Elvana er frå gamalt av eit fellesbegrep for alle dei små aurebekkane på Algrøy, men det er denne bekken som renn mellom Lundevatnet i sør og Storavatnet i nord som i dag har stadnavnet Elvana. Skogsområdet i nord, heiter Storevasshovden.

Gjennom mange generasjonar har smågutar fanga aure i bekken her om hausten når auren gjekk opp for å gyta. Fiskemetoden var å setja ein håv i nedste enden av elva og jaga auren med pinnar og stenger nedover elva slik at han vart fanga i håven. Stundom vart det og sett auregarn utfor munningen av elva. Frå gamalt av har det vore aure i alle småbekkane mellom vatn og tjern på Algrøy.

Frå 1950 åra og framover kom sportsfiskarar frå Bergen ut her om søndagen og fiska aure. Bestandsundersøking har vist at det er passeleg med fisk i Storavatnet i forhold til næringstilgang.

Området nord for bekken vart på 1930/40 talet dyrka opp til jordbruksland og det var korn- og potetåker der det no er granskog. Intensivt sauehald på alle bruka på Algrøy gjorde at det fram til ca 1970 ikkje var skog på øya. Seinare planting av skog saman med lite beiting gjer at skogen no veks godt.

Nyeste kommentarer

04.01 | 19:29

Flotte og gøyale båter som er kommet i elevane :) jammen er du flink Leif;) ungene hadde det veldig kjekt.

...
19.10 | 20:05

Greetings from Algers in Chico, California
What a fantastic web site! Yeah Bygdalaget!

...
19.06 | 17:43
Volleyball har mottatt 1
20.08 | 19:51
Fotoalbum har mottatt 2