Kvardagslydnadskurs oktober 2011
Kurs med Geir
Kurset i kvardagslydnad vart halde på Fjordhestgarden 28.-30.10

Det var 8 firbeinte deltakarar, og tilsaman 12 personar.
Geir Vie var instruktør, og tok for seg trening av kvardagslydnad ; innkalling, bli, gå i band, med meir. Det var også snakka om problem som for mykje bjeffing, hund som dreg for mykje i bandet, og hund som jagar sau eller andre dyr.  Deltakarane fekk trene i ridehallen, og sjølv om det var mange unge hundar, var det fin framgong å sjå. 
Ein triveleg gjeng med folk, og kjekke hundar som vi vonar vi får sjå  igjen på andre klubbaktivitetar ved seinare høve.
Takk til Geir for innsatsen som instruktør !