VESLE, NYE LIV
Å, vesle, nye, liv
eg under hjarta bar.
Jeg trur ikkje eg skjøna
kva du var.
Å, kjære du,
no er vi mor og far.
Så liten, vergelaus og viljesterk.
Vi har visst gjort eit storverk.
Og dette skal vi passe på,
og trøyste meg, koss ska det gå.
Sjå, han tissar og!
På våre skuldrar ligg ei kjempebør.
Kvifor har ingen sagt det før
at slikt må vi ikkje gjer.
Dette er ei farleg ferd!
Å lage barn er altfor lett,
direkte uforsvarleg rett og slett.
Kva tenkte du på da du let det gå?
Eg kunne millioner få
av slike små.
Men sjå, han har dine auge blå.
No gjesper han som ein gamal mann.
Trur du vi synge kan?
Kjenn kor han luktar godt,
det er eit under vi har fått.
Synes du han er fin og god?
Kanskje vi kan ha to?
Å lage barn med deg,
er det finaste som har hendt med meg.
Greta
Greta