Hausten 2018

Datoar for hausten er 23. oktober og 20. november, og vi samlast som tidlegare på bedehuset. Tidspunkt kl 19.30-21.30



23. oktober vert det byttekveld. Har du klede som har krympa i skapet - eller som du ikkje brukar lenger? 
Ta dei med deg og la andre få glede av dei... 
Det som ikkje vert nytta, leverer vi til Fretex.

Det vert servert kaffi og litt å bita i. For dette tek vi kr 50 pr person.
Velkommen kl 19.30

Ny giv!

Nå er vi klar for ny oppstart av Rasteplassen!

Første samling blir hos Kari i Furhaugane 29, der vi samlast  4.9 kl 19.30-21.30. Denne kvelden ynskjer vi innspel på kva samlingane framover skal innehalde og kor vi samlast.

Har du ikkje anledning å komme denne første kvelden men har idear, eller har spørsmål; - ta kontakt med Kari Romarheim, Signe Edland Rong eller Ingfrid Madland.

Kven er Rasteplassen for? Alle kvinner på Algrøy og omegn; uavhengig av nyinnflytta, innfødd, alder,høgde, vekt, livssyn, politikk,  yrke, sivil status med meir..

Velkommen!


Rasteplassen er sett på "pause" inntil vidare...

NB!

Endra dato for Rasteplassen i april...er flytta til 20.4

I mars hadde vi ein kjekk kveld med spel...

Datoane for våren 2016 er:

16.2, 14.3, 19.4 og 10.5

Har du lyst å vera saman med trivelege damer i alle aldrar så ta turen til Rasteplassen. Vi samlast vanlegvis på Algrøy bedehus kl 19.30 der vi nokre gonger har eit tema, og andre gonger berre lar "drøsen gå" til ein god kopp kaffe og ei enkel servering. Pris kr. 50,-

Vi hadde ein fin start 16.2 der Silje hadde laga quiz som utfordra dei "små grå"og på neste samling 14.3, tek vi med diverse spel. Ingvild legg ut info på facebook.

Har du spørsmål, ta kontakt med Ingfrid på tlf 98 24 15 07.


Rasteplassen 28. september 2015

Vi var samla til ein trivelig kveld der Gudveig Lillebø gav oss eit innblikk i eit hjelpearbeid ho er med og driv i Malawi. Det er mangen utfordringar i eit veldig fattig land og kan virka litt håplaust og få hjelpa nok. Men med eit motto om at "Ingen kan hjelpa alle,men alle kan hjelpa nokon" er ho med og gjev ein bedre kvardag til nokon av dei som bur i Malawi. 

Vi som var på Rasteplassen fekk vera med å bidra med litt pengar til arbeide: kr 1700,- som går til undervisning og utdanning for barn og unge.
Har nokon lyst å bidra meir kan du sette inn pengar på 
kontonr: 1813 11 62770 Agrive Afrika.

Høst 2015



Vi er klar for nye møter med nabodamene på Rasteplassen og håpar nye tar turen innom i høst. Har du fått ei ny nabodame så inviter ho med! Vi har satt tre datoar før nyttår. Ein av kveldane vert det klesbyte, kjem tilbake til kva dato det vert. Første kvelden vert Gudveig Lillebø med og viser bilete og fortel om kvardagslivet i Malawi, der ho har drive hjelpearbeid i mangen år. 
Siste datoen er uten tema enno.
Som vanleg vert det servering.

28.09 - Gudveig vert med. Om du ynskjer å støtta arbeide ho driv med ei pengegåve, er det flott!

03.11

23.11

Kl: 1930
Stad: Bedehuset
Kostar: kr 50

Velkommen!

Rasteplassen - for oss kvinner!

At me kvinner i område møtes på tvers av nyinnflytta, innfødd, alder, høgde, vekt, livssyn, politikk,  yrke, sivil status med mer,- og har det både kjekt, lærrerikt og utviklande sammen!

Vi møtes nokre gongar i halvåret, på Algrøy bedehus.
Kveldar med ulike spennande tema.


Alle damer er velkomne, og som før har vi litt å bita i som gjer at det kostar kr 50,- for kvar gong.

  Velkomne!



Helsing   Ingfrid 98241507   Signe 92884998   Anne Kristin  99436057

Følg med på Facebook-siden da arrangementene blir oppdatert der også:  https://www.facebook.com/algroyna 


Rasteplassen 21. Mai

Ostefest
i
Vikja!

Det er no siste Rasteplassen i vår og gjestfrie Benedicte har og i år invitert oss i Bluesnaustet!  
Det vert servert ost og kjeks, vi pratar, slik vi damer kan, og nyter fellesskapet.
Vår kjære trubadur Andre gledar seg til og møta sitt favorittpublikum!
Vi gledar oss til og få syngja saman med han :)
Dette er ein fin anledning for deg som er ny på øyna til og treffe nabodamene
VELKOMMEN ALLE DAMER!

Nauste, kl 19.30, kr 100,- (ost kostar...)

I tvil om kvar Bluesnaustet er? Ta kontakt med Signe, Ingfrid eller Anne Kristin



 

Nyeste kommentarer

04.01 | 19:29

Flotte og gøyale båter som er kommet i elevane :) jammen er du flink Leif;) ungene hadde det veldig kjekt.

...
19.10 | 20:05

Greetings from Algers in Chico, California
What a fantastic web site! Yeah Bygdalaget!

...
19.06 | 17:43
Volleyball har mottatt 1
20.08 | 19:51
Fotoalbum har mottatt 2