Byrkjelo Camping ligg ved E39, rett sør for tettstaden.
Plassen er ein firestjerners familiecamping med mange fasilitetar.
Vi vart kåra av Norsk Caravan Club til " Årets camping 2009 "
Plassen ligg mellom ei lita elv, bustadbebygging og ope landbruksareale.
Vi har utleige av hytter i tre storleikar og prisklasser, og romslege oppstillingsplassar for vogner, bubilar og telt.
Det fins også eit begrensa antal sesongplassar for campingvogn.
Nytt påbygg sanitæranlegg i 2009.
Vi har oppvarma symjebasseng med stor solterrasse og kiosk,
bassenget er ope i skuleferien. (Inngongsbillett)
Det fins ein stor leikeplass med mange leikeapparat, vi har bordtennis, sandvolleyballbane, sykkelutleige, grillhytte og bålplass.
Romslege oppstillingsplassar, store grøntområde og ein del skog.
Av aktivitetar i nærområdet vil vi særleg tilrå dei mange flotte fjellturane i variert terreng. Anten du er lett på foten og ynskjer utfordringar, eller vil ta det litt meir med ro, finnast det ein tur for deg. Spør oss om turforslag.
Dessutan er det fint å spasere, jogge eller sykle på dei lite trafikkerte sidevegane i nærleiken av campingen. Vi har syklar til utleige.