Lydigheitskurs i regi av Norsk Eurasierklubb 25. og 26. april 2009
Siste helga i april hadde vi eit par flotte dagar på Lunner saman med 6 andre hundar og ein utruleg dyktig instruktør som visste at også vi eurasierar kan brukast til noko meir enn sofapynt. Elin Lien er ei dame som boblar over av kunnskap, på same tid som ho er audmjuk overfor instruktørjobben. Hennar tips og treningsidèar skal vi gjere vårt beste for å flette inn i det vi har snappa opp frå før, og kanskje er både matmor og Amira lydige når det lir mot neste vår...?

Anne Bøe har vore så snill å sende oss bilete frå helga, då matmor hadde meir enn nok med seg sjølv og hunden desse dagane. Takk, Anne! Kos dykk med teikneserien frå eit kurs som absolutt kan anbefalast!
Gordonsetteren Gaisa er sjefstispa i heimen vi hadde base i denne helga. Grei dame berre Amira held seg utanom stova...
Godt i gang med trening; sitt pent! Kontakt!
Sitt roleg medan mor helsar på dama -boffen får helse etterpå.
På plass!
Rask tissepause saman med Hugo.
Ein liten kvil i skuggen.
Dekk og vent!
Sitt og vent!
Klar for agility! Artig!!
Yes, den tok vi lett!
Dette var da ein smal sak for ei dame med føtene godt samla ;-)
Sjekk den rompa; mestring er TOPP!
Rask pause med kjempesøte Bea.
Trur jammen eg har sett deg i spegelen heime..? Eller liknar vi kanskje litt..?
Denne var litt trasig i starten, men etter kvart gjekk også dette med glans! Dusken framleis framover ryggen!
Vipp, vipp, Vippetangen...-nei. Lunner var det visst!
Kjempeartig!
Ååå, hopp nå mor! Kjem etter eg, veit du ;-)
Bra du brøyter veg mor, men få opp farten neste gong, da!

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

26.06 | 17:27

Så fint at Amira har blitt bra att!

...
22.02 | 16:49

Så artig at du likte bileta Hadde vore artig om eg visste kven du var -kanskje du også har fine fotografi på nettet..?

...
20.02 | 08:07

fine Bilde

...
11.02 | 09:50

Ja, her er det prat om ekte, gjengejeldande kjærleik

...
Du liker denne siden