Utleigereglement

Algrøy Bygdalag har ein avtale med Fjell kommune som eigar av huset om at Bygdalaget disponerer utleige av Allaktivitetshuset.

 

1.    Skriftleg søknad skal sendast til Algrøy Bygdalag ved huskomiteen. I søknaden skal formålet kome klart fram. Søkjar skal vere over 25 år og skal skrive under på leigeavtale som ansvarleg leigetakar. Ansvarleg leigetakar skal vere til stades under heile arrangementet.

 

2.    Fastbuande på Algrøy har etter søknad høve til å leige hallen til formål som f.eks. jubileum, konfirmasjon, bryllaup, dåp, venelag. Pris kr 750 for helgearrangement. Leige av hallen til mindre selskap/arrangement inntil 3 timar på dag- eller kveldstid, er satt til kr. 250. 

 

3.    Fastbuande kan i visse høve leige hallen på vegner av nære familiemedlemar. Prisen vert i desse tilfella kr 2000. Ansvarleg leigetakar skal vere til stades under heile arrangementet.

 

4.    Ved konfirmasjon vert tildeling gjort ved loddtrekning mellom innkomne søknader om bruk av hallen. Loddtrekning vert føreteke 10 månader før kofirmasjonsdato. Konfirmantar frå Algrøy har fortrinnsrett framføre konfirmantar frå andre bygder. Ved andre arrangement vert tildeling føreteken etter dato for førespurnad.

 

5.    Hallen vert til vanleg ikkje utleigd kvelden før planlagt arrangement.

 

6.    Leigetakar skal rette seg etter ”Reglar for bruk”

 

7.    Dette reglementet er vedteke av årsmøtet i Algrøy Bygdalag

 

 

 

 

Nyeste kommentarer

04.01 | 19:29

Flotte og gøyale båter som er kommet i elevane :) jammen er du flink Leif;) ungene hadde det veldig kjekt.

...
19.10 | 20:05

Greetings from Algers in Chico, California
What a fantastic web site! Yeah Bygdalaget!

...
20.08 | 19:51
Fotoalbum har mottatt 2
20.08 | 13:30
Hovedsiden har mottatt 92