Hytter

Våre Hytter

Hytte med dusj/wc for 4 personer  :

 Desse hyttene har to soverom 
( + hems 1,20 takhøgde, utan vindu )
Dei fleste har eit soverom med ei etasjeseng, og eit med ei lita (135) dobbeltseng. Ei hytte har to enkeltsenger i staden for dobbeltseng. Der er dyner og puter. Sengetøy kan du ha med sjølv, eventuelt leige. Madrassar og puter har varetrekk, desse erstattar ikkje eige laken / putevar. Opphaldsrommet har sofahjørne, og kjøkkenkrok utstyrt for sjølvhushald:
Hybelkomfyr med to kokeplater og liten steikeomn, kaffetraktar.
Oppvaskbenk og kjøleskap.

 Kvar hytte har sin eigen vesle hage, med terrasse på vestsida og liten møblert balkong på austsida av hytta. Parkering for maks to bilar ved kvar hytte. Hyttene ligg i nærleiken av E39, og trafikken kan høyrast, men det er støyskjerm/ levegg og hekk i mellom hyttene og vegen. 
  Alle våre hytter er ikkje-røyk, og nokre er allergi-hytter. Sei derfor frå dersom du har hund, så velger vi ei hytte til deg der det er tillete med hund!

 Hyttene vert kontinuerlig renovert, og vask vert sjekka etter kvar avreise. Sluttreingjering kan leigast .

Fleire bilete i vårt fotogalleri.

Hytte med innlagt vatn, men utan dusj/ wc, ca 12 m2:

Lita hytte av eldre modell.
Desse hyttene er best eigna for 2 personar, evt. 1 ekstra i overkøye. Opphaldsrom og soverom i eitt.
To sengeplassar på golvplan (75x200) og ei overkøye. 2 dyner og puter.
Liten kjøkkenbenk med oppvask-kum, kokeplate og kjøleskap. Kaffetraktar. Enkelt kjøkenutstyr.
Liten sørvestvendt balkong med plastmøblar. Kort avstand til sanitæranlegg med dusjar og toalett.
    ( Ikkje-røyk  inne i hytta)
Fleire bilder i fotogalleriet vårt.

Dei minste og enklaste hyttene, ca.10m2 :

Dei eldste hyttene ligg ved elvekanten, og har ikkje innlagt vatn.
To sengeplassar + overkøye. Kjøkkenbenk med kokeplate og kjøleskåp.
Der er ikkje kjøkkenutstyr eller dyner og puter i desse hyttene.
Eit stykke å gå til servicebygning med toalett og dusjar.Vatnpost i nærleiken. Eit rimelig overnattingsalternativ dersom du har med eige campingutstyr.