 |
 |
|
 |
 |
Stamtavler for mine hundar.
Crubow's Joybringer In Blue
05.03.2010 var vesle Cody fødd. Eg hadde ikkje planlagt at han skulle komme til hit. Men då han var 6 veker, då vart det klart at han skulle det. 30.april reiste eg med fly for å hente han. Det skal bli spennande å følgje hans utvikling framover. Han har nokre av dei samme namna på si stamtavle som nokon av dei gamle hundane mine har hatt. Her er tre generasjonar bakover. Stamtavlenamnet hans er CRUBOW'S JOYBRINGER IN BLUE.
|
L
Lynmead Let’s Go Black
|
Ch Amalie Look Who's Black
|
Ch. Amalie Deep In My Soul
|
|
Amalie Dixies Black
|
|
Lynmead So In Love
|
Ch. Amalie Deep In My Soul
|
|
Love Charmed At Woodwick
|
|
Nuch Crubow's Zhootztar Blue Rose
|
Amalie Midnight Rythm
|
Tanryn Midnight Express At Lynaire
|
|
Malouine's Blues For My Baby At Ama
|
|
Nuch NV-01 Crubow's Theme Over Blue Rose
|
Nuch Crubow's Proper Pilot
|
|
Nuch Crubow's Equina Blue Rose
|
Dette bildet er jo berre til å smelte av. Crubow's Joybringer in Blue, 6 veker gammal. Foto: Peter Nilsson.
TellMe's Candy Light, født 09-05-2007. Før heitte ho Kissie til dagleg. Men her hos meg heiter ho no Izzie. Ho er ei sobel tispe. Og min yngste hund. Ho har minimal CRD, og er ikkje hd-røntga pr 18.12.08. Planen er å gjera det så snart eg får stamtavla tilbake frå Kennelklubben etter eigarskiftet. Planen er å bruke henne i agility og så vil me reise på utstilling, dersom det viser seg å vera noko for henne. Ho har vore omplassert nokre gongar, og det pregar henne nok litt i starten. Men ho er ei triveleg tispe som stort sett taklar det meste godt.
Dessverre blei ikkje Izzie så gammal. Ho fekk leve til 20. april 2010. Men ho har gitt meg mange gode minner i den tida eg fekk ha henne her.
|
Nord JV-06 Crubow's Creedence In Black
|
Nuch NV-03 Amalie Picasso Black Crubow
|
D Uch Silvers Inspiration Xandu
|
|
Blue Amalie Colynia's Paradise
|
|
Nuch NV-01 Crubow's Theme over Blue Rose
|
Nuch Crubow's Proper Pilot
|
|
Nuch Crubow's Equina Blue Rose
|
|
Ewerglade A Sable Vision
|
Nuch NordV-02 NV-04 Amalie Justin Time
|
Lynmead Lust in The Dust
|
|
GBch Amalie Day Dreams
|
|
Nuch Ewerglade All My Love
|
Nuch Crubow's Proper Pilot
|
|
Crubow's Riverdance
|
Tellme's Candy Light, på dagen 19 mnd.
Melville Montebello, født 27.juni 2006. HD: A. Auger: Utan anmerking. Han er ein sobel dominant hannhund. Me driv med utstilling og trener litt agility. Planen er å konkurrere der og. Men førebels er det berre trening.
Stamtavla hans:
Amalie Mild Affair | Amalie Mild and Bitter | Lynnway Seldom Sober | Blossoms Black at Amalie | GB CH Delbar Delightfully Amalie | Delbar Drillmaster | Amalie Such Fantasy at Delbar | N UCH Melville Misty Belle |
| NL LUX UCH Riding’s Deep in My Heart | Unchain My Heart Og Slatestone | N UCH Brilyn Whiteheather | Mountbattle Beware Brilyn | Sachenda Rubies Are Red at Brilyn |
Melville Montebello, 2 år. Nybada og med favorittleika si.
Dignity's Lost Without You
Mason er den andre hunden min. Namnet fekk han fordi han tygde sund Mason/Pherson-børsten til oppdrettar Astri Hedenstad. Han er ikkje røntga, men han er fri på augene. Denne hunden har følgt meg som ein skugge etter fylte 3 år, roligheten sjølv. (Før det var han ein litt stressa unghund, totalt avhengig av Scott...og mor i den rekkefølga.)
Han har gått laus mellom ulike husdyr som høns, kattar, hestar og sauer. Aldri noko utfall. Til og med ein hjort har me gått på, mens Mason berre stod og såg på. Han har aldri blitt noko stor utstillingsstjerne. Han var på sitt vakraste mellom 6 og 8 år gammal. Han har ein nydeleg, lang og ganske tett pels. Me reiste på nokre utstillingar då, og oppdrettar Astri handla han fram til eit ck. Gjett om me var stolte! Det artige var at han fekk sitt første og einaste ck i veteranklassen.
Mason er ein tricolour hannhund. Han kom inn i livet Mitt med fly frå Oslo til Flesland. Han fekk sitje i ein bag inne i flyet, noko han synest var supert. Ikkje redd, ikkje ein gong då me gjekk ut desse svingdørene på Flesland. Og vel heime la han sin elsk på Scott, min første collie.
Scott var jo ein åleine-hund. Han blei veldig fornærma når Mason i pur glede over at det var andre hundar i huset slengte seg ned ved sida av ryggen til Scott. Det er eit understatement. Scott snøfta og la seg på ein annan stad, og Mason følgde etter. Då skviste han seg omtrent inn i ryggen på Scott. Etter det var Scott helten i Mason sitt liv i 4 år. Men han har klart seg fint åleine også.
Då Mason var vel 8 år, då fekk me Monty. Han var ein aktiv krabat, og ganske sjølvstendig. Mason har prøvd seg på ignoreringstrikset, men no er dei gode venner. No trivest Mason best når han får vera med på turar som ikkje er alt for krevande, og han synest det er kjekt å vera selskapshund på utstilling. Eg er umåteleg stolt av han, og.
|
INT N DK UCH
Crubow’s Firecracker
|
N UCH
Crubow’s Quay D’Orsay
|
Bermarks Errol
|
|
Crubow’s La Belle Anna
|
|
N UCH
Crubow’s Racine Blue Rose
|
Fancymore O’Sullivan
|
|
Dindella Annabella
|
|
Dignity’s High Integrity
|
|
Crubow’s Zwartze-Zorro
|
|
N UCH
Crubow’s Racine Blue Rose
|
|
Dignity’s Fair Rosalind
|
Crubow’s Evening Flirt
|
|
Crubow’s Dimitiv
|
Dignity's Lost Without You, sommaren 2008, 10 1/2 år.
Min aller første collie heitte Scott Eager to Please. Han var født 08.mars 1993. Hd: D. Auger: Utan anmerkning. Han var på ein del utstillingar, men slo aldri det beste resultatet som han fekk på sin første utstiling: Bim Kvalp på BSBk. Han levde til han var litt over 9 år, og døydde 21.august 2002. Ein kjempegod venn, både for meg og mine venner.
N UCH Crubow’s Demis Raussos | NV-90 N UCH Crubow’s Xerxes | Vanity’s Forever in My Heart | Crubow’s La Belle Anna | N UCH Crubow’s Qui Vivra Verra | Bermarks Errol | Crubow’s La Belle Anna | Haveng’s Debbie |
| Corydon Augustus Caesar | Topp-Form’s Petit Fleur | Confident’s Glorious Star | Mybern Moonbopper | Crubow’s Gabriella |
Scott Eager to Please, 5 år. Våren 1998.
|
|
 |