Årsmelding 2013

Årsmelding Algrøy Bygdalag 2013

 

 

Styret har vore slik samansett i 2013:

Hans Inge Algrøy – leiar, Benedicte Algrøy - nestleiar, Aud Svelund – kasserar

Leif Algerøy, Elise Hordvik, Bjarte Algrøy, Victoria Linnerud

Vidar Danielsen, vararepresentant

 

                                                ****

Laget sine aktivitetar i 2013 var i hovudsak fylgjande:

 

        1            Bygdafest

Bygdafesten 2013 vart halden  9. februar, med stor oppslutning og god stemning, ca 70 personar deltok.

 

2            Årsmøte 2013

      Årsmøte vart halde den 20. februar med ca 25 personar til stades

 

3            Skøyteløp på Vågsvatnet

      I januar vart det arrangert skøyteløp på Vågsvatnet med  høve til å ta skøyteknappen for dei som ville det.

 

4      17. mai

17. mai vart feira på tradisjonelt vis med godt ver og mykje folk. Dette var siste året med ordinær drift av Algrøy Skule som barneskule.  Det er ein utfordring for bygda å laga ein ny tradisjon for 17. maifeiring når no skulen er nedlagt. Bygdalaget inviterar til innspel om dette.

 

5            Turløypene

      Merkinga av turløypene er forsterka ved oppsetjing av fleire farga merker langs hovedveg og på fellesskilta.

      Rasteplassen ved Elvane er i denne omgang ferdig, men med muligheter for vidare utvikling.

      Løypetraceane er vedlikehaldne og det er sendt ut informasjon med parkeringsopplysningar.

      Talet på turgåarar i løypene aukar frå år til år, og det har vore fleire arrangerte turar der folk frå bygda har vore med som turleiar og guide.

 

6            Natursti           

      Torsdag 9. mai arrangerte Bygdalaget natursti. Det var sett opp 5 postar med spørsmål på, og vinnarar vart premierte ved ankomst til målpunktet Elvane, der grillen var fyrt opp og deltakarane kunne grilla mat.

      Trass i dårleg ver, var det ca 50 deltakarar på arrangementet

 

7            Dugnad – oppgradering av turveg

      Våren 2013 leigde bygdalaget gravemaskin og det vart grave grøfter og lagt rør under turvegen til Vågsvatnet for å gjera den tilgjengeleg for fleire. To lørdagar i mai vart det arrangert dugnad for å grusa vegen og over 20 personar deltok i dugnaden. Takk til alle som var med. Det vil bli invitert til fleire dugnader i 2014.

 

8                        Havgangen

Turmarsjen Havgangen vart gjennomført 9. juni med ca 150 deltakarar. Fint ver, god stemning og god tilbakemelding på merkinga av dei nye turløypene. På skuleplassen var grillane varme og Bygdalaget selde mat, T-skjorter og capser.

 

9                        Jonsokafta

      Den tradisjonelle Jonsokaftefeiringa ved Vågsvatnet teikna bra etter god oppslutning om bålbygging og tilrettelegging. Dessverre kom det regn like etter at eit av dei største båla som nokon gong har vore bygd var tent. Partytelt vart sett opp i ein fart, men regnet la nok ein dempar på tilstelninga. Bygdalaget har kjøpt inn to kanoar  som vart  brukt i Vågsvatnet Jonsokafta, og vil veta brukt ved andre arrangement.

 

10            Fiskekonkurranse

      I september vart det arrangert fiskekonkurranse med over 30 deltakarar. Barn og vaksne fiska i to timar og det var mange fiskeslag i fangsten som vart målt og vegd på skuleplassen etter konkurransen.

Fine premiar var det og til vinnarane av dei ulike klassane. Fiskekonkurransen var eit nytt tiltak som vil verta gjentatt.

       11            TV aksjonen

Søndagskafe vart halde i allaktivitetshuset  i samband med TV aksjonen.

Denne gongen var bygdakoret med og skapte god stemning gjennom ein minikonsert.

Vi fekk inn mange flotte gevinstar frå lokalt næringsliv mv

            Ca 80 møtte fram og arrangementet gav eit overskot til TV aksjonen på  kr 5500

 

 

       12            Julegrantenning – juleverkstad

 I samband med julegrantenninga vart det og arrangert juleverkstad  i allaktivitetshuset den 2.desember.  Det var som vanleg  god  opplutning om begge arrangementa.

      

       13            Algrøykalendar

Bygdalaget har for tredje gang laga Algrøykalendar med flotte bilete frå nærmiljøet, tekne av folk i bygda. Det er selt 90 kalendarar som har gjeve eit godt bidrag til drifta av bygdalaget . 

 

       14            Heimeside,  www.bygdalaget.no           

Bygdalaget si  heimeside med informasjon om Algrøy og aktivitetar som føregår her vart godt vedlikehalden i 2013 og er godt besøkt. I løpet av året har sida hatt ca 30.000 besøk, og totalt over 2 år ca 70.000 treff. Bygdalaget oppmodar folk  til å bidra med stoff til heimesida. Epostadresse for innsending av stoff finn du på sida.

Vi har og ei facebookside tilknytta bygdalaget (www.facebook.com/algroyna            )

 

        15            Fotokonkurranse

På heimesida har Bygdalaget ein avdeling for bilete. Lokale bilete kan brukast til kalendar, fotomontasje, informasjonsmateriell og til framvisning ved spesielle anledningar. I 2013 hadde vi to fotokonkurransar med temaene Fangsten og Algrøydører. Det var god oppslutnad om begge konkurransane og med premie til vinnarane.

 

        16            Trafikksituasjonen

Bygdalaget har også i 2013 påpeika behova for trygg trafikk på Algrøy og gjentatt tidlegare krav :

-        Fartsgrensa må setjast ned til 50 kmt på heile Algrøy

-        Det må byggjast fartsdumpar på Kongvikvegen

-        Parkeringsplassen ved skulen må merkast med parkeringsfelt

-        Det må setjast opp busskur i krysset fylkesveg/ Kongvikvegen

     

         17            Mobildekning

Mobildekninga på Algrøy er svært dårleg enkelte stader og Bygdalaget har i 2013 bedt  Telenor to gonger i  om forbedring av situasjonen. Svaret er kvar gong at vi ikkje er på lista over dei områda som skal forsterkast dei neste tre månadane Dei som har dårleg dekning vert oppmoda om å ta kontakt med Telenor for å auka presset.

 

         18             Fiberkabel

            Bygdalaget tok hausten 2012 initiativ til å få fiberkabel til Algrøy og arrangerte i samband med dette

            orienteringsmøte på skulen og var i tett dialog gjennom med BKK våren 2013 for å få fiberkabel til gards.

I september månad var fiberkable på plass i alle hus som ville ha dette, og vi er fornøyd med å ha medverka til at dette             kom i orden så fort som det gjorde.

                       

       19  Skulesaka

Som varsla vart Algrøy Skule nedlagt som barneskule til sommarferien 2013. Bygget er i bruk til elevar med spesielle behov og vedtaket om slik bruk er at ein ser eitt år om gangen. Bygdalaget har hatt møter med  den nye rektoren om evt samarbeid mellom bygda og skulen og har ellers god løpende dialog med skulen.

Vi vil følgja nøye vidare utvikling i saka om bruk av skulen, særleg med tanke på vår tilgang til allativitetshusdelen.

    

        20            Grasrotandel

Bygdalaget er registrert som frivillig organisasjon i Brønnøysundregistrene og det er dermed mogeleg å øremerka grasrotandel for  tipping til bygdalaget. For 2013 gav dette inntekt på kr 3.900 til bygdalaget som kjem til utbetaling i 2014. Vi oppmodar framleis dei som spelar LOTTO mv om å ha Bygdalaget som sin mottakar av grasrotandelen..

 

        21  Tilskot til Bygdalaget

Bygdalaget har i året motteke kr 20.500 i tilskot frå Fjell Kommune, kr 50.000 frå Gjensidigefondet og kr 10.000 frå

Sparebanken Vest. Vi takkar  hjarteleg for bidraga.

 

       22            Folkehelseprisen

Vel fortjent vart styremedlem og ildsjel i Bygdalaget, Leif Algrøy, tildelt den nyinnstifta folkehelseprisen for Fjell Kommune for 2013.

            Prisen vart overrekt på eit arrangement på Algrøy i desember 2013 som Fjell Kommune og Barnas Turlag arrangerte og

 der det var ca 200 personar til stades. Gratulerer Leif.

 

 

 

Styret i bygdalaget takkar alle i bygda for godt samarbeid i 2013 og håpar på framleis god oppslutning frå bygdefolket både til førebuing av arrangementa og som deltakarar.

Vi tek svært gjerne imot innspel til saker laget skal delta i og arbeida med.

 

Algrøy,27. januar 2014

Styret i Algrøy Bygdalag 

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

04.01 | 19:29

Flotte og gøyale båter som er kommet i elevane :) jammen er du flink Leif;) ungene hadde det veldig kjekt.

...
19.10 | 20:05

Greetings from Algers in Chico, California
What a fantastic web site! Yeah Bygdalaget!

...
20.08 | 19:51
Fotoalbum har mottatt 2
20.08 | 13:30
Hovedsiden har mottatt 92
Du liker denne siden