Velkomen til Pactocoop. Her kan du melde deg inn, forplikte deg til sparing i tre månader og etterpå søkje om eit lite lån som kan betre din kvardag. Hardt arbeid og disiplin må til for at dette kan vera noko som kan hjelpe deg.

Dette arbeidet er ikkje ein del av arbeidet til Fred i Colombia eller Dias de Felicidad i San Vicente, men dei same ildsjelene står bak for å få dette til å fungere.
I 2004 blei det på Finnøy stifta eit aksjeselskap, Colombia Kappital A/S. Kvar aksje kosta 35000 kroner, og pengene skulle investerast i mikrokredittarbeid i Colombia. Det blei til saman seld aksjer for nesten 1,4 millioner, og arbeidet med å investere desse pengene i det som var formålet begynte. Det var ikkje lett, få ville hjelpe oss med å kome i gang i eit land med så mykje korrupsjon, mafiavirksomhet og indre konflikter.
I 2007 fekk me kontakt med ei kyrkje i Bogota gjennom misjonsforbundet sitt arbeid, og dei hadde lenge tenkt på å starte eit mikrokredittarbeid. I begynnelsen av 2008 fekk dei eit lån for å starte arbeidet. Eit år seinaer klarte dei også å lage ein filial i San Vicente, der me hadde det største ynskje om å starte opp med mikrokredittarbeidet.
Status i 2010 er at Bogota og San Vicente har lånt halvparten kvar av kapitalen.
Arbeidet i Bogota har vore vanskeleg, det går seint, og ikkje med nokon imponerande resultater.
I San Vicente derimot har det gått strålande, folk står i kø for å få lån, dei betaler punktlig, og dei har klart å auke kapitalen dei begynte med. I juli lausreiv San Vicente seg frå Bogota, og er no eit sjølvstendig kooperativ. Arbeidet skapar eit samhald i landsbyen, eit håp for framtida, og eit sterkt ynskje om å vise at dei kan klare å få til noko og saman byggje framtida for neste generasjon.