 |
 |
|
 |
 |
SISTE NYTT
The Eagles er eit amerikansk country-rockband som mange har eit sterkt forhold til. Bandet har hatt mange store hits opp gjennom tidene, kven har ikkje høyrt om Hotel California? Men dei har også mange fleire låtar som har blitt svært populære. No lagar me norske versjonar av tolv av dei etter vår meining finaste låtane deira. Desse kan du høyra i Årdal den 8. august. Du kan også følgja med på målRock sine eigne sider for å få meir info om programmet på målrockfestivalen. (http://www.malrock.no/eway/)
Då får du vita når på kvelden du bør vera tilstades for å høyra og sjå oss,....og andre, sjølsagt.
Me gler oss;)
Velkommen til hjemmesiden vår
ALLER SISTE NYTT: Me jobbar for tida med å få gitt ut "Min ven" og "Farvel Årdalsstova" på CD. Men me må løyve frå Warner-Chappell før me kan få gitt ut noko som helst. Me jobbar iherdig med saka. I mellomtida har me fått pålegg av Warner-Chappell (som eig rettane til alle Eagles-publikasjonar) om å sletta alle tekstar frå heimesida inntil me har ein avtale med dei. Me håpar dette skjer snart!!
Aller siste nytt: Bandet til LUTT/Malakoff 23. juli
Desse blir med til Eid den 23. juli:
Olav Stedje Monica R. Hjelle Ingebjørg Eik Inge Ronny Kvåle Bjørn Tore Årøy Olav Einan (ny) Kjell Hestetun Øyvind Lægreid
Me spelar desse songane: Eg e' easy (Take it easy) Min ven (Desperado) Hotel Kaldehola (Hotel California)
Gled dykk! Velkommen!
Velkommen til hjemmesiden vår
For tida er me i diskusjon med Warner Chappell om utgjeving av dei to låtane som er innspelt, "Min ven" (Desperado) og "Farvel stova" (Doolin Dalton). Me ventar på svar, straks me har ein avtale, kan de kjøpa CD'en hjå oss. Ring/bestill på nr./adresse som blir oppgitt seinare
Siste nytt: Fylkestoppen, Malakoff og Haustmyldring
Eagles på norsk på Fylkestoppen!
Torsdag 25. februar klatra Eagles på norsk heilt til topps på Fylkestopp-lista! "Min ven" vann med to poengs margin, og det vart sett ny rekord i stemmetal til Fylkestoppen. Me takkar alle som bidrog med si stemme! Me håpar også at publikum føl oss vidare til neste avstemning om ein månad, slik at me blir liggande heilt på toppen nokre veker til!
Eagles på norsk til Malakoff-festivalen 23. juli og Haustmyldring i Årdal 11. september.
Me spelar på Malakoff-festivalen på Eid den 23. juli mellom kl. 11 og 13. Bandet spelar tre låtar, men det er enno ikkje bestemt kva som blir framført. Dette vil avhenga av kven me får med oss denne dagen. Eit par namn på lista manglar enno, men desse blir med: Monica, Ingebjørg, Inge Ronny, Bjørn Tore, Kjell og Øyvind. Me håpar å få med oss Olav også. I tillegg skal me ha med oss ein gitarist til. Kanskje det blir ein årdøl? Haustmyldringa er enno ikkje heilt i boks, men me ventar på at arrangørane tek eit initiativ snart...
Eagles-på-sogning har spelt inn demo.
14. november gjekk Monica, Kjell, Øyvind, Inge Ronny, Bjørn Tore i studio for å laga ein demo-cd til bruk for m.a. den kulturelle skulesekken og eventuelle konsertar i 2010.
CD'en er ferdig, med dei to låtane Min ven (Desperado) og Farvel stova (Doolin Dalton). Dette blei veldig bra, me er nøgde med resultatet, og me jobbar vidare med planar om konsertar og kanskje ei full CD-innspeling i løpet av året ?
ØVING FOR FEM AV GJENGEN PÅ TOLV Fem av medlemmene i prosjektet (på biletet; frå venstre, Inge Ronny, Monica, Kjell og Øyvind (--Julie tok biletet, derfor er ho ikkje synleg)) møttest søndag 5. juli for å gå gjennom kor-arr, og for å føla oss litt tryggare på dei nye tekstane og korleis låtane eigentleg passar til tekstane når me no skal gjera dei, heilt på eiga hand, den 8. august. Monica, Julie, Inge Ronny, Kjell og Øyvind troppa altså opp i Hugin-huset kl. 13.30 (Hugin har forresten fått eit kjempebra hus her for alle som likar å driva med musikk på ulike måtar), og der framme vart me godt mottekne av Joachim Styve, som til og med laga kaffi til oss, så me følte oss verkeleg velkomne! Sogn Avis kom og tok bilete, og Porten.no har allereie eit oppslag om øvinga. Det kjem nok noko frå Sogn Avis og om ikkje lenge.. Me hadde det i alle fall kjempehyggeleg i Hugin-huset i fire - fem timar... Takk til Julie som kom den lange vegen frå Austlandet, og til Inge Ronny som kom den ikkje fullt så lange vegen frå Sogndal, og til Monica for at ho har jobba så seriøst med kor-arr Dette var absolutt ikkje bortkasta tid. Og no er det ikkje lenge att....
Årdalstangen båthavn, like ved festivalområdet, er det ikkje vakkert?
Her kan du følgja med i framgangen med eagles-prosjektet fram til august, sjå bileta og tekstane våre og skriva ei helsing til oss i gjesteboka. NB!! Det er no klart at Trine Marie trekker seg frå prosjektet vårt av helsemessige årsaker. Den nye har sagt ja takk allereie, ho heiter Ingebjørg Eik, og er frå Rosendal i Hordaland. Meir om henne finn du på sida "Bandet, litt om dei".
The Eagles på norsk, bandet:
Olav Stedje, vokal, gitar Ingebjørg Eik, vokal, kor Svein Dag Hauge, gitar, kor Monica R. Hjelle, vokal, kor Per Hillestad, percussion Julie Ervik, vokal, kor Nils Einar Vinjor, gitar Reidar Skår, tangentar Inge Ronny Kvåle, gitar, kor Bjørn Tore Årøy, tangentar, kor Kjell Hestetun, bass (prosjektleiar) Øyvind Lægreid, trommer, vokal, kor (prosjektleiar)
For å sjå bilete og finna ut meir om den enkelte musikaren, gå til "Bandet, litt om dei"
Tekstskriving
Det har vore eit strev å skriva tekstar på nynorsk/dialekt! Men det har vore moro og. Før jul inviterte me dei som var interesserte i å prøva seg som forfattarar til å prøva seg. Mange var interesserte, men ikkje fullt så mange har bidrege med tekstar. Dei som har prøvd seg, får no tekstane sine utlagde, med namnet sitt under. Dei vil få gratisbillettar til arrangementet som takk for innsatsen.
NB! Viss nokre av tekstforfattarane vil, kan dei senda inn bilete og ein liten omtale av seg sjølv til fieldholler3@hotmail.com, så blir dette lagt til i fotoalbumet vårt
Tekstar og, dei som syng dei
Dette er altså songane som blir spelt i Meieriparken på
Årdalstangen i august:
Olav syng: - Eg e easy (Take It Easy) - Varm og fredfull kjensle (Peaceful Easy Feeling) -Ein gong vakker (Tequila Sunrise) - Vendereis (Lyin` Eyes) - Ventar her (Waiting In The Weeds) Øyvind syng: - Siste gang på by’n (Last Good Time In Town) Monica syng: - Min ven (Desperado) - Johnny e’ heit (One Of These Nights) - Farvel Årdalsstova (Doolin` Dalton) Ingebjørg syng: - Ny kid og laon (New Kid In Town) Julie syng: - Under bordet (On The Border) - Hotell Kaldehola (Hotel California)
Alle tekstane er no ferdige! Tusen takk til alle bidragsytarane!
Tekstar
|
|
 |
|
|
|