Foto: Vidar Danelsen

Foto: Marita Algrøy

Foto: Vidar Danelsen

Foto: Vidar Danielsen

Foto: Marita Algrøy

Foto: Marita Algrøy


Noverande og tidlegare elevar, lærarar ved skulen, foreldre og bygdefolk på Algrøy var samla til ein strålande sommarfest i Bygdehallen onsdag 12 . juni.
I alt møtte 130 personar opp på festen som markerte avslutning på skuleåret, men truleg og slutten på undervisning i sin noverande form ved Algrøy skule.
Programleiarane Camilla Algrøy og Jarle Hauge tok publikum med på ein skuletur frå den første skulen på Algrøy vart bygd i Nyo i 1894 til i dag, og representantar for kvart tiår frå 1950 til 2013  fortalde om hendingar og minner frå si eiga skuletid.

Elevane dramatiserte eventyr, dansa og sang og applausen steig i taket då Arild  kom på scena som ein liten Elvis, og Kristoffer sitt gitarspel til sangen hans var imponerande. Foreldra framførte eit potpouri med sjølvdikta sangar om livet på skulen og lærarane  sin innsats, og lærarane var ikkje snauare enn at dei kvitterte med eit lærarkor der Olav Ulveset  akkompagnerte  på trekkspel. Det vart servert lapskaus og seinare kaker og kaffi levert på kvart bord og det var allsang frå hefter laga for dagen.

Foreldregruppa ved skulen hadde lagt ned eit enormt arbeid i førebuing og gjennomføring av denne festen og heile bygda takkar for kjempeflott arrangement. Tidlegare rektor Solveig Ellingsen uttrykte det slik i si helsing til bygda: Det er så mange gode krefter på Algrøy som dreg i same retning at eg er sikker på at denne bygda vil fortsetja å vera aktiv og vital sjølv om ikkje det er barneskule her lenger. Og til dette seier bygda: YES WE CAN!

Nyeste kommentarer

04.01 | 19:29

Flotte og gøyale båter som er kommet i elevane :) jammen er du flink Leif;) ungene hadde det veldig kjekt.

...
19.10 | 20:05

Greetings from Algers in Chico, California
What a fantastic web site! Yeah Bygdalaget!

...
19.06 | 17:43
Volleyball har mottatt 1
20.08 | 19:51
Fotoalbum har mottatt 2