Siste nytt frå Bella Finnoy. Pågrunn av ingen internetttilgang på garden har dei ikkje hatt moglegheit til å sende nye bilder, men det håpar dei å få gjort snart. Men siste historier frå garden er at dei har fiska store fiskar i det lille vatnet som ligg på garden. Dei har også fanga to elektriske åler, den eine på 2 meter. Dei inviterer oss for å kome å prøve fiskelykka. Dei har rydda masse skog og buskar, funne vannåre med krystallklart grunnvatn, funne villandegg som dei rugar ut, sett ein stor kolebra som luskar i buskane, mala huset og fiksa det slik at barnehagen kan bruke det til neste år, hatt besøk av skuleklasse, hatt utflukt med ungane i barnehagen og familiane for å fly med dragar, hausta matbananer til barnehagen, rive den gamle grisebingen, satt opp gjerder, renska bekken og plukka opp endå meir søppel rundt på garden.
Ryktet har spredd seg om at dette er ein plass for aktiviteter og sosiale prosjekt til glede for San Vicente. Me håpar at fleire lokale krefter vil engasjere seg for å skape eit fredsarbeid i det små for dei små.