 |
 |
|
 |
 |
|
|
 kvalpar 21 sept.10
Det blir kvalpar her ja, i skrivande stund (søndag 5. sept) er både Maia og Tingeling runde og gode. Det ser ut til å bli to fine kull. No er det berre å håpe at alt går bra under fødselen:-)
 Kvalpar i september -10
Vi ventar kvalpar. Tysdag 21 juli reiste vi til Lærdal. Der møtte vi Jarle og Vibeke som hadde med seg deira stoltheiter, championhannhundane Eddie og Emil. Torsdag reiste eg til Eikelandsosen og vi fekk to nye flotte paringar, så no er det berre å vente i spenning på kva som skjer framover! Har store forhåpningar til desse kombinasjonane.
 Evita sin dag!
Søndag 25 april, deltok Waterking's Evita, berre 10 mnd gammal, på si første offisielle utstilling. Ho fekk Cert, vart BIR, og plassert i Gruppa som BIG2!
 23/3 Ein stor dag for oss og Tingeling
då vi i dag fekk vite at ho hadde HD-A. Supert! No blir augelysing i Bergen neste.
 NKK, Bø i telemark 21/2
Tingeling deltok i dag søndag 21/2 på NKK si internasjonale utstilling på Bø i Telemark. Ho fekk også i dag CK! Flott.
 16/2 oppdatert kvalpesida
Lagt ut bilder av alle kvalpane til Ariel. Det skal kome nye bilder i løpet av veka.
 13/2 Utstilling i Bergen
13 februar var vi i Bergen på utstilling hos NRK. Vi hadde med oss Tingeling, som stilte i juniorklasse. Det var 27 golden retrivere med på utstillinga. Tingeling vart beste juniortispe med CK. Til slutt vart ho 3.beste tispe og BIR junior! Ei flott plassering på årets første utstilling! Grattis og takk til Ian og Ane som selde oss denne vedunderlege tispa.
takk til Laila Otterstad og Jarle Koldal for fine bilder.
 Landseerkvalpar født torsdag 4. februar
Ariel sitt første kull vart født torsdag 4. februar 2010. Det vart 3 hannar og 6 tisper som alle ser sunne og sterke ut. Det skal bli spennande å følge dei framover.
|
|
|
 |