Historia om hønsa på Haug Knut Garden

Prisilla med barna

Maggie feirar 17 mai

Mikael og Prisilla .

Mikael og Prisilla var om lag eit år då dei kom til Haug Knut Garden, av rase var dei svart dverg silke. Prisilla var godt igang med egglegginga, men hadde ein verpestopp etter at ho flytta. Etter kvart kom det fleire høns til gards. Live kosa seg med dei nyanskaffa tilskudda sine. Sola sto lavt på himmelen, det var fortsatt varmt og godt. Hausten hadde farga blada raude og gule, markane var enno fulle av mat Det varte ikkje lenge før Prisilla la seg klukk.... på luft. Rugekassene var gamle potetkasser med høy i. Matmor samla inn egg kvar morgon og kunne ikkje forstå kvifor Prisilla ikkje la egg lenger. Prisilla hadde valg seg ei rugekasse heilt inne i ein mørk krok og kom tuslande når Live opna døra. Live vart både overaska og glad, då ho skjønte at høna var klukk. Åtte egg vart henta frå kjøkenbenken og lagt under Prisilla, som la seg godt til rette på egga svært så fornøgd.

Live strauk og klappa godhøna som kurra og laga godlydar. Prisilla låg stanhaftig på egga, ho var berre av reiret for å gjere frå seg, ete og drikke.

Mikael låg ofte i rugekassa ilag med Prisilla, men han hadde også jobb med å vere sjef i flokken. Han var rask på pletten når matmor kom med mat og reint vatn, då kakla han for å vise frøknane sine at no var det mat. Live stelte og dulla med hønene og sat ofte på ein krakk inne hos dei med ein av dei i fanget. Etter kvart vart alle tamme og kom springande for å ete frø ut av handa. 

2 veker var no gått sidan Prisilla fekk egga sine, Live var bekymra og redd for at noko var gale, høna var som i transe. No var ho ikkje av reiret i det heile, ho trykte seg ned mot egga og sov. Live løfta Prisilla varsomt ned på golvet, men Prisilla la seg berre ned i strøet. Ho vart lagt tilbake i reiret, snudde på egga med nebbet og la seg godt ned på egga igjen. Live henta to skåler den eine fylte ho med vatn og ei til for, Prisilla åt og drakk litt men havna tilbake i transe.

Kvar morgon når hanefar hørte at Live var på veg over tunet, satte han i å gale. Når Live kom inn hoppa hønene ned frå vagla og starta å grave i spoet etter mat. Live brukte å kaste litt frø i spoet og henta ofte med seg gamalt brød, frukt og grønsaker frå butikken. Dette var mat som var for gamal til menneskeføde, men fortsatt slik at det kunne brukast som godsaker til hønsa. Hønsa formelig jubla av glede og prata i nebbet til kvarandre i rein glede, då Live fylte dei heimelaga korgene ho hadde laga av hønsenetting.

Live hadde ikkje fått laga til utegarde enno, så hønsa måtte lære seg å gå ut ytterdøra. Inn til hønsehuset var det ei brei trapp med fem trinn. Som oftast flaug hønsa ned på vegen utanfor, andre var ikkje heilt trygge så dei gjekk ned trinn for trinn.

Dei kosa seg ute nokre timar under tilsyn, friske skudd, frø, småkryp og små sniglar havna i kroa. Etter ei stund la nokre seg i solveggen for å sole seg og kvile, andre tok eit sandbad og stelte fjøra sine. 

Live var redd for at reven eller hønsehauken skulle komme å forsyne seg av den lille flokken, så hønsa vart lokka inn med ein neve frød etter eit par timar. I starten måtte  Live plukke med seg ei og ei høne, men etter kvart lærte dei seg å gå opp trappa.

Vel inne forsynte dei seg av kraftforet og tok ein slurk vatn.

Prisilla skulle snart verte mor for første gong i sitt liv, matmor og familien gledde seg til at det skulle kome små dun nyster i stabburet. Borna talte dagane som nøye vart kryssa av med raud tusj på kalendaren. Rugekassa med reiret, egga og Prisilla vart flytta på golvplan, slik hønemor skulle verte vand med å vere der.

Live var ofte over tunet for å sjå til at alt var bra, ein dag hørte ho eit fryktelig bråk frå stabburet. Baaaakbaaakbaaakbaaaakbaaakbaaak!!

Då Live gjekk inn låg Maggie i ei rugekasse på golvet og skråla. Maggie var ei stor gulbrun Orpington høne, med korte gule føter. Ho var både pratsom, roleg og veldig kosete. No hadde ho budd på Haug Knut i omlag to veker. Maggie kom flyttande frå Stordalen slik Mikael og Prisilla også gjorde. Live satte seg ned på krakken inntil rugekassa som Maggie hadde valgt, ho ville finne ut kvifor ho oppførte seg slik. Maggie bråka fortsatt og ensa ikkje Live som sat ved sida av henne. Brått slutta Maggie å kakle, ho røyste seg av reiret og der låg eit stort brunt, varmt egg. Live jubla, eit så flott egg var det ingen av hønene som la.

Dagane gjekk, det var dag tjue og  egga i reiret til Prisilla skulle snart klekke. Alle dagane så nær som ein var kryssa av på kalenderen. Live hadde forberedt seg godt til denne dagen. Ho snekra  eit bur, som vart plassert over rugekassa i hjørne. Buret var stort og godt og hadde ei luke på toppen.

Både Live og borna i familien var spent på kor mange kyllingar som ville klekke. Live hadde forberdet borna på at det ikkje var sikkert egga var befrukta, slik det vart kylling av dei. Lille Sofie som var yngst, spurte mor ofte om ho trudde det var kome kylling no. Ho var så spent, Sofie og  Andrea skulle få lov å velge seg ei høne kvar. 

Kvelden var komen det var snart mørkt ute, borna i huset jekk til sengs og Live kledde seg om for å ta turen til stabburet.

Prisilla låg heilt stille i rugekassa, spent fjærna Live buret og satte seg på huk. Prisilla såg lenge på Live og små prata lavt, som om ho ville fortelje noko.  Live kunne høyre små pip frå rugekassa, Live løfta Prisilla litt opp frå reiret. Eit lite svart nøste strakte hals, Live plukka kyllingen forsiktig opp og studerte den, den såg fin ut. 

Den lille  kyllingen peip, så Live plaserte den godt under skjørtet til Prisilla som prata stilt og la seg ned. Live sjekka dei andre egga, ho kunne høre kyllingane pipe frå innsida av egga.

Dei andre hønsa hadde gått til ro for natta og undra seg nok på kva dette var. 

Live leita opp for og vann og forautonat berekna på små kyllingar og satte dei på golvet, før buret vart satt på plass.

I det Live gjekk over tunet kom månen fram, den var nesten full. Ei og anna stjerne blinka i det fjerne mellom eit tynt lag av kvite skyer. I morgon vert det ein fin dag tenkte Live. 

Prisilla og kyllingane.

Live vakna gry tidleg neste morgon, ho laga frukost og vekte små jentene. Andrea som var nest yngst i barneflokken  kryssa av den siste dagen på kalenderen og var veldig spent. Live bestemte seg for ikkje å fortelje noko til jentene før dei tok turen over tunet.

Sofie og Andrea skynda seg i fjøsen for å hente nytt høy til rugekassene medan Live kledde på seg og tok med eggkorga. 

I det Live gjekk over tunet kika sola fram, det teikna til å verte ei flott helg.

Inne i stabburet hørte dei hønsa grave i spoet, Mikael satte i å gale i deg dei opna døra. 

Frå hjørnet kunne dei høyre Prisilla prate med borna sine som svarte med små pip. Jentene såg spørrande på Live, som fortalde at den første kyllingen hadde klekka sein i går kveld.

Andrea hjalp Live med å flytte buret, Sofie løfta Prisilla opp frå reiret. Dei var så spent, i reiret låg det åtte svarte kyllingar.

Alle var tørre og såg fine ut.

Live plukka opp to kyllingar slik jentene fekk holde. Resten av kyllingane vart flytta til eit nytt lunt reir i hjørnet. 

Live fjærna rugekassa, bytta ut det gamle høyet med nytt. Kassa vart plassert oppe på veggen att. Frå no av var det tryggast for kyllingane å vere på golvet. Prisilla starta å grave i spoet med det samme, kylling automatane fekk nytt innhold. Hønemor var rask med å plukke opp små bitar av kyllingforet som ho knuste med nebbet sitt. Ho lokka til seg kyllingane sine som, nippa forsiktig i maten. Sofie og Andrea var sittande lenge å kose med dei små kyllingane. Live plukka egg og fylte for automatane. 

Vann automatane vart tatt med ut og fekk seg ein grundig skrubb med oppvaskbørsta før Live fylte i ferskt vart frå hageslangen. 

Live hadde latt ytterdøra til stabburet så opa og fekk raskt besøk av hønene som hadde gått ut. Dei kom bort til Live og var nyskjerrige og spørrande. Live fiska ut ein pose med frø frå jakkelomma, tok ein god neve som ho strødde på vegen. Mikael var raskt på pletten og lokka på hønene som kom springane til. Han pikka på bakken med nebbet for å vise hønene sine at her er det mat. 

Maggie sto fortsatt på dør terskelen, Live undra seg over dette. Kvar dag måtte Live bære Maggie ned på vegen. Ho vart aldri fortrulig med trappa.

Live tok med vann automatane inn og festa dei i kjetting som hang frå taket. Buret til Prisilla vart satt på plass, i det katten kom på besøk. Han satte seg ned utanfor buret og studerte dei snå nysta. Prisilla skreik til og kyllingane pilte under skjørta hennar. Dette såg til å gå veldig bra, Prisilla var ei god mor.

Ute Kosa hønsa seg, jentene leika i bekken som rann gjennom tunet. Live ropa hønsa inn, i dag skulle dei på lang tur for å hente fleire høns.

Fleire tilskudd.

Far var oppe og klar til å reise då Live å jentene kom inn att. Live stelte seg og jentene satte seg utolmodig i bilen. Kasser til å frakte dei nye hønsa i, vart plassert bak i bilen. Turen gjekk via Stranda med ferge til Liabygda, så vidare til Stordal. Live hadde fått telefon frå Kaspar som lurte på om ho ville ha fleire høns. Live trivdes så godt med hønsa at ho ikkje greidde å seie nei. Kaspar hadde fleire par han ville selge og Live ville sjå før ho bestemte seg. På turen fortalde jentene far om kyllingane i stabburet og om katten som hadde sleika seg rundt munnet då han så dei. Far sa at dei måtte passe på at luka på buret måtte vere att slik Pusi ikkje fekk tak i kyllingane.

Vel framme vart dei møtt på gardsplassen av Kaspar og kona Sandra. Sandra var frå Nederland der ho hadde dreve med oppdrett av silkehøns i mange år. På veg inn i fjøsen fortalde Kaspar litt om hønsa dei ville selge. Inne i fjøsen hadde dei laga til mange bur, dei hadde både kalkun og vaktel. Sandra viste Live hønsa som var til salgs, medan Kaspar tok med jentene og Børre ut for å sjå på kalkunane. Live hadde ingen problem med å bestemme seg, ho valgte ein trio av kvit Silke og eit par legbarfarga dverg Kochin. Ingen av dei var tamme, så Live ville få ein liten jobb med det.

Sandra og Live jekk ut på baksida av fjøsen, der hadde dei laga til ein fin dam og eit lite hus. I dammen svømte det eit par Moskusender med 3 halv vaksne kyllingar. Live var imponert over arbeidet dei hadde lagt ned.

Kaspar hadde nyleg starta oppdrett av Vaktel og fortalde at det klekka kyllingar no, dei jekk inn i kjellaren på huset. Der hadde han laga fleire bur. I det eine buret hadde han ein del kvite vaktlar, dei andre var tomme. I eit hjørne av rommet sto ei stor rugemaskin, inne i maskina satt det små yndige vaktlar. Dei fleste var tørre og resa rundt, dei nyklekka låg og halvsov.

Sandra ropte på dei frå gardsplassen, ho hadde dekka bordet under tuntreet og inviterte på kaffi og vafler. Praten jekk laust og tida var inne til å få hønsa i kassene.

I det Live hadde satt seg i bilen ropa Kaspar at dei måtte vente, han hadde noko å vise Live. Live steig ut av bilen og vart med inn i huset, i eit bur i stova sat ein liten  kvit høne kylling. Den var heilt tam, Kaspar satt henne på skuldra til Live og der slo ho seg til ro. Kaspar hadde berga henne som nyklekka kylling, han fortalde at ho var med over alt og tenkte jentene ville få stor glede av henne. 

I bilen var borna og Børre utolmodige, hønsa var urolige. Ho var fornøgd med utbyttet. I det Live gjekk ut døra stakk Sandra i henne ein kartong med egg, det var egg frå hønene ho hadde kjøpt. Sandra sa at dei var befrukta og kunne rugast. Live takka og jekk mot bilen. Jentene og Børre sperra augene opp då dei oppdaga høna som satt på skuldra til Live. I bilen fekk jentene kose med høna som fekk navnet Hanna Montana.

Heime på garden.

Live var raskt ute av bilen, då dei kom heim. Børre bar kassene med dei nye hønsa inn i stabburet. Live hadde brukt lang tid på å snikre nye bur, ho var svært fornøgd med seg sjølv. Døra til stabburet sto opa slik hønsa fekk gå ut og nyte resten av dagen, i det fri. Jentene leita etter småsniglar i ein liten vedhaug som var plassert rett ned om stabburet. Børre hadde funne ut at sniglane likte seg der. Hønsa kom springande når jentene ropte på dei. 

I det eine buret plasserte Live dei kvite silke hønsa, mot vinuet fekk dverg kochinane plass. Det einaste som mangla var rugekasser, så live gjekk over tunet til kjellaren i gamlehuset. Ho plukka med seg to potetkasser, foreløpig fekk desse stå på golvet. Hønsa såg tilfreds ut og sparka i spoet etter frø som Live hadde gitt dei.

Ettermiddagsola sto lavt no, det var litt kjølig i lufta. Snart ville sola forsvinne bak dei høge fjella og vere fråverande i to lange månadar, Live grua seg til det. Lys måtte monterast inne hos hønsa, om eggproduksjonen skulle holde seg oppe.

Det såg ut til at nykomlingane slo seg til ro. Live såg til Prisilla og dunballane, fylte automatane, plukka med seg egg og satte seg utfor å nyte siste rest av sola, hønsa var opptatt med å leite etter mat. 

Lauva frå trea låg tett på marka. Live henta riva for å rydde litt, ho raka den største plenen. tida gjekk fort å plutselig var det skymt. Ho kunne ikkje sjå hønsa, berre Maggie sat på vegen nedanfor trappa. Live måtte le litt, ho plukka god høna opp og satt henne på golvet inne hos dei andre som sat på vagla alt. Maggie torde ikkje det, så hennar plass var ei rugekasse på golvet.

Det lukta nytekt kaffi når Live kom inn. Børre var i full sving med å lage kveldsmat, ovnen var på så Live sjønte at han var i gang med å lage sin spesialitet. Muffens formene sto ferdig smurt, med brød skiver, egg, rømme, urtekrydder  frå hagen  og ost på toppen, klar til steiking. Live laga salat og dekka bordet. Jentene fekk beskjed om å vaske hendene sine. Børre og jentene hadde leita opp eit bur til Hanna,  foreløpig  skulle ho få vere i stova hos dei. Hanna småprata frå buret sitt, ho hadde funne vaglet og var i ferd med å sovne etter ein lang og travel dag. 

Maten smakte godt, live var litt kald i kroppen etter jobbinga ute. Børre fyrte i peisen og Live kraup under teppet på sofaen med kaffekoppen i hendene. Det var leggetid for jentene, i morgon var det skule og dei gledde seg til å fortelje om det nye som hadde skjedd i helga.

Ny årstid.

Live var sjukmeld, etter mage år med tungt arbeid var nakken utslitt. Ho måtte finne seg eit nytt arbeid, heldigvis hadde ho hønsa å styre med, dei ga henne ro og masse glede.

Live fekk sove litt frampå i dag, Børre hadde sendt jentene avgårde med skulebussen. Det var kaldt i stova så Live fyrte opp, henta seg ein kopp og fylte den opp med kaffi frå tv-kanna. 

Treda sto nesten nakne, og vitna om at ei ny årstid var på veg. Live satte Hanna på skuldra og slo på datamaskina for sjekke mail og lese aviser. Hanna kvitra og pussa både seg sjølv og håret til Live, ho strauk godhøna og måtte smile.

Live kledde seg om, ho hadde ein plan. Med Hanna på skuldra gjekk ho til stabburet. Døra var opa! Hjertet sank i brystet på Live. Ho sto lenge på vegen og tenkte det verste, enn om reven hadde vore der i løpet av natta?

Live tok mot til seg og jekk inn, det var skikkelige lås på dørene men dei var kledde med hønsenetting. Live prata til hønsa slik ho alltid gjer. Alt sto heldigvis bra til! 

Live satte Hanna på golvet og tenkte at ho kunne få gjere seg kjend, ho satte i å utforske med det samme, småprata og kosa seg. Live sjekka Prisilla og kyllingane, dei hadde vakse masse berre på desse dagane. Ho plukka opp ein og såg at det allereie var starta å danne seg små fjær på vingane. Ho skifta vatnet pg fylte på meir for. Mikael sto ned for føtene hennar og følgte med på det ho gjorde, Live strauk han over nakken og løfta han opp. Kanskje du vil helse på familien din, sa Live høgt. Ho opna luka til buret og satt han inn, Mikael pilte raskt bort til hønemor som no låg og varma småtrolla. Eit lite svart hovud kika ut under vingen hennar. Kva var dette? Prisilla småprata til kyllingane sine, det var akkurat som ho fortalde at far var komen på besøk. Etter ei lita stund letta ho på seg, Mikael kika under henne for å ta dei små i nærare augesyn. Dette gjekk fint, dei fekk holde på litt tenkte Live. 

Maggie låg i kassa si og halvsov, ho fekk seg ein liten klapp då live gjekk forbi for å skifte vatn på vannautomaten. Maggie var varm og god og ensa ingen ting. 

I dag stoppa  hønene opp i forgangen, der var Hanna. Live bråsnudde då ho kom på det. Live sto i ytterdøra for å observere, ei og ei høne helsa på Hanna og oppfatta at ho ikkje var ein trussel så dei tusla seg ut. Live var glad for at det gjekk så greit, kanskje Hanna skulle få flytte inn. Live visste at høna måtte vennast til både temperatur og forholda i stabburet før kong vinter tok over. Live bestemte seg for å plassere Hanna i eit bur  inne hos flokken til Mikael, ho hadde att material så det skulle vere ei enkel sak.  Ho gjorde frå seg forings runda, fylte høy i rugekassene til nye hønsa og la narre egg i kassene. Dei nye hadde det bra. Live henta buret i stova og plasserte Hanna i det  før ho slapp ut Mikael. 

Han var raskt på pletten og ropte på hønsa sine då han oppdaga frøa Live hadde strødd på bakken. Live tok med verktøy og materiale ut, veret var bra og det var lettare å jobbe ute. Buret vart ferdig på ein blunk og vart skrudd fast på veggen. Live satte Hanna inn og tenkte at hanefar skulle få verte kjend med henne der inne. Maggie låg fortsatt i rugekassa og såg ikkje ut til å ville ut i dag. Live måtte få gjort ein del arbeid i hagen før snøen la seg. 

Tida gjekk fort, borna kom heim frå skule. Dei heiv frå seg sekkane for å hente egg og kose med kyllingane. Andrea kom ut til mor "Eg trur Maggie er klukk"  Live satte frå seg riva og vart med Andrea inn. "Jau så sant" sa Live og smilte. "Du får stikke inn på vaskerommet å hente egga vi hekk av Sandra" sa Live til Andrea. Sofie hade flytta buret til Prisilla og sat på huk med ein kylling i hendene "Trur du dette er ei høne mor?" Sofie kika forventningsfullt opp på Live " Det er litt for tidleg å sjå det enno, vi må nok vente ei god stund enno før vi kan sjå det" sa Live. Andrea var tilbake med egga, Live opna kartongen og lurte på kor mange egg Maggie skulle få. 

Egga var ikkje så store, Live  la alle under henne. Det var god plass det var flest Kochin egg. Maggie flytta litt på egga, rugga seg med på dei og var tilfreds. Sofie satte buret på plass og ropa på hønsa frå trappa "Tuppa-tuppa-tuppa!!" Alle kom springande inn. Live måtte smile, kjekt å ha så lydige høns. Live satte Mikael i buret til Hanna studerte litt, dette kom til å gå bra. Mikael grov i spoet og klukka til Hanna då han fann frø.

Live hadde difor god tid til hønsa, dei gav henne ro og ho følte at ho fekk senka skuldrane sine. Hønsa var nesten som medisin på blåresept. Live tenkte det var på tide at Prisilla fekk introdusere kyllingane sine for resten av flokken, Mikael var ein god flokkleiar. Live var sliten i kroppen då ho sto opp denne morgonen, Børre hadde sørga for borna. Så live hadde berre seg sjølv å tenkje på akkurat no. Ho kokte seg kaffi og laga seg ein god frukost med eggerøre, før ho kledde på seg og tusla over tunet. Det var kaldt no, snart ville frosten sette inn. Live prata som vanleg stille i det ho lata att døra. Ho vill ha alle inne når kyllingane skulle helse på dei andre. Hanna og Mikael var gode venner i buret, så ho opna døra for å sjå om dei andre hønene fortsatt godtok Hanna. Hanna var rask med å hoppe opp på skuldra til Live, som strauk og godsnakka med henne før ho vart plassert på golvet. Mikael var rask og kom trippande sidevegs medan han klukka høgt, Live strødde litt frø i spoet og hønsa starta å grave med det samme. Det såg ut til å gå fint, buret til Prisilla vart løfta vekk. Prisilla lokka kyllingane til seg, Goldie besteveninna til Prisilla var raskt på pletten. Ho helsa på veninna si og småprata, eit lite svart hovud stakk ut under Prisilla som røyste seg opp. Rypa kom også bort både ho og Goldie var hybridar og flinke å legge egg. I dag fekk  gjengen vere inne tenkte Live, så fekk dei kvite silkene verte kjende ute. Live ordna med automatane før ho opna døra til dei kvite silken. Snøkvit var rask med å hoppe over dørterskelen, like etter kom Salt og Snøfnugg. Dei gjorde seg kjende med forgangen og fann trappa ut. Live følgte med dei for å sjå korleis dette skulle gå, ho henta kaffikanna, avisa og ein stol og satte seg ut. Ho strødde litt frø på bakken og Salt var raskt på pletten med å kalle på hønene sine.  Dei holdt seg rundt stabburet og Live gjekk inn. Heile flokken var samla, Goldie låg på golvet tett ilag med Prisilla som hadde ein liten kylling på ryggen. Dverg kochinane fekk seg ein godbit og Live henta inn utforskarane, det vart ei lita jakt for å få tak i dei.

Live plukka med seg egg før ho tusla over tunet, ho trengde ein liten strekk på sofan før borna kom heim frå skulen.

Ro og harmoni.

I hønsehuset herska ro og harmoni, både kyllingane og Hanna hadde funne seg godt tilrette. Både dei kvite silke hønene og dverg kochin høna hadde starta å legge egg att. Are og Agda hadde smelta hjertet til Børre, han hadde mest sans for dverg kochin. Børre hadde lyst på fleire av denne rasa, fordelen med dei legbarfarga er at dei har kjønnsvisande kyllingar. 

Live hadde fått telefon frå Kaspar, han hadde fleire raser han vill selge. Live var usikker og diskuterte med Børre då han kom heim frå jobb, dei kom fram til at dei ville reise på besøk i helga.

Helga kom, dei var treigstarta. K asser vart pakka  og dei satte seg i bilen, småjentene var spente. Dei vart tatt godt imot av Kaspar og Gråpus då dei kjøyrde opp på tunet, Sandra var i Holland på ei lita ferie. Kaspar tok dei med inn i fjøsen, der hadde han eit par Krøllwitzler kalkun han ville gi bort, han hadde ikkje plass til dei. Live var litt skeptisk men Børre takka ja, dei kunne ikkje vere lenge. Men slike nykomlingar måtte dei heim å snikkre nytt bur. Live var spent på korleis det gjekk med vaktlane dei hadde helsa på sist dei var på besøk, så turen gjekk til kjellaren på hovedhuset. Alle bura var fulle av Auro vaktlar i alle fargar, Live hadde falt for desse små humlene. Så dei bestemte seg for å kjøpe med ein liten gjeng, 1 hane og 5 vaktel høner vart plukka med i kassa. I dag rakk dei ikkje kaffi, så kassene med fuglane vart satt i bilen før dei sa hadet og starta bilen. Klokka var tre då dei kom heim. Børre satt igang med å bygge bur inne i stabburet, medan Live og jentene laga middag. Det måtte bli noko enkelt i dag, omelett med skinke var kjær komen og god mat til alle i huset.

Børre og Live jobba raskt, bura vart ferdige og fuglane satt inn. Jentene samla egg medan Børre og Live fylte vann og forautomatar. Nykomlingane fekk mat og vatn i isboksar, Live måtte bestille fleire automatar. Dei vart verande ei god stund i stabburet berre for å kose med små tassane og hønsa. Maggie var av reiret så vidt, det var kaldt i lufta no på ettermiddagen, så i dag fekk fjørballane holde seg inne. Kvelden seig på,  dei største borna hadde fyrt opp i peisen, laga kaffi, saft og vafler. Så  det var tid for jentene å finne sengane, Live kjende at ho var trøtt. Det hadde vore ein lang og hektisk dag, Live å Børre vart sittande å prate om nyanskaffelsen og var enige om at valget ikkje var så verst.


Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

25.11 | 21:35

kordan ser vi om det er ein hane eller ei høne .
eg har to kylinger dei er ca 22 veker

...
02.11 | 10:10

jeg så en side hvor man kunne seulikhetene på könnet rett etter klekking.det var ca 5 typer.deriblant fiftyfive flowers,som jeg har kjöpt.

...
09.10 | 10:05

For en bra hjemmeside! Takk for masse nyttig info! Ha en fin dag!

...
28.09 | 20:51

Kjempefine sider. Vært innom her mange ganger hvis jeg har vært på jakt etter informasjon. Så takk for lettforståelige og fine tips. Med vennlig hilsen Karin

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE