 |
 |
|
 |
 |
Årsmelding 2010
Kattegruppa på Bømlo.
Årsberetning 2010.
Organisering
Kattegruppa på Bømlo blei stifta 8. mars 2006 og er registrert i Brønnøysundregisteret som sjølvstendig dyrevernorganisasjon.
Formål
Kattegruppa skal gjennom ulike tiltak jobba for å hjelpa heimlause og forvilla kattar. I tillegg er det viktig å spreia kunnskap om kattens behov og eit ansvarleg kattehald , og prøva å påvirka folk sine haldningar til dette.
Styret
Vi har hatt 2 styremøter i løpet av året. Årsmøtet vart avholdt 17. mars 2010.
Følgjande personar var med i styret og valgkomite i 2010 :
Leiar : Norunn Jensen - valgt for 1 år
Styremedlem : Silje Eriksen Hopsdal - valgt for 2 år I 2010
Styremedlem : Mai Elin Hellen - valgt for 1 år
Styremedlem : Liv Anne Bortne - valgt for 2 år i 2009
Varamedlem : Margrethe Høisæter - valgt for 1 år
Varamedlem : Laila Elise Habbestad - valgt for 1 år
Valgkomite : Alfhild Olaug Hestenes- valgt for 1 år
Økonomiansvarlig: Norunn Jensen
Styrets arbeid er å ta imot henvendelsar frå publikum, følgja opp aktuelle saker samt praktisk arbeid for kattane . Alt arbeid er på frivillig basis , utan lønn.
Samarbeid og kampanje
Kattegruppa på Bømlo har vidareført det positive samarbeidet med veterinærane ved Bømlo Dyreklinikk .Det vart også denne hausten gjennomført steriliseringskampanje.
Aasheim Zoo er vår faste forhandlar når det gjeld kattemat og kattesand.
Vi har hatt et nyttig og godt samarbeid også i 2010.
Arbeidet for kattane
Kattegruppa på Bømlo mottar stadig henvendelsar frå publikum.Mange melder ifra om
heimlause kattar. Andre vil av ulike grunnar ha hjelp til å få omplassert eigne kattar. Vi prioriterer i utgangspunktet dei heimlause og forvilla kattane .
Vi har dessverre ikkje kapasitet å ta inn alle kattane vi får melding om , då vi også får mange henvendelsar frå Stord bl.a. Det er ein realitet at mange kattar blir fråflytta eller dumpa . Dette er dyremishandling! Desse kattane går ofte tragiske skjebnar i møte, der kulde og matmangel er med å påføra dei ulike sjukdommar. Utan behandling lide dei ein langsam og vond død. Dersom det ikkje fins anna råd, syns vi det er bedre med avliving av dyrlege som siste utvei , enn at dei skal gå ute å lida. Dette vil også væra med å forhindra nye kattekull , som igjen ville blitt grobunn for nye villkattstammer.
Sterilisering
Ein må kunna sei at kattebestanden er ute av kontroll. Vi ser stadig kor viktig det er å få sterilisert pus i utgangspunktet. Det er svært viktig å begrensa antall kattefødslar. Det er ikkje rett å la små , uskyldige kattungar bli født for seinare å bli avliva , fordi dei egentlig er uønska.Mange av desse blir villkattar, som igjen formeira seg . Mange lidelsar kunne vore forhindra dersom langt fleire tar ansvar , og får katten/kattane sine sterilisert.
Pusehuset på Eikeland.
Pusehuset fungerer som ”mellomstasjon” for kattane frå vi tar dei inn til dei blir omplassert. Vi fekk disponera den innreda låven også i 2010. Men eigar ønske no å bruka den til eigne formål , så vi har difor søkt etter ny plass til pusane siden i vår .Uten resultat , så pusane bur no i deler av privat bolig ,der dei trivest veldig bra. Dei blei flytta dit i romjula.
Vi hadde ved utgongen av året 4 disponible fosterheimar. Vi har satt opp 3 varmehus , som er berekna for ville utekattar . Her får dei daglig påfyll av mat og vatn , samt et krypinn.
Vi fekk i 2010 inn 4 kattar som var såpass sjuke/skada at dei blei avliva av dyrlege.
Omplassering
Vi omplasserte 27 kattar i løpet av 2010. Alle mot kontrakt og gebyr. Vi sørgjer for at alle kattar frå dei er 5 mnd gamle eller eldre , blir sterilisert . Dei får vaksine når dei er over 12 veker gamle. Alle kattane blir id-merka. For å få dekka ein del av utgiftene i samband med dette , tar vi eit omplasseringsgebyr på kr 700,- pr katt. Dette er rimelig sett i forhold til dei faktiske dyrlege-utgiftene . Vi tar samme gebyr ved omplassering av kattungar , mot at vi sørgjer for og betaler for sterilisering når kattungen er rundt 5 mnd gammel. Dette fungerer veldig bra. Vi tilbyr levering til/fra dyrlege og pass av pusen etter inngrepet dersom folk ønskjer det , - til dei komme heim fra jobb .
Vi hadde inne 22 kattar for omplassering ved utgongen av 2010.
Vi tok inn 8 kattar ved overtakelse i løpet av året ,- fem av desse frå rusmisbrukar-miljø.
Medlemmer og informasjonsstander
. Markedsføring.
Kattegruppa hadde ved utgongen av året 35 medlemmer.
Vi har arrangert fire vaffelsalg/info-stand , samt loppemarked i mai.
Vi har hatt følgjande effektar til salgs: ”Karina-mus” , kalendere , samt kort som er håndsydde med ulike motiv.
Ellers er nettsida vår ,
www.kattegruppa.no
svært viktig mtp markedsføring. Her har vi bl.a kattar til omplassering , etterlysning av kattar , savna kattar , våre forskrifter, kattar som har fått ny heim osv. Ein finn det meste vedr. arbeidet til Kattegruppa på nettsida vår.
Økonomi
Den økonomiske sida ved det å driva kattegruppe er også ei utfordring. Vi set stor pris på all økonomisk støtte , og for all hjelp i form av dugnadsinnsats. Dette legg grunnlaget for vidare drift av Kattegruppa .
Utgifter : betaling til veterinær, kattemat , kattesand , diverse utstyr, kalendere , leige, markedsføring og bankgebyr .
Inntekter: Medlemsskap, støtte fra private, vaffelsalg, loppemarked, salg av effektar, salg av kattemat og kattesand, omplasseringsgebyr, overtakelse-gebyr, fjernadopsjon, støtte fra bedrifter, Grasrotandel , pass av katt, pant av tomflasker og renter.
Vi fekk i 2010 støtte frå Finnås Kraftlag og LOS Elektro.
Sum utgifter : kr. 81 531,35 Sum inntekter : kr. 105.555,68
Årsresultat 2010 vart eit overskudd på kr 24 024,33
Takk til alle som har valgt å få seg pus gjennom Kattegruppa. For kvar pus som blir omplassert til ein god heim, får vi ein plass ledig til å kunna ta inn ein ny heimlaus pus.
Takk til våre støttespelarar, medlemmer, for pengegåver, støtte gjennom grasrotandelen, donasjonar til loppemarkedet, fosterheimar , fjernadopsjon, og til dei som har hjelpt oss med det praktiske arbeidet.
Det er dessverre mange kattar ”der ute” som treng hjelp til å få eit godt og verdig liv , slik dei fortjener.
Styret i Kattegruppa på Bømlo,
v/leiar Norunn Jensen
Årsmeldig 2009
Kattegruppa på Bømlo.
Årsberetning 2009.
Organisering Kattegruppa på Bømlo vart stifta 8.mars 2006 og er registrert i Brønnøysund- registrene som sjølvstendig dyrevernorganisasjon.
Formål Kattegruppa skal gjennom ulike tiltak jobba for å hjelpa heimlause og forvilla kattar. I tillegg er det viktig å spreia kunnskap om kattens behov og eit ansvarlig kattehald, og prøva å påvirka folk sine haldningar til dette.
Styret og styreaktivitetar Vi har hatt 3 styrmøter i løpet av året. Årsmøtet vart avholdt den 26.mars 2009. Følgjande personar var med i styret og valgkomite i 2009 :
Leiar : Norunn Jensen Styremedlem : Silje Eriksen Hopsdal - valgt for to år i 2008 Styremedlem : Liv Anne Bortne – valgt for 2 år Styremedlem : Mai Elin Hellen - valgt for 1 år Styremedlem : Anette Eikeland – valgt for 1 år
Varamedlemmer til styret : Margrethe Høisæter og Laila Elise Habbestad. Valgkomite : Alfhild Hestenes og Sally Sharp Paulsen Økonomiansvarleg : Norunn Jensen
Styrets arbeid er å ta imot henvendelsar frå publikum , følgja opp aktuelle saker , praktisk arbeid for kattane , samt følgja opp omplasserte kattar. Alt arbeid er på frivillig basis , uten lønn.
Samarbeid og kampanje Kattegruppa på Bømlo har vidareført det positive samarbeidet med veterinærane på Bømlo ; Kåre Hognestad og Tone Skjørshammer ved Bømlo Dyreklinikk. Dei er fleksible og gode samarbeidspartnarar . Det gode samarbeidet bidrar til at eit høgare antall kattar får eit bedre liv enn dei ellers ville fått. Det vart også i 2009 gjennomført steriliseringskampanje . Vi ser stadig kor viktig det er å sterilisera pus i utgangspunktet. Kattar formeirar seg raskt , og det blir fort eit problem med altfor mange uønska kattar. Mange av desse går triste skjebnar i møte dessverre. Difor er det svært viktig å få ned antall kattefødslar.
Aasheim Zoo er vår faste forhandlar når det gjeld kattemat og kattesand.Dei har også bidradd med diverse utstyr. Vi har hatt eit nyttig og godt samarbeid også i 2009
Pusehuset på Eikeland Pusehuset fungerer som ”mellomstasjon” frå vi tar inn nye kattar til dei blir omplassert. Vi har plass til rundt 10-11 kattar her samtidig . Nytt av året er at pusane her har fått fin luftegård med klatretre osv. Vi har opparbeida gode rutinar i Pusehuset. Daglig reinhald og sosialt samvær med kattane er svært viktig.
Vi hadde ved utgongen av året 4 disponible fosterheimar , pluss to i krisesituasjonar. Det vart omplassert 21 kattar i løpet av 2009. Alle vart omplassert med kontrakt og mot gebyr. Vi sørgjer for at alle kattane vi tar inn , blir sterilisert når dei er over eit halvt år gamle. I tillegg blir dei id-merka og får vaksine. Gebyr : kr 600,- Kattungar blir vaksinert når dei er over 12 veker gamle. Gebyr: kr 200,- Vi tok inn 6 kattar ved overtakelse i 2009. Vi hadde inne 20 kattar for omplassering ved utgongen av 2009
Varmehus/matstasjon Vi har satt opp tre nye varmehus i 2009. Desse husa er primært berekna for ville utekattar, slik at dei får mat og vatn , og eit krypinn .Vi har rutinar for dagleg påfyll av mat og vatn.
Enkelte ber oss om hjelp til å fanga inn halv-ville kattar i sitt eige tun , for å få dei sterilisert. Dette er kattar som i utgangspunktet var heimlause , men som har slått seg til ro der dei blir gitt mat dagleg. Får dei formeira seg fritt, kjem situasjonen fort ut av kontroll . Det er difor svært positivt når eigar tar tak i problemet. Vi fullførte i 2009 prosjekt der tilsaman 17 kattar vart sterilisert. Desse kattane blir, etter nokre døgn i ro etter operasjonen , brakt tilbake til eigar .
Vi fekk i 2009 melding om 3 kattar som var såpass skada/sjuke , at dei vart avliva av dyrlege. Herav ein vaksen og to kattungar.
Medlemmer og informasjonsstander Kattegruppa hadde ved utgangen av året 30 medlemmer. Vi har arrangert vaffelsalg med info-stand 6 gongar i løpet av året , på henholdsvis Sekstanten , Sams Senter og på gamle Meling skule. I tillegg har vi hatt loppemarknad på Foldrøy skule.
Markedsføring og salg av effektar Kattegruppa si nettside, www.kattegruppa.no er viktig mtp. markedsføring, etterlysing av kattar som er savna, kattar til omplassering, kattar som har fått ny heim, våre forskrifter osv.Nettsida er ein praktisk og god måte å få informasjon på, alt etter kva ein søkjer etter. Vi har sendt inn lesarinnlegg frå styret til lokale aviser.Og det er blitt hengt opp plakatar på postkassestativ og i butikkar over kattar som etterlyser eigar eller som er savna. Vi har hatt følgjande effektar til salgs: Karinamus og kalendere.
Grasrotandelen Nytt av året er at vi er registrert i Frivillighetsregisteret, og deltar i Grasrotandelen. Når ein tippar, kan ein støtta Kattegruppa ved å oppgje nummeret : 989 581 864
Økonomi Utgifter: betaling til veterinær, kattemat , kattesand , diverse utstyr, leige og markedsføring. Inntektskilder: Støttemedlemsskap, støtte frå privatpersonar, salg av effektar, vafler, lodd, ”lopper”, fjernadopsjon, gebyr ved omplassering og overtakelse, pant av tomflasker. Vi fekk i 2009 støtte frå Finnås Kraftlag og LOS Elektro. Sum utgifter: kr. 63 944,25 Sum inntekter: kr. 72 821,60 Årsresultat for 2009 vart eit overskudd på kr. 8 877,35
Tusen takk til alle som har valgt å få pus gjennom Kattegruppa. For kvar pus som blir omplassert, og får ein god heim , får vi ein plass ledig til å kunna ta inn , og hjelpa ein ny pus.
Tusen takk til alle våre støttespelarar , medlemmer , for pengegåver , donasjonar til loppemarkedet, fosterheimar , fjernadopsjon , og til dei som har hjelpt oss med det praktiske arbeidet.Dessutan har vi i 2009 mottatt masse fint utstyr til pusane frå private. Uten denne støtten hadde vi ikkje hatt grunnlag for å kunna hjelpa dei heimlause kattane . Det er dessverre mange kattar ”der ute” som lider. Det er viktig at desse i størst mulig grad blir tatt hånd om. Dei fortjener respekt, og eit godt og verdig liv.
Styret i Kattegruppa på Bømlo, v/leiar Norunn Jensen.
Årsmelding 2008
Kattegruppa på Bømlo.
Årsberetning 2008.
Organisering
Kattegruppa på Bømlo blei stifta 8. mars 2006 og er registrert i Brønnøysundregistrene som sjølvstendig dyrevernorganisasjon.
Formål
Kattegruppa skal gjennom ulike tiltak jobba for å hjelpa heimlause og forvilla kattar. I tillegg er det viktig å spreia kunnskap om kattens behov og eit ansvarlig kattehold , og
prøva å påvirka folk sine haldningar til dette.
Styret og styreaktivitetar
Det har vært avholdt 3 styremøter i løpet av året. Årsmøtet vart avholdt 31. mars 2008.
Følgjande personar var med i styret og valgkomite i 2008 :
Leder : Ann Kristin Fostervoll
Kasserer : Norunn Jensen
Styremedlem : Silje Hopsdal (valgt for 2 år)
Styremedlem : Mai Elin Hellen (valgt for 1 år)
Styremedlem : Anette Eikeland (valgt for 1 år)
Varamedlemmer til styret : Margrethe Høisæter og Laila Elise Habbestad
Valgkomite : Sally Sharp Paulsen (valgt for 2 år) og Alfhild Hestenes (valgt for 1 år)
Styrets arbeid har vært å ta imot henvendelser fra publikum , følgja opp aktuelle saker,
praktisk arbeid for kattane , markedsføring av gruppas arbeid samt å følgja opp
omplasserte kattar.
Medlemmer og informasjonsstande
r
Kattegruppa hadde ved utgangen av året 38 medlemmer. Me takkar for tillit og
interesse for arbeidet vårt. Medlemsmassen er svært viktig for Kattegruppa , da den
i stor grad er med å leggja grunnlaget for at vi skal kunna hjelpa flest mulig av dei heimlause kattane.
Vi har arrangert vaffelsalg med info-stand 5 gangar i løpet av året , - derav 3 på Sekstanten kjøpesenter på Sortland , og 2 gangar på Amfisenteret på Stord.
Samarbeid og kampanje
Kattegruppa har vidareført det positive samarbeidet med veterinærane på Bømlo ;
Kåre Hognestad og Tone Skjørshammer.Dei har gitt oss egen pris-avtale, og er fleksible
og gode samarbeidspartnere. Det blei også dette året gjennomført steriliserings-kampanje. Det gode samarbeidet bidrar sterkt til at fleire kattar får eit bedre liv enn det dei ellers ville fått.
Aasheim Zoo er vår faste forhandlar for kattemat og kattesand.Dei har gitt oss prisrabatt på kattemat , og gitt oss eit svært godt tilbud på kattesand . Dei har også bidradd med diverse utstyr og forsekker som dei ellers ikkje kunne selja , p.g.a. småskader. Ellers har dei sponsa loddsalget med flotte gevinstar. Vi har hatt eit nyttig og godt samarbeid i 2008.
Markedsføring og salg av effekter
Kattegruppa har fått ny nettside . Den er veldig viktig mtp. markedsføring , etterlysning av kattar som er savna, kattar til omplassering , kattar som har fått ny heim, våre forskrifter osv. Nettsida blir heile tida oppdatert.Det er etterkvart mange som veit om Kattegruppa,
og nettsida er ein praktisk og god måte for dei å få informasjon på , alt etter kva dei søkjer etter. Nettadressa vår er : www.kattegruppa.no
Det har vært sendt inn lesarinnlegg og pressemeldingar frå styret til lokale aviser. Det har blitt annonsert i mindre grad enn før, fordi nettsida har overtatt ein god del av denne funksjonen.
Det er blitt hengt opp plakatar på butikkar og på postkassestativ over kattar som etterlyser eigar eller som er savna.
Vi har hatt følgjande effektar til salgs: Karinamus , nøkkelringar , kjøleskapsmagnetar
og kalendere.
Økonomi
Vi hadde en del mindre driftsutgifter i 2008 enn året før. Og tilsvarande mindre inntekter.
Utgiftene er for ein stor del betaling til veterinær , kattemat , kattesand og annonsering.
Inntektskilder har vært støttemedlemsskap , støtte fra privatpersonar , salg av vafler, lodd og effektar , omplasseringsgebyr og fjernadopsjon.Også i år fekk vi økonomisk støtte frå Finnås Kraftlag og Sparebanken Vest.
Årsresultat for 2008 vart eit overskudd på kr 12.065,45 .
Vi står stadig overfor store utfordringar når det gjeld å sikra tilstrekkelige driftinntekter
i tida framover.
Arbeidet for kattane.
Kattegruppa får stadig telefonar frå publikum .Mange melder ifra om heimlause kattar .
Andre vil ha hjelp til omplassering av eigne kattar. Vi prioriterer i utgangspunktet dei heimlause kattane , men gjer unntak hvis vi på det aktuelle tidspunktet har kapasitet til å ta inn også andre kattar. Enkelte tar kontakt for å få hjelp til å redusera kattebestanden i
sitt eige tun. Dette viser kor viktig det er å sterilisera katten i utgangspunktet. Då hadde ein kunna unngå mange triste katteskjebnar. Dette er som regel halvville kattar , som vi ikkje kan ta inn til omplassering.Vi tar gjerne inn kattungar , som er lettast å få tamme.Dei andre bestemmer eierne skjebnen til ; anten sterilisering eller avliving av veterinær. Vi er behjelpelige med det praktiske ; dvs innfanging og kjøring til og fra veterinær. Dei steriliserte kattane blir ,etter nokre døgn i ro etter operasjonen i stort bur i Pusehuset, satt ut igjen der dei kom ifra.Her lever dei som utekattar, med tilgang på mat og tilsyn av eier.
Pusehuset på Eikeland
Vi har opparbeida oss gode rutinar når det gjeld reinhold og sosialt samvær med kattane i Pusehuset. Vi er pr. i dag 4-5 personar som fordeler vaktene i løpet av kvar veke. Pusehuset fungerer som ein ”mellomstasjon” fra vi tar inn kattane her , og til dei blir omplassert. Vi kan på det meste ha 10-11 kattar her samtidig, fordelt på to rom
Vi hadde ved utgangen av året 4 disponible fosterheimar. Pluss to i krisesituasjonar.
Det vart omplassert 18 kattar i 2008. Alle blei omplassert med kontrakt og mot gebyr. Dei som var over 6 mnd gamle, er vaksinert , sterilisert og ID-merka. Gebyr: kr 500,-
Kattungane , som er vaksinert , tar vi kr 300,- for i gebyr.
Vi hadde 14 kattar til omplassering ved utgangen av 2008.
Varmehus/matstasjon
På Sortland har vi satt opp varmehus , der vi daglig fyller på med mat og vatn. Dette er berekna på heimlause utekattar , så dei får mat og eit krypinn. Det går 4-5 kattar her fast , pluss ein og anna som streifa forbi av og til.
Tusen takk til våre støttespelarar , medlemmer , for pengegaver, fosterheimar og fjernadopsjonsforeldre, og til dei som har hjelpt til med praktisk arbeid ! Uten denne støtten hadde vi ikkje kunna hjelpa dei heimlause kattane , som også er ein viktig del av samfunnet vårt , og
som vi skal visa respekt.
Styret
Vaffelsalg
VAFFELSALG PÅ SEKSTANTEN
Lørdag 7.februar.09 blir det vaffelsalg på Sortland på sekstanten til inntekt for kattegruppa.
Stikk innom og kjøp vaffel eller bare for en prat!
Kalender 2009
KALENDER 2009
Har du lyst til og kjøpe en flott kalender med masse fine bilder av lokale pusekatter? Kattegruppa har fått inn 2009 kalenderen med masse fine bilder. Det er en bordkalender.
Kalenderen koster 75,- Kjøp en selv eller gi til en du vet er glad i katter!
Send mail til noje@online.no eller siljehopsdal@tele2.no for bestilling av kalender.
Nye skjønne kattunger i pusehuset
17.juni.08 ankom tre små kattunger til pusehuset. Mitzi,Tusenfryd og Max.
Fram til vi finner ett nytt hjem til hver av dem skal de bo i pusehuset. Lese mer om Mitzi,Tusenfryd og Max? Trykk på kattunger 3-6mnd i venstre marg.
Er du interresert i å overta en av disse søte små ta kontakt med en av oss i styret (kontakt oss)
Årsmelding 2007
Årsmelding for 2007
Organisering
Kattegruppa på Bømlo ble stiftet 8.mars 2006 og er registrert i Brønnøysundregistrene som en selvstendig dyrevernsorganisasjon.
Formål
Kattegruppas skal gjennom ulike tiltak jobbe for å hjelpe hjemløse og forvillede katter. I tillegg er det et mål å spre kunnskap om kattens behov og et ansvarlig kattehold, og slik søke å påvirke folks holdninger til dette.
Styret og styreaktiviteter
Det har vært avholdt fem styremøter i løpet av året. Årsmøte var avholdt 14. mars 2007. Følgende styre og valgkomite ble valgt av årsmøtet:
Leder: Ann Kristin Fostervoll
Styremedlem: Silje Hopsdal (valgt for 2 år)
Styremedlem: Norunn Jensen (valgt for 2 år)
Styremedlem: Anette Eikeland (valgt for 1 år)
Styremedlem: Mai Elin Hellen (valgt for 1 år)
Varamedlemmer til styret: Margrethe Hoisæther og Laila Elise Habbestad
Valgkomitè: Sally Sharp Paulsen (valgt for 2 år) og Alfhild Hestenes (valgt for 1 år)
Styrets arbeid har vært å ta imot henvendelser fra publikum, følge opp aktuelle saker, praktisk arbeid for kattene, markedsføring av gruppas arbeid samt oppfølging av omplasserte katter.
Medlemmer, medlemsmøter og informasjonsstander
Kattegruppa vervet x nye støttemedlemmer i løpet av året. Til sammen registrerte vi x antalll betalende støttemedlemmer ved utgangen av 2007.
Vi har ikke arrangert medlemsmøter utenom årsmøtet i løpet av 2007. Dette pga sykdom og redusert arbeidskapasitet i styret. Det praktiske arbeidet for kattene har blitt prioritert.
3 ganger har vi arrangert vaffelsalg med info-stand på Sekstanten kjøpesenter på Sortland.
Samarbeid og kampanje
Vi har videreført det positive samarbeidet med veterinærene på Bømlo; Kåre Hognestad og Tone Skjørshammer. De har gitt oss egen pris-avtale og er fleksible og positive samarbeidspartnere. På høsten gjentok vi samarbeidet om en
kastreringskampanje i oktober og november måned. Dette var også i år veldig vellykket, og for første gang registrerte veterniærkontoret at det ble kastrert flere hunnkatter enn hannkatter totalt gjennom hele året. Kattegruppa bidrog med omtale, pressemeldinger og annonse i lokalavisa.
Vi har hatt Aasheim Zoo på Stord som vår faste forhandler for kattemat og kattesand. De har gitt oss prisrabatt og i tillegg latt oss overta ustyr som de ellers ikke kunne selge pga småskader og lignende. Det har vært veldig nyttig. Vi har også kjøpt Husse kattesand til reduserte priser.
Markedsføring og salg av effekter
-
Nettside – denne har dessverre ikke blitt oppdatert i store deler av året. Dette skyldes at vi mistet frivillige som hadde denne jobben og at vi andre ikke har klart å få til dette arbeidet.
-
Presseoppslag og annonser i avisene – det har vært sendt inn leserinnlegg og pressemeldinger fra styret til lokale aviser, og det har jevnlig vært annonser i avisene, både etterlysninger og annonsering av katter for omplassering. Ut over dette har det ikke vært presseoppslag om gruppas aktiviteter dette året.
-
Plakater - i alle ”På rømmen”-sakene våre blir det hengt opp ml 30 og 50 plakater på postkassestativ og på butikker i kommunen. I tillegg henger en del ”verve”-plakater i butikkene fast.
-
Vi har hatt følgende effekter til salgs: Karinamus, nøkkelringer, kjøleskapsmagneter, halsbånd, malte kattebilder og kalendere.
Økonomi
Det var i 2007 økte driftsutgifter i gruppa, mens inntektene fra drift ikke hadde tilstrekkelig økning. Utgiftene er for en stor del betaling av kattemat og kattesand, veterinær og annonsering. Inntektskilder har vært omplasseringsgebyr, salg av effekter, lodd/vaffelsalg og gaver fra private og andre. Også i år fikk vi gaver fra Finnås Kraftlag og Norsk Huskattforening. Årsresultat for året ble på -4000, men i innteksposten ”gaver fra private” er over 55 000 gaver fra styremedlemmer i gruppa, penger som er betalt inn for å sikre drift gjennom året. Dette viser at det er store utfordringer i å sikre tilstrekkelige driftsinntekter i tida framover.
Behov for frivillige
Utviklingen siden første driftsår i 2006 har dessverre vært at vi har fått færre frivillige medarbeidere. Dette gjelder både fosterhjem og frivillige til annet arbeid. Totalt har vi i 2007 disponert 7 fosterhjem og ett krisehjem. Det har vist seg å være svært vanskelig å rekruttere flere aktive medlemmer til gruppa og særlig er behovet for flere fosterhjem stort.
Arbeidet for kattene
Kattegruppa har fått svært mange telefonhenvendelser i løpet av året. Mange ringer for å gjøre oss oppmerksom på katter som har behov for hjelp. Andre ønsker hjelp til omplassering av egne katter. Unntaksvis har vi hjulpet til ved alvorlig sykdom eller andre spesielle situasjoner. Svært mange har vi måttet avvise.
Saksomfang:
Til sammen har vi utført hjelpetiltak for 130 katter i 2007.
Av disse har 86 vært nye saker. 30 av disse ble tatt inn i fosterhjem for kortere eller lengre tid. Mange ble omplassert direkte fra der de ble funnet/fra de som meldte i fra om saken.
Pusehuset på Eikeland:
I 2007 har vi utvidet kapasiteten i pusehuset vårt og vi har utarbeidet bedre rutiner og mer bemanning for den daglige driften. Pusehuset er bedre utstyrt med flere møbler, mer katteutstyr (kurver, klorebrett og lignende) samt store hundebur som kan brukes etter behov. Til sammen har 12 katter bodd i pusehuset i løpet av året. Av disse har 8 fått nye hjem. Ved årsskiftet bodde sju katter i pusehuset, fordelt på to rom.
På Rømmen
Vi har laget ”På Rømmen”-oppslag for 39 katter i 2007, og fant på den måten eierne til 15 av disse.
Hjelp til private
Fra private som av ulike grunner (helsemessig / sosialt) ikke lenger klarte å ta hånd om kattene sine, tok vi 30 (inkludert kattunger) katter inn i vårt system. Svært mange henvendelser måtte vi si nei
Omplassering
Gjennom året fikk 60 katter nye hjem, av disse var 55 hjemløse. Alle ble omplassert med kontrakt og mot betaling. De som var over 6 mnd var kastrert/ID-merka og vaksinert før omplassering. Pris kr 500,-. Kattunger har vi tatt 300 kr for. Kontrakten forplikter nye eiere til å kastrere og ID-merke disse. Katter som ble boende hos/omplassert til fosterhjemmet sitt, ble det ikke tatt gebyr for. Av de 60 omplasserte var det 9 stykker som ble boende fast videre i fosterhjemmet.
Triste skjebner
35 av ”våre katter” (enten i tiltak eller på venteliste), har dessverre blitt borte for oss, dødd av sykdom, blitt skutt/avlivet eller blitt påkjørt.
Veien videre
Ved årets slutt ventet 22 katter på nye hjem, 11 katter fikk mating og tilsyn på 3 matstasjoner utendørs og 15 katter sto på venteliste.
Behovet for Kattegruppa på Bømlo er stort både her og i tilliggende kommuner. Arbeidspresset i 2007 har vært stort. Vi ser at flere viktige oppgaver har blitt nedprioritert i 2007 og vi håper på flere frivillige, bedre økonomi og større arbeidskapasitet i arbeidet videre.
Tusen takk til alle som har bidratt med moralsk støtte, penger og praktisk arbeid!
Styret
|
|
 |
|
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE
|