Har prøvd å lage ei informativ og forhåpentlig vis oversiktleg heimeside.
Her kan du sjå bilder og lese fakta om høns, and, kalkun, påfugl og tropefugl.
Kong vinter har vore mild og snild i år, sjølv om vi har fått tåle ein del vind. Både Berit og Dagmar viste seg godt men skadene hos oss har vore minimale.
Sola er no koma att, ho stig stadig høgre og smeltar restane av snø. Det kjennest godt at vinteren no er over og at sola atter ein gong kan gi liv med sine varme og liv givande stråler.
Årets første kylling såg dagens lys 6 mai 2012.
Dette er gradsmiks, sansynlegvis favorolle og Brahma.
Eg ser fram til ein ny sesong, med klukkhøns egg og kylling.
Fjor årets sesong var litt merkelig, ein del nye tilskudd har sett dagens lys og andre gjekk bort.
20 oktober 2011 hadde vi besøk av 2 rev, dei gjorde eit kraftig innhogg i blandingsflokken min. Heile 10 høns vart drepne. Dei har fortært store delar på tre av hønsa.
Dei kome seg inn i denne lille sprekka, ved å grave. På det høgste måler den 10 cm.
Fjordårets sessong gav lite egg men mykje kylling og ungfugl. Lista var veldig lang og silkene låg for det meste klukk.
Eg klarte ikkje å levere det eg skulle av ruge egg den sesongen.
Eg føler det er svært viktig at høns som klukkar, får lov å fullføre prosessen fram til klekking og heilt fram til mor er ferdig å fostre opp kyllingane sine, på denne måten skapar ein nye høns som faktisk evnar å ruge fram eigne avkom. Vi har mange eksempel på at raser har mista evna til å klukke pga ruging i maskin.
Nye artar har kome til.
Henta meg ein flott Påfugl hanne i bytte mot bronsje Kalkunane mine, eg har ikkje plass til så mange stor fugl.
2 Nymfeparakittar har også flytta til oss, desse har fått navna Tom og Tine. Livlige og kjekke fuglar. Tom er delvis tam og går motvillig på fingeren, så her må meir preging til.
Fekk tilbake ein tro bronsjekalkun, etter jul. Den eine høna flytta i midletid tilbake etter 2 mnd.
I mars er tida inne for å pakke opp rugemaskina, her skal ruge egg test rugast, for å sjekke om frøinga er på topp. Nye hanar er no satt inn i silke flokkane, frøinga var dårleg. Ny testrugin vil skje i slutten av mai. Eg ventar også ein del nye raser. Har fått tak i ruge egg av Kobber Maran som legg mørke brune egg.
I tillegg har eg fått tak i ruge egg av både Araucana, Isbar og Lagbarfarga dverg Kochin . Vaktel er også på trappene, men eg trur eg satsar på Jumbovaktel denne gongen, hos denne typen vaktel er egga ein del større enn hos Auro Vaktel.
Ta ein tur innom dagboka mi, få med deg nyheiter og oppdatteringar.
Legg gjerne inn ei helsing i gjesteboka mi og fortell meg kva du synest.
Skriv gjerne ein kommentar om det er ei side du liker godt. 

Heimesida handlar først og fremst om høns og om livet her på Lade Oppdrett.
Her skjer det stadig nye ting .
Naturleg ruging og klekking ligg absolutt mitt hjarte nærast, å sjå hønemor vise omsorg og lære opp kyllingane ho har klekka er heilt spessielt.

Her kan du lese om hønsa eg har, sjå bilder og bestille deg både egg, høns og kyllingar.
Du kan bruke kontaktsida mi, til å bestille det du ønsker.
Eg jobbar stadig på for å legge ut nye tema.
Etter å ha vore i kontakt med Pelle Wickström (Fuglehjelpen Oslo) der han bed om tips på rugemaskin (her på heimesida mi), bestemte eg meg for å sette igang ein innsamlingsaksjon.
Pelle fortel at Fuglehjelpen
http://www.fuglehjelpen.no/
årlig får inn mellom 600-700 egg av and. Endene legg egga på terrasser, balkonger og folk sine hustak osv. Bestanden av and har gått betraktelig ned de siste 25 åra, frå å være 50 000 i Oslo området til å være mellom 4-5000 i dag. Grunnen til dette er at and ungene er offer for predatorer som skjære, kråke måke, gjedde osv.
Av 100 000 and unger vil ca 100 overleve!
Rugemaskina skal ta mest mulig egg, være heiautomatisk med fukt og temperaturavlesning.
Pengene som kjem inn ved denne innsamlingsaksjonen, vil gå uavkorta til ei egna rugemaskin, slik Fuglehjelpen kan bidra til å holde bestanden av and oppe.
Postgironummer:
0540 025 1020
Bankgironummer:
6042 0639662 og
1503 0726852
Håper alle vil vere med å støtte dette viktige arbeidet, litt er bedre enn ingenting.
Følg med på Heimesida til Fuglehjelpen og hold deg oppdattert på korleis det går med andungane.
Mvh Sylvi Bjørneset
Greit å vite:
Som du ser står det tal fram for rasene.
Desse tala står for kva kjønn ein har.
Tek perlehønsa som døme.
Det første talet (1) betyr ein hane.
Det andre talet (2) betyr to høner.
Står det 1.2.4 står 4 talet for anntal kyllingar.
Altså 1 hane. 2 høner og 4 kyllingar.
Benk deg til, lag deg ein god kopp med varm drikke og kos deg.
Om det skulle vere noko du lurer på, er det berre å ta kontakt. Eg skal hjelpe så godt eg kan.