 |
 |
|
 |
 |
Dignity's Lost without You
09.12.1997 - 15.04.2009.
Hei! Dette er mi side. Eg er Mason. Stamtavlenamnet mitt er Dignity's Lost without You. Det passar godt til meg. Eg går alltid to steg bak mor, og det er ikkje få gongar ho har lurt på kor eg er. ...Og så går eg som sagt to steg bak henne. Eg er ein tricolour hannhund som vart fødd 09.12.1997. Far min er Crubow's Firecracker og mor mi er Dignity's High Integrity.
Mason levde til han var 11 år og 4 mnd. Han døydde 15.04.2009. Ein betre venn skal ein leite lenge etter. Føler meg egentleg litt Lost without han. Men han har levd eit godt liv, og det hjelper å tenkje på.
Dignity's Lost without You, her er han vel omtrent 5 mnd.
Av og til fekk Mason Scott med på dra-leiken.
Her er eg med den første, store helten i livet mitt, Scott Eager to Please. Eg var ganske Lost without han også, då eg var ein liten kvalp.
Dignity's Lost without You, vakker på Kleppevarden.
Mason i vinden, vakkert hovudbilde.
Jada, eg er ein ekte gjetarhund. Det viste eg då mor fekk heimelammet Hildegunn. Foto: Michaela Naunheim
Eg likar at mor børstar meg..synest eg blir ekstra fin med litt luft i pelsen.
Her er eg med dei kjekke jentene Tinka og Lassie ved ei av strendene ti Myklestadskogen i 2006.
Her er eg og Tinepusen Colakatten i hagen, våren 2006
Mamma og Mason på Kleppevarden i 2006, før Monty kom.
Her er me på besøk hos Kari, Tinka og Lassie....og eg gjer mitt beste for å ignorere det der firbeinte kvalpekrapylet....men han har komt seg etter kvart. Foto: Kari Berg
Her er eg og Monty på veg til varden. Det er januar og Monty er straks 7 mnd.
Her er eg på tur med Monty. Thea sneik seg med oss. Eg måtte ha ein liten pause frå desse viltre ungdommane.
Her set eg utanfor huset mitt og blir tatt bilde av.
På tur i veien. Nybørsta, blåst og fluffy. Mason trippar avgårde på tur. Her kunne han høyre også.
Sommaren 2007 var me på besøk til Oslo og der møtte me mor og bestemor til Monty. Bak, Melville Misty Belle og Dignity's Lost without You. Framme set Brilyn Whiteheather.
Mason og Monty i nydeleg septembersol, 2007. Bildet er tatt på Kleppevarden.
Mor er alltid på jakt etter mulige julekortmotiv.
4.11.07. Her er eg nesten 10 år.
Julekortet vårt jula 2007.
Sommarbilde av meg. Juli 2008.
Dette skulle blir julekortet vårt for 2008...men så kom jo Izzie....og då måtte det 3 hundar med på bildet.
Ein god klem frå ein god venn!
Tre gutar var med oss på tur på nyttårsafta. Det var kjekt. Me går som regel på tur åleine.
Mason på tur i sola 1.nyttårsdag 2009.
Mason og hans gode venn Monty. Gammal og ung. Og vakre er dei, begge to.
Dignity's Lost without You, her har han seg ein liten pause på veg til Kleppevarden søndag 4/1-09.
Dignity's Lost without You. Også han kan stille seg flott opp når han vil det. Her tok eg først eit bilde av Monty, og så gjekk han vekk. Då gjekk Mason opp på steinen og kikka slik på meg.
Mason i photoshop-montasje.
Mason i fullt firsprang på tur.
Våken veteran i vinterlandskap.
Lykkeleg etter endt utstillingstrening i vakker februarsol.
Mason i nærleiken av Kari, for ho har gode godisar.
Mason standing close to Kari, because she has wonderful treats.
18.mars 2009. Mason var den einaste som stod i ro lenge nok til at eg fekk tatt bilde. Mason was the only one standing still long enough so I could take this picture.
Hovudbilde av min 11 år gamle veteran. Headpicture of my 11 year old veteran dog.
Ein vakker tricolour. A beautiful tricolour.
Mason 18.mars 2009.
Mason ventar på å bli blåst og børsta. Mason is waiting to be groomed.
Litt forbausa over Izzie sine merkelege stunt. Somewhat surprised by Izzie and her doing.
Monty, Mason og Thea på Kleppevarden.
Anja and Mason, to gode venner. Anja and Mason. Two good friends.
Anja & Mason.
Trekløver.
Mason.
Mason, ein vakker kar. Mason a beautiful boy.
Dignity's Lost Without You, 09.12.97 - 15.04.09.
Mer infoLiker
| |
 |