Velkomen til vår heimeside

Marta og Coco på veakjøring i desember 2010

Velkomen til vår heimeside

Med  bur på ein gard i Sogndalsdalen i Sogndal komune. Dette er eit brattlendt og tungvint bruk ca 400 moh.
Me er fem i familien. Steinar og Hilde Kristin og jentene våre Lina,Guro og Marta.
Her driv me med sauehald og med hest. Dei siste åra har me trappa litt ned på vinterfora sau og ligg no på kring 140 dyr.
Rasane er Norsk kvit sau og Norsk Pelssau.Det er pelsen som er favoritten. Dei er svært flinke til å ta vare på lamma, lember lett-betre enn spælsauen og!! Tillitsfulle, flinkare å verne seg mot rovdyr enn den kvite sauen. Dei ligg litt under på vekt og klassifisering samanlikna med NKS, men pga den særprega pelsfellen blir oppgjeret ganske likt eller betre.
Avl sau: Me er med i Sogn Pelsauring( einaste i landet) og driv med eigarinsiminering på NKS. Kårar verlam av begge rasar kvart år og har levert pelsverar til semin.

Hest. Av rasar har me fyrst og fremst islandshest og dølehest. Talet varierer mellom 10 til 20 hestar.
Steinar er ein ivrig dølehest kar som likar å kjøre inn hestar og stille dei på utstillingar.
Jentene og eg ( Hilde K) likar best å ri og då er islendingane favoritt. Dei stiller i litt konkurransar og me er alle aktive på kursfronten.
 
Avl. Steinar er ein av dei ivrige her i Sogn når det gjeld døl og det har resultrert i at me har hatt avlshingsten til Sogndal Hesteavslag her hjå oss i vårstasjon sidan 1999.
Me driv og litt avl på islandshest og har leigd inn hingst annakvart år sidan 2002.Det har kome mellom 8-12 hopper kvar gong.

Hund. Me har alltid gode Border Colliar på bruket. Er blitt heilt avhengige av dei når det gjeld sauedrifta.




Her kommer tekst og bilder

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

annika | Svar 20.11.2011 17.49

coco er so søt

123hjemmeside.no | Svar 28.11.2009 13.27

Gratulerer! Du er nå i gang med kommentarer på hjemmesiden din. Husk å fortelle om dette til alle dine bekjente. Riktig god fornøyelse
Mvh. 123hjemmeside.no

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

20.11 | 21:13

nai seff ikkje da e berre 30 tusen!

...
20.11 | 17:49

coco er so søt

...
20.11 | 10:24

Eysha er so søtast!

...
23.09 | 21:47

sø søte

...
Du liker denne siden