to- og firfotingar har det bra i hop ser vi kanskje ikkje heilt vitsen med å nitrene på "kunstige" ferdigheiter av ymse slag..?

Å, jau da! Ta ikkje den! Vi følgjer då vel med i tida må vite! Det er berre det at vi må ha litt drahjelp til å kome i gang... Så skal ingen kome å seie at vi ikkje har prøvd når vi kjem heim att -keie og skitne, men garantert proppa av nye inntrykk og visjonar om å nå langt her i livet... (Sjølv om eg om att og om att trøystar meg sjølv med at Amira er ingen brukshund, når ho plantar bakenden trygt ned på graset og myser mot meg med truskuldige, halvopne augo medan eg kommanderer, lokkar og ber...)

Vi gler oss i alle fall på tur, på tantebarn og søskenbarn, og ikkje minst på å treffe andre eurasierar. Det har vi faktisk aldri gjort utanom stutte snusingar på eit par artsfrendar på den einaste utstillinga Amira har delteke på -den gongen meg glans! Så veit vi i det minste at boffen held mål eksteriørmessig, dersom det skulle vise seg at intelligensen ikkje er av det storvokste slaget når helga er over. Framfor alt er og blir Amira ein fantastisk kompis og familievenn same kva som skjer.
Nye bilete i våralbumet

God helg alle saman -og kryss gjerne potar og fingre for oss dei neste par dagane...

Torsdag 16. april

Okay -så får vi innom for å informere om stoda i stutte trekk likevel... Vi fòr nemleg til veterinæren som planlagt tysdagsmorgonen. Der la vi ut om dårleg matlyst og slappheit, at Amira har sett trist og lei seg ut, og at ho kun ønskjer å sitje på fang og bli dulla med for tida. Store boffen... Dyrlegen tok oss på alvor -ja, eg kunne i alle fall ikkje avsløre noko humring i skjegget (så var det jo kvinneleg veterinær også, da...)- og hunden vart undersøkt etter alle kunstens reglar.
Diagnose: lettare angrep av innbilt svangerskap... Jau, jau -eg kan vel ikkje noko for at Amira trur ein kan bli gravid av å snuse på halvtørre hannhundskvettar bortetter grøftekantane, eller ved å gjennomleve "våte" draumar der ho viftar med svansen for dei yndige friarane sine? Trudde ikkje eg måtte ta formeiringslæra med hunden, eg  -tenkte vel at dei firbeinte ordnar dette instinktivt... Og kanskje er det nettopp det ho gjer..? Godt er det i alle fall at ho ikkje er sjuk! Så får vi halde fram med å sitje på fang og kose oss i tida framover -berre tyleg det, da!

Bisken fekk i det miste skryt for at ho var uvanleg god å undersøke -fann seg både i hardhendt tumming på den "ømme" magen og temperaturmåling utan å mukke. Men slik er jo vi damer når vi er på (innbilt) svangersdkapskontroll ;-)

Måndag 13. april.

Påska er over og  kaka er oppeten -men jammen har vi att ein aldri så liten skvett Tia Maria :-) Det vart fint lite skigonge på oss denne påska -veret har vore varmt og føret sugande for ein som er ukunnig på smørjing. Vi har i staden kosa oss med raking og stulling i hagen, og mange fine trimturar nede i bygda. Siste dagen i påska har vore himmelsk flott med blank sol frå klår himmel, sjølv om det var fleire minusgrader i natt.

Amira ER veldig slapp om dagen, og eg har bestemt at vi skal ta ein sjekk hos dyrlegen i morgon for å vere sikre på at ho ikkje dregst med noko vi ikkje heilt skjønar oss på. Ho ligg for det meste -anten ho er ute eller inne, og matlysta er praktisk talt heilt borte. Då eg kom med halsbandet for å rusle ein tur i går, velta ho seg over på sida og trykte hovudet tungt mot golvet for verkeleg å demonstrere kor kei ho var...

Sina har vorte utruleg flink med det nye kameraet, og dei fleste nye bileta eg legg inn i dag skal ho ha æra for. Bileta ligg i våralbumet.

Langfredag 10. april.

Påska kom med våren her i år, og dette veit vi å nyyyte! Med opp til 12 varmegrader i skuggen har eg allereie fått raka litt i hagen -trass i at den siste snøen ikkje er reist enda. Det rare er at det er messom tørt med det same snøen brånar, noko som vel tyder på at det er ganske så lite tele i bakken.

Eg har eigentleg vore spent på korleis eg skulle klare å rake hagen i år når ein unghund til stadigheit skal hoppe rundt føtene mine. Den bekymringa kunne eg berre ha hoppa over! Amira er jo ei særskilt bedageleg type som ikkje let seg affisere av anna enn det ho sjølv ser som interessant, noko eg verkeleg fekk oppleva til fulle i dag. I starten sat skjønnheita og glytta dorskt bort på meg der eg svinsa over den bustete plenen med riva. Daude fjorårsblomar vart rive opp med rota og slengt bort i sorpehaugen, kvistar og braskt gjekk det likedan med. Då gartnaren var komen heilt bort til hunden, gjorde ho ikkje teikn til å flytte seg. Dronning Amira myste med augo mot den låge kveldssola, og la seg like godt rett ned halvmidt borti bosset, like roleg og avbalansert som om ho var heilt åleine i verda. Resultatet vart at eg måtte rake RUNDT hunden! Og alt lauvet, alle kvistane og dei tørre greinene fekk liggje heilt i fred til eg fekk baska det opp i trillebåra og kjørt det bort. Nesten for godt til å vere sant! Eller er ikkje Amira heilt frisk likevel, tru...? Pent vart det i alle fall i hagen.

Elles skulle vi gå ein liten skitur i går, då vi likevel køyrde Iver bort i fjellet på minipåskeferie. Skiene låg som vanleg i takboksen, så eg donta på meg all skimonduren min før avreise. Etter ein rask kaffekopp i solveggen utanfor campingvogna til svigerforeldra i fjellet, var eg og vofsen klare for skitrening. Men der slapp vi lettvint unna, ja....-nøkkelen til takboksen hekk trygt og godt i skåpet heime -ein times køyring ned i bygda... Skitt au -vi var så flinke sist vi gjekk på ski, at det får nå stå si prøve!

Ingen bilete i dag, då batteriet til apparatet ligg på lading.

Måndag 6.april

Påska er komen, Iver har feira gebursdag, og Pus har endeleg funne ein plass i huset der han GARANTERT får fred for ALLE!

Iver hadde 12 skulekameratar på gebursdagsbesøk i går, og Amira vart heilt utslitt! Ho tykte nok ho skulle passe på alle som var på besøk, og ikkje minst sjå til at alle var greie med Iver i underetasjen, men det var neimen ikkje enkelt! Matmor heldt strengt auge med bofsen så ho ikkje skulle bli freista til å gje seg alt for mykje med i den uoversiktlege leiken, og det var kun under måltidet at ho fekk vera saman med alle på ein gong. Feiringa gjekk likevel over all forventing, og kokka drog eit lekka sukk då siste gjest fór heim utan at nokon kom i klammeri korkje med Amira eller nokon annan. Greie ungar! Det gjekk elles med 50 pizzasnurrer, om lag 30 muffins, samt nokre bollar og ein del liter med brus på festen. Det meste av popcornet såg derimot ut til å ha gøymt seg under senga til jubilanten då kvelden var komen..? Artig med barneselskap!

Kjerringa i huset hadde eigentleg tenkt at ho skulle ta med seg bikkja på ein skikkeleg trimtur då kvelden kom, men då var hunden totalt utsliten! Ho låg som ei vridd fille på golvet og kneip auglokka hardt saman då matmor nemnde på tur... Det vart derimot kjempestas å få kompisane Draumur og Krumme på kveldsvisitt i staden! Sjølv om hormona reiv ilt i unghunden Draumur og Amira nekta plent altfor nærgåande tilnærmingar, vart leiken heftig, og hundane fekk rive av seg nokre veker med opparbeida gjensynsglede. Pus var derimot ikkje like glad for slike inntrengjarar seine kveldstimar, så han fann vi etter kvart att høgt oppe under taket i stova, vel tilfreds med ny kvilestad på det gamle hengeskåpet over pianoet...

Halvannan dag til, så har også mor i huset påskeferie. Då skal vi KOSE oss -uansett dystre verutsikter!

Nokre nye bilete i våralbumet...

Søndag 29. mars

Amira er i dag 16 dagar inne i si andre løpetid, og hypokondriens tid er forhåpentlegvis snart over igjen for denne gong. Nett som sist Amira var løpsk, har matmor også denne gongen gått og glytta etter teikn på livmorbetennelse og annan styggedom... I starten av løpetida var bisken nemleg ualminneleg tørst -på ein dag kunne ho drikke det dobbelte av vanleg vassmengd, og dermed måtte hufsa naturlegvis ringje dyrlegen... Vi vart då einige om å sjå det heile an, og det har no gått over ei veke sidan eg hadde den telefonen. Dei siste dagane har Amira vore utruleg slapp og giddalaus, og pessimisma har auka på igjen... Veret var derimot så utruleg flott i dag, at eg fann ut at eg måtte prøve ein liten fjelltur med slappbisken likevel. Minsteguten var i Kvitfjell på slalom, Sina sat i godstolen og pleia øyreverken sin, og Ola vart med til fjells med eit par ungsnører.

Fjellet var i dag så religiøst vakkert at eg kjende meg som den lykkelegaste baksidekjerringa i mils omkrins der eg formeleg "flaut" bortetter dei silkemjuke løypene bak den trufaste, raude lurvetussa med den kvite kjempedusken viftande framover ryggen. Kanskje var det lurt å ta ho med på skitrening på ein slik dag då ho ikkje er alt for sprek, for ho gjekk i dag knakandest fint og fornuftig i selen -og matmora bak heldt seg på føtene heile turen! Vi møtte også fleire hundar og andre turfolk i løypa, men Amira var roleg og fornuftig i møte med kvar og ein av dei. Som godt vaksen kjerring er eg van med at eg jamt og trutt eser litt ut her og der, men i dag hadde eg kjensla av å vekse innanfrå -eg var så kry av både bikkja og meg sjølv fordi vi var så flinke at turen vart ein einaste stor opptur! Eg legg nokre bilete frå turen i Vår-albumet, og ber om at påska må by på nokre slike dagar som den vi har hatt i dag.

Eg legg også til ein ny link til den nye heimesida til storesyster sin familie i Nittedal. Gratulerer med flott side ;-)

Søndag 22.mars

Og DER var vi på nett att!! Mykje har hendt sidan sist vi fekk oppdatert heimesida, men her kjem i stutte drag noko av det vi har tufsa med:
For 14 dagar sidan var vi på solfest på skulen, då Iver var stæsja opp som sjølvaste Michael Jackson, medan matmor stilte som cowgirl... Amira vart som de ser litt forlegen då eg trakk i dette sexy utstyret, men for ei godt tilårskomen kjerring var det befriande å valse rundt i boots, kappeskjørt og skinnhatt ein elles kvinsur føremiddag i mars. Godt det ikkje er mange slike festar i året -Gud veit kva eg kunne finne på å dandere på meg... Iver var naturlegvis meir seriøs, og øvde inn ein skikkeleg moonwalk til festen! Legg ut bilete av den imiterte utgåva av verdsstjerna i Vår-albumet.

Førre helg var heile familien på hotellweekend på Alexandra i Loen, og Amira var då på overnattingsbesøk hos kompisane i Enersvoldstugu. Matmor fekk nok litt kalde undersåttar då Amira fekk løpetid nøyaktig same dag som ho skulle på besøk til Gutta Boys, men sindige Berit roa meg ned med at det vart INTET problem... Berit var for øvrig så flink at ho laga ein heil album frå overnattingshelga på heimesida til Heidumhære! Takk, Berit!

I heimen har det vore ei særs travel tid med foreldresamtaler, møte i samarbeidsutval og hundeklubb, kveldssvømming, bokpresentasjonar og leseprosjekt på arbeid (har lagt til link til bloggen vi bibliotekdamene har...). Det har difor ikkje vorte mykje "organisert" trening på Amira og meg, men vi har då i det minste vore med på sosialisering/ringtrening på låven til Georg. Det var ei uforgløymeleg oppleving, og dei som såg denne seansen med Amira og meg var nok styggeleg fortusta på kvifor eg hadde skaffa meg hund... Amira låg langflat bortetter låvegolvet og higa etter ymse kattar som gøymde seg under diverse utstyr i røene, og fleire hjort- eller rådyrskinn var både skumle og spennande der dei hang. Ein rådyrfot vann også Amira sin facsinasjon, men ringtrening? Nei, det var totalt daufødt. Dei to karane som deltok med sine små, søte firbeinte vart så imponert over Amira sin sjeldne måte å dra ei halvgammal kjerring rundt låvegolvet på at dei ville freiste å måle styrke mot meg. Det er så klart inga sak å føre ein flott eurasier elegant over eit ryddig låvegolv....trudde dei.... Etter "treninga" fekk eg imdlertid skryt over særdeles bra armstyrke!

Slike opplevingar er ein del av grunnen til at Amira og eg no har meldt oss på lydigheitskurs for eurasierar på Hadeland sist i april. Instruktøren der kjenner særdeles godt til rasen, som visstnok treng sin heilt spesielle måte å trenast på (i følgje arrangørane av kurset). Vi har store forventingar til dette kurset, og KANSKJE vil vi ein gong klare å oppføre oss så "normalt" at folk vi møter slepp undre seg over kor mykje merkeleg hundehald det finst rundt omkring.... Artig har vi det i alle fall!!

I dag har vi gått ein laaang tur i det fine vårveret -om enn ikkje heilt problemfritt. Amira har løpetid på 9. dagen i dag, og boarder collien Finn hang etter oss som ein klegg halve turen. Amira hadde også meir enn lyst på eit skikkeleg nyp der ute ved elvekanten, så eg vart nok etter kvart litt sveitt i trøya. Og eg som har skrytt av at Amira ALDRI dreg når vi går tur med sele - - - -

Fredag fekk vi att sola her heime på Byrøygard, så no går vi våren i møte med nye utfordringar og friskt pågangsmot!

Onsdag 11. mars

Mjaa.... det blir rett så dårleg med oppdateringar her så lenge heimepc`en er på rehabilitering... MEN i morgon fyller AMIRA 1 ÅR!! Det lyt vi feire på eitt eller anna vis, men fridagen min (som altså ER torsdag...) går visst med til litt arbeid likevel denne veka, samt at eg skal delta på mitt første styremøte i den lokale hundeklubben om kvelden. Vi tuppene skal i alle fall gå ein LAAANG tur på morgonkvisten, og det er frykteleg spennande med alle dei merkjelege duftene som dukkar opp att frå under snøen for tida!

Så håpar eg at vi får teke nokre nye foto og lagt ut snart, så maskina MÅ bli fort frisk!!

Laurdag 7.mars

Må berre raskt innom sida og varsle frå om at vi for tida ikkje har internett i heimen...Det er TRIST, det!

Amira og eg har gått til Bestemor og Bestefar i Bakke i dag, og no har vi ete ein betre middag. Gammaldags kjøttmat er knakandest godt, og det vanka mang ein godbit og kjøttslimser på boffen au...

Heldigvis skjøna eg at pc`en vår heldt på å kapitulere tidleg, så eg har brent alle bileta vi hadde over på cd. Spørst om vi ikkje lyt opp med storboka og investere i ny maskin, da...

Ha ei fortsatt FLOTT helg alle der ute!!

Sundag 1. mars

Ny interesse! Både torsdag og i dag har vi vore på lavinehundtrening saman med kompisane. Dette var verkeleg noko vi kan anbefale andre med god luftesans, og ein blir frykteleg sliten etter ei skikkeleg økt med slik "leik". Vi har laga ein heil album med bilete frå treninga på Flaten i dag, så de kan berre setje dykk godt til rette og nyte bileta av aktive hundar og ivrige holebuarar! Ha ei flott veke!

Sundag 22.februar

Nei, nå har eg kosa meg stort med å lage stumfilm frå Flaten etter treffen i dag! Denne MÅ de berre sjå, alle saman! Helga har vore topp!!

Laurdag 21.februar

Det SNØR!!! I natt har det lava ned, minsteguten er på skiferie og eg har frilaurdag frå arbeid -kva gjer ein då? Jau: UT!!! Men først; handle, vaske, rydde kleskap, gå i gebursdagsselskap....og då er det vel tid for mat? Kjem vi oss ut før det blir mørkt i kveld då, tru?

Torsdag var eg på fotooppdrag hos Berit, og vi hadde ei festleg stund på jordet med nusseleg hest og slede og eit par overlykkelege hundar jumpande rundt den flotte kortesjen. Bileta er Berit sine, men eg tek meg fridom til å leggje ut eitt av Amira sine to kompisar i fri leik på jordet -dei kom visst litt ut av oppdraget av og til...;-) Alltid artig å treffe Berit, som i  mine augo er så proppfull av hundekunnskap at det formeleg tyt ut når ho opnar munnen (i positiv forstand, Berit...) Amira fekk halde seg heime denne gongen, men hadde nyleg hatt besøk av veslekjærasten Rommel, så ho var i grunnen ganske så sliten etter ørten runder på kjøkkengolvet og harde basketak i snøen med den tøffe karen.

Denne veka er det vinterferie, så det spørst om ikkje eg også tek eit par dagar fri saman med borna. Vi kryssar fingre og potar for at snøen blir liggjande så vi får nyte den i fulle drag! Ha ein strålande laurdag!

Sundag 15.februar

Hundetreff på Flaten att i ypperleg vinterver! Rommel var på utstilling i dag, men Ragnar hadde fått låne ein nett kvelp som trøyst medan storsjarmøren reiste langt for å vise seg fram. Fjonge Fiona var derfor med på Flaten på sosialsering med gjengen, men ho vart utruleg kald og sliten, så ho kosa seg mest innanfor jakka til Ragnar. Kjempesøt lita dame med skikkeleg tæl! Sjekk biletet!!!

Ei ny veke står for døra, og matmor har mange gode bein etter kjøttmatkokinga i dag... Amira fekk eit hjortebein til dessert i dag -knakandes godt!! Kva blir det i  morgon, tru..?

Fredag 13. februar

Nok ei veke syng på siste verset, og vi har hatt det ganske så hektisk i heimen sidan sist. Dei stutte stundene matmor har vore innom heime dei siste 14 dagane har stort sett gått med til trimming av eige fjorårsflesk og trening av udressert hund, og huset har vorte overlate til seg sjølv. Dermed MÅTTE eg og Amira ha varetelling på eit uvisst antal lodottar på fridagen vår i går, samt pakke kilovis med aviser og reklame som på merkeleg vis hamnar i postkassa vår kvar einaste dag, ta hand om ein gild, vellagra oppvask OG bake kake til helga. Den flittige aktiviteten vår i går inneber faktisk at det er HELG i kveld, og det skal vi nyyyte! Vi skal gå ein laaaang tur utstyrt med hovudlykt på matmor si huve -for det er SKUMMELT!

Sundag feira vi morsdagen med ein skitur saman med far i huset og Iver. Det var rundt 13 kuldegrader og sur vind, så det beit godt i kjakene, men det gjorde berre godt. Amira vart utstyrt med sele og strikk, og matfar skulle "lære" oss korleis ein går på skitur med hund... Det ga han fort opp!!! Iver fekk overta magebeltet, og dermed vart det fart på sakene! Han er med sine 8 år ein kløppar på ski, og Amira drog så det fauk baketter løypa medan Iver hekk jublande bak. Det gjekk nok litt på kryss og tvers, men ingen har vel fortalt oss at ein hund i sele skal gå "beint" fram..? Dei to i teten storkosa seg, medan far og eg kom halsande etter med ved og mat til bålkosen. DET vart ei SUR oppleving! Vi brende bål midt i løypa fordi vi ikkje kunne gå ut i den djupe laussnøen, varma pizzasnurrar og grilla ost, før vi tok fatt på heimvegen. Då skulle mor overta magebeltet fordi det var ein del nedoverbakkar vi var redde Iver skulle kollidere med Amira i. Akkurat den avgjerda var kanskje ikkje så lur... Det gjekk då på eit vis likevel, men då vi var nesten framme ved bilen var boffen så lykkeleg over turen at ho sprang eit par runder mellom føtene til "føraren" før ho spurta mot skogkanten. "Morsdagsbarnet" låg dermed pladask på nakken langt nede i laussnøen -og kom plutseleg på at det nye, flotte kameraet hadde ingen hugsa på å bruke på turen. Ho var i alle fall overlykkeleg for at det var ho sjølv som hadde apparatet trygt gøymt nede i sekken laaangt nede i snøen under seg slik at ikkje den omtenksame husbonden fekk foreviga mor med rompa i fjorårslyngen med ein elskverdig ulldott surra vel rundt føtene...

Neste veke blir truleg ikkje like hektisk, så eg skal vere flinkare med oppdatering av dagboka -trur eg... GOD HELG!

Laurdag 7. februar

Åååå, kor frykteleg det svir å vere borte frå den store vesleboffen min! Borna er så store at dei tykkjer nok det berre er godt når maskrøkja er borte på kurs eit par dagar innimellom, men Amira har IKKJE skjønt vitsen (-ikkje matmor heller, kanskje...). Det var 15 kuldegrader då darlingen og minsteguten kjørte meg på bussen torsdag, då eg skulle på web 2.0-konferanse på Gardermoen dagen etter. Det er svært sjeldan matfar køyrer skodaen til fruga, så Amira var like overlykkeleg som vanleg då bilen putra oppover gardsplassen att nokre minutt etter. MEN det var ein STOR feil: matmor kom ikkje ut av bilen!? Amira la seg tolmodig ned bak bilen og venta trufast på at kjerringa skulle stige ut av kjørdoninga, men det vara og det rakk... Etter ei laaang stund måtte far i huset ut for å sjekke korleis det gjekk med vaktbikkja, og den stakkars hunden fraus så ho skalv slik at han måtte dra henne innomhus att etter halsbandet! Matmor var rett og slett borte...? Korleis skal ein forklare ei så god "venninne" at ein av og til lyt reise bort eit par dagar når ho ikkje skjønar norsk? Og kva i all verda skal eg gjera så ikkje denne elskverdige hunden skal halde fram med å vere så fullstending oppslukt av meg og mitt vesen? Hmmm, vi har visst knytt alt for sterke band, eg og Amira...

Det var derimot ganske så trivleg å visittere tantaborna åleine for ein gongs skuld -eg kjende meg veldig både elska og ønska der to skjønne tanteborn sloss om mi merksemd heile kvelden. Neste gong lyt eg nok ta med både Iver og Amira og vere nokre dagar lenger. (Konferansen var for øvrig verd turen i seg sjølv)

I morgon er det SØNDAG, veret er FANTASTISK, naturen er SKJØNN, og eg vil på SKITUR!!
(Nye bilete er lagt inn i vinteralbumet)

Sundag 1.februar

HUTTETU og JIPPII -kor kaldt og fint det er i Garmo no! 20 stive kuldegrader og blank sol på toppane. Sundag = hundetreff (merk: ikkje lenger kvelpetreff!?) på Flaten, og innehavaren av den lugume plassen prøvde i dag i det lengste å statuere eksempel og gjere det klart ein gong for alle at det er han (Rommel, altså :-) som er sjefen der! Sjå berre på biletet kor mandig og tøff han står i den kalde snøen! Kor vidt han lykkast med dette i dag, skal ikkje seiast her, men det vil vel tida vise. Dei som er interesserte i å sjå kor det gjekk, kan sjekke dei siste bileta under vinteralbumet...
Vi lyt også få gratulere Krumme og Draumur med ny heimeside! Dersom vi får lov, vil vi leggje ein link til sida hos oss. Desse 4 hundane har etter kvart vorte ein knallfin gjeng som kjenner kvarandre veldig godt, og det er ein fryd å observere leiken og innarbeiinga av posisjon kvar og ein av dei freistar å skaffe seg for tida. For meg er dette ei ny verd som er utruleg interessant og som gjev meg haugevis av ahaopplevingar og mykje glede. Ser fram til våren!

Mandag 26.januar

Lyt svippe innom ein tur for å leggje inn nokre nye bilete frå Meadalsturen vår i går. Det var berre oss to og kameraet, men i den snøkledde fjellskogen hadde vi ein flott tur. Amira observerte både hakkespett og harejegarar, samt at ho snusa i uendeleg mange spor etter diverse firfotingar i skogen. Matmor fekk testa ulike funksjonar på kameraet, og det vart da nokre fine bilete.

Elles må vi snakke litt med Berit om kva vi skal gjere med denne "buksenappinga" Amira har lett for å drive med på framande mannfolk heime her. Dette likar vi dårleg, og vi må prøve å få ein slutt på det før det får utvikle seg for lenge. Ho hadde ein tendens til dette tidlegare, men etter ei lang periode der ho var mykje betre, har dette no forverra seg att. Hmmmm....

Vel, vel -vi får no sjå kva vi får til med denne smånervøse skjønnheita vår :-)

Torsdag 22.januar

Her på bruket er vi visst inne i ei skikkeleg dauperiode kva trening angår. Vi kan freiste å skulde på ver og føre, men eg er redd det ikkje held i lengda... Amira røyter framleis noko frykteleg, men det har heldigvis dabba av litt dei par siste dagane. Verre er det at ho mest ikkje har ete på eit par månader. Når ho då attpåtil har så lite underull for tida, ser ho rett og slett ikkje heilt bra ut :-(  Vi har no kjøpt noko fiskeolje (artophar), som ho likar kjempegodt, så får vi tru at det hjelper både på pels og matlyst med tida. Elles spørs det om vi ikkje lyt prøve å byte fòr -nok ein gong.... Ser ikkje ut som at ho likar tørrfòret ho får no.
Matmor har investert i eit ganske så flott kamera på nyåret, og håpar at det skal bli MYKJE fotografering framover! Det er ein hobby eg for alvor fekk augo opp for etter at Amira kom i hus, og med dette nye kameraet forstår eg at det finst uante moglegheiter. Då blir det opp til fotografen og motiva, så får vi sjå kva det nye året kan by på av dyr-, natur-, og menneskeskildringar...
Legg inn nye bilete NO!

Fredag 9.januar.

Heisann! I kveld rydda eg all julepynten ned i askar og gøymde den i kjellaren att. Etter kvart som eg rydda, dansa det fleire og fleire umiskjennelege dottar framover stovegolvet -mest som om dei ville ha ein siste julesvingom med alle nissane og englane før moroa var definitivt over for denne gong. I dørgløtten satt stordotta sjølv og titta på alt rotet og tenkte nok at matmor held på å gå frå vettet ein gong for alle, medan ho klødde seg hist og her med bakfoten... Etter at eg hadde balansert alle askane nedover trappa, fann eg fram kardebørsten for å hjelpe litt til med kløen. Og vi kamma og kamma og kamma....og den lykkelege husmor innsåg at det ikkje var berre den effektive vaskestreiken ho hadde gjennomført i jula som var årsaken til den kveke dansen på stovegolvet for litt sidan :-) Amira ser ut til å røyte SKIKKELEG, og vi ga opp kamminga då det ingen ende ville ta. Vi får prøve til att i morgon, så får vi sjå om vi ikkje får ruska ut litt då også :-)
Ute er det såpeglatt etter ei hard "nyttårslinne", så korkje folk eller hundar klarar gå noko særleg. Amira sklir ut med alle fire når ho trippar ut på issvullane og renner seg på magen nedover hagen :-( Ikkje artig, så vi lot det vere med ein knøttliten tur borti grannegardane her i efta. Det tek seg vel opp att, dette føret.

Torsdag 8. januar.

I dag har vi hatt besøk av nok ei ny, kjempenett venninne -Yara på 3 mndr. Ho er ein flott mix av boarder collie og lapphund, og Amira var overlykkeleg då ho kom inn i hagen for leike. Yara var litt beskjeden i starten, men etter kvart gjekk leiken veldig så bra. Den vesle smartingen leikte duse-og-gøyme med storboffen under verandaen, og dei fekk båe to sprunge godt av seg ute i snøen. Til slutt skulle det vise seg at det var futt småttisen -ho vart lei av leiken, og varsla frå om at nok er nok. Det tykte ikkje Amira, så for første gong måtte eg bryte inn i leiken mellom Amira og ein anna hund fordi Amira held ut lengst... Desse to skal nok få helse myyykje meir på kvarandre, og kanskje får vi også møte samojeden ho bur saman med til dagleg? Eg har lagt nokre nye bilete av Amira og kompisar under albumet "Vinter 2008-2009".
Har no vore på bukkeball på Lom helseheim, så det skal bli godt å få av seg vadmelsbuksa, rutaskjorta og bukseselane....

Sundag 4. januar.

Riktig godt nytt år alle saman!! Jula gjekk like fort i år som tidlegare, sjølv om ferien for dei fleste her heime har vore laaang denne gongen. Mor i huset jobba ein dag i jula, og har vore på arbeid att både 2. og 3. januar, så vi er liksom snart i normal gjenge att. Jula har vore kald med rundt 20 minusgrader mykje av tida, men Amira og mor har gått fleire turar opp til Byrsetra. Det er så fint eit føre i skogen oppover her nå -finst ikkje glatt, og passe med snø og maaange spor og snuse i!
Torsdag var vi på vår første skitur i oppkøyrt løype, og Amira skulle gå pent i band ved sida ein noko stulkete skiløpar. Har aldri tidlegare kjent meg så dum og lite flink korkje med hund eller ski... Eg turnerte meir på rompa i snøen nedrøysa av skistavar, hundeband og pelsdott enn eg gjekk på ski :-( Kvar gong vi møtte nokon (og det var det ikkje langt mellom!) flaug Amira lykkeleg bortåt for å helse på folk og hundar, medan eg anten hekk som eit slips bak, eller vart nedrent av hundeband surra rundt føtene... Neste gong har eg bestemt at eg skal prøve med magebelte og strikk i løype der det er mindre folksamt. Og "sjefen" (i dette høvet Berit), har underretta meg at Amira skal lære å gå BAK! DET høyrest enkelt ut, det -og sikkert frykteleg snøgt for oss to å lære....

No har vi nyleg vore på dogging på Flaten med bestekompisane -som vanleg utruleg vellykka! Amira ligg no lykkeleg utslitt med store, blaute kreppingar rundt øyro etter at alle beilarane har frisert henne i den kalde snøen. Det nye året teiknar til å bli eit aktivt år med mange nye utfordringar -og vi skal hengje oss på med friskt mot!

Fredag 26. desember

God jul, alle saman!! Det har vore ganske så stille i bloggen ei stund, men det har jo sine grunnar i førjulstida... No er jula endeleg her, og vi skal berre kose oss! I går var matmor med meg på kvelpetreff på Flaten att -noko av det artigaste eg veit!! Og tenk -Krumme har fått ein ny kompis heime hos seg som eg trur eg forelska meg litt i går...(..eller var det matmor..?) Han er ein islender med fantastisk godt gemytt og eit sjeldant vakkert ytre! Vi fann tonen raskt, og eg ser verkeleg fram til å møte han igjen. Desse andre kompisane mine er så små og snaue at dei overlever nok mest på sjarm -men den har dei til dei grader MYKJE av, då :-)
I dag har vi planer om ein liten fjelltur, så får vi sjå kor langt vi kjem. Det er jo alltid så mykje mat desse tobeinte skal drive å tylle i seg no i desse juletider, så eg veit neimen ikkje kor lang tur det blir på meg i dag.
Hei så lenge!

Laurdag 6.desember.

I kveld har eg sett eit TV-program om ein uhelbredeleg kreftsjuk mann, og tankane tek til å svirre. For meg er ei påminning om døden eigentleg ei påminning om Livet. Korleis prioriterer vi å leve våre liv, sett i ljos av at ingen veit kor lenge ein får vere med på "leiken"? For meg vart førjulstida i fjor ein tankevekkjar over korleis eg vil leve mitt liv, då eg brått fekk ansvar for ei dødssjuk kvinne i heimen. Etter hennar bortgang har eg i mykje større grad enn tidlegare levd livet meir etter eigne ønskje, ikkje utsett alt eg kan gjere i dag, og gleda meg mykje meir over naturen og menneska rundt meg. Dette var også ein viktig medverkande årsak til at Amira kom inn i livet mitt, og ho er ein direkte årsak til at eg kvar dag gjer noko av det eg har mest lyst til; å leggje alt anna til side kun for å dra ut på tur med ein kjempegod kompis. Alle møte med naturen er for meg ulike, og ofte blir eg overvelda over kor vakkert det er rundt oss berre vi har tid til å sjå. I dag la eg den planlagte smultringkokinga på hylla til i morgon fordi det var så ualminneleg vakkert i den kalde vinterlufta. Amira, fotoapparatet og eg drog ut på tur -og sit att med mange vakre synsinntrykk, nokre gode fotografi, samt ein lykkeleg utsliten hund og ei matmor med roser i dei vinterbleike kjakane. Og smultringane? -tja, vi får sjå på veret i morgon...

Sundag 30. november

I dag har Iver, Amira og matmor hatt sin første skitur sidan Amira kom til oss. Vi køyrde opp til Tessosen og gjekk innover skogen. Graderstokken synte 10 kuldegrader, himmelen var nydeleg ispedd raude skyer, og landskapet var kvitkledd både på bakken og i trea. Det råda total stille i fjellet i dag, kun eitt einsleg skispor hadde tråkka før oss i skogen. Rett nok hadde ein og annan rev luska rundt mellom trea, men vi korkje såg eller høyrde noko anna enn ein travel hakkespett i ei furu. Vi storkosa oss alle tre, og Amira sprang føre med nasen langt nede i snøen. Snøen gjekk heilt oppunder magen hennar, men det var visst berre artig. Matmor var ivrig med kamaraet, og dei fleste av bileta frå turen ligg no under albumet "Vinter 2008". I slik eit vakkert landskap på slik ein fantastisk dag er det mest så ein blir litt religiøs etter kvart som det eine motivet vakrare enn det andre dukkar opp mellom trea. I dag kan altså ikkje bestefar klage over at motiva i fotoapparatet mitt var einspora! Vi kryssar fingrane for at snøen blir liggjande leeeenge no! Hej då!

Fredag 21. november

Vi skriv 21.november, og satsar på at vinteren er komen for å bli. I kveld har det vore skikkeleg styggever med snøfokk så stint at det var håplaust å kjøre bil. Men det var kjempestas å rase i den herlege snøen! Vi har emna på ein ny vinteralbum på heimesida i anledning snødrevet :-)
Amira har med tida vorte ein ekstremt kosete hund som kan sitje musestille i laaaang tid berre nokon puslar ho litt ein eller anna stad. Kjempekosleg! Ser også meir og meir kor utprega bedageleg ho er av seg -noko som passar meg ypparleg! Når einskilde andre hundar blir kommandert til å setje seg, utfører dei kommandoen lynkjapt og perfekt. Når eg seier "Sitt" til min søtnos, stiller ho seg først godt til rette på ein behageleg plass, ruggar seg fram og attende litt for å få bestemme seg for korleis ho skal setje seg, før ho etter kvart sakte sig ned med rompa mot underlaget. Når ho endeleg har sett seg, tittar ho opp med verdens mest truskuldige blikk -og eg tykkjer eg har ein fantastisk lærenem og dyktig hund...!! Vi har det kjempestas vi to

Onsdag 12. november

I kveld fekk vi trivleg følgje av Kjersti med ein Jack Russel og ein tibetaner på kveldsrunda vår i skogen. Amira er sultefora på kameratsleg leik med andre boffar for tida, så det vart eit svare strev for matmor å hengje med på issvullane gjennom lysløypa. Det vart derimot betre då vi kom opp i skogen, og månen skein så vakkert at vi såg alt vi hadde bruk for i vintermyrkret. Etter turen vart vi invitert på kaffe hos Krumme og matmor, så no ligg Amira lykkeleg utsliten ved føtene mine etter ein innhaldsrik kveld.

Dyrlegen turde ikkje anna enn å behandle Amira for skabb, då eg fortalde at eg har observert ein hardt angripe skabberev rett nordanfor huset vårt nyleg. Ho kleiar og kleiar og kleiar, stakkar, men det vil no vise seg om skabbmiddelet vil hjelpe -andre hellar vel meir mot teorien om at ho er overfølsom for ein del fór... Enn så lenge ligg matmor framleis på stovegolvet og hjelper til med å klø pelsen på nattestid...

NB! Amira er trekt ut som månadens hund hos Norsk Eurasierklubb, så nå har ho bilete av seg på sjølvaste framsida til den nasjonale klubben!

Biletboka om slaktinga er oppdatert. På biletet her ser de Amira og Pus i frydefull leik på gardsplassen (litt mindre frydefull for Mons, men dog...)

Sundag 9. november

Gratulerer med farsdagen, kjære pappa! Sender varme tankar til alle fedre på dagen med dette biletet av far i capingvogna ved Dågåtjønn

Laurdag 8. november

Jippiiii! I går kveld kom snøen, og vi har baska og herja til den store gullmedalje! Far og mor i huset har skore opp og pakka ned julegrisen, og mor har kosa seg med å lage ei lita biletbok om seansen på heimesida. Kanskje artig å lesa for dei som ikkje er vande med heimeslakting (som jo ikkje er lov lengre...)? Sjå biletboka i menyen på heimesida. Den tok så lang tid å lage at det får bli med dette for i kveld... Sjåast!

Torsdag 6. november

Travelt på Byrøygard for tida, så det blir dårleg med oppdateringar... Men i dag poserte Amira på baksida av lokalavisa Fjuken (for øvrig stilte ho då i sterk konkurranse med innsendt bilete av bestefar på tytingtur, men det kom ikkje med:-)! I morgon ventar nok eit dyrlegebesøk for å finne ut kvifor denne kløen aldri gjev seg, samt at ein ny augekatarr er på tur... Ho er elles i knallform for tida, og et all tørrmaten ho blir boden, samt at ho snikjer noko frykteleg ved kjøkkenbenken og bordet -tett, tett inntil matfar (som utan unnatak stadig "slepper" smuler av ein viss storleik ned på golvet).
Fru Flesk og herr Dupp har vore på Lillehammer på julehandel i dag, og er for ein gongs skuld godt i rute i så måte!
På biletet ser de Amira storgassar seg på fanget til Sina -kjempekosleg!

Sundag 26.oktober.

Nok ein fantastisk haustsundag, og vi kunne glede oss over ein flott tur med godt fylgje til Høgkollen. Dette var første gongen Amira har gått heilt til topps på Kollen, og ho gjorde nok turen mange gonger så lang enn den eigentleg var etter som ho fekk springe fritt. Nokre voldsomme raseyrer i snøen gjorde også godt for kroppen! Vi gjekk saman med Iver, Maria, bestemor og bestefar Bakke, og det var eit svare strev å følgje med på både fram- og baktropp heile tida... Likevel kjempetyleg med turkameratar! Det ligg mange nye bilete frå turen under "Amira på tur". Nesten på toppen fekk matmor melding om at det var organisert sporaktivitet på velta, men då var det jo for seint for oss i dag. Det skal visst leggjast ut spor i Lia neste sundag, så får vi gjera ein innsats då. Det har vorte litt for lite tid saman med hundekompisane no, så vi gler oss naturlegvis på det!

Elles har matmor eit maleprosjekt på rommet til Iver for tida. Dette medfører at mor har lånt bort senga si til Iver, og ho sjølv ligg på stovegolvet saman med Amira. Det er STAS, og mor er neimen ikkje sikker på om ho vil flytte inn på soverommet att... Trur både boffen og matmor er vel tilfredse med denne løysinga nattestid -då har mor selskap når ho likevel ikkje får sove:-) Kan absolutt anbefalast til alle andre med søvnproblem!

Har også lagt inn eit par nye bilete frå i går under "Haust -08". Amira hadde eit skikkeleg bad i spesialshampo etter at ho har slitt med kløe eit tid, og pelsen har aldri før vore så mjuk og vakker som etter denne behandlinga!

I kveld har vi også vore på besøk hos Kaisa -ein knøttliten tibetaner på 2 månader. Amira hadde frykteleg lyst til å leike, men måtte nok pent sitje i band for ikkje å klemme flat det vesle vidunderet. Besøket gjekk overraskande bra, då den vesle har vore livredd større hundar ei tid, så vi gjer turen opp att ganske snart. Søt krabat!

Onsdag 22.oktober

I kveld har Amira hatt det verkeleg travelt med snusing på kjøkkenet, då far og mor har delt opp ein halv elgkalv og putta i frysen. Vi har jo gått litt blodspor nokre gonger, og dette vart nok saktens noko i same bane -utan sporsele og godis i eit spor som gjekk rundt og rundt og rundt på kjøkkengolvet... Triste greier når alt kom til alt, tykte Amira. Då var det bra at vi gjekk ein tur mot Høgkollen før i dag, så vi fekk brukt kroppen litt før den endelause vandringa på kjøkkengolvet i efta.

Det skjer ikkje alltid så mykje nytt i kvardagen hos oss for tida, og vi saknar no litt meir organisert trening utanom dei daglege trimturane og triksetreningsøktene våre. Vi lyt nok snart høyre om vi ikkje kan bli skikkeleg introdusert i agility av Marthe og Tuva -har allereie fridd litt til dei på heimesida deira... Blodspor lyt vi bli flinkare til å leggje ut sjølve slik at vi kan drive med det litt oftare. Elles testa vi litt kor mykje vi hugsa av ringtreninga her ein kveld. (Dette la vi nesten heilt på hylla ei stund etter at vi var på utstilling...) Då vart matmor verkeleg imponert! Amira gjekk kjempebra utan hopping og draging i bandet, noko som var eit problem då vi hadde intensiv trening før utstillinga. Spørs om vi ikkje lyt melde oss på ei utstilling att snart lell, da...

Eit par kjenningar av matmor har skaffa seg kvelp i det siste, så i helga lyt vi nok bort og snuse litt på dei framtidige leikekameratane -ein pyrenèer og ein tibetansk spaniel. Spennande!

Mandag 13.oktober

Etter ei lang veke der Amira verkeleg (mot normalt) har fått prøve å vere ein del einsleg på dagtid, var endeleg tida komen for ny kvelpetreff på Flaten sundag. Matmor la ut sitt første spor til bisken sin, og dette var spennande! Det var stri nordavind, med den fordelen at sjølv ein amatør ikkje kunne bomme på vindretninga :-) Amira gjekk visst bra i sporet, var ein del utanom, men flink til å snuse seg inn att i sporet (sa dei kunnige som såg på..). På biletet syner Amira stolt fram fangsten ho fann under busken! No har vi prøvd dette så mange gonger at vi snart kan forsøke litt på eiga hand. Artig for både to- og firbeinte!

Det som likevel gjorde sundagen fullkomen var ein to timar lang skogstur der 9 hundar, 5 vaksne tobeinte og to barn gjekk utan band og verkeleg feira at tida med båndtvang er over. For Amira og meg var dette ei super oppleving som lada fulle batteria våre til ei ny arbeidsveke der vi kun får gjennomført litt småtrening og raske timesturar på eftan. Kosen vi har om kveldane er sjølvsagt voldsomt stas for oss båe -Amira har vorte ein skikkeleg kosehund- men vi kjenner oss så priviligerte når vi kan bruke heile helga ute saman i fint ver. Å attpå til få springe fritt saman med 8 andre supre hundekompisar i diverse utgåver, er lykka på jord! Dette skal takast opp att så sant veret held! Berit har heldigvis eit flott kamera som ho gjerne deler bileta sine frå (flaks for meg som var strømlaus...), så ho er fotograf på dei fleste av bileta eg legg ut på sida frå sporgonga og turen i dag. Takk til alle som gjorde sundagen vår så flott!!

Sundag 5. oktober

Så kom vinteren til Garmo!! Amira har i dag vore på sin aller første tur i snøen -kjempespennande! Dette var nytt, blautt, artig og skikkeleg stas! Ho hoppa, spratt og rulla seg rundt i snøen, og kunne nok gjerne ha vore att i skogen heile dagen... Det var berre litt synd at ikkje matmor turde sleppe bisken laus i herlegheita -det er i sluttfasen av løpetida, og før oss i sporet hadde det gått eit mannebein med to hundar, så vi tykte det var best å vere på den sikre sida enno... Men det kjem vel snart fleire høve til å baske i snø, og då skal vi verkeleg kose oss!

Amira har ikkje vore skikkeleg i slag att etter sjukdomen før dei siste par dagane, men no ser det ut til at ho er heilt som sitt "gamle jeg". I morgon blir ho åleine heile dagen medan dei tobeinte er borte på arbeid, og det er det ikkje ofte ho har vore. Det spørst om ikkje bestemor og bestefar lyt ta ein tur og lufte voffen utpå dagen ein gong...

Sundag 28. september.

I dag er Amira og kompisane frå kvelpekurset ferdig u(t)danna...!! Siste dag av kurset føregjekk ute i skogen, og det dreia seg mest om spor. Hundane fekk gå spor for å finne att eigarane sine blant tre og steinar i ukjent terreng, og det var litt vanskeleg, men mest artig. Alle fann att sine respektive matmødre ute i lyngen etter kvart! På biletet (dessverre dårleg kvalitet) ser de dei fleste av hundane som har delteke på kurset: eurasier, samojed, golden retriever, islandsk fårhund, schäfer, boarder collie og irsk ulvehund. Bak står instruktøren med sin dansk-svenske gårdshund -for øvrig ein av dei beste vennene til Amira. I tillegg har det vore med ein jack russel terrier og ein hovawart. Vi har altså vore ei herleg blanding av stort og smått -både i sinn og i skinn- og vi har hatt det skikkeleg festleg gjennom kurset. No står berre det meste av jobben att -å følgje opp og arbeide vidare med det eigar og kvelp har lært i løpet av kurset...

Amira har heldigvis kome seg etter den strevsame veka med diverse sjukdom, men det tok nok hardt på å vere på kurs i nesten 4 timar i dag. Ho har mest ikkje vore på føtene att sidan vi kom innom døra heime, men ligg pladask på den kjølege steinhella framfor peisen. No skal vi snart drøype øyra -noko som faktisk går veldig greitt.

Fredag 26. september.

Stakkars, vesle Amira mi! I dag har bamsejenta vår hatt narkose nr 2 på 3 dagar! Magetrøbbelet ser ut til å vere heilt i orden att, men i natt var Amira frykteleg uroleg likevel. Ho rista på houvudet i eitt kjør, gjekk att og fram mellom stova og soverommet, og kleia seg intenst i eine øyra. Altså: ny dyrlegetime i dag tidleg. Han konstanterte raskt akutt øyrebetennelse, og la henne i narkose for å få reinska skikkeleg opp i verken før behandlinga kunne starte. Dette blir litt vel mykje på ein gong -og eg som alltid har lese at eurasierar så langt har gått for å vere sunne hundar med ei god helse..? Amira har vore slapp i heile efta, men ho har då matlyst, så vi trappar sakte men sikkert opp att foringa på hundemat. No får vi inderleg håpe at ho held seg frisk ei stund framover .

Pus lit seg meir og meir no når bjørnen er i dårleg form, og biletet syner mons i full gang med kaffetrakting -noko han for øvrig aldri har bode seg til med tidlegare...

Torsdag 25. september.

Alt for lenge sidan bloggen vart oppdatert sist, men vi har hatt det TRAVELT! Biletet er frå sundag, då Amira var med bestemor og bestefar og tok ned forteltet og avslutta overnattingssesongen ved Dågåtjønna for denne gong. Aldri har fjellet vist seg så vakkert denne sommaren som nett denne dagen, så det var vemodig å ta farvel med dette kapitelet. Sjeldan er fjellvatnet Tesse så blikkstille som de kan sjå på bileta som no ligg i fotoalbumet.

Denne veka har matmor vore borte på kurs eit par dagar, og sjølvsagt vart Amira sjuk medan eg var borte! Med det same eg var reist begynte ho med voldsomme brekningar og oppkast som vara ved heile dagen. Ho avviste all menneskeleg kontakt, og låg berre ute på plenen og spydde. Morgonen etter måtte difor far i huset ta med bamsejenta til dyrlegen, som la henne i narkose og tok røntgen i håp om å finne årsaka til symptoma. Biletet synte ein tom mage full av luft, elles ikkje noko spesielt. Heldigvis vart forma betre då matmor kom heim, og i kveld ser det ut til alt er normalt att. 2 dagar sjukdom utan mat og drikke er lenge -i alle fall for mamsen... No serverer vi kun fiskebollar og kokt ris eit par dagar.

Sundag skal vi ha siste dag på kvelpekurset oppi Kollen, og vi håpar forma er så bra at vi kjem oss dit! Hej då!

Sundag 14. september.

Ein fantastisk verdag! Vi tok med gode grannar på tur til Steinbua inne på Koppflya, og fjellet viste seg på det aller vakraste. Skodda låg tungt frå morgonen, men utpå dagen vart det berre nydeleg! Amira var kjempegrei heile turen, med unnatak av eit lite anfall med biting i bandet... Har lagt mange bilete frå turen inn i "Amira på tur" -kos dykk!

Amira har saktens allereie fått si første løpetid, så vi er vel inne i ei ny fase... Ho har ei tid no vore svært skeptisk på framande menn som kjem heim til oss, men dei siste dagane har fleire menn vore akseptert i heimen utan snaltrande velkomst -og avskjed. Håpar vi får trent ho til å bli sterkare på dette.

Det er seint og vi må til sengs, så de får berre nyte bilete av vakker natur til vi kjem att med meir nytt.

Tysdag 9. september.

JIPPIII!!! Amira har vore på si første utstilling og vart BIR!! Gratulerer, stasjenta mi! Matmor er frykteleg kry, og må innrømme at dette ga meirsmak...
Det starta for alvor på kvelpekurs sist onsdag. Då fann vi ut at ringtrening var eit forsømt kapittel i vårt treningsprogram, noko som førte til at vi har hatt ei intens treningsveke med ulike hjelparar involvert. Største takken lyt likevel Berit og Marte få -utan dei er det slettest ikkje sikkert vi hadde kome inn i ringen i det heile... (Må ikkje gløyme Kjersti heller, då!)Kvelpekurset baud m.a. på trening i innkalling, gå pent i band og stå pent. Ikkje lett!! Laurdag var Marte så sporty at ho møtte oss saman med Tuva -ei kjempesøt cavalier-tispe- og hjalp oss med litt ekstra tips og støtte.
Amira gjekk faktisk ganske bra i ringen, og kritikken frå dommaren var slik: "OK str. Utmerket hode, korrekt bitt. Utmerket kropp og benstamme. God skrittlengde og driv, kunne vært mer stabil bak, ok fram. Korrekt pels på vei." Mamma er altså veldig stolt, men det hadde eg vel vore uansett kritikk og resultat -Amira er heilt spesiell for meg likevel! Det tøffaste var at vi måtte gå i gruppe, for då var Amira totalt utslitt...
I går var vi på kvelpetreff att, og det var herleg for hundane å berre tulle og leike fritt att utan heile tida å måtte gå pent i band! Praten dreia seg naturlegvis om utstillinga, då det var svært mange frå Norddalen som vart BIR i helga. Artig!
Vi lyt også sende ein takk til Ingunn Hamre, som var så snill å ta mange bilete av oss i ringen og sende oss på mail. Ho hadde for øvrig med seg ein ualminneleg kjekk eurasierhann som matmor forelska seg totalt i! Den karen håpar eg vi får helse på ved eit seinare høve.

Mandag 1.september

Heisann! Nok ein SVÆRT vellykka kveld på Kvelpe-Flaten! Verten serverte i kveld raclette -nydeleg smelta port salut med kokte nypoteter, sølvlauk og sylteagurk. Ei himmelsk kulinarisk oppleving! Biletet syner Amira og matmor sin personlege trenar, Berit, som inntek eit herrens måltid etter ein hektisk dag... Fleire bilete av smaksopplevinga ligg i fotoalbumet.

Etter at vomba var god og full, bar det ut i det fri og ringtrening som oppladning til utstillinga neste helg. Der slit Amira -mest p.g.a. ei uerfaren og tunglært matmor. Berit hadde eit intensivt kurs med Amira på turen til Flaten i efta, men kva hjelp vel det når matmor kjem og øydelegg det heile med storskryt og draging i halsbandet når ho innbiller seg at "nu går alt så meget bedre"... Trenaren fekk endeleg ljoset til å gå opp for hundeeigaren då vi var vel framme ved bilen att etter endt trening; då matmor sjølv måtte vera hund i band vart situasjonen heilt annleis! Vi skjønte det då vi kom ut av bilen heime -seint, men godt- og dei neste dagane veit vi kva vi skal terpe på, og korleis. Nok ein gong, Berit; TAKK!

No er vi trøytte båe to, men skal tru kven av oss som blir først sliten når vi skal trene på å gå pent i band i morgon...

Sundag 31.august.

Siste dag i august, og Amira har vore med og henta inn sin 10. orienteringspost denne sommaren. Vi var i dag på Langhovden for 3. gong for å finne eit par postar -første gongen kom det regn som snudde pysene, og andre gongen var det stri sønnavind og illsinte naut som sette ein stoppar for oss. Tung skodde og blaut kjørr var i dag berre trivleg, for det var godt og varmt. Amira fekk også teste korleis ho reagerte på skot, då eit par karar dreiv med treningsskyting like ved der vi starta turen. Det takla ho faktisk fint, sjølv om ho no visstnok er i den verste spøkelsesalderen. Det meste er skummelt for tida...

Veka har vore litt hektisk, og dårleg med oppdateringar. Matmor har starta på kvelpekurs, men i veka som gjekk var det kun teori -utan hund. Vi gler oss stort til onsdag, då sjølve praksisen tek til, og vi får møte mange nye hundar. Men først ser vi fram til i morgon -då er det tid for den faste kvelpetreffen på Flaten med Krumme og Rommel! Var det ikkje snakk om ost på menyen for tobeinte, tru..?

No er det også att berre ei veke til vi skal på utstilling, og det kriblar litt med tanke på korleis det vil gå....

Biletet i dag er teke i hagen til Bestemor Bakke -ho har eit vell av vakre blomar å snuse på og fryde seg over!

Fredag 22. august

PUH!! No er vi nyleg komne heim etter ein fin kveldstur på Langhovden, MEN vi fekk sjokk på turen! Då vi nesten var framme ved bilen att, møtte vi nokre sauer som Amira fekk frykteleg lyst til å leike med. Vi hadde då gått saman med sauer mest heile kvelden, så vi vart ståande att heilt fortumla då Amira plutseleg berre forsvann inn i skogen -og matmor sto att med bandet i handa.... Vi vart livredde at Amira skulle skade eller sprengje sauane, eller at vi ikkje skulle få kalla inn att Amira før myrkret ville sige på. Vi ropte fortvila inn i skogen, men høyrde ingenting! Så plutseleg -etter berre eit par tre minutt- kjem Amira springande mot oss ut av skogen! Sjeldan har eg opplevd å vere så lykkeleg like etter å ha vore så redd! No fekk vi løn for å ha trena såpass mykje på innkalling medan Amira var berre knøttekvelp. Takk for rådet nok ein gong Berit! 
 
Etter at svigermor og Iver var vel plassert inne i bilen, gjekk eg og Amira inn i skogen att for å sjå at ingen sau var skadd. Vi såg ikkje noko som kunne tyde på at det hadde skjedd noko slik, og Amira var då heller ikkje borte lange stunda. Takk og lov for at ho var så grei! Det var trass alt ikkje hennar skuld at bandet rauk. I morgon lyt vi nok ta i bruk eit anna band. Biletet i dag er henta frå turen -før Amira forsvant ned i skogen på eiga hand...

Onsdag 20.august

Hei og hå! No har matmor funne sin overmann når det gjeld luftesans! I kveld har vi vore ute og jogga (!!!) for første gong sidan Amira kom til Noreg, og mor har aldri sett maken til intervalltrening! Det starta i fint driv bortetter elveleiet, men så -snus meg her og snus meg der! Att og fram gjekk det, med ørten bråstopp utan forvarsel... Ja, ja -god trim vart det visst likevel -lår og legger kjennest ut som som om vi har gått Besseggen, og tanken på den vellagra oppvasken som ventar gjer til og med hendene stive... Amira var derimot superopplagd og sugen på ei runde med leik i hagen då vi kom heim att! Nå, ja -vi får no sjå kven som er stølast i morgon tidleg... Dersom forma tilseier det, har eg planlagt ein lengre fjelltur i morgon.

Måndag 18.august

Nesten ei veke har gått, og Amira har opplevd at matmor har vore ei natt borte frå henne for første gong. Det gjekk visst over all forventing (!!?), -mor i huset var visst ikkje sakna noko særleg utanom intens gjennomsnusing under dyna utpå morgonkvisten... Matmor var nemleg på avslutningsfest for ein pensjonert kollega, noko som innebar seterliv, god mat (og drikke!), samt ein idyllisk vandringstur på Nordsetra. Biletet i dag er henta frå turen, og syner Brimi Fjellstue i vakker seinsommaridyll. Har også lagt nokre bilete til frå fjellvandringa inn i fotoalbumet. Somme lurar sikkert på kvifor Amira ikkje kunne vere med på ein slik fin overnattingstur, men tru meg; det blir ganske høglydt når 5 damer i sin beste alder sit utover natta og mimrar etter mange års trivleg samarbeid (har øvd oss på slike treff før, då...)

I kveld har Amira derimot fått treffe sine firbeinte venner på kvelpetreff på Flaten att. Berit stilte i dag med kjempegod fruktsalat, og kompisane på golvet fann ut at tørka kokos var KNALLGODIS!! I dag har vi altså lært å ikkje snikje ved bordet....(?)
Rutinerte Berit freista også å lære nybyrjarane litt om premiering av hund på utstilling, sidan vi alle no er påmeldt på utstillinga på Hundorp. Ragnar og Rommel hadde i tillegg omsvising og orienitering om biologisk mangfald oppi lykkja, noko som fall i smak hos både store og små. Desse treffa er verkeleg eit høgdepunkt i veka for Amira og matmor.

I morgon skal vi dyrlegen og vise fram dei såre augo Amira har slitt med nokre dagar. Då skal vi passe på prøve vekta for å sjekke om 17 kilo verkeleg stemmer på veslebamsen vår...

Onsdag 13.august

Det blir visst ikkje blogging kvar dag på oss, men vi skal då vel få med oss det viktigaste likevel...

Måndagseftan var vi igjen på kvelpetreff hos Rommel og Ragnar på idylliske Flaten. Denne kvelden diska Ragnar opp med ferske poteter, smør og raudost! Mmmm -kjempegodt! Og dei firbeinte fekk ekstra mykje godis ettersom det var trening til hundeutstillinga på Hundorp i september. Kjersti kom med 5 hundar (3 Jack Russel og 2 Tibetanske Spanielar), treningsbord for dei små, samt mange godbitar og treningstips. Det var trening i å stå pent og vise seg fram på tekkjeleg vis (kanskje eigarane skulle hatt noko eigentrening her også..?), og å springe pent i band. Alt gjekk visst bra ettersom det vanka mykje ros og høyrdest jamnleg slafsing etter godis... Amira var den einaste som slapp hundebordet -Kjersti og Amira vart visst einige i at ho har vakse frå bruk av stellebord... Dei firbeinte fekk også GOD tid til å springe fritt omkring i vilter leik på Flaten.Vi gler oss på neste kvelpetreff -vi høyrde visst nyss om noko fruktsalat...?

I går og i dag har vi kun hatt vår vanlege trimtur uti Kollen, men turen i dag baud på visse problem ettersom Amira var svært så oppteken av andre hundar ho høyrde langt unna -på feil kant... Matmor vann den kampen i dag -i motsetnad til førre gong- så vi lærer då etter kvart. Belønninga fekk Amira då vi gjekk forbi huset til Kito på heimvegen, og han klarte å snike seg gjennom gjerdet og ut til oss:-) Heftig leik med kompisen er mest fast rutine for henne når vi går der forbi no -vi må alltid stoppe og sjekke om han er ute og klar for ei runde i graset.

Etter førre kvelpetreffen har vi også trena jamnleg på stå pent, men gå fint i band lyt vi skjerpe oss med...

Sundag 10.august

Torsdag og fredag var vi på ein miniferie til Balestrand -ein flott plass med gjestfrie folk, fin natur og god mat. Det vart litt småkrise då vi heldt på å ikkje fekk nokon plass å overnatte, men takka vere eit trivleg, gammalt hotell som med glede tok i mot hund på rommet, vart turen svært så vellykka.Vi hadde kjempefint ver, sjøen låg heilt vindstille og spegla den fine vestlandsperla i sommardrakt. Amira var litt redd å gå på brygga når det kom store båtar inn, men ho vart då tøffare etter kvart. Ho likte derimot svært så godt å rusle i fjæresteinane og dykke etter småkryp.Overnatte på hotell ga også meirsmak. Matmor fann sin første flått på Amira, og ho har vore VELDIG godt gjennomluska etter vi kom heim...

I dag har vi vore på skogstur med tante Elin og Maria, og Amira oppdaga at blåbær er kjempegodt! Ho byksa inn i blåbærtuene og raska til seg bær i massevis. GODIS!! Tunga vart om mogleg enno blåare enn ho er til vanleg...

I morgon er det slutt på ferien, men Amira får ha storesyster Sina og Iver heime enno ei veke. Dei kjem nok til å kose seg på kar når dei får vere einslege, tenkjer eg, sjølv om mamma nok aldri har grua seg meir til å ta til att i arbeid etter endt ferie...

Onsdag 6.august

Endeleg ein kveld med ein ordentleg trimtur att! I går var vi på sjukehuset, så Amira var med matfar på sagbruket heile dagen.Vi fann ut at det var betre enn at ho skulle vere einsleg heime, og det gjekk kjempefint! Det var derimot så mange nye inntrykk å fordøye etter ein slik dag at det vart ingen lang luftetur i går kveld. Difor var det godt å ta ein skikkeleg tur uppi Kollen no. 16 grader, overskya og vindstille gjev ypperlege turtilthøve for oss to. Bortimot 2 timar med springing, snusing og møte med diverse hundar og kattar gjorde godt! Bilete vart det derimot ikkje, så vi nøyer oss med eit bilete av fjorårets roseblomstring -som i år har late vente på seg for denne rosa...

I morgon tek vi ein liten ferietripp til Vestlandet dersom alt går som planlagt.



Måndag 4.august

I efta har vi vore på kvelpetreff på Flaten saman med Rommel og Krumme (og Ragnar og Berit), og sjølvsagt hadde ingen av oss med fotoapparat... Vi hadde det i alle fall fryktleg trivleg, og dei to småtassane (Rommel er Jack Russel Terrier, og Krumme er ein Dansk-Svensk Gårdshund) vart båe blodige bakover ryggen etter min for tida skranglete tanngard... Håpar på fleire slike treff framover!

Det er no nøyaktig 2 år sidan jordet vårt såg slik ut som på biletet etter eit større flaumskred som raserte grenda vår. Vi var då evakuerte ei heil veke, og oppryddinga etter raset tok månadsvis. Vi håpar og trur at vi aldri får oppleve dette igjen, men kan nøye oss med at vi i 2006 vart vitne til ei viktig hending i vår framtidige lokalhistorie. (Legg nokre av bileta fra katastrofen inn i fotoalbumet for spesielt interesserte).

Sundag 3.august

I dag har Amira verkeleg fått sosialisert seg: Sina feira sin 13-årsdag, og vihar hatt huset fullt av store og små heile dagen. Då det vart storinnrykk frå vennegjengen til Sina, tenkte eg at Amira ville kome seg ut på ein rask  trimtur. Men neida -det var regn i lufta og mange nye personar å snuse på i heimen, så nokon lang spasertur kom ikkje på tale. Ein kjapp tur uti noko buskas for å gjere det heilt nødvendige, sidan sette ho seg på rompa og nekta plent å gå lenger... Vel heime var ho derimot SVÆRT så aktivt med i leiken. No er det kvelden, og boffen vår er ualminneleg trøytt...
                                      
       

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Berit Smaaland | Svar 08.02.2010 07.57

Blir det enda mer trivelig å komme på besøk?!?
Det er nesten ikke mulig, det! Amira tar godt i mot meg - og enda bedre om Krumme eller Garm er med

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

26.06 | 17:27

Så fint at Amira har blitt bra att!

...
22.02 | 16:49

Så artig at du likte bileta Hadde vore artig om eg visste kven du var -kanskje du også har fine fotografi på nettet..?

...
20.02 | 08:07

fine Bilde

...
11.02 | 09:50

Ja, her er det prat om ekte, gjengejeldande kjærleik

...
Du liker denne siden