I dag er det St. Valentinsdag.
Hadde du vore her, kunne eg ha flørta med deg.
Men du er ikkje det og det er kanskje best.
Draumar skal ein vera varsame med,
ikkje prøva dei ut for fort,
men venta og sjå om dei held.
I mellomtida er det mykje å gle seg over i verdi.
Glødande tankar som varmar på ein frostkald februardag,
raude solnedgangar over gamle fjordar
og Johan Olav Koss som tok gull og
sette verdsrekord på 5000 m,
6 34.96
-det utenkjelege.
(Johan Olav Koss tok gull og sette verdsrekord på Hamar 13. februar 1994)
Bildet "Neon"
- Akryl og neon