REGLAR FOR BRUK AV ALLAKTIVITETSHUSET

 

1.     Allaktivitetshuset kan leigast ut til personar over 25 år og ansvarleg for tiltaket skal vera til stades nå aktiviteten pågår. Nøkkel til bygget kan hentast etter avtale, og utlevering skjer mot kvittering for mottak.

 

2.     Lokaler og utstyr/inventar skal handsamast forsiktig og ein skal vera nøye med å setja alle ting på plass slik det var før bruk Det skal ikkje nyttast fleire rom enn det som er nødvendig for aktiviteten. Hvis noko vert skada eller øydelagt under bruk, skal dette førast inn i logg som heng på kjøkkenet og meldast til bygdalaget. Erstatningsplikt vert vurdert i kvart einskild tilfelle.

 

3.     All trafikk inn og ut av hallen skal føregå gjennom hovuddør og gang for at ikkje sand og skit skal vera dregen inn. Sportsgolvet tåler lite og ein må tørka godt av utesko før ein går inn i hallen. Direkteinngangane til gymsalen skal ikkje brukast som inn- og utgangsdør til hallen.

Det må heller ikkje forgå aktivitet inne som kan skada golvet

 

4.     Røyking skal ikkje finna stad inne, og ved evt røyking utanfor huset skal alle spor fjernast. Alkoholbruk skal følgja dei til ei kvar tid gjeldande reglar for dette.

 

5.     Leigetakar pliktar å setja seg inn i branninstruks for bygget og følgja reglane i dette.

 

6.     Leigetakar skal vaska alt kjøkkenutstyr som har vore i bruk. Instruks for bruk av oppvaskemaskin er hengd opp på kjøkkenet. Kjøkkenhanddukar og oppvaskfiller skal takast med heim for vask og leverast tilbake snarast mogeleg. Alle mat- og drikkerestar skal fjernast frå kjøleskapet. Alt boss skal fjernast frå bygget og uteområdet skal vera rydda for evt boss. Det skal kontrollerast at alle alle elektriske apparat er avslått og støpsel teke ut av kontaktar.

 

7.     Leigetakar er ansvarleg for vasking og rydding av alle rom som har vore i bruk. Dette omfattar og gangar, garderobar og toalett.

Reingjering av golv og toalett fylgjer eigen reingjeringsinstruks som er opphengd på vaskerom der ein også finn filler, moppar og vaskemidlar.

Golv i hall skal reingjerast med mopp, golv i kjøkken, gang og garderobar skal vaskast med vatn og vaskemiddel


8.     Når ein forlet lokalet skal ein forsikra seg om at alle vindauge er lukka, alle lys sløkte og alle dører låste. Nøkkel skal leverast til utleigarrepresentant.

 

9.     Leigepris for private ikkje kommersielle formål for fastbuande er kr 750, andre kr 2000. Konto for innbetaling 3628.53.94036.

 

           

 

 

Nyeste kommentarer

04.01 | 19:29

Flotte og gøyale båter som er kommet i elevane :) jammen er du flink Leif;) ungene hadde det veldig kjekt.

...
19.10 | 20:05

Greetings from Algers in Chico, California
What a fantastic web site! Yeah Bygdalaget!

...
19.06 | 17:43
Volleyball har mottatt 1
20.08 | 19:51
Fotoalbum har mottatt 2