Standard side

Årsmelding Algrøy Bygdalag 2012

Styret har vore slik samansett i 2012:

Hans Inge Algrøy – leiar, Benedicte Algrøy - nestleiar, Aud Svelund – kasserar

Leif Algerøy, Elise Hordvik, Bjarte Algrøy

Svein Algrøy ( fast møtande vara til august, deretter fast medlem)

Victoria Linnerud, vara frå september

 

                                                               ****

 

Det har vore avhalde månadlege styremøter i laget unnateke i sommarmånadene

Laget sine aktivitetar  i 2012 var  i hovudsak fylgjande:

 

        1     Bygdafest

Bygdafest vart halden 18. februar, med god oppslutning og høg stemning, ca 40 personar

 

2     Hjertestartar

Bygdalaget kjøpte hjertestartar  i 2012 og det er halde mange kurs i bruk av startaren  med lokale helsearbeidarar som kursleiarar. Kostnaden var ca kr 26.000. Startaren heng på skulen.

 

3     17. mai

17. mai vart feira på tradisjonelt vis med godt ver og mykje folk. Talar for dagen var Gudveig Lillebø.

Bygdalaget kjøpte nytt luftgevær til bruk på 17. mai og evt andre arrangement.

 

4                     Havgangen

Turmarsjen Havgangen vart gjennomført i juni med ca 150 deltakarar, som er 20% høgare deltakartal enn i 2011. Fint ver, god stemning og god tilbakemelding på merkinga av dei nye turløypene. På skuleplassen var grillane varme og Bygdalaget selde mat, T-skjorter og capser.

 

5     Turløypene

        Merkinga av turløypene er forsterka ved oppsetjing av fleire navneskilt, det er laga fire nye gangbruer over våte parti i løypa, 5 postkassar med fuglenavn og som inneheld spørsmål som kan sendast inn til ein konkurranse er sett opp i løypa. Ennå meir av løypene er rydda for lyng og brake og grøfter er oppgravde for å leda vekk vatn frå stiane. Det er under opparbeiding rasteplass ved Elvane som blir ei perle i blå løype. Løypene har og fått god omtale i boka Topptur i Bergensområdet.

Vi er stolte av løypene, og fritidsgruppa med Leif i spissen har gjort ein kjempeinnsats nok ein gong.

 

6                     Jonsokafta

        Den tradisjonelle Jonsokaftefeiring ved Vågsvatnet vart avlyst pga dårleg frammøte til bygging av bål. Dette er ein tradisjon som vi bør halda ved like og det vert oppfordra til deltaking i bålbygginga.

 

7                     Langøykafeen - Langøydagane

Bygdalaget fekk tilbod om å vera med og driva Langøykafeen nokre søndagar i 2012, men vi avslo pga dårleg økonomisk resultat i 2011. Vi vil få spørsmål om drift i 2013, og dersom nokon er interessert i å ta ein dugnadssøndag, ta kontakt med Bygdalaget.

       

       8      TV aksjonen

Søndagskafe i allaktivitetshuset  i samband med TV aksjon vart halde litt forseinka første helga i november.

Vi fekk inn mange flotte gevinstar frå lokalt næringsliv mv

                Ca 80 møtte fram og arrangementet gav eit overskot til TV aksjonen på ca kr 4700

 

       9      Julegrantenning - juleverkstad

             I samband med julegrantenninga vart det i 2012 og arrangert juleverkstad  i allaktivitetshuset den    2.desember.  Det var           god opplutning om begge arrangementa.

       

       10    Algrøykalendar

Bygdalaget har for andre gang laga Algrøykalendar med flotte bilete frå nærmiljøet, tekne av folk i bygda. Det er selt 90 kalendarar som har gjeve eit godt bidrag til drifta av bygdalaget . 

               

     

 

 

  11         Heimeside,  www.bygdalaget.no      

Bygdalaget si  heimeside med informasjon om Algrøy og aktivitetar som føregår her vart godt vedlikehalden i 2012 og er godt besøkt. I løpet av året har sida hatt ca 20.000 besøk, og totalt over 2 år ca 40.000 treff.. Bygdalaget oppmodar folk i og utanfor bygda til å bidra med stoff til heimesida. Epostadresse for innsending av stoff finn du på sida.

 

 

        12   Fotokonkurranse

På heimesida har Bygdalaget ein avdeling for bilete. Lokale bilete kan brukast til kalendar, fotomontasje, informasjonsmateriell og til framvisning ved spesielle anledningar. For å få inn bilete har Bygdalaget via heimesida lyst ut fotokonkurranse med premiering

 

        13   Trafikksituasjonen

Bygdalaget har skrive høyringsuttale til trafikksikringsplan for Fjell og påpeika fylgjande:

-          Fartsgrensa må setjast ned til 50 kmt på heile Algrøy

-          Det må byggjast fartsdumpar på Kongvikvegen

-          Parkeringsplassen ved skulen må merkast med parkeringsfelt

-          Det må setjast opp busskur i krysset fylkesveg/ Kongvikvegen

     

         14  Mobildekning

Mobildekninga på Algrøy er svært dårleg enkelte stader og Bygdalaget er i dialog med Telenor om mulig forbedring av situasjonen. Dei som har dårleg dekning vert oppmoda om å ta kontakt med Telenor for å auka presset.

 

         15 Fiberkabel

                Bygdalaget har teke initiativ til å få fiberkabel til Algrøy og arrangerte i samband med dette

                orienteringsmøte på skulen i desember. BKK er no i gang med siste innspurt i individuell oppfølgning

                av alle husstandar. Det trengs 90 abonnentar for å gå i gang med prosjektet.      

 

       16  Skulesaka

Saman med FAU ved skulen deltok Bygdalaget på kontaktmøte med arbeidsgruppa som arbeider med skulestrukturen i Fjell. Resultatet av møtet vart utsetjing av nedleggjing av skulen og samkøyring av prosessen med arbeid med skulestrukturen.

    

        17   Grasrotandel

Bygdalaget er registrert som frivillig organisasjon i Brønnøysundregistrene og det er dermed mogeleg å øremerka grasrotandel til bygdalaget. For 2012 gav dette inntekt på kr 1.100 til bygdalaget.

 

        18  Tilskot til Bygdalaget

Bygdalaget har i året motteke kr 2000 i driftstilskot frå Fjell Kommune, kr 7000 til hjertestartar og kr 11.000 til eit

planlagt prosjekt i turløypa – Tøkje.

 

 

Dette vil vi arbeide med i 2013.

I 2013 vil Bygdalaget halda fram arbeidet med å laga til arrangement ved dei faste anledningane.

Vintersportsaktivitetar vil verta gjennomført hvis ver og føre tillet det

Turvegprosjektet vil bli vidareutvikla ved opprusting av sti/ veg der det er behov for dette

Nye lunge- hjerteredningskurs vil verta haldne

Heimesida vil verta halden ved like og vidareutvikla

Vidare arbeid med sakene som gjeld trafikk, fiberkabel, mobildekning, etterbruk av skule og allaktivitetshus ved evt skulenedleggjing og andre saker som måtte koma opp.

Styret i Bygdalaget vil ta kontakt med styret i Sildavika Velforening for nærare samarbeid med dei som bur i det området.

Vi ber om innspel frå medlemar og andre til tiltak i regi av Bygdalaget.

 

Styret i bygdalaget takkar alle i bygda for godt samarbeid i 2012 og håpar på framleis god oppslutning frå bygdefolket både til førebuing av arrangementa og som deltakarar.

Vi  tek svært gjerne imot innspel til saker laget skal delta i og arbeida med.

 

Algrøy,20.februar 2013

Styret i Algrøy Bygdalag

Nyeste kommentarer

04.01 | 19:29

Flotte og gøyale båter som er kommet i elevane :) jammen er du flink Leif;) ungene hadde det veldig kjekt.

...
19.10 | 20:05

Greetings from Algers in Chico, California
What a fantastic web site! Yeah Bygdalaget!

...
19.06 | 17:43
Volleyball har mottatt 1
20.08 | 19:51
Fotoalbum har mottatt 2