Irish Softcoated Wheaten Terrier
Velkommen til Embla si side

HISTORIE

Irish softcoated wheaten terrier er ein hunderase som ein reknar med har halde til på gardane i Irland i uminnelege tider. Dei fattige irske bøndene trong ein hardfør hund som kunne brukast til det meste. "Wheaten-terrieren" passa på buskapen, heldt vakt og tok seg av utrydding av rotter og mus.  Hunden vart også nytta til jakt på grevling, kaninar, rev og oter. 

Irish softcoated wheaten terrier er i nær slekt med Irsk- og Kerry blue terrier, og dei gjekk tidligare alle under namnet "Irsk terrier"

I 1934 vart det stifta eigen raseklubb for Irish softcoated wheaten terrier i Irland, og i 1937 vart rasen godkjend av den irske kennelklubben. Den engelske kennelklubben godkjende rasen i 1943. 

Til Noreg kom den første Irish softcoated wheaten terrier i 1964,  og har etter kvart blitt den mest populære i terriergruppa.

FAMILIELIV OG BRUKSOMRÅDE

I dag er "Wheaten-terrieren" først og fremst ein familiehund som likar å vere med på det som skjer.  Den har eit mjukt og venleg vesen, og møter framande med tillit. Hunden varslar når nokon kjem, eller når noko uvanleg oppstår, men vedvarande "gneldring" og bjeffing er ikkje vanleg. Wheaten-terrieren yppar sjeldan til bråk, men forsvarer seg modig om den vert provosert. 

Framleis har den jaktinstinktet i behald, og enkelte nyttar hunden til småviltjakt. Nokre wheaten-terrierar arbeider også i dag som gardshundar, og er vel nøgde med det. Wheaten-terrieren er intelligent og lettlært, og gjer det godt både i lydnadstevlingar og innan agility.

STELL

Irish soft coated wheaten terrier er ein pelshund som krev regelmessig stell med kam og børste. Hunden har ikkje underpels, den røyter ikkje, men må klyppast fleire gonger i året.

RASESKILDRING   

 Irish soft coated wheaten terrierer ein middelstor terrier. Den er kraftig, kompakt, og gjev inntrykk av styrke. Hunden er godlynt, kjekk , modig, trufast og lojal .  Den er tilbakehalden, og ikkje aggressiv. .

Hovudet skal vere langt med flat skalle, markert stopp og kraftig snute. Nasepartiet skal ikkje vere lengre enn skallen. Nasebrusken skal vere svart. Augo skal vere mørke, hasselnøttefarga., ikkje for store eller utståande, og "vel plasserte". Øyrene skal vere små, hengande. Mørk skuggelegging kan førekome, og er tillete. Halen skal vere "vel plassert", ikkje for tjukk, og berast høgt heva. Pelsen skal ha farge som moden kveite, og vere rikeleg, mjuk, silkeaktig og med bølgjande lokkar.  Mankehøgda for hannhundar er 46-48 cm, for tisper noko lågare.
RASEKLUBB

Irish Soft Coated Wheaten Terrier Klub er ein uoffisiell raseklubb som er underlagd Norsk Terrier Klub. Klubben arbeider for å spreie kunnskap om , samt fremje avl av rasen. 

Kjelder: 

Antonsen, Egge, Rognes og Ulvund: "Den Norske Hundeboka", Hilde Nybom: "Irish soft coated wheaten terrier", Arktikko's Kennel, NKK: Hundesport, NTK: Terrierbladet, ISWTK: Wheaten Nytt


Velkommen til Embla si side!