Angel Pollentia's Browneyed Girl
Embla er ein Irish Softcoated Wheaten Terrier som vart fødd i Angel Pollentia's kennel i Lindås 25. oktober 2006. Ho rakk såvidt å feira si første Jul saman med mor si Angel, før ho vart henta av "adoptivforeldra" sine Øyvind og Aud Jorun, og frakta med bil lenger enn langt. Ho likte det ikkje, men hjalp det å protestere? Neidå, heilt til Eidfjord i Hardanger bar det, for der hadde dei bestemt at ho skulle bu. Så vidt ho veit, er ho den einaste Wheatenterrieren i kommunen sin.

Gratulerer til Kennel Angel Pollentia som som fekk tittelen "Beste Oppdretter" på NKK-utstillinga i Bergen 2009