Referat fra møtene i bygdalaget

Referat  frå styremøter i Algrøy Bygdalag:
Referat frå styremøtene frå 2016-> finn du her.


Referat frå styremøte i Algrøy Bygdalag  13.01.2015

Til stades:  Leif Algerøy, Leif Arne Næss, Aud Svelund, Ingvild Sørensen, Benedicte Algrøy,Vidar Danielsen

Forfall: Bjarte Algrøy, Raymond Hjelland  , Hans Inge Algrøy

Sak 1 Årsmøte 3 februar kl 18        

Bjarte sender ut innkalling til årsmøte (se utkast fra Hans Inge) så fort som mulig. 

Skriver invitasjon til Bygdafesten (se www.bygdalaget for påmelding) på samme som årsmøte innkallingen.

Vi ble enige om å ta nytt styremøte etter endt årsmøte.

Aud tar med twist & kaffe.

De som har kalendere igjen tar de med. Kanskje noen vil kjøpe 😊

Sak 2 Algrøykalender  2015
Diskuterte at bilder  til neste års kalender bør velges ut i god tid slik at vi hadde ferdig  trykte kalendere tidligere enn vi hadde nå.
Alle får utdelt kalendere for salg på siste styremøte før jul .

Sak 3 Bygdafest 14 februar
Tema : Hippi 🎶
Musikk : André & Henning
Leder : Hans Inge? 
Inngangspenger kr 300kr

Aud:
- bestiller mat fra Safari Catering , lasagne med tilbehør
- hører med jentene fra i fjor ang hjelp på kjøkkenet
- handler inn servietter, duker, tallerkener, glass, blomster, brus 

Alle baker en kake hver ( Hippi -inspirert?? )

Benedicte:
- sanger/hefte
- velkomstdrikk 
- legger ut invitasjon på bygdalagssiden        

Ingvild:
- legger ut info på FB

Vidar:

- bilder fra 2014

           

Leif:

- spør Nils Kåre Algrøy om quiz spørsmål.

Aud, Leif og Vidar samarbeider om en sketsj til neste møte.
Vi ble enige om at alle skulle være med på sketsjen om nødvendig.

Premiering av beste kostyme og beste kalenderbilde. Vinner av bildet er bestemt 😜  

Premie : kinogavekort til Sartor Kino

Sak 3
Eventuelt

Neste styremøte 3. februar 2015

13.01.15

Ingvild Sørensen 


Referat frå styremøte i Algrøy Bygdalag  22.01.2014    

 

Til stades:  Leif Algerøy, Aud Svelund, Hans Inge Algrøy,  Bjarte Algrøy, Benedicte Algrøy, Vidar Danielsen.

Forfall: Elise Hordvik, Victoria Linnerud

 

Sak 01/14            Referat fra møte 19.11.2013

Referatet som er utsendt tidlegare vart godkjent

 

Sak 02/ 14            Årsmøte 28. januar 2014

Møtedato er kunngjort på Bygdalaget si heimeside, i tillegg vil det verta lagt informasjon i alle postkassar

Årsmelding og regnskap er under utarbeiding og vert framlagt i møtet

Valgkomite er i arbeid

Enkel servering på årsmøtet

 

Sak 03/14            Bygdelagsfest 2014

Styret diskuterte informasjon, program, mat, aktiviteter mv og fordelte oppgaver.

Nytt møte den 11. februar med oppsummering og klargjering.

 

Sak 04/14            Vegnavn på Algrøy

Bygdalaget har fått invitasjon frå Fjell Kommune til å koma med navneforslag til veg i nytt byggefelt ved Storhaugen. Tradisjonen er at nye vegnavn tek utgangspunkt i eksisterande navn i området. I dette tilfelle er navnet Storhaugen alt brukt ein annan stad i kommunen og kan ikkje brukast. Styret drøfta saka og vil undersøkja i gamle papir mv om det fins andre navn i området som kan foreslåast som nytt vegnavn og tek gjerne i mot innspel frå bygdefolk. Svarfrist er 20. februar 2014

 

Sak 05/14            Aktivitetsplan 2014

Styret sette opp følgjande utkast til aktivitetsplan 2014

-       23 mars - natursti

-       4 -  mai fiskekonkurranse

-       17. mai arrangement etter ny mal når skulen er nedlagt

-       9 juni – Havgangen

-       23 juni – Jonsokaftefeiring

 

Sak 06/14            Orientering

-       Det bør setjast opp skilt med stadnavnet Algrøy ved Porsvik

-       Ny dugnad på grusing av turveg til Vågsvatnet til våren

-       Dugnad steingard ved Tøkje som vi har fått midlar til

-       Undersøkje omkring prosjektor og webkamera

-       Opplæring  i bruk/ redigering av heimeside

Styret arbeider vidare med sakene.

 

Neste møte på skulen tirsdag 11.februar kl 19.30

 

Hans Inge Algrøy

ref


Referat frå styremøte i Algrøy Bygdalag 03.09.2013

Til stades:  Leif Algerøy, Aud Svelund, Hans Inge Algrøy, Elise Hordvik, Bjarte Algrøy, Benedicte Algrøy

Forfall: Victoria Linnerud, Vidar Danielsen,

 

Sak 22/2013  Referat frå møte 03.09.2013

Referat kommentert og godkjent

Saker som er fulgt opp/ til oppfølgning:

  • Parkeringsinformasjon i fbm turløyper og merking av trace mellom parkering og løyper er fulgt opp
  • Gangsti/ til hyttene i Kongvika/ turvei er i elendig tilstand, vurdere tiltak frå Bygdalaget si side

 

Sak 23/2013  Søndagskafe 20.10.2013 kl 15

Arbeidsoppgåver til fordeling -     Ansvarlig

  • Innkjøp av mat og utstyr, informasjon  Aud
  • Førebu åresalg, trekkemaskin mv  Aud
  • Kaker  -     Alle
  • Gevinster –      Alle
  • Forbereder detaljene i kort møte torsdag 17. oktober kl 18.30

 

Sak 24/2013 Algrøykalender 2014

Arbeidsgruppe som består av Benedicte, Elise og Bjarte velger ut bilder og ordner med trykking hos Britts kopisenter. Leif er konsulent i saka.

 

Sak 25/2013  Dato for årsmøte og Bygdafest 2014

Dato for årsmøtet vert sett til tirsdag 28. januar 2014

Bygdalagsfest vert halde lørdag 15. februar 2014.

Datoane vert å kunngjere på bygdalaget si heimeside

 

Sak 26/2013 Eventuelt

Medlemskontingent 2013 vert innkalla med det første.

Scenemotor er ennå ikkje ordna. Det må purrast på saka.

 

Forbereder detaljene for søndagskafe i kort møte torsdag 17. oktober kl 18.30

 

Hans Inge Algrøy 

referent

 

Referat frå styremøte i Algrøy Bygdalag 03.09.2013

Til stades:  Victoria Linnerud, Leif Algerøy, Hans Inge Algrøy, Elise Hordvik, Vidar Danielsen, Bjarte Algrøy, Benedicte Algrøy

Forfall: Aud Svelund

 

Sak 18/2013  Aktivitetar hausten 2013

Fylgjande aktivitetar vert planlagt gjennomført i regi av Bygdalaget:

  • Fiskekonkurranse ein lørdag/ søndag i september utfrå værforhold. Vidar og Benedicte leiar arrangementkomite og sørgjer for informasjon
  • Søndagskafe 20. oktober i samband med TV innsamlingsaksjon
  • Juleverkstad og julegrantenning 1. søndag i advent 1. desember

 

Sak 19/2013 – Turløypene – parkering og merking

Folk som kjem med bil for å gå i turløypene må parkera ved skulen/på skuleplassen, ikkje langs veg og på privat område. Det skal setjast opp informasjon på tavle ved skulen og evt andre stader om dette, samt lagast lappar til å leggja på bilane.

Det vert sett opp markeringar av veg til utmarksgrense der løypene begynnar fleire stader på bilvegen

 

Sak 20/2013 – Orienteringssaker

  • Fiberkabel er ferdig installert på Algrøy
  • Krav om fri skuleskyss er avgjort av kommunen, Bygdalaget sender nytt brev om arbeid med nedsetjing av fartsgrense på Nordre Øyavegen
  • Venteskur er sett i bestilling hos entreprenør
  • Ny forespørsel om bedre mobildekning er sendt til Telenor
  • Informasjon om møte med ny rektor på Algrøy skule
  • Dugnad på gangveg til Vågsvatnet er ferdig for i år og tilskot frå Gjensidigefondet er motteke
  • Høringssak frå kommunen: Vedtak; Bygdalagsstyret sluttar seg til rådmannen sitt framlegg

 

Sak 21/2013  - Eventuelt

  • Bygdalaget kan ikkje arbeida for å auka aktivitet av kajakkpadlarar ved Algrøy kai mellom anna pga manglande parkeringsmuligheter
  • Søknad om gratis bruk av allaktivitetshus til Halloweenfest for bygda den 2. november vart innvilga. Bygdalaget engasjerer seg ikkje i tiltaket
  • Bibliotekrommet på skulen kan brukast til forsøk med kafedrift. Bygdalaget kan forskottera innkjøp til kafeen med inntil kr 1000 for å få i gang tiltaket.
  • Bygdalaget sponsar søndagsfotballen i gymsalen med inntil kr 1000.

 

Neste styremøte vert tirsdag 8. oktober

 

Hans Inge Algrøy

ref

 

Referat frå styremøte i Algrøy Bygdalag 30.04.2013

Til stades:  Victoria Linnerud, Leif Algerøy, Hans Inge Algrøy, Elise Hordvik, Vidar Danielsen, Aud Svelund,

Forfall: Bjarte Algrøy, Benedicte Algrøy

 

Sak 12/ 2013 Referat frå forrige møte

Referat var utsendt på forhånd og vart godkjent i møtet.

 

Sak 13/2013 17.mai komite

Elise og Vidar informerte. Komiteen har hatt møter og arbeidet er godt i gang.

Det er viktig å informere om at vi tek sikte på å ha 17. mai arrangement på Algrøy også  i 2014 sjølv om skulen vert nedlagt.

 

Sak 14/2013  Natursti

Bygdalaget arrangerer natursti torsdag 9.mai med start på skuleplassen mellom kl 11 og kl 12 og mål ved rasteplassen ved Elvane der det vert mulighet for grilling på bål hvis været tillet det.

Dei som har laga spørsmål til konkurransen sender det over til Benedicte for koordinering og ho  videresender til Aud som laminerer arka.

Hans Inge lagar informasjonsark til utdeling, Aud og Vidar tek seg av utlegging i postkassar.

Aud ordnar med nødvendige innkjøp.

Heile styret møte på skuleplassen torsdag 9. mai kl 10.30 for førebuing av praktiske ting i fbm arrangementet.

 

Sak 15/2013 Dugnad – grusing av turveg

Gravemaskinarbeidet på turvegen er no ferdig og vegen er klar til grusing.

Det vert innkalla til dugnad lørdag 11. mai for å grusa vegen.

Innkallinga vert gjort på same informasjonsark som invitasjon til natursti.

Leif sørger for at grus er på plass innan dugnadsdagen. Vidar stiller med ATV, Hans Inge med traktor.

 

Sak 16/2013 – Førebuing til Havgangen

Havgangen vert arrangert søndag den 9. juni.

Arbeid med diplom og evalueringsskjema vert igangsett. Ansvar Bjarte og Hans Inge

Vidare førebuing vert gjort i neste styremøte.

Benedicte / Victoria legg ut informasjon om dato for Havgangen og litt reklame for arrangementet på heimeside/ facebook

 

Sak 17/ 2013 Eventuelt

Det er komen tilbakemelding om at turkartet som bygdalaget sel er for dyrt, og styret vedtok å setja ned prisen til kr 50 pr kart for fargekart som er laminerte.

 

Neste møte tirsdag 4. juni kl 20.00

 

Hans Inge Algrøy

referent


Referat frå styremøte i Algrøy Bygdalag 09.04.2013

Til stades:  Leif Algerøy, Hans Inge Algrøy, Bjarte Algrøy, Benedicte Algrøy, Elise Hordvik, Vidar Danielsen, Aud Svelund

Forfall: Victoria Linnerud,

 

Sak 6/2013  Referat frå forrige møte

Referat var utsendt på forhånd og vart godkjent i møtet.

 

Sak 7/2013 17.mai komite

Elise og Vidar innkaller til første møte i 17.maikomiteen.

Det framgår av referat frå tidligare år kven som skal kallast inn.

Heile komiteen har deretter arrangementetansvaret, bygdalaget har økonomiansvaret.

 

Sak 8/2013  Natursti

Bygdalaget arrangerer natursti torsdag 9.mai med start på skuleplassen mellom kl 11 og kl 12 og mål ved rasteplassen ved Elvane der det vert mulighet for grilling på bål mv hvis været tillet det.

Det vert sett opp 5 postar med spørsmål langs løypa. Benedicte finn forslag til spørsmål.

Detaljar i opplegget vert diskutert i neste styremøte den 7. mai kl 20.00

 

Sak 9/2013  Konkurransar – premiar

Fotokonkurransen Fangsten er ferdig og vinner er kåra.

Det vert lagt ut ny fotokonkurranse med tema Dører på Bygdalaget si heimeside, Benedicte ordnar dette.

Årets bilde skal kårast for premiering, og Benedicte, Elise og Aud er jury

Premiar for dess konkurransane skal delast ut 17. mai. Aud ordnar med premie.

 

Sak10/2013  Dugnad

Bygdalaget har fått tilskot til restaurering av steingarden på Tøkje som eit kulturminne, og det vert lagt opp til dugnad for å gjera dette arbeidet lørdag den 11. mai kl 10 – 14.

Frammøte ved utmarksgrensa, Storagrinda/ Storvegen nr 30.

Det vert og dugnad på grusing av vegen mot Vågsvatnet og innkalling til denne dugnaden kjem seinare når tidspunkt er fastlagt.

 

Sak 11/2013  Eventuelt

Benedicte orienterte om innkomne saker til heimesida

Hans Inge orienterte kort om søknader om tilskot

Neste møte tirsdag 7. mai kl 20.00

 

Hans Inge Algrøy

Referent

 

Referat frå styremøte i Algrøy Bygdalag 27.02.2013

Til stades:  Leif Algerøy, Hans Inge Algrøy, Bjarte Algrøy

Victoria Linnerud, Benedicte Algrøy, Elise Hordvik, Vidar Danielsen

Forfall: Aud Svelund

 

Sak 3/2013 Referat frå forrige møte

Referat var utsendt på forhånd og vart godkjent i møtet.

 

Sak 4/2013  Konstituering av styret.

Leiaren, Hans Inge Algrøy, vart gjenvalgt av årsmøtet. Nestleiar Benedikte Algrøy og kasserar Aud Svelund vart begge gjenvalgt til same verv. Bjarte Algrøy er Bygdalaget sin representant i styret for Algrøy Båtlag og dei øvrige styremedlemane inkl fast møtande varamann er med i fritidsgruppa.

 

Sak 5/2013   Saker i arbeid

Styret arbeider vidare med hjertestartarkurs, fiberkabel, etterbruk av skulen.

Det er igangsett fotokonkurranse med emne "Fangsten". Konkurransen pågår ut mars månad.

Det vert lagt opp til Natursti ein søndag i april.

Den nye rasteplassen ved Elvane er snart ferdig opparbeidd.

17. maikomiteen må setjast i gang, Benedicte undersøkjer til neste møte kven som har papir frå i fjor og kven som var med i komiteen då.

 

Hans Inge Algrøy

referent

 

Referat frå styremøte i Algrøy Bygdalag 15.01.2013

Til stades:  Leif Algerøy, Svein Algrøy,   Aud Svelund, Hans Inge Algrøy, Bjarte Algrøy, Victoria Linnerud, Benedicte Algrøy, Elise Hordvik (+ lille Nora)

 

Sak 1 Bygdefesten 9. Februar 2013

 Fylgjande vart diskutert og vedteke.

Påmeldingsfrist 2. februar, kan ta med gjestar
Annonsering på nettside: Benedicte og Victoria

Sanger: Benedicte og Andre

Mat, Bacalao: Aud har sjekka pris og skaffar jenter til kjøkkenteneste og kjøper inn dukar, servietter mv

Styret skaffar ei kake kvar, Bjarte kjøper musserende vin til velkomstdrink?

Alle prøver å skaffa eit underhaldningsinnslag – quis, leker, historiar, prolog, morsomme sangar

Styret møtes på skulen fredag 8. februar kl 18.30 for oppsetjing av bord, pynting mv

 

Sak 2 Årsmøte

Årsmøte vert halde onsdag den 20. februar kl 19.00 i Biblioteket på skulen.

Det vert sendt ut felles kunngjering i postkassane for bygdafest og årsmøtet.

Hans Inge tar kontakt med valgkomiteen som førebur valg.

 Takk til Benedicte som stilte hus og kaffi til disposisjon for styret.

 

Hans Inge Algrøy

referent


Referat frå styremøte i Algrøy Bygdalag 27.09 2012

Til stades:,  Leif Algerøy, Svein Algrøy,  Benedicte Algrøy, Elise Hordvik,  Aud Svelund, Victoria Linnerud, Hans Inge Algrøy

Forfall: Bjarte Algrøy

 

Sak 1            Referat fra styremøte i Algrøy Bygdalag 23.08.2012

Referatet gjennomgått og godkjent

Oppfølgning av saker i referatet:

-       Kafesøndag vert halde på skulen 21.oktober kl 15. Styret stiller kl 13 og lagar mat. Styremedlemar skaffar gevinstar til loddsalg og kaker til kaffe.

-       Hjertestarterkurs vert igangsett i oktober. Langøy Velforening vert invitert med. Bygdalaget søkjer midlar til hjertestarter og kursvirksomhet

-       Bygdalaget vil kunne få midlar til Kulturminneprosjektet Tøkje – oppbygging av gamal steingard og oppsetjing av informasjonsskilt når det vert gjennomført

-       Frist for innsending av kalenderbilde vert sett til 7. oktober. Leif og Benedikte vel ut bilder til kalender, set i gang produksjon og tek kontakt med aktuelle kjøparar av større parti.

-       Barnas Turlag står for den praktiske administrasjon av arbeidet rundt postkassane i turløypa, Bygdalaget står som eigar av kassane og premierar vinnarar under arrangementet Havgangen.

-        Det vert informert om tilbud av T-skjorter med Algrøymotiv på Bygdalaget si heimeside

-       Grasrotandel til Bygdalaget  frå Norsk Tipping er i virksomhet


Sak 2   Trafikksikringsplan - høringsuttale

Bygdalaget skriv brev til Fjell kommune og påpeikar fylgjande_

-       Behov for fartshumpar og 30 km skilt og barn- leker skilt i Kongvikvegen

-       Behov for 50 km grense på heile Algrøy

-       Behov for oppmerking av parkeringsplass ved skulen

-       Brev til Strilalam om medverknad til lavare fart for trafikk til deira anlegg.

 

Sak 3            Leige av badebasseng Ågotnes

Søknadsfrist 1. mai. Krav om 2 badevakter med livredningskurs i hallen

Konklusjon: Det vert ikkje arbeidd vidare med saka no.

 

Sak 4            Dårleg mobildekning på Algrøy

Saka har vore teken opp med Telenor som svarar at dei ikkje har planar om forsterkning av nettet no.

Bygdalaget oppfordrar folk som har dårleg dekning til å melda dette  til Telenor.

Skriv til Telenor Kundeservice, Klagebehandling, Kongensgt 20, 3717 Skien. Saksbehandler Øyvind Holt.

 

Sak 5            Eventuelt

-       Det vert arrangert juleverksted i bygdehallen søndag 2. desember kl 15 som vert avslutta med julegrantenning på skuleplassen kl 18.00

-       Bygdalaget engasjerer seg ikkje i mulig drift av kajakklubb

 

-        

-       Det vert utarbeidd informasjonsark om aktuelle aktivitetar og vedtak frå Bygdalagsstyret som vert lagt ut i postkassane samtidig med giro for medlemskontingent.

-       Dato for Bygdalagsfest vert sett til lørdag den 9. februar 2013

-       Møtedatoar i 2012: Onsdag 17 oktober og onsdag 21. november, begge dagar kl 19.00 på skulen.

 

Hans Inge Algrøy

referent

 

Referat frå styremøte i Algrøy Bygdalag 23.08 2012

Til stades:,  Leif Algerøy, Bjarte Algrøy, Svein Algrøy, Hans Inge Algrøy,

Forfall: Benedicte Algrøy, Elise Hordvik, Thor Petter Braathen, Aud Svelund

 

Sak 1 Referat frå møte 13.06.2012

Referat gjennomgått og godkjent

 

Sak 2            Planlagte aktivitetar i haust

Kafesøndag i oktober, nye hjertestarterkurs frå oktober, julegrantenning 1. søndag i advent.

Det er behov for å skaffa ny fot til juletre (ansvar Bjarte) og skap til hjertestarar  (ansvar Hans Inge)

Nærare informasjon vert sendt ut på førehand

 

Sak 3  Informasjonstavle

Informasjonstavle som skal setjast opp ved skulen og ved Storemyra er snart ferdig utarbeidd.

Det vert innhenta pris for produksjon av tavlene

 

Sak 4  Turstiar – arbeid i sommar og vidare planar

I turstiane er det i sommar utført fylgjande arbeid:

-       Alle bruene er beisa

-       Delar av løypene er rydda for lyng og brake

-       Ny trace mellom blå og raud løype opparbeidd og merka frå Arevikja til Lundevatnet

-       Våte myrparti er utgrøfta

Honnør til Leifen for kjempeinnsats igjen

 

Vidare planar:

Det er behov for meir utgrøfting og/eller bruleggjing av våte parti

Det vil verta sett opp  5 "postkassar" med oppgåver og konkurranse i raud løype

Opparbeiding av kulturminnet Tøkje i raud løype. Planar om ein sosial dugnadslørdag.

 

Sak 5             Oppdatering av bygdelaget si heimeside

-       Behov for oppdatering av informasjon

-       Leggje inn oppfordring til innsending av bilder

-       Tilbud om kjøp av T-skjorter med Algrøymotiv

 

Sak 6            Informasjon om Grasrotandel tipping

Tiltaket er sett i verk og er operativt. Må informera meir om tiltaket, heimeside og evt andre kanalar.

 

Sak 7            Reguleringsplan Storhaugen

Bygdalaget er informert om planen og var representert på kommunal synfaring.

Saka vert fylgt opp vidare

 

Sak 8            Tildeling av kulturmidlar

Bygdalaget har  etter søknad fått kr 2000 i driftstilskot for 2012 frå Fjell Kommune

 

 

 

Sak 9            Algrøykalendar 2013

Bygdalaget ynskjer å laga Algrøykalendar for 2013 og vil be om at interesserte sender inn bilete til bruk i kalendaren, helst innan 20.september.

Vi vil og laga klistremerker med Algrøymotiv til bruk på bil mv til salg samtidig med kalendarane.

 

Sak 10  Supplering av styret

Ein av styremedlemane har ikkje funne høve til å møta på nokon av møta, og det er behov for å utvida styret/ knyta ny person til styrearbeidet.

Victoria Linnerud vert tilspurd om å vera med på styremøtene

 

Sak 11            Eventuelt

-       Det er behov for oppmerking på parkeringsplass ved skulen for å få god utnytting av plassen. Bygdalaget skriv brev til Fjell Kommune

-       Leige av symjebasseng på Ågotnes. Bygdalaget tek kontakt med kommunen om regleverk mht badevakter.

-       Flottører frå flytebrygge må fjernast  frå Algrøy Kai. Bygdalaget  kontaktar båtlag/ eigar for å rydda opp

-       Mobildekninga er dårleg enkelte stadar på Algrøy. Bygdalaget tek kontakt med Telenor/ Netcom for å få løysing på problemet.

 

 

Hans Inge Algrøy

referent

 

Referat frå styremøte i Algrøy Bygdalag 13.06.2012

Til stades: Aud Svelund,  Leif Algerøy, Bjarte Algrøy, Svein Algrøy, Hans Inge Algrøy,

Forfall: Benedicte Algrøy, Elise Hordvik, Thor Petter Braathen

 

Sak 1 Referat frå møte 21.05.2012

Referat gjennomgått og godkjent

 

Sak 2 Registrering av Bygdalaget i Brønnøysundregisteret

Algrøy Bygdalag er no registrert i Brønnøysundregisteret og har fått eige organisasjonsnummer.Det betyr mellom anna at laget kan vera mottakar av Grasrotandel gjennom Norsk Tipping og få inntekter på det.

Vedtak: Informasjon om dette vert lagt ut på bygdelaget si heimeside med oppmoding til dei som tippar til å registrera Algrøy Bygdalag som mottakar av grasrotandelen, og gje ei  oppskrift på korleis ein skal gjera det.

 

Sak 3.            Jonsokaftefeiring

Bygdalaget arrangerer jonsokfeiring ved Vågsvatnet lørdag 23. juni kl 18.

Det vert laga informasjon om dette som skal leggjast i alle postkassar med innkalling til bålbygging fredag 22.6

Dei som har noko til bålet må denne gongen sjølv sørgja for å få det fram til Vågsvatnet

 

Sak 4            Eventuelt

-       Bilder frå Havgangen og andre bilder frå  Algrøy kan sendast til Bygdalaget for bruk på heimeside og kalendar

-       Tilbud om kjøp av T- skjorter må leggjast ut på heimeside.

 

Hans Inge Algrøy

Referent

 

 

 

Referat frå styremøte i Algrøy Bygdalag  21.05.2012

Til stades: Aud Svelund, Benedicte Algrøy, Leif Algerøy, Bjarte Algrøy, Elise Hordvik,  Hans Inge Algrøy,

Forfall: Svein Algrøy, Thor Petter Braathen

 

Sak 1 Referat frå møte 25.04. 2012

-       Hjertestarter er komen på plass på skulen, øvelsesstarter innkjøpt. Leif undersøker muligheter for forsikring. Kursdatoar er fastsett, og det vil koma informasjon i postkassane om dette.

 

Sak 2             Langøy Kystkultursenter 2012

Styret gjorde fylgjande vedtak:

Når det no er innført husleige for dei som utfører dugnadsarbeid for å halda kafeen på Langøy åpen om søndagane,  vil deltaking i denne dugnaden utfrå fjorårets erfaring medføra økonomisk tap for bygdalaget. Algrøy Bygdalag kan difor ikkje delta i kafedrifta på Langøy i sommar, men vil heller bruka dugnadsviljen i laget til andre aktivitetar.

Bygdalaget har fått førespurnad om deltaking med stand på Langøymarknaden 2012.

Dette er ei salgsmesse, og då vi ikkje har noko å selja, er det ikkje interessant å delta denne gongen.

Bygdalaget lånte i fjor ut eit telt i samband med Langømarknaden. Vi ynskjer ikkje å låna/ leiga ut teltet i år.

 

Sak 2             Havgangen

Havgangen vert arrangert søndag den 10.juni, med start frå kl 10.00 til kl 12.00.

Styret i Bygdalaget stiller på skuleplassen kl 09.30, og førebuande arbeid vert fordelt slik:

-       Bjarte: Utforming av informasjonsmateriell, ansvar for å leggja i postkassar mv

-       Leif:  Tilretteleggjing for salg av T- skjorter, caps, kart mv, oppsetjing av grillar.

-       Aud: Innkjøp av brus og is, grillkull

-       Hans Inge: Skaffar laks og lagar porsjonar for salg

Bjarte sender utkast til informasjonsmateriell til styret for kommentarer.

Salgsprisar: T- skjorter og caps kr 120, kart kr 100, brus kr 20, is kr 10, laksepakkar kr 40

 

Sak 3            Orienteringssaker

-       Bygdalaget har vedtake registrering i Brønnøysundregisteret og innmeldingsskjema er innsendt. Det er ikke motteke stadfesting enno. Bjarte fylgjer opp denne saka

-       Det er etablert kontakt med Vegvesenet om busskur i vegkryss mot Kongvikja.

-        Hans Inge fylgjer opp

-       Søknader til Hordaland fylke om tilskot til turvegprosjektet er avslått. Hans Inge fylgjer opp og prøver også andre kanaler for finansiering

-       Orientering om økonomisk resultat av 17. mai salget på skulen og andre innteker til laget.

 

Neste møte onsdag13. 06.2012 kl 19.30

 

Hans Inge Algrøy

referent

 

 

 

Referat frå styremøte i Algrøy Bygdalag  25.04.2012

Til stades: Aud Svelund, Benedicte Algrøy, Leif Algerøy, Bjarte Algrøy, Elise Hordvik, Svein Algrøy, Hans Inge Algrøy,

Forfall: Thor Petter Braathen

 

 

Sak 1   Hjertestartar

Hjertestartar er innkjøpt og mottatt. Frå skulen har vi fått løyve til å hengja han i uverskuret i gamlebygget, men ettersom dette er ein utsett plass, må det undersøkjast om det er mogeleg å forsikra startaren  før han vert hengd opp.

 

Sak 2             Busskur

Bygdalaget har henvendt seg til Vegkontoret med førespurnad om oppsetjing av busskur i kryssen Nordre Øyavegen/ Kongvikvegen.

 

Sak 3             Fartshumpar i Kongvikvegen

Bygdalaget vil ta kontakt med Fjell Kommune med sikte på å få fartshumpar i Kongvikvegen

 

Sak 4            17 maikomite

Komiteen er i arbeid, bygdalaget kjøper inn nytt luftgevær

 

Sak 5            Eventuelt

Havgangen vert flytta til søndag 10. juni (Endra etter møtet)

Orientering om turvegmuligheter

 

Hans Inge Algrøy

Referent


Referat frå styremøte i Algrøy Bygdalag  08.03.2012

Til stades: Aud Svelund, Benedicte Algrøy, Leif Algerøy, Bjarte Algrøy, Elise Hordvik, Svein Algrøy, Hans Inge Algrøy,

Forfall: Thor Petter Braathen

 

Sak 1 Konstituering

Leiar: Hans Inge Algrøy, vald av årsmøtet

Nestleiar: Benedicte Algrøy (ny)

Kasserar: Aud Svelund (attval)

Bygdalaget sin representant i styret for Algrøy Båtlag: Bjarte Algrøy (ny)

Leiar i fritidsgruppa: Leif Algrøy (attval)

Medlem i fritidsgruppa: Elise Hordvik (ny)

 

Sak 2 Hjertestartar

Forslag om kjøp av hjertestartar vart teke opp på årsmøtet i Algrøy Bygdalag der det fekk tilslutnad frå eit samla årsmøte. På denne bakgrunn har bygdalaget ved hjelp av fagfolk vurdert ulike alternative løysingar og konkluderte med å kjøpa hjertestartar, type Pad 500 som er bygdalaget sin eigedom og skal setjast opp på tilgjengeleg plass for heile bygda.

Total kostnad kr   22.800.

 

Sak 4 Innkomne forslag om busskur og fiberkabel

Vedtak:

Bygdalaget  tek kontakt med kommune og vegvesen om kva som skal til for å få busskur i krysset hovedveg- Kongvikvegen.

Det vert sett i gang arbeid for å undersøkja status og muligheter for fiberkabel til Algrøy

 

Sak 5 Orientering om gamle og nye prosjekt – tilskotssøknader

Bygdalaget har søkt Hordaland Fylkeskommune, kultur og fritidsavdelinga om tilskot  til arbeid og utgifter  med rydding av sti, merking av løyper og bygging av bruer i turvegane på Algrøy. Søknadsfrist 1. mars, svar til sommaren.

 

Sak 7 Registrering av bygdalaget i Brønnøysundregisteret

Vedtak

Det vert sett i gang arbeid med å registrera Algrøy Bygdalag i Frivillighetsregisteret i Brønnøysund. Ei registrering her vil gje tilgang til informasjons- og søknadsportalar for informasjon om tilskot som Fjell Kommune abonnerar på. Det vil og gje mulighet til å gå inn i ordninga som gjev Grasrotmidlar til lag og organisasjonar frå Norsk Tipping.

 

Sak 8 Reguleringsplan Eide – medlem i arbeidsgruppe

Fjell Kommune har invitert Algrøy Bygdalag til å vera representert i arbeidsguppe rundt ny reguleringsplan for industriområdet på Eide.

Vedtak

Tore Hovland, Svein Algrøy vil representera bygda i utvalet.

 

Sak 10 Eventuelt

Algrøy Skule og Bygdalaget har samarbeidd om prosjektet Rydd eit kulturminne og vårt prosjekt er blitt eit av landets 10 beste og vunne ein premie på kr 10.000.

Bygdalaget påtek seg å få laga ei tavle med informasjon om prosjektet og kopi av diplomet som skal setjast opp i torvhustomta der arbeidet er gjort.

Kostnaden vert finansiert med delar av premiebeløpet.

 

Hans Inge Algrøy

referent


Referat frå styremøte i Algrøy Bygdalag 03.01.2012

Til stades: Aud Svelund, Nils Kåre Algrøy, Hans Inge Algrøy,

Vigdis Sekkingstad, Leif Algrøy, Benedicte Algrøy

Forfall: Thor Petter Braathen,

 

Sak 1.            Referat fra møte 15.11.2011

Referat godkjent

 

Sak 2. Årsmøte 2012

Årsmøte vert halde på skulen den 26.januar 2012.

Aud og Hans Inge ordnar med innkalling, saksliste, årsmelding og rekneskap

I tillegg til vanlege årsmøtesaker og orienteringar om drifta,vil styret Bygdalaget  invitera årsmøtet til ein diskusjon om framtida til skulen på Algrøy i lys av politiske signal om nedleggjing. Kva haldning har bygdefolket til dette, kva tiltak er ynskjelege og kva med allaktivitetshuset hvis skulen vert lagt ned.

 

Sak 3  Bygdafest 18. februar

Styret diskuterte opplegg og innhald i bygdafesten 18.februar, med framdriftsplan og fordeling av arbeidsoppgåver.

Invitasjon til bygdafest vert sendt ut i postkassane samtidig med innkalling til årsmøte.

 

Sak 4 Ymse

-        Bygdalaget har lyst ut fotokonkurranse med framvising av bileta på heimesida. Det vil bli kåra vinnar som får premie på 17.mai

-        Bygdalaget har fått førespurnad om å vera med på drifta av Langøykafeen sommaren 2012. Styret er positiv til det, og vil også spørja andre utanom styret om dei vil delta

-        Spørsmål om felles Algrøystand på Langøydagane 2012 vart diskutert. Dette må drøftast med deltakarane på Langøydagane

-        Det er behov for opprusting av turveien mot Idlefjedlet ved at det vert laga bruer/ overgangar på dei våtaste plassane. Arbeidet vert sett i gang i vinter og vi utarbeidar eit prosjekt som vi kan søkja tilskot til.

 

 

Neste styremøte i Bygdalaget vert 31.januar kl 19.00

 

Hans Inge Algrøy

referent

 

Referat frå styremøte i Algrøy Bygdalag 15.11.2011

 

Til stades: Aud Svelund, Nils Kåre Algrøy, Hans Inge Algrøy,

Vigdis Sekkingstad, Leif Algrøy

Forfall: Thor Petter Braathen, Benedicte Algrøy,

 

Sak 1.            Referat fra møte 11.10.2011

Referat godkjent

 

Sak 2.            Julegrantenning søndag 27. november

Det vert arrangert julegrantenning på skulen søndag 27. november kl 17.00

Oppgaver:

Informasjon i postkassar – ansvar Hans Inge

Få på plass gran og setja på lys – ansvar Nils Kåre, Leif, Hans Inge

Innkjøp til arrangementet – ansvar Aud

Baka kaker – ansvar Vigdis og Aud

 

Sak 3  Informasjon frå fritidsgruppa

Orientering om planlagte vinteraktivitetar.

Det er behov for innkjøp av nytt luftgevær til skiskyting. Aud undersøkjer og ordnar med kjøp.

 

Sak 4            Informasjonstavle

Styret gjennomgjekk utkast til tekst og bilder på tavla.

Leif innarbeider nye forslag i utkastet for vidare diskusjon i neste møte.

 

Sak 4. Økonomirapport

Aud orienterte om økonomistatus. Det er god kontroll på økonomien

 

Sak 5. Årsmøte 2012

Årsmøtedato er fastlagt til torsdag 26. januar

 

Sak 6 Bygdalagsfest 2012

Aktuell dato er lørdag 18 februar, ikkje heilt fastlagt enno.

 

Sak 7 Aktuelle saker

-        Orientering om status i sak om søknad om nytt postnummer

-        Orientering om kontakt med Telenor om stadvis dårlig mobildekning på Algrøy

 

 

Hans Inge Algrøy

referent

  

Referat frå styremøte i Algrøy Bygdalag 11.10.2011

Til stades: Benedicte Algrøy, Aud Svelund, Nils Kåre Algrøy, Hans Inge Algrøy,

Vigdis Sekkingstad Leif Algrøy

Forfall: Thor Petter Braathen

 

Sak 1.            Referat fra møte 14.09.2011

Referat godkjent

 

Sak 2.            Liv og Lyst prosjektet – springflo

Benedicte orienterte om møte i Springfloprosjektet

Leif orienterte om møte om turløyper

 

Sak 3.            Søndagskafe i skulehallen 23.oktober

Som tidlegare år arrangerer bygdalaget søndagskafe i skulehallen 23 oktober, med middag, kaffi og utlodning der overskotet går til TV aksjonen.

 

Oppgaveliste:

-        Kafeen åpnar kl 15 med middagsservering, alle møter kl 13 på skulen

-        Hans Inge skriv invitasjon og legg i postkassane, han er og ansvarleg for innkjøp av det som skal til for å laga lapskausen

-        Benedicte ordnar med kaker og tek kontakt med aktuelle til å baka

-        Vigdis og Aud kjøper inn tilbehør som kaffi, dukar, bordpynt og loddbøker , og har totaloversikt over gevinstar

-        Alle prøver å få tak i gevinstar og koordinerar dette med Vigdis og Aud slik at totalt antal gevinstar vert passelig. Hvis vi ikkje får nok sponsorgevinstar kjøper viinn det som manglar.

 

Sak 4            Algrøykalendaren

Enighet om å laga 60 stk kalendarar til fritt salg, evt fleire hvis vi får bedriftsavtaler.

Bilder vart utplukka. Leif og Benedicte arbeider vidare med bilder og kontakt med trykkeri etc.

 

Sak 5            Eventuelt

Instruks for bruk av kjøkken må utarbeidast meir detaljert. Aud lagar utkast og legg fram til diskusjon i styret i neste møte.

Det er behov for nedvasking av kjøkkenet og styret må ta ein dugnad på det.

 

Nytt møte torsdag 20. oktober kl 19 for avklaring av siste detaljar mht Søndagskafe.

 

Hans Inge Algrøy

referent

 

Referat frå styremøte i Algrøy Bygdalag 14.09.2011

 

Til stades: Benedicte Algrøy, Aud Svelund, Nils Kåre Algrøy, Hans Inge Algrøy.

Forfall: Vigdis Sekkingstad Leif Algrøy, Thor Petter Braathen

 

Sak 1            Registrering i Brønnøysund

Friville organisasjonar kan registrera seg i Brønnøysundregisteret og dette kan mellom anna gje tilgang til stønadsmidlar, tippemidlar mv.

Vedtak. Algrøy Bygdalag vert registrert som frivillig lag i Brønnøysundregisteret

 

Sak 2.            Utsending av informasjonsbrev og krav om medlemskontingent

Aud har laga brev med invitasjon til nye medlemar i Bygdalaget

Styret gav tilslutning til dette positive tiltaket. Krav om medlemskontingen vert sendt samtidig.

I tilknytning til saka vart det diskutert evt behov for å samla inn epostadresser til medlemane i Bygdalaget for å halda dei orintert om styret sitt arbeid og ting som skjer.

Det vart vedteke å sjå dette behovet i samanheng med ny nettside.

 

Sak 3.            Liv og Lyst prosjektet – springflo

Fjell kommune dreg i gang eit nytt prosjekt for å koordinera eksisterande aktivitet i bygdene på vestsida og knytta dette saman i eit nettverk.

Benedicte og Hans Inge deltek på møte om dette 29.september.

 

Sak 4            Orienteringssaker

Orientering om melding frå Hans Lauvik om råkøyring på Øyavegen

 

Hans Inge Algrøy

ref

 

Referat frå styremøte i Algrøy Bygdalag 15.08.2011

 

Til stades: Vigdis Sekkingstad, Benedicte Algrøy, Aud Svelund, Leif Algrøy, Thor Petter Braathen, Nils Kåre Algrøy, Hans Inge Algrøy.

 

Sak 1. Kafedrift på Langøy 21. august.

 Leif og Jane og Benedicte er ansvarleg for kafeen og kontaktar andre i styret hvis det er behov for det. Det vert ikkje Friluftgudsteneste den dagen, og dermed ikkje meir folk enn vanleg.

 

Sak 2. Langøymarknaden 27- 28. august

Bygdalaget stiller med liten stand på Langøymarknaden med salg av T-skjorter, caps, turkart  mv.

Alle som har anledning er med og står på stand i løpet av dei 2 dagane.

For arrangementet neste år tek Bygdalaget initiativ til fellesmøte mellom alle frå Algrøy som har stand på Langøydagane for om mogeleg å få til ein felles Algrøystand neste år.

 

Sak 3. Aktivitetar i haust.

Bygdalaget arrangerer søndagsmiddag i samband med TV innsamlinga i oktober og tenning av julegran 1. søndag i advent. Nærare organisering vert avtala på møter i forkant av arrangementa.

 

Sak 4. Møteplan haust 2011

Det vert styremøter den 13. september, 11. oktober, 15.november.

 

Sak 5. Heimeside for Bygdalaget

Benedicte arbeider vidare med prosjektet. Dei som har aktuelle bilder til denne sida og/ eller andre bilder sender dei til Benedicte, benedicte500@gmail.com                        

 

Sak 6 Ymse

Per Vadset har meldt frå om at han ikkje kan delta i styret framover og Nils Kåre Algrøy går inn som fast medlem

Bygdalaget tek sikte på å laga Algrøykalender for 2012. Førestenaden er at det vert samla inn gode bilder til ein slik kalender innan ca 15 oktober. Alle vert oppmoda om å finna fram eller få tak i bilder.

 

Algrøy, 18.08.2011

 

Hans Inge Algrøy

Ref

 

Referat fra bygdalagsmøte torsdag 10. mars 2011

Tilstede: Hans Inge, Per, Leif, Vigdis, Thor-Petter, Aud, Benedikte

Konstituering:

SU rep: Per

Sekretær: Per

Kasserer: Aud

Båtlags rep: Benedicte

Nestleder: Vigdis

Skidag:

Mottatt søknad fra FAU om støtte til finansiering av buss på årets skidag. Bussen koster 6000,- men vi har fått vite at de også har fått støtte fra annet hold. Etter en del diskusjon ble vi enige om å gi 1000,- , men at vi da vil forvente gjenytelse i form av bossrydding langs vei og/eller hjelp til å avvikle 17. mai arrangement. Per skriver svar i brevsform og leverer til avsender, Rigmor Algrøy.

17. mai: Må sette opp 17.mai komite, men fant ikke papirer på hvem som har vært med tidligere. Fikk til slutt satt sammen en liste med navn ut fra husk. Per lager skriv og kaller inn til første møte.

Per/Ann-Kristin, Sverre/Elin, Per/Nina, Morten/Janne, Grete-Mona/Edvin, Jarle/Ann-Sissel,

Evelyn/Frode, Ingebjørg/Stein-Tore, Rigmor/Nils, Geir/Marianne, Eivind, Linn.

Forslag om å i større grad benytte folk utenfor komiteen til hjelp på selve dagen. Leif og Per Magne

Svelund kan hjelpe til.

Forslag om at skolen kan øve inn en sang eller to til prosesjonen.

Heller ikke i år er det noen som vet hvor 17.mai boken er.

Bygdafest:

Veldig få påmeldte. Besluttet å lage påminnelse. Per skriver, og Leif kan levere.

Eget festmøte torsdag 17. mars 19.00. Vigdis kaller inn avgåtte styremedlemmer som har lovet å

være med.

Hjemmeside:

Benedicte har funnet ut at www.bygdalaget.no er ledig. Dette kan vi bruke til å informere om hvasom skjer i bygda og bygdalaget. Benedikte tar dette videre.

Kongsvika:

Hans Inge har sendt inn ny dokumentasjon i forhold til stedsnavn-saken.

Havgangen:

Leif informerer om arbeidet med Havgangen. Har vært i kontakt med Nordsjøløypa om støtte til

løypeskilt og informasjonstavle. En slik støtte forutsetter nasjonal registrering av løype og at vi

forplikter oss til vedlikehold. En del diskusjon om dette er noe vi vil være med på. Ikke alle så på

dette som udelt positivt for bygda. Fordi søknadsfrist er nær forestående, ble vi enige om å utsette

en eventuell søknad til neste år.

Leif har allerede samarbeid med skolen om å lage skilt med gamle stedsnavn langs løypene.

Vedtektsendring:

Årsmøtet stemte for vedtektsendring om vara medlem. Vedtektene må derfor revideres. Hans Inge

mente han hadde elektronisk versjon av forrige utgave.

Postnummer:

På årsmøtet opplyste Tore at bygdalaget kom til å følge opp saken om eget postnummer på Algrøy.

Vi besluttet å ta dette opp igjen på neste møte.

Neste møte:

Torsdag 17. mars klokken 19.00. Dette blir et rent festmøte

 

 

 

Referat fra årsmøte i Algrøy Bygdalag

Sted: Biblioteket på Algrøy skule

Tid: Mandag, 21. februar, 2011

Møteleder: Tore Hovland, styrelder

Referent: Per Vadseth

Oppmøte: 21 medlemmer, inklusive styremedlemmer

Godkjenning av inkalling og saksliste:

Innkalling og saksliste ble godkjent uten kommentarer.

Årsmelding:

Skriftlig årsmelding ble delt ut og gjennomgått.

Leif Algrøy orienterte muntlig om arbeidet i friluftsgruppen;

• Havgangen var en suksess med ca 80 deltagere. Dato for neste arrangement ble etter

diskusjon satt til 2. pinsedag.

• Skøytedag med utdeling av 22 bronsemerker

• Invitasjon til hjerte- og lungeredning er sendt ut

Regnskap:

Detaljert regnskap og oversikt ble delt ut og gjennomgått av kasserer Grete-Mona Hauge.

Regnskapet viste ett underskudd på kr 15.917,19. Saldo per 31.12.2011 var kr 79.445,72. Ingen

kommentarer til regnskapet.

Valg:

Valget ble ledet av Reidun Erland som var i valgkomite sammen med Camilla Algrøy.

Nils Algrøy, Grete-Mona Hauge, Tore Hovland har sittet i 4 år, og ønsket ikke gjenvalg. I tillegg

ønsket Siri Jørgensen å gi seg etter 1 år av familiære grunner.

Valgkomiteen presenterte 4 kandidater som ble valgt uten protester. Disse 4 var;

• Aud Svelund

• Benedikte Algrøy

• Thor Petter Braathen

• Hans Inge Algrøy

Per Vadseth har sittet i styret i 2 år, og tok gjenvalg for nye 2 år. Også han ble valgt.

Hans Inge Algrøy ble noe motvillig valgt som ny styreleder. Hans Inge ble valgt for 1 år siden Siri

bare har sittet et år. Dette for å få jevn utskifting av styret.

Ettersom forslaget om vedtektsendringen ble godkjent (se under), ble det også valgt et vara medlem.

Det ble stilt benkeforslag på Nils Kåre Algrøy. Han godtok, og ble valgt.

Camilla stilte ikke til gjenvalg i valgkomiteen. Etter ny praksis ble et av de avtroppende

styremedlemmene valgt inn. Tore Hovland ble valgt, og danner komite sammen med Reidun

Erland.

Kristin Algrøy ble valgt til Revisor.

Medlemskontigent:

Forslaget om å holde kontigent uendret ble vedtatt. 175,- for familie og 100,- for enkeltmedlemmer.

Vedtektsendring, varamedlem:

Forslaget om å øke styret med et vara medlem ble godkjent.

Innkomne saker:

Styret hadde ikke mottatt noen innkomne saker.

Eventuelt:

Arild Algrøy hadde forslag om å endre gjeldende praksis for 17. mai komite. Praksis har vært at foreldre til barn i skolen har vært med i komite annet hvert år. Det har blitt mye arbeid på få personer, samtidig som en er opptatt med å passe de minste barne. Forslaget ble møtt med forståelse, og det nye styret vil diskutere dette videre.

 

Nyeste kommentarer

04.01 | 19:29

Flotte og gøyale båter som er kommet i elevane :) jammen er du flink Leif;) ungene hadde det veldig kjekt.

...
19.10 | 20:05

Greetings from Algers in Chico, California
What a fantastic web site! Yeah Bygdalaget!

...
19.06 | 17:43
Volleyball har mottatt 1
20.08 | 19:51
Fotoalbum har mottatt 2