Algrøysangen

Algerøy, fiskarheim, vi deg helsar høgt og herdig.

Der du ligg i havet verdig, like byrg for kvar ein svein.

Vi om deg ein song vil syngja,

Lat han ljoma rein og klår,

For vi elskar deg av hjarta, du er vår.

 

Algerøy, havets møy, aud og snau du stig or havet,

Og vi jamt vert trøytt av kavet, her på deg du nakne øy

Men vi likevel deg elskar,

For du er vår fedragard,

Der vi glade leikar oss hjå mor og far.

 

Algerøy, langt i hav, vi ein ting av deg kan læra,

Og det er at vi må vera, småe her i livets krav.

Dei som altfor høgt vil stiga,

kan so lette detta ned.

Difor trå kje høgt, men far med sømd og fred.

 

Algrøy mann, opp og fram, stell med garden, dyrk opp jorda,

So du mat kan få på borda, og kan føda sau og lam

Tak so båten, ro på havet

Og hiv fisken inn om bord

Då det vert ei råd for både små og stor.

 

Algrøy mann, opp og fram, tenk på skrifta husk på orda,

Grav kje pundet ned i jorda, men ver trugen i ditt kall.

Og når storm og uvær rasar,

Og det bryt på fall og flud,

Sjå då over alle stormar opp til Gud.


Algrøysangen ble skrevet av lærer Tveit på Algrøy for ca 100 år siden

Nyeste kommentarer

04.01 | 19:29

Flotte og gøyale båter som er kommet i elevane :) jammen er du flink Leif;) ungene hadde det veldig kjekt.

...
19.10 | 20:05

Greetings from Algers in Chico, California
What a fantastic web site! Yeah Bygdalaget!

...
20.08 | 19:51
Fotoalbum har mottatt 2
20.08 | 13:30
Hovedsiden har mottatt 92