Årsmelding 2016

Årsmelding Algrøy Bygdalag 2016

Styret har vore slik samansett i 2016:

Bjarte Algrøy – leiar, Ingvild Sørensen - nestleiar, Aud Svelund – kasserar

Dag Sekkingstad, Vidar Danielsen,  Robert Algrøy, Siri Jørgensen, Kristin Algrøy (vara) og Elisabeth Eide Algrøy (vara).

Både faste og varamedlemer vert innkalte til alle møter, og dette er ei god ordning som gjev fleire innspel og at arbeidsoppgåvene vert fordelt på fleire.

Laget sine aktivitetar i 2016 var i hovudsak fylgjande:

1    Årsmøte 2016

Årsmøte i Bygdalaget vart halde den 9.februar med 15 personar til stades.

2    Bygdafest

Bygdafesten 2016 vart halden lørdag 13. februar, med stor oppslutning og god stemning, ca 60 personar deltok.

3     Natursti

17.april arrangerte Bygdalaget natursti. Det var sett opp 5 postar med spørsmål på, og vinnarar vart premierte ved ankomst til målpunktet  Elvane, der grillen var fyrt opp og deltakarane kunne grilla mat. 

4     Dugnad – rydding og grusing av lekeplass ved skulen

Ein mandag  i mai vart det halde dugnad for å oppgradera leikeområdet ved skulen. Det vart gjort ein god jobb, med rydding av ugras og maling/beising av benkar og leikeapparat. Takk til dei som var med.

 

5     Dugnad - maling av gangen i allbrukshuset

Bygdalaget takkar fotballgruppa for innsatsen med å mala gangen i Allbrukshallen. Dette vart gjort ein vårkveld i 2016.

6     Havgangen

Turmarsjen Havgangen og 30 års markering for Bygdalaget vart kombinert og gjennomført 29. mai. Uteaktivitet på skuleplassen hadde litt ekstra innhald mtp. 30 årsmarkeringa. Flott ver og greit oppmøte denne dagen. 

7     Trollskogen
Bygdalaget med Vidar i spissen har fortsatt å utbetra leikeapparat i Trollskogen i 2016. Det vart mellom anna laga til zip-line som har vorte veldig populær. Takkar dei som har bidratt for flott innsats. 

8     Jonsokafta

Den tradisjonelle Jonsokaftefeiringa ved Vågsvatnet vart denne gongen gjennomført i godt ver og med ca 85 personar tilstades. Det er behov for fleire folk til å laga bålet.

9     Fiskekonkurranse
Bygdalaget arrangerte fiskekokurranse søndag 18.september med godt oppmøte. Etter fiskinga var det samling på skuleplassen med premieutdeling og grilling.

10      Søndagskafe

Søndagskafe vart halde i bygdahallen den 23. oktober. Ca 100 møtte fram og arrangementet gav eit overskot på kr 11.000 som vart sendt til Røde Kors.

 

11   Julegrantenning – juleverkstad

 I samband med julegrantenninga vart det og arrangert juleverkstad i allaktivitetshuset første søndag i advent, den 29,november.  Det var som vanleg god  opplutning om begge arrangementa.   
   

12   Algrøykalendar

Bygdalaget har for femte gang laga Algrøykalendar med flotte bilete frå nærmiljøet.  Det er selt 100 kalendarar som har gjeve eit godt bidrag til drifta av bygdalaget. Vi oppmodar folk til å ta bilder på alle årstider og senda til Bygdalaget som kandidatforslag til neste års kalender.

 

13   1. hjelpskurs med hjertestartar
Det vart planlagt og helde to førstehjelpskur i starten på januar 2017. Oppmøte kunne vore betre.

 

14   Heimeside,  www.bygdalaget.no  

Bygdalaget si  heimeside med informasjon om Algrøy og aktivitetar som føregår her vart vedlikehalden i 2016 og er godt besøkt. I løpet av dei snart 5 åra sida har eksistert har det vore  159.000 treff på sida. Sida er såleis blitt ei mykje brukt informasjonskjelde i bygda. Bygdalaget oppmodar folk  til å bidra med stoff til heimesida. E-postadresse for innsending av stoff finn du på sida. Vi har og ei facebookside tilknytta bygdalaget: (www.facebook.com/algroyna)

 

15     Fotokonkurranse

På heimesida og på Instagram har Bygdalaget ein avdeling for bilete. Lokale bilete kan brukast til kalendar, fotomontasje, informasjonsmateriell og til framvisning ved spesielle anledningar. I 2016 hadde vi fotokonkurranse  med temaet Mitt Algrøy.

 

16     Aktivitetar i hallen

Bygdalaget administrerer utleige av skulehallen og det har vore stor aktivitet i hallen i 2016. Faste aktivitetar er søndagsfotball, volleyball, innebandy, trimaktivitet for skuleborn og korøving. Ellers har det vore mange barneselskap, familieselskap og andre festlege samkomer som i hovedsak har foregått i helgene. Prisen vart i 2016 differensiert slik at utleigepris for medlemar og ikkje medlemar av Bygdalaget er ulik.

 

17       Drenering av skuleplassen
Bygdalaget engasjerte seg mot kommunen for å utbetre dreneringa av skuleplassen i 2016. Resultatet av arbeidet kommunen har gjort vart langt i frå det som var forventa og det vil i 2017 bli jobba mot kommunen for å fullføre arbeidet på ein skikkeleg måte.

 

18       Medlemskap i Bygdalaget

Medlemskontingenten i Bygdalaget er med å finansiera aktiviteten i laget. Kontingenten ligg på eit lavt nivå og vil fortsetja med det. Det er viktig at flest mogeleg er medlemmar for å synleggjera at laget representerer mange for eksempel i samband med ulike søknader Bygdalaget sender.

 

19        Grasrotandel

Bygdalaget er registrert som frivillig organisasjon i Brønnøysundregistrene og det er dermed mogeleg å øremerka grasrotandel for tipping til bygdalaget. For 2016 gav dette inntekt på kr 6.000 til bygdalaget Vi oppmodar framleis dei som spelar LOTTO mv om å ha Bygdalaget som sin mottakar av grasrotandelen.

 

20        Tilskot til Bygdalaget

Bygdalaget har i året motteke kr 9.500 i tilskot frå Fjell Kommune, og fått kr 40.000 frå Gjensidigestiftelsen til leikeplassen på skulen. Vi takkar  hjarteleg for bidraga.

 

Styret i bygdalaget takkar alle i bygda for godt samarbeid i 2016 og håpar på framleis god oppslutning frå bygdefolket både til førebuing av arrangementa og som deltakarar. Vi tek svært gjerne imot innspel til saker laget skal delta i og arbeida med.

 

Algrøy, 6. februar 2016

Styret i Algrøy Bygdalag

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

04.01 | 19:29

Flotte og gøyale båter som er kommet i elevane :) jammen er du flink Leif;) ungene hadde det veldig kjekt.

...
19.10 | 20:05

Greetings from Algers in Chico, California
What a fantastic web site! Yeah Bygdalaget!

...
19.06 | 17:43
Volleyball har mottatt 1
20.08 | 19:51
Fotoalbum har mottatt 2
Du liker denne siden