EMBLA the Browneyed Girl & First Born MAIA
Vi ønsker alle to- og firbeinte vener ei God Jul og eit Godt Nyttår!
Velkommen til Embla og Maia si side
Embla er ein Irish Softcoated Wheaten Terrier som vart fødd i Angel Pollentia's kennel i Lindås 25. oktober 2006. Ho rakk såvidt å feira si første Jul saman med mor si Angel, før ho vart henta av "adoptivforeldra" sine Øyvind og Aud Jorun, og frakta med bil lenger enn langt. Ho likte det ikkje, men hjalp det å protestere? Neidå, heilt til Eidfjord i Hardanger bar det, for der hadde dei bestemt at ho skulle bu. Så vidt ho veit, var ho den einaste Wheatenterrieren i kommunen sin heilt til... 

...tre og eit halvt år seinare, i mai 2010, då vart ho mamma til seks valpar. Den førstefødde vart med heim til Eidfjord og fekk namnet Firstborn Maia.  

Velkommen til Embla og Maia si side
Vi gratulerer vår snille,vakre og flinke Embla som fylte 5 år 25. oktober. 

Velkommen til Embla og Maia si side
Vi gratulerer Maia med 1-årsdagen 27.05.11 
Gratulerer også til hennar sysken Pippi, Juli, Kompis, Balder og Grim

Velkommen til Embla og Maia si side
 

Embla er blitt mamma
Embla fekk seks flotte og velskapte valpar 27.05.2010, tre hannar og tre tisper.

Jens har lært å sykle!

3. april 2010. No er støttehjula borte, og Jens har lært å sykle på to hjul! Best å passe seg no altså


Champion
Sammen med handler Katrine Skauge fikk Embla cert nr 3 og Championat på Norhordlandsutstillinga 6. mars 2010. Hurra!

Beste oppdrettar - igjen!

Angel Pollentias vant oppdrettarpris igjen. Denne gangen på Norhordlandsutstillinga på Manger den 6. mars 2010. Gratulerer!


Beste oppdrettar
Gratulerer til Kennel Angel Pollentia som som fekk tittelen "Beste Oppdretter" på NKK-utstillinga i Bergen 2009