Seglmerke og fortøyningsboltar ved Algrøy

Bakgrunn

Langs farleia frå havet inn mot havna på Algrøy er det ei rekkje fortøyningsboltar på begge sider av innseglinga. Boltane har stått der frå gamal tid og er i ferd med å verta gløymde og usynlege. På Tjørnøy som er ytste øya i innseglingleia, står der ein steinvarde med seglmerke av tre på toppen.  Varden ruvar i terrenget og er synleg langt til havs, og må og vera svært gamal.

Det har gjennom tidene vore ulike statsvesen som har vedlikehald alt dette, men vedlikehaldsarbeidet  er etterkvart trappa ned, og dei fleste av fortøyningsmerka, dei såkalla blinkane, er ikkje synlege lenger.

Algrøy Bygdalag ynskjer å ta vare på desse kulturminna og har sett i gang eit prosjekt for å vøla og vedlikehalda både varden og fortøyningsboltane/-blinkane.


Sjømerkene

Varden på Tjørnøy inngår i ei rekkje av liknande vardar langs kysten og tente som vegvisar for skipstrafikk frå havet. Vardane ligg tett på kysten her vest, og har litt ulik storleik, Neste varde mot sør ligg vest for Telavåg og varden nord for Tjørnøy ligg på Ljøsøy vest for Kårtveit. Varden på Tjørnøy består av ein ca 6 meter høg steinvarde med ei 0,6 meter høg tregrind på toppen, montert på eit stålstativ som er ca 0,5 meter høgt..

Fortøyningsinstallasjonane består av solide jernboltar, nokre med jernring omkring og eit rundt merke, ein blink, som er malt på bergveggen bak bolten for å synleggjera frå avstand kvar fortøyningsbolten er.

 

Historisk utvikling

Fortøyningsboltane er ulike og oppsett til ulik tid, og typen boltar tidfestar oppsetjingstidspunket. Alt i lover og rettsbøker frå det 13. og 14.århundre fins vedtekter og reglar for fortøyning, men då var det tale om naturlege feste for fortøyning eller samankasta steinhaugar med påle i midten, såkalla åborder. Første gongen boltane er omtalt i skrivne kjelder er på 1600 talet. Det er ingen som veit når tid dei første boltane vart oppsette i vårt område. Ut frå litteraturen omkring dette kan det tyde på at dei eldste her omkring kan vera frå tidleg 1800 talet, og at dei fleste er oppsett utover på 1800 talet ein gong. Fortøyningsboltane  vart brukt av handelsfartøy og fiskefartøy som låg i havn ved uver, i helger eller når dei av andre grunnar hadde landligge. Også føringsfartøy og fiskeoppkjøparar hadde nytte av desse boltane. Det eksisterer ein del litteratur om oppsetjing og bruk av boltane som vi ikkje skal gå nærare inn på her. Etter tettleiken av boltar å døma har det vore stor skipstrafikk og aktivitet i farvatnet rundt Algrøy.

Dei første fortøyningsringane var i privat eige med høve til innkreving av avgift. Etter kvart overtok staten eigarskapet til boltane, og det vart oppretta ein eigen statsetat, Ringevesenet, seinare Merkevesenet, som hadde ansvar for oppsetjing og vedlikehald av boltane som var eit nyttig tiltak for skipsfart, fiskeri og anna verksemd på kysten i tidegare tider. I 1922 vart ansvaret for fortøyningsboltane overteke av Statens Havnevesen og Kystverket fekk då det vart oppretta, ansvar for drift og vedlikehald av boltane. Vedlikehaldet held fram til ein gong på 1960- 70 talet

Ved minkande nytte og bruk har Kystverket ikkje prioritert vedlikehald av installasjonane og dei forfell.

         

Prosjektet

Fortøyningsboltane og vardane langs kysten fortel ei viktig historie om kystkulturen vår og vi ynskjer å gjera ein innsats for å ta vare på desse kulturminnesmerka ved å setja dei i stand, vedlikehalda dei, og formidla informasjon om desse minnesmerka i skjergarden vår.

Toppen av varden skal byggjast opp på nytt og dette arbeidet er i hovedsak gjennomført. Det er laga ny stålgrind for treverket, denne er støypt fast oppå varden og nytt treverk er montert. Alt dette er til erstatning for det gamle som er rusta og rotna vekk. Det er 40 år sidan  toppen av varden vart borte. Det som står att av dette arbeidet er beising og smørjing av tre og jern. Dette reknar vi med å fullføra i sommar.

Arbeidet med fortøyningsboltane er så vidt i gang. Boltane er av stål og skal bankast fri for rust og malast fleire gonger med eigna maling

Blinkane i berget skal malast etter at berget er godt reingjort for mose og lav. Det må påførast maling fleire gonger.

Det er i alt 25 slike boltar med tilhøyrande blinkar langs innseglinga og i havna på Algrøy.

Etter at arbeidet er gjort vil alle som ferdast i området igjen kunna sjå spora frå seglskutetida.

 

Nytteverdi – kunnskap og identitet

Dette er eit kulturhistorisk arbeid som det er viktig å få utført før boltane rustar vekk og blinkane forsvinn heilt. Arbeidet vert gjort i nær kontakt med Kystverket som synes dette er eit godt initiativ.

Resultatet av arbeidet vil vera godt synleg både for turistar og fastbuande som det ferdast mange av i området. Vi har fått positiv tilbakemelding på det som er gjort.

Informasjon om prosjektet vert lagt ut på nettsida til Algrøy Bygdalag og vi håpar at tiltaket  vil gje både bygdefolk og tilreisande innblikk i denne delen av lokalhistorien. Det vil styrka identitet og gje kunnskap om bygda vår.

 

Nyeste kommentarer

04.01 | 19:29

Flotte og gøyale båter som er kommet i elevane :) jammen er du flink Leif;) ungene hadde det veldig kjekt.

...
19.10 | 20:05

Greetings from Algers in Chico, California
What a fantastic web site! Yeah Bygdalaget!

...
19.06 | 17:43
Volleyball har mottatt 1
20.08 | 19:51
Fotoalbum har mottatt 2