NYTT FRÅ CAMPINGPLASSEN

Faste plassar

Nytt av året:

Oppseiing av fast plass må gjerast skriftleg ( eller e-post ) innan 1.februar.

Dei som står på venteliste for fast plass, må sende oss ein e-post med bekrefting av dette og oppdatering av e-postadresse, telefon og adresse INNAN UTGONGEN AV JANUAR. 

Kun dei som har bekrefta at dei framleis er interesserte kan gjere seg håp om plass ved fyrste tildeling  ca. 1.februar

Dagmar

Då har "Dagmar" besøkt oss, og er reist vidare, heldigvis utan å herje for mykje på campingplassen...  
Nokre tre og buskar er nede, og somme vogner har vridd på seg eller dotte ned av klossane, men ingen har vorte knust.
 Vi har ikkje oversikt over lakkskader eller lekkasjar, så vi anbefaler vogneigarane å ta seg ein tur i løpet av romjula for å sjekke vogna si.
Det var ein del lause gjenstandar på somme av platningane/ under vognene, og noko av dette vart teke av vinden. Gjenstandar som har blæse utover kjem vi til å fjerne/ kaste om dei vert liggande lenge.

Så får vi tru at det ikkje vert fleire storstormar denne vinteren !

Framleis god jul til dokke alle !

God haust ynskjer vi alle våre gjester !

1.10 :
Då er campingplassen stengd for vinteren. Hyttene med dusj og wc kan leigast etter avtale, ring på førehand.  God vinter ynskjer vi alle våre gjester !

30.09 :
Dei som skal ta ut vognene sine, må gjere det i god tid før det kjem snø, og unngå køyring i frose gras ( = isbrann med påfølgande svart plen neste år )

10.09 :
Det er snart tid for å ta ned fortelt dersom de vil ha dei ned tørre. Etter midten av september har vi ikkje kveldssol ...

19.08 :
Sandanedagane med mykje aktivitetar og tivoli for store og små. Vi held bassenget ope og oppvarma til og med søndag 21.08. Det vert siste badedag for i år, så hopp i vatnet medan du har sjansen. 26 grader i dag kl.08.00 !

13.08 :
Fantastisk kjekt NM i friidrett, sol og gode temperaturer for dei mange utøvarane som varmar opp med småjogging rundt oss på alle kantar. Og så flotte bilete av naturen her på TV-skjermen :-)

18.07 :
Nok ein vellukka countryfestival er over, med mykje folk og god stemning men utan bråk. Slik vil vi ha det !

30.06:
Det vart nokså vått her, med alt regnet og elva som tok ein liten tur innom i svingen. Campingtomtene nærast elva og nokre av dei små hyttene vart stengd av ei natt , for sikkerheits skuld. Men det vart ikkje skade på anlegget eller vogner så vidt vi kan sjå, og etter litt opptørking og nygrusing av vegane, er vi snart tilbake til vanleg drift.  Fint om de som kjem dei næraste dagane unngår å køyre på grasareala, og held dokke til vegane og parkeringslukene...
 
23.6: Jonsokfeiring på campingplassen i dag frå kl.18.00. Grilling, bål og leikar.
Barnebrudefølge med hesteskyss, startar frå COOP.
Ta med grillmat, anna vert å få kjøpt på plassen.

13.06.
Bassenget er i drift, og vi held ope i dag 12.00-18.00  Frå og med neste helg held vi ope dagleg uansett vêr, 10.00- 18.00, ved godt vêr til kl.20.00  Velkomne !

26.5 :
Bassenget er vaska ned og fyld med vatn, og sirkulasjons-anlegget ser ut til å ha tolt den strenge vinteren :-) No ventar vi berre på fint, varmt vêr. Dersom det kjem godvêr, startar vi oppvarming og held ope i helgane.
Etter 18.6. vert det dagleg drift uansett sol eller regn.

24.04 : Campingplassen er open, velkomne !

15.04 :
Telen slepp taket, og dei fleste plassane vert køyrbare til påske.
Med dei fantastiske vêrmeldingane vi har fått, ligg det an til ei knallpåske !
Velkomne alle saman !

09.04 ;: Grunna teleløysing er plassane stengd for inn og utkøyring i nokre dagar. Grunnen tørkar no raskt opp på dei høgastliggande plassane, og vi reiknar med at det meste er farbart til påske. Kanskje med unnatak av dei plassane som ligg lengst sør, og rett framfor leikeplassen.

29.3
Framleis bra med snø på campingplassen, særleg lengst mot sør. Men vi vonar at det meste er vekk til påske, og at vegane då har tørka opp etter teleløysinga.

04.03
Det går mot vår, og sesongavtalene er sendt ut og skulle vore returnert innan 01.03.....  Nokre utskiftingar vert det i år, og vi får fleire nye leigetakarar.
( Og nokre som har vore her før kjem att )  Ikkje all plassering er endeleg avgjort, vi venter på at snøen skal gå. Det vert ei oppdatering av ventelistene når alt er på plass, så står du på lista og framleis ynskjer å være der, ta kontakt !

10.02.11
Det er kome ein del nysnø siste dagane. Ingen fare for vogntaka enno, men skal du forbi, bør du ta deg tid til å moke litt.

01.02.11
Hyttene er opna igjen, og vi har vatn og avløp. (Bank i bordet..... )
Det er såleis klart til vinterferie  :-)


10.12
På grunn av sprengkuld og djup tele, har vi stengt av hyttene for ein periode, og tappa tomt så godt det let seg gjere. ( I håp om at vi slepp ein repetisjon av fjorårets frosne rør og avløp...)

Dei som har tenkt å leige hytte  vinter, må difor ta kontakt ei tid i førevegen, og høyre korleis det ligg an.

Dei som har vogna si ståande i vinter, må tenke på evt. snømoking av tak dersom det kjem mykje tung snø. Vi er ikkje alltid til stades og kan svare på korleis det lig an med snømengda, men eit tips er å sjekke snødjupna ved skisenteret. Det er i alle høve meir der, enn her nede.

Hausten 2010

Anders er ferdig med planering av hjørnet innerst på campingen. Han har no bestemt seg for å gå laus på området med krattskog til venstre for leikeplassen. Der vert skogen og myrjorda fjerna, drenering lagt i grunnen og ny masse lagt på. Steinmur skal halde massene på plass. Planen er å lage ein ny vognplass med front mot aust.  Det vert veldig mykje arbeid, men vi vonar at det vil verte fint der .

Når plenen er blitt ferdig, vil vi plante inn att nokre mindre tre, og hekk.

Vi får krysse fingrane for telefritt langt utover hausten så vi får gjort det meste før vinteren kjem.

Innomhus driv Kristin på med panellakkering i hytte nr.16. Dette arbeidet vil ta nokre veker. Deretter står innkjøp av nytt gardinstoff til nokre av småhyttene for tur.

Takk for i år !

Vi ynskjer våre campinggjester god vinter, og vonar vi ser dei fleste av dykk att neste år !

Dei som veit at dei ikkje kjem til å leige sesongplass hjå oss neste år, må vere så snill å gje oss beskjed om dette, slik at dei som står på venteliste kan få eit svar frå oss så tidleg som råd....

Hausten 2010

Campingplassen er stengd frå 1.oktober, store hytter kan leigast ved førehands tinging også etter denne tid.

For vognplassane gjeld dette : frå 1.oktober er straum og vatn avstengt, og sanitæranlegget stengt. Det vert ikkje høve til å få straum, vatn, eller overnatte i vognene etter denne tid.

Vogner som har fast plass hjå oss kan stå over vinteren etter avtale, vogna står då på eigar ansvar og eige ettersyn. Lause gjenstandar skal ikkje lagrast under vognene/på platningane.
 
Campingavdelinga vert ikkje brøyta for snø om vinteren, og vogner som skal på tur om vinteren eller flyttast før 1.mai, må difor fjernast i god tid før snøen kjem.

Pinnsvinungane

Eit kull med små pinnsvinungar vart brått morlause, og dei vart krypande rundt på campingplassen der born fann dei og kom til resepsjonen med dei.

I alt tre ungar vart funne i live. Desse fekk mat og pleie og varm soveplass på badet heime hjå oss, og vart etterkvart flytta inn i ein tom binge i fjøsen for   ikkje å bli for tamme.  Etter nokre veker var dei store nok til å sleppast fri igjen. 

 Så får vi vone dei greier seg bra og ikkje vert påkøyrde.

Badebassenget

Vi nærmar oss slutten på badesesongen 2010  .
August har vore riktig bra, med godt besøkstal i bassenget.
15.8 er siste dag med full drift, men vi kjem til å halde ope helga 21.-22.8

Deretter er det takk for i år for badeutstyret :-)

Jonsokfeiring 23.6

Koseleg kveld på campingplassen, alltid kjekt når bygdafolket kjem på jonsokfeiring.
Brudefølge, spel og leikar for born og vaksne, grillling og bål.

Då har vi feira utnemninga !

22.6 var det overrekking av prisen for "Årets Camping 2009 "

Representantar frå NCC kom eins ærend for overrekkinga, og representantar frå  kommune, reiselivsdestinasjonen, NHO Reiseliv og pressa var til stades.
Svært kjekt og høgtideleg for oss.

Bassenget vert ope dagleg frå 18.juni

15.6 :  Vi har no fått 4 syklar til utleige.


13.6 :  Leveggen mot E39 er komen opp.
Støyskjerm mot E39

Nokre av våre gjester har oppretta ei gruppe på "Facebook" :  Den heiter
"Vi som liker Byrkjelo Camping !!! "

Vi har fått høve til å ta del som administrator, og kjem til å legge ut litt nytt, og bilete m.m. 

Venteliste:  Vi har sendt ut brev til alle som har stått lenger enn eit år på venteliste, og bede om tilbakemelding på om dei framleis ynskjer å stå på lista / få plass. Eit par av dei på lista har vi ikkje funne adresse / riktig telefonnummer til. Dersom du står på lista og ikkje har fått brev, så ta kontakt !

Sesongplassar 2010

Det var få av dei som sto øverst på lista i år som tok imot plass.
Ikkje så rart, når mange har stått der i opptil 5 år.

No har vi oppdatert lista. Og står du på lista, og har lita vogn, så er det sikkert snart din tur
Ring oss gjerne og høyr korleis det ligg an.

Dei som har store vogner, frå 650 og oppover, må diverre berre smørje seg med tolmod.Slike store plassar vert ikkje ofte ledige.....


Medan de ventar, så hugs at det er høve til å la vogna stå att på vår parkeringsplass frå ei helg til ei anna etter avtale.

NYTT FRÅ  CAMPINGPLASSEN 2010:

Som vanleg vart vinteren nytta til nyanlegg og oppgradering av eksisterande anlegg:

I hytte nr.14 er stove og soverom/gong pussa opp, og alle dei store hyttene er beisa utvendig på dei vêrutsette sidene. Nye utemøbler til dei nye terrassane er tinga.
Også nokre av dei små hyttene får eit strøk maling.
 

Anders har lagt nytt, fast dekke bak dei store hyttene.
Her kan gjestene sitte og nyte kveldssola

Deler av teltarealet har fått ny, køyresterk veg.
Vi har grusa opp vegar og parkeringsareale.

Ein del buskas er fjerna, og skal erstattast med  solitærtre,hekk eller plen. Litt av bekken er lagt i rør.

Den store flata mot elva er pløgd opp og tilsådd på nytt.

Det er bygd levegg langs E39, vidare frå bassenget og inn forbi dei store hyttene.

Vi har tinga to store varmepumper til bassenget, desse vil på sikt gjere oppvarminga betydeleg billegare.