San Vicente

San Vicente er ein landsby me ca. 20 000 innbyggjarar. Det er litt vanskeleg å sei akkurat innbyggjartal, for det er det ingen som veit. Ein gjettar at det ligg mellom 
15 000 og 25 000. 

San Vicente ligg søraust i landet, rett ved ei fjellkjede og ved begynnelsen av det utstrakte landskapet som endar opp i amazonasjungelen. På grunn av den geografiske plasseringa har dette vore eit område der FARC geriljaen står sterkt. I 1998 starta fredsforhandlingar mellom FARC geriljaen og regjeringa i San Vicente. Geriljaen krevde å få eit område i Colombia der dei skulle få styre utan innblanding av regjeringa, og San Vicente blei "hovudstaden" i dette området. Innbyggjarane minnest dette som ei god tid med ro og orden. I begynnelsen av 2002 braut fredsforhandlingane saman, og regjeringa sendte hæren inn for igjen å føre krig mot geriljagruppa. Sidan den tida har San Vicente og områda rundt vore midt i konfliktområdet. Sjølv om det som regel er roleg i landsbyen, så merkar ein situasjonen dei lever i. Det er ikkje lett å leve mellom hæren og geriljaen.  

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

11.02 | 14:32

Sender en god klem til tante barnet mitt Jannicke Tuft. Kos deg masse dette ser fantastisk ut. klem fra obba

...
28.06 | 18:18

Hei så flott arrangement! Finst det ei e-postadresse for å komma i kontakt med dykk? Eg kunne gjerne tenkt meg å jobba hjå dykk dersom det er behov? Mvh

...
30.09 | 22:34

PORQUE JESÚS ESPERO TANTOS AÑOS PARA DARNOS LA BENDICIÓN?

...
11.02 | 19:05
bilder, juni 2011 har mottatt 1
Du liker denne siden