Vedtekter for Algrøy bygdalag

   

1.        Namnet på laget skal vera Algrøy Bygdalag       

2.        Laget skal vera politisk uavhengig og arbeida for sosialt samkvem og saker av felles interesse for oppsitjarane.         

3.        Alle som er busette på Algrøy kan vera medlemmar. Medlemer som er over 16 år betalar medlemskontingent og har røysterett. Medlemskontingent vert fastsett av årsmøtet.           

4.        Valet skal avviklast slik:       

a)   Årsmøtet vel 7 styremedlemer og inntil 4 varamedlemer. Årsmøtet vel formannen, ellers konstituerar styret seg sjølv.

b)  Styremedlemane vert velde for 2 år om gongen. Første gongen vert 2 styremedlemer valde for 1 år, dei andre for 2 år. Varamedlemene vert valde for eitt år om gongen.

c)  Årsmøtet vel ein revisor for 1 år om gongen.

d)  Årsmøtet vel valnemnd på 2 personar for 1 år om gongen.    

5.        Medlemsmøte vert halde etter behov, men minst ein gong i året medrekna årsmøtet. Dersom minst 7 medlemar krev det, skal det innkallast til medlemsmøte i laget.      

6.       Saker som krev avstemming kan avgjerast av medlemsmøte med simpelt fleirtal.         

7.       Endring av vedtektene kan avgjerast av årsmøtet med simpelt fleirtal.      

8.       Innkalling til årsmøtet skal vera skriftleg. Årsmøtet skal haldast innan 15. februar.      

9.       Årsmøtet skal innehalda:

a)   Godkjenning av innkalling og saksliste.

b)   Årsmelding.

c)   Rekneskap.

d)   Val.

e)   Fastsetjing av medlemskontingent.

f)    Ymse.

              Saker som skal handsamast på årsmøtet må vera
              innkomne til styret innan ei veke før årsmøtet.  

       10.  Styret si økonomiske fullmakt er avgrensa til kr 20.000 i enkeltsaker.
              I saker som overstig dette beløpet skal det kallast inn til medlemsmøte eller saka skal ut på
             høyring blant medlemane.
   

         

Nyeste kommentarer

04.01 | 19:29

Flotte og gøyale båter som er kommet i elevane :) jammen er du flink Leif;) ungene hadde det veldig kjekt.

...
19.10 | 20:05

Greetings from Algers in Chico, California
What a fantastic web site! Yeah Bygdalaget!

...
20.08 | 19:51
Fotoalbum har mottatt 2
20.08 | 13:30
Hovedsiden har mottatt 92