Standard side

Årsmøte 2018

Årsmelding Algrøy Bygdalag 2017

Styret har vore slik samansett i 2017:

Vidar Danielsen – leiar, Dag Sekkingstad - nestleiar, Ingrid A Sæle– kasserar,  Robert Algrøy, Siri Jørgensen, Jon Harald Algrøy, John Arne Nilsen, Trude Stamnes(vara), Vidar Romarheim(vara) og Ingvild Sørensen (vara).

Både faste og varamedlemer vert innkalte til alle møter, og dette er ei god ordning som gjev fleire innspel og at arbeidsoppgåvene vert fordelt på fleire.

Laget sine aktivitetar i 2017 var i hovudsak fylgjande:

1    Årsmøte 2017
Årsmøte i Bygdalaget vart halde den 6.februar med 24 personar til stades.

2    Bygdafest

Bygdafesten 2017 vart halden lørdag 18. februar, med stor oppslutning og god stemning, ca 40personar deltok.

3     Rebusløp

23.april arrangerte Bygdalaget Rebusløp. Det var sett opp 10 postar med spørsmål og praktiske oppgåver, og vinnarar vart premierte ved ankomst til målpunktet  Brekkeløa, der grillen var fyrt opp og deltakarane kunne grilla mat.Det var sal av kaffe,brus,is og hot dog.Det var stor oppslutning da 65 deltakere møtte opp.

4 17 Mai ved Algrøy skule

Allbrukshallen var fyllt da Bygdalaget innviterte til 17 Mai feireing. Det er 4 året det er feiring i bygda ,etter at skulen blei lagt ned.

5     Dugnad ved skulen

Ein mandag  i mai vart det halde dugnad for å ved skulen. Det vart gjort ein god jobb, med beising av benkar planing i krukker og flytting av oppslagstavle. Takk til dei som var med.

6     Dugnad - Storavatnet

Bygdalaget takkar dei 20 illsjela for innsatsen med å lage bruar,klippe rein sti og lage til stein heller å gå på.

Dugnad var utført 31 mai.

7 Vipps

Bygdalaget har fått vipps. Søk opp Algrøy bygdalag el 107373.

8     Havgangen

Turmarsjen Havgangen vart gjennomført 11.juni. Lite folk gikk tur grunnet dårlig vær,men mange kom for å spise laksepakker til middag.

8     Jonsokafta

Den tradisjonelle Jonsokaftefeiringa ved Vågsvatnet vart denne gongen gjennomført i dålig vær og med ca 40 personar tilstades.Bygdalaget satt opp telt som gjorde dagen til en fin feiring Det er behov for fleire folk til å laga bålet.

9     Dugnad Trollskogen

Den 4sept var det dugnad i Trollskogen.Målet var å bygge noen broer henge opp nye lekeapperat og ferdigstille tidligere prosjekt. Bygdalaget takker alle som var med denne dugnaden.

10     Fiskekonkurranse
Bygdalaget arrangerte fiskekokurranse søndag 17.september med godt oppmøte. Etter fiskinga var det samling ved Brekkeløa med premieutdeling og grilling.Rekord stor fisk blei fiska 19.5kg av Jon Harald Algrøy.

11 Kunstgress ved skulen

I oktober fikk Bygdalaget gratis kunsgras til skuleplassen. Vi jobber opp med kommunen med å få lagt dette.

12   Julegrantenning – juleverkstad

 I samband med julegrantenninga vart det og arrangert juleverkstad i allaktivitetshuset første søndag i advent, den 3,desember.  Det var som vanleg god  opplutning om begge arrangementa.   

13   Algrøykalendar

Bygdalaget har for 6 gang laga Algrøykalendar med flotte bilete frå nærmiljøet.  Det er selt 100 kalendarar som har gjeve eit godt bidrag til drifta av bygdalaget. Vi oppmodar folk til å ta bilder på alle årstider og senda til Bygdalaget som kandidatforslag til neste års kalender.

 

 


14   Heimeside,  www.bygdalaget.no  

Bygdalaget si  heimeside med informasjon om Algrøy og aktivitetar som føregår her vart vedlikehalden i 2017 og er godt besøkt. I løpet av dei snart 6 åra sida har eksistert har det vore  173.000 treff på sida. Sida er såleis blitt ei mykje brukt informasjonskjelde i bygda. Bygdalaget oppmodar folk  til å bidra med stoff til heimesida. E-postadresse for innsending av stoff finn du på sida. Vi har og ei facebookside tilknytta bygdalaget: (www.facebook.com/algroyna)

 

15     Fotokonkurranse

På heimesida og på Instagram har Bygdalaget ein avdeling for bilete. Lokale bilete kan brukast til kalendar, fotomontasje, informasjonsmateriell og til framvisning ved spesielle anledningar. I 2017 hadde vi fotokonkurranse  med temaet Båtar.

 

16     Aktivitetar i hallen

Bygdalaget administrerer utleige av skulehallen og det har vore stor aktivitet i hallen i 2017. Faste aktivitetar er søndagsfotball, volleyball, barnegym, innebandy, trimaktivitet for skuleborn og korøving. Ellers har det vore mange barneselskap, familieselskap og andre festlege samkomer som i hovedsak har foregått i helgene. Prisen vart i 2017 differensiert slik at utleigepris for medlemar og ikkje medlemar av Bygdalaget er ulik.

 

17       Drenering av skuleplassen
Bygdalaget engasjerte seg mot kommunen for å utbetre dreneringa av skuleplassen i 2016. Resultatet av arbeidet kommunen har gjort vart langt i frå det som var forventa og det vil i 2017 bli jobba mot kommunen for å fullføre arbeidet på ein skikkeleg måte.

 

18       Medlemskap i Bygdalaget

Medlemskontingenten i Bygdalaget er med å finansiera aktiviteten i laget. Kontingenten ligg på eit lavt nivå og vil fortsetja med det. Det er viktig at flest mogeleg er medlemmar for å synleggjera at laget representerer mange for eksempel i samband med ulike søknader Bygdalaget sender.

 

19        Grasrotandel

Bygdalaget er registrert som frivillig organisasjon i Brønnøysundregistrene og det er dermed mogeleg å øremerka grasrotandel for tipping til bygdalaget. For 2017 gav dette inntekt på kr 7.700 til bygdalaget Vi oppmodar framleis dei som spelar LOTTO mv om å ha Bygdalaget som sin mottakar av grasrotandelen.

 

20        Solgt båt

Båten til bygdalaget er solgt til Gangstø garden resurssenter for kr14000kr

 

Styret i bygdalaget takkar alle i bygda for godt samarbeid i 2017 og håpar på framleis god oppslutning frå bygdefolket både til førebuing av arrangementa og som deltakarar. Vi tek svært gjerne imot innspel til saker laget skal delta i og arbeida med.

 

Algrøy, 7. februar 2017

Styret i Algrøy Bygdalag

 

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

04.01 | 19:29

Flotte og gøyale båter som er kommet i elevane :) jammen er du flink Leif;) ungene hadde det veldig kjekt.

...
19.10 | 20:05

Greetings from Algers in Chico, California
What a fantastic web site! Yeah Bygdalaget!

...
20.08 | 19:51
Fotoalbum har mottatt 2
20.08 | 13:30
Hovedsiden har mottatt 92
Du liker denne siden