Årsmelding 2015

 Årsmelding Algrøy Bygdalag 2015

 
Styret har vore slik samansett i 2015:

Hans Inge Algrøy – leiar, Bjarte Algrøy - nestleiar, Aud Svelund – kasserar

Leif Algerøy, Vidar Danielsen,  Leif Arne Næss, Ingvill Sørensen, Siri Jørgensen (vara), Kristin Algrøy (vara).

Både faste og varamedlemer vert innkalte til alle møter, og dette er ei god ordning som gjev fleire innspel og at arbeidsoppgåvene vert fordelt på fleire.

 
                                                              ****

Laget sine aktivitetar i 2015 var i hovudsak fylgjande:

 

 1    Årsmøte 2015

        Årsmøte i Bygdalaget vart halde den 3.februar med  16 personar til stades

 

        2     Bygdafest

Bygdafesten 2015 vart halden lørdag 14. februar, med stor oppslutning og god stemning, ca 60 personar deltok.

 

3     Natursti

12.april arrangerte Bygdalaget natursti. Det var sett opp 5 postar med spørsmål på, og vinnarar vart premierte ved ankomst til målpunktet  Elvane, der grillen var fyrt opp og deltakarane kunne grilla mat.

 

4     Fiskekonkurranse

Bygdalaget arrangerte fiskekokurranse søndag 26.april med godt oppmøte. Etter fiskinga var det samling på skuleplassen med premieutdeling og grilling.

       

5     17. mai

17. mai festen på skulen samla mykje folk i 2015 også. Det har no vist seg at det er behov for arrangement på Algrøy sjølv om det ikkje er barneskule her lenger.

 

6                     Havgangen

Turmarsjen Havgangen vart gjennomført 7. juni. På grunn  av dårleg ver vart oppslutningen dårlig, og uteaktivitet på skuleplassen redusert til eit minimum

 

7                     Jonsokafta

        Den tradisjonelle Jonsokaftefeiringa ved Vågsvatnet vart denne gongen gjennomført i godt ver og med ca 85 personar tilstades. Det er behov for fleire folk til å laga bålet.

 

8     Dugnad – rydding og grusing av lekeplass ved skulen

        Ein laurdag  i september vart det halde dugnad for å oppgradera leikeområdet ved skulen. Det vart gjort ein god jobb, men med altfor dårleg oppmøte. Takk til dei som var med.

       9      Søndagskafe

Søndagskafe vart halde i bygdahallen den 18. oktober.

                Ca 80 møtte fram og arrangementet gav eit overskot på kr 12.700 som vart sendt til Røde Kors

                sitt flyktningearbeid

 

       10    Julegrantenning – juleverkstad

 I samband med julegrantenninga vart det og arrangert juleverkstad  i allaktivitetshuset første søndag i advent, den 29,november.  Det var som vanleg god  opplutning om begge arrangementa.

      

       11    Algrøykalendar

Bygdalaget har for fjerde gang laga Algrøykalendar med flotte bilete frå nærmiljøet.  Det er selt 100 kalendarar som har gjeve eit godt bidrag til drifta av bygdalaget .  Vi oppmodar folk til å ta bilder på alle årstider og senda til Bygdalaget som kandidatforslag til neste års kalender.

 

       12    Heimeside,  www.bygdalaget.no  

Bygdalaget si  heimeside med informasjon om Algrøy og aktivitetar som føregår her vart godt vedlikehalden i 2015 og er godt besøkt. I løpet av dei snart 4 åra sida har eksistert har det vore  146.000 treff på sida. Sida er såleis blitt ei mykje brukt informasjonskjelde i bygda. Bygdalaget oppmodar folk  til å bidra med stoff til heimesida. Epostadresse for innsending av stoff finn du på sida.

Vi har og ei facebookside tilknytta bygdalaget (www.facebook.com/algroyna  )

 

     13      Fotokonkurranse

På heimesida har Bygdalaget ein avdeling for bilete. Lokale bilete kan brukast til kalendar, fotomontasje, informasjonsmateriell og til framvisning ved spesielle anledningar. I 2015 hadde vi fotokonkurranse  med temaet uteaktivitet. Det var heller liten oppslutnad om denne  konkurransen.

 

     14      Aktivitetar i hallen

Bygdalaget administrerer utleige av skulehallen og det har vore stor aktivitet i hallen i 2015. Faste aktivitetar er søndagsfotball, landhockey, trimaktivitet og korøving. Ellers har det vore mange barneselskap, familieselskap og andre festlege samkomer som i hovedsak har foregått i helgene. Prisen for å leiga hallen er lav og lik for alle enten dei er medlemmar i Bygdalaget eller ikkje. Styret har vurdert å differensiere utleigepris for medlemar og ikkje medlemar.

 

    15.      Medlemskap i Bygdalaget

                Medlemskontingenten i Bygdalaget er med å finansiera aktiviteten i laget. Kontingenten ligg

                på eit lavt nivå og vil fortsetja med det. Det er viktig at flest mogeleg er medlemmar for å

                synleggjera at laget representerer mange for eksempel i samband med ulike søknader

                Bygdalaget sender.

 

      16     Grasrotandel

Bygdalaget er registrert som frivillig organisasjon i Brønnøysundregistrene og det er dermed mogeleg å øremerka grasrotandel for tipping til bygdalaget. For 2015 gav dette inntekt på kr 4.900 til bygdalaget Vi oppmodar framleis dei som spelar LOTTO mv om å ha Bygdalaget som sin mottakar av grasrotandelen..

 

        17  Tilskot til Bygdalaget

Bygdalaget har i året motteke kr 8.500 i tilskot frå Fjell Kommune, og fått tilsagn på kr 40.000

frå Gjensidigestiftelsen til leikeplassen på skulen. Vi takkar  hjarteleg for bidraga.

 

Styret i bygdalaget takkar alle i bygda for godt samarbeid i 2015 og håpar på framleis god oppslutning frå bygdefolket både til førebuing av arrangementa og som deltakarar.

Vi tek svært gjerne imot innspel til saker laget skal delta i og arbeida med.

 

Algrøy, 3. februar 2015

Styret i Algrøy Bygdalag

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

04.01 | 19:29

Flotte og gøyale båter som er kommet i elevane :) jammen er du flink Leif;) ungene hadde det veldig kjekt.

...
19.10 | 20:05

Greetings from Algers in Chico, California
What a fantastic web site! Yeah Bygdalaget!

...
20.08 | 19:51
Fotoalbum har mottatt 2
20.08 | 13:30
Hovedsiden har mottatt 92
Du liker denne siden