Om Algrøy bygdalag

Årsmøte i Algrøy Bygdalag, tirsdag 28. januar 2014.

Algrøy Bygdalag vart skipa etter at bygda vart landfast i 1986. Første året hadde laget 28 betalande medlemar Bygdalaget har som formål å vera eit talerøyr for folket på Algrøy i saker av felles interesse for bygda, og vera tilretteleggjar for fellesaktivitetar som gjev sosialt samkvem og samhald mellom øyafolket.

Opp gjennom desse åra har laget arbeidd med mange saker til beste for bygda og stått for ei rekkje arrangement. Av faste arrangement kan nemnast mellom anna julegrantenning, vinteraktivitetar på ski og skøyter, bygdefest, 17.maifest, fiskekonkurranse, jonsokfeiring og natursti som seinare har utvikla seg til arrangementet som no heiter Havgangen.

Av saker som bygdalaget har arbeidd er dei mest synlege slike som utbedring av kommunale vegar på Algrøy, oppretting av båthavn, kommunal vassleiding og fiber til Algrøy og arbeid for å få bygd Allaktivitetshus i tilknytning til skulen. Samarbeidet med skulen har alltid vore tett og godt, og med jamne mellomrom har bygdalaget saman med samarbeidsutvalet ved skulen kjempa for å behalda skulen på Algrøy.

I 2005 vart det bygd allaktivitetshus / gymsal i tilknytning til skulen. Denne hallen er i fast bruk mange kveldar i veka til lokale aktivitetar, og er bygda si storstove til festlege anledningar av ymse slag. Algrøy Bygdalag administrerar bruk av hallen utanom skuletida.    


Nyeste kommentarer

04.01 | 19:29

Flotte og gøyale båter som er kommet i elevane :) jammen er du flink Leif;) ungene hadde det veldig kjekt.

...
19.10 | 20:05

Greetings from Algers in Chico, California
What a fantastic web site! Yeah Bygdalaget!

...
19.06 | 17:43
Volleyball har mottatt 1
20.08 | 19:51
Fotoalbum har mottatt 2