Referat Årsmøte

Årsmøte Algrøy båtlag 18.2.2020

Det var møtt fram 7 medlemmer til årssmøte. 3 av desse var frå styret.

Sak 1              Val av referent og ordstyrar

Per Algrøy vart vald til referent. Geir Fjell vart vald til ordstyrar/møteleiar.

Sak 2             Styret si årsmelding

                        Årsmeldinga vart lest opp og godkjend utan merknader.

Sak 3             Rekneskap

                        Kasserar Frode Algrøy gjorde greie for revidert rekneskap.

                        Rekneskapen vart godkjend utan meknader.

Sak 4             Budsjett 2020 – fastsetjing av innmeldingsgebyr og årsavgift.

Det vart ikkje gjort endringar i innmeldingsgebyret(4000,-) eller årsavgift (750,-)

Sak 5             Innkomne saker

                        Det var ikkje komen inn saker til behandling i årsmøte.

Sak 6             Diverse informasjon frå styret

Fire stk har fått løyst inn båtplassen sin i slutten av 2019/starten av 2020. Nye har kome til. Båtlaget har pr dags dato, ledig ein liten 2,4m plass.

Det har ikkje vore dugnader på anlegget i 2019. Dekket bør smørjast, og redningsstegane må setjast fast i år.

Styret har plan om å snu T-en i aust slik at dei 18m bryggene som i dag ligg på tvers av dei andre bryggene vert snudd slik at dei går i forlengelsen av dei andre bryggene. Dei store båtplassane vil då liggja mot sør. Vi vil med dette frigjere 18 bryggemeter, som vil gje oss ca 5 nye båtplassar på nordsida. I tillegg til at vi kan gje plass til fem stk på ventelista, vil dette vere økonomisk svært gunstig for båtlaget. Styret vurderer om det bør setjast inn eit mellomstykkje slik at vi dreiar bryggene mot aust ca 5grader nordover. Dette for å gjere det meir romsleg på sørsida. Styret arbeider vidare med denne saka.

Styret vurderer og å søkje om 12 meter utvidelse vestover.

Medlemmane vil verta halden orientert om denne prosessen.

Trebryggja på sørsida av Notabua er løfta laus av den store floa. Den bør sikrast snarast. Styret føl opp dette.

Kart på bryggja med oversikt over båseigarar bør ajourførast. Her bør og stå telefonnummer til den enkelte, slik at det er lett å ta kontakt om det skulle oppstå noko.

Vi bør ha eit brannslukkingsapparat på bryggja. Styret undersøkjer om kva som egnar seg best til dette.

Sak 7             Val av tre styremedlemmer

                        Geir, Frode og Stein Tore stod på val.

                        Valgnemdas forslag: Geir Frode og Rune. Vald ved akklamasjon.

Sak 8             Val av styrets leiar

                        Geir hadde takka nei til gjenvalg. Valnemda sitt forslag: Per

                        Vald ved akklamasjon.

Sak 9             Val av revisor

                        Rigmor vart attvald

Sak 10           Val av valgnemd

                        Valgnemda ved Bjørn og Ove vart attvald  for eit år

 

Referent Per Algrøy

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

30.01 | 17:51

Pappen ser deg!

...
08.06 | 13:07

Hei.
Jeg ønsker svært gjerne og leie båtplass.
Har hytte på Algrøy(siden 2002).
Har leiet i marinaen tidligere, har nå båten liggende på Syltøy.
Ganske tungvint

...
04.01 | 19:29

Flotte og gøyale båter som er kommet i elevane :) jammen er du flink Leif;) ungene hadde det veldig kjekt.

...
19.10 | 20:05

Greetings from Algers in Chico, California
What a fantastic web site! Yeah Bygdalaget!

...
Du liker denne siden