Monty i utstillingsringen.

Norsk Collie Klubb, 25/9-2011.

Dommar var Brian Hawkins. Han har eg vore på oppdrettarkonferanse med, saman med Randi Narvesen og Gitte Hjort Sørensen. Var naturlegvis difor spent på kva denne dommaren ville sei om Monty.
Her er kritikken, to og ei halv linje:

Pleasing head, g. stop & g. scull, nice eye & expr.
g. l & d of body, very well boned, g. l. of tail,
moves freely.

Resultatet vart: Excellent, 4 ak.

Her står Monty så fint. Takk til fotograf Therese Klungervik for hjelpa.

Norsk Eurasierklubb, 16/7-2011, Vålerbanen.

Dommar: Antonio Di Lorenzo.

V. g. type. Needs much b. ears. G. enough prop. Strong bones. Exc. coat. W. ang. front and back. Light enough forehead. A little wide scull. G. move.

Resultat: Excellent og nr 1 i open klasse.

Norsk Collie Klubb Oslo og Akershus, 15.mai 2011.

I samband med Hovudutstillinga var det dobbeltutstilling. Dag to var det Peter Bailey som dømte. Dette er det han sa om Monty:

Movement is good, but spoilt by bad tailset and carriage. Head is very pleasing with correct eyes and ears. expression lovely. Coat condition and presentation is excellent.

Resultatet blei då Excellent og nr 3 i ak.
John Catliff på veg mot meg og Monty på laurdagens hovudutstilling. Foto: Hilde Jensen.

Norsk Collie Klubb, Hovudutstillinga, 14.mai 2011

Hovudutstillinga gjekk av stabelen på Morokulien og dommar var John Catliff.
Dette hadde han å seie om Monty:

Lovely balanced head, clean stop, excellent eyeplacement, the sweetest of almond eyes, good earcarriage, good underjaw,  strong neck, good spring of rib, good lenght of back, good tailset, excellent rear angulation. Coat is well presented, he moved with ease.

Resultatet var Excellent, 1 i ak og ck.
Men han blei ikkje plassert i BHK. Eg er nøgd likevel. Ein super kritikk.

Norsk Collie Klub, avd. Vestlandet, Stend, 10.april 2011.

Så var det Norsk Collie Klub, avd. Vestlandet som hadde utstilling. Monty stilte med 4 andre hannar. Dommar for dagen var Alan Clarke.
Her er det som han sa om Monty:

Very masculine, g. bone, scull is flat, but a little too wide, stop is g. muzzle g, eyeset & shape g. expr. quite nice, outline nice, movement g. but little lose on the back. Coat & cond. g.

Resultat:
Åpen klasse, Excellent og nr 3 i klassen.

Norsk Kennel Klub, Bønes, 9.april 2011.

Monty stilte nok ein gong i open klasse for å kjempe om certet. Det enda med blått, og her er orda til dommar Mats Lindborg:

G. prop. og benstamme. Tilt. (tiltalande ) hode og uttr. Tynn underkjake. Velbårne øron. Brant skulder. Bra rygg, nog. kort kors. Nog. høgt buren svans. Bra kropp. Rør seg kort og ustad. fram. Utvridna baktassar. Utm. pels

Very Good.

Fitjar-Stord Hundeklubb, 13.november 2010.

Dommar var Terje Lindstrøm. Eg synest han var ein bra dommar å stille for. Han var veldig flink med hundane. Og hadde ein respektfull og høfleg opptreden. Her er det han sa om Monty:

Mid. stor, meg. god type.
Mask. velskåret hode, som kunne hatt en kraftigere underkjeve.
Utm. hals og overlinje.
Noe steil overarm, forøvrig tilstrekkelig vinklet.
Bev. seg med tilstr. skrittleng. bak, noe trang bak og en aning høg hale.
Utm. pels og farge.

1 kval. 2 konk.

Norsk Collie Klubb, Vestlandet, 25/9-2010.

No har me vore på ny utstilling. Denne gongen i ridehallen på Stend. Dommar var Barry A. Makepeace.
Nedanfor finn du det som han sa om Monty. Eg har teke meg den fridom å rette på nokre av ord, for det var ikkje så god rettskriving.

Pleasing head type. Prefere a little more underjaw.
Correct expression. Good neck and body.
Pleasing coating. Moves reasonably well.

Dermed blei det 1 kval, 2 konk og ck.

Norsk Collie Klubb Rogaland, 12.september 2010.

Det regna heldigvis litt mindre denne dagen. Monty blei ganske våt dagen før, så han blei børsta og børsta for å bli tørr att til me skulle stille for franske Michel Mocque. Eg vart veldig nøgd med sånn som han såg ut. Og Monty var så mykje meir samarbeidsvillig i ringen. Det var ein fryd å stille han. Godgutten.
Michel  Mocque sa følgande om han:

Nice overall. Masc. head. Nice eyes and expr.
G. reach of neck. G. body. Well ang. front and rear. W. presented. Lovely rich color. W. moved.

1 kval, 2 konk. Og dessverre vart det berre ck til vinnaren av klassen. 
Her har Monty fått raudsløyfa. Me ventar på å komme inn i konkurranseklassen. Fotograf er Annie Kristensen.

Norsk Kennel Klub, Orre, 11.september 2010

Monty har slanka seg litt, og dermed var han klar for Nkk. Dommar var Helge Lie. Han gav Monty ein fin kritikk, men han sa etterpå at det var halen som var tidvis for høg, og tunge øyrer og for breid øyrestilling som gjorde at Monty blei plassert som han blei....det var forresten ein temmeleg våt dag å stille hund på. Det striregna nesten heile dagen.
Her er Helge Lie sin bedømmelse av Monty:

4 år gammel, kraftig sobel hann av g. type. Bra formet hode. Stopp kunne vært noe mindre. Mørke, mandelformede øyne, noe tunge ører og bred ørestilling. Bra bitt, m. bra kjønnspreg.
bra hals og kroppsproporsjoner. Bra front, velvinklede bakben. Bra pels av sobel farge. Beveger seg bra, men tidvis noe høy haleføring. Bra temperament.

2 kval.

Norsk Terrier klub, Nesbyen 1/8-2010.

Dommar vart til slutt Gunnel Holm frå Finland. Ho likte ingen av dei 3 hannane som var påmeldt. Men dette skreiv ho om Monty:

En stor long hanne. For tungt tippede ører. Små øyne. Bra bitt. For kraftig stopp. Bra benstamme for str.
Høyer sin hale i bev.
Hastrange bakbev. Nøstende forben bev.
Utm. pelskvalitet med utm. krage.

2 kval.

Dermed betyr vel det at Monty er på slankekur og må trimmast meir. Ja.

Irsk Ulvehundklubb Norge, Nesbyen 31/7-2010

Dommar var Theo Leenen, Belgia. Han var ein smilande og blid dommar, som handterte hundane på ein framifrå måte. Han synest at Monty var for tjukk.
Men han sa mykje bra om han likevel. Her er kritikken:

4 years old, corr. in type, but in a goo feeding condition. (Bit overweight.)
Nice masc. head. Dark eye. Complete sciss. bite. Nice tipping ears. Good neck and shoulder. Could be stronger in back. Nice tail. Well angulated. Good bone and feet. Very strong body. Correct coat. In movement a bit narrow in front.

1 kval, 2 konk, ck, 3 bhk.

Norsk Collie Klubb, 75-års jubileums utstilling.

Dommar var Terence McGowan. Han spurde fleire gongar kor gammal Monty var. Eg sa at han var 4 år i juni. Dette skreiv han på krittikken til Monty:

Exc. 3 year old, exc head and expression. Excellent underjaw, sweet exp. Good depth of chest, exc. topline, well presented. Mov. not so good.

Det enda i følgjande plassering i open klasse: 1, 3, ck.

(Men så mykje excellent er det no lenge sidan Monty har fått. Og eg sprang på lett haltande vis..og eg reknar med at han følgde meg der. Så me er strålande nøgde,  både eg og Monty.)

Norsk Kennel Klub, 18/4-2010

Dommar her var opprinneleg Boris Spoljaric. Men også her vart det dommarendring. Svein Helgesen steppa inn i dag. Han har me også stilt for før, men me greidde ikkje å tangere resultatet heilt. Dei blei likevel ein fin kritikk, og me fekk med oss ei raudsløyfe. ....og eg investerte i ein raud rosett.
Her er det som Svein Helgesen sa om Monty:

Maskulin hannhund som har god balanse. Godt hode. Bra sideformet. Kunne hatt noe bedre plasserte ører. God hals. Velkroppet. Bra vinklet fremme og bak. Meget god pelskvalitet, velstelt. Gode bevegelser med god stabilitet.

1 kval.

Norsk Collie Klubb Vestlandet, 17/4-2010

Denne utstillinga hadde me gledd oss lenge til. Dommar var Brian Hawkins. Men grunna vulkansky, så gjekk ingen fly. Dermed blei det dommarendring. No skulle Gro Berg-Johansen dømme. Hm..ikkje lenge sidan me stilte for henne. Men me drog i veg likevel. Her er det som ho skreiv om Monty denne gongen:

Kraftig mask. hann. Kileformet hode, som er noe for tungt i bakhodet. Mørke, vakre øyne. Korr. ører. Tilstr. hals. Ok skulder. Noe steil overarm. Godt forbryst. Beveger seg fritt fra siden med godt driv. Vises i noe for godt hold i dag. Vakker, velstelt pels. Godt temp.
1 kval.

Monty i ridehallen på Stend. Fotograf er Hilde Jensen.

Norhordland Hundeklubb, 7/3-2010.

Dommar var Jeff Luscott.  Her er det han skreiv om Monty:

Good coated dog. Shown in excellent condition. Little deep through the head, with a heavier earfold.
Ok in front and body. Ok over the topline and rear quarters. Closer at the hocks on the move. Not the reach in front and closer at the rear.

Det blei 2 kval. Ja, ja, igjen.

Ølen-Etne-Vindafjord Hundeklubb, 14/2-2010.

Dommar var Michale Forte.
Her er det han skreiv om Monty:

Ear broke a little low. Would like more underjaw. A little short in neck. Shoulder could have a little mor lay back. Good shaped body.
A little weak in pastrine and would like more strenght in the rear.
Lovely eye & expression.
Presented in lovely condition.

Det blei 2 kval.  Ja, ja.

Norsk Kennel Klub, Stavanger, 13/9-2009.

Dommar var Gro Berg-Johansen. Ho sa dette om Monty:

Maskulin hanne, mg typ og størrelse. Kraftig hode som ikke må være dypere. Mørke øyne, korr. ører. God hals og overlinje. Noe steil skulder, forøvrig velvinklet. God brystdybde. Beveger seg fint fra siden, noe trangt bak. Pels av god kvalitet. Herlig temperament.

1 kval.

Norsk Collieklubb Rogaland, Trones skole, 12/9-2009.

Dommar var Anne Hassock. Ho gav Monty den flottaste kritikken eg trur han har fått nokon gong. Men resultatmessig har han gjort det betre før. Men eg nyt desse flott orda:


Excellent, very glam. sable in excellent coat, beautiful eyes, good moulded foreface, neet ears, plenty of heartroom, nice shoulder and good topline, moved well on well boned legs.


1 kval, 4 konk, ck, 6 BHK.

Norsk Collie Klubb Hedmark, Moelv, 30/8-2009.

Dommar her var Claus Peter Fricke. Han var streng på å dele ut ck. Kun 5 av 21 hannar. Her er det han sa om Monty:


3 years old maskuline sabled dog. Very good head and expr. G. almondshaped, dark eyes. Earcarriage ok, but a little bit too heavy. Very good topline. Very good depth of chest. Ang. a little bit to straight. Good show condition and excellent presentation.

1 kval, 1 konk, ck og 4 BHK.

Norsk Tibetansk Terrier Klubb, Nesbyen, 2/8-2009.

Dommar her var Carl-Gunnar Stafberg. Her er kritikken han gav Monty:

Fint hode + uttrykk. Bra øyne, litt kort hals. Bra rygg + lengde. Litt knapt vinklet bak. Rør seg litt kort bak. Utm. pels.

Det blei berre 1. kval.

Norsk Myndeklubb, Nesbyen, 1/8-2009.

Dommar her var Natalja Nekrosiene. Dette sa ho om Monty:

Good size and bone. Nice expression of head. A bit deep in scull. A bit weak underjaw. Sufficient neck. Good topline. Well ribbed chest. Good shoulders. Well angulation behind. Good sidemovement. Excl. coat.

1, 3.

Monty på Haugesund og Omegn hundeklubb sin utstilling. 1 ak, 4 akk, ck. Foto: Kari Vintertun.

Haugesund og Omegn Hundeklubb, 31.05-2009.

Dommar var Roberto Schill. Eg trudde me skulle gjere det store i dag, men eg forstod raskt at om eg fekk noko meir enn blått, så skulle eg vera nøgd. Monty var umogeleg å få kontakt med. Han lot seg forstyrra av bjeffinga til ein hund bak oss,  og så ville han berre bort til Laika. Han fant henne uimotståeleg. Så me måtte stille med rompa i fartsretningen...uff. Eg måtte jobba veldig med han. Men det var fånyttes. Eg trudde nesten ikkje mine eigne øyrer då dommaren sa Excellent. I konkurranseklassen blei me plukka ut som nr 4. Og så fekk me ck.

Eg må berre vera glad for ein så fin kritikk, slik som me presenterte oss i ringen i dag.

Corr. head well set ears. G top and underline. Corr. legs. Tailset a bit to high. Excellent coat. Free movement. Steps a bit inward with front legs. Good temp.

1ak, 4 akk, ck.

Karmøy Hundeklubb, 30.mai 2009.

Dommar var Lilliane De Ridder-Onghena. Ho dømte ikkje i vår favør, sjølv om det var mykje greitt i kritikken. Men ho likte ikkje halen hans. Og den var høg då han sprang med dei andre hannane. Men då me sprang åleine meiner eg å kunne sjå at han hadde halen lågare. Vel, det blei ei blå sløyfe.
Og ny  mogelegheit i morgon.

Fotograf er Malene Davidsen.

NCK, Morokulien, 24/5-2009.

Dommar var Fern Sargeant. Ho skulle dømme 21 langhårs hannar i følge katalogen. Men er ikkje sikker på om alle møtte. I open klasse var det 7 stykker. Monty vart dømt som nr 3. Me var så mange at dei som stod og venta, dei fekk trekke ut av ringen. Det var perfekt for haleføringa til Monty. I konkurranseklassen blei det plukka ut 5. Og Monty var ein av dei. Men han blei nr 4 i klassen. Og så fekk han ck.
Kritikken vart slik:

Golden sable & white. Very attr. Well balansed head. Good length of body to height. Good ang. Exellent bone, spring of rib. Very nice, firm topline and length of tail. Moved well. Showed well.

Og altså: 1 ak, 4 akk med ck.
Veldig nøgde med det, altså, i den konkurransen.
Sånn hale må nesten seiast å vera perfekt, altså. Supert, Monty! Foto: Malene Davidsen.

NCK, avd. VESTLANDET, Bergen, 26.04.09.

Dommar var Zeljko Todorovic. Han gav Monty ein fin kritikk, men han likte ikkje den høge halen hans. Og Monty tok opp halen kvar gong han var i nærleiken av dei andre hannane..her må me trene...

Slik var kritikken:
3 years old dog. Good shape. Lovely expr.
Good neck. good back. The shape is corr. During moving he lift the tail.

Sånn enda det:
1 ak, 2 akk, ck, 3 BHK.
Monty og alle sløyfene han fekk 26.april 2009.

NSSK, Bergen, 25.04.09.

Dommar var Robert Devine, frå kennel Salroyd.
Han gav Monty denne flott kritikken:

Corr head. Nice, flat scull with good eyeplacement. Nice dark eye. Showed all the time. Good reach of neck. Good topline. Good rear. Good hock + stifle.

Nok ein gong måtte me sjå oss slått av Wassail Rough Diamond, men han blei champion og Bis denne dagen.
Vårt resultat blei:
1 ak, 2 akk, ck, 2 BHK.
Melville Montebello 25.april 2009. Foto: Annie Kristensen.

NKK, Bergen, 21.mars 2009.

Dommar var Brenda Banbury, og henne har me stilt for før. Då fekk me certet. Det gjekk ikkje like bra denne gongen.

Resultat: 1 ak, 4 akk.

Ølen-Etne-Vindafjord Hundeklubb, 15.februar 2009. Open klasse.

Dommar var Ilona Onstenk-Schenk, frå Nederland. Det var 13 påmeldte hundar og 3 kvalpar. Monty stilte åleine i open klasse. Han var så flink. Ingen høg hale, øyrene ganske bra oppe, og han bevegde seg godt. Til og med i Bhk-ringen var halen lavare enn den pleier å vera når me er inne i ein hall. Det var kjekt. Han vann altså klassen sin med ck, og blei nr 2 i Bhk. Kaokoi Terry Tramp, Astri sin hanne blei Bim, og Helga og Bjørn si tispe, Tickary Golden Number One, ho blei Bir og nr 4 i gruppa. Snakk om å leve opp til namnet sitt!

Her er kritikken til Monty:
Good size, nice head, good filling up, good ears, good eyes, good fee, strong bones, deep chest and good forchest, good croup, tail just long enough, nice coat, movements good. 1 kval, 1 konk, ck, 2 BHK.

Bra start, dette. Og no har han fått totalt 10 ck og 1 cert.

Monty i regnet etter utstillingen i Ølen. Foto: Eldbjørg Navdal.

Monty på utstilling på Nesbyen, foto er tatt av Arne, kennel McØrtoft.

Open klasse.

Vår fyrste utstilling i open klasse var i Oslo, Nkk på Bjerke. 29.juni 2008. Turen gjekk først til Bente Mellem, oppdrettaren til Monty på fredagen. Der var me til laurdagen. Ho tok oss med på tur i det vakre turterrenget ho har. Så reiste me til Bjerke og sjekka ut agilitybanen og handlebodene. Me overnatta på Bogstad camping og nytte turterrenget der med stor glede. Bente kom på besøk og hjelpte til med siste pelsstell.
Søndagen kom, varm og fin. Me fekk dele telt med vår konkurrent Luke. Annie er kjempesnill. For utan telt å stå i, så hadde nok Monty stilt i ringen med tunga på knea. Skugge er godt å ha. Luke slo oss,1,1, ck i unghundklasse og 4BHK. Men det blei ikkje så verst resultat på oss likevel.
Dommar var Sandra Wigglesworth, som Bente har stilt Monty for før. Denne gongen stilte eg sjølv, og resultatet vart 1, 2, Ck. Rudängens Cameron vant open klasse og fekk cert. Dermed blei han N Uch.
Her er kritikken vår:

Sobel/hvit, 2 år, 59 cm, golden sable, v. mask. in outlook, tremendous depth + spring of rib. g. neck + shoulder, v. g. bone, g. turn of stilfle and rear pastern, well moulded head, well filled, flat scull + moulded foreface, g. stop, lovely eye + expression, g. ears, however find he is a little trong in back scull, prefer a little more rfinement. Beautyfully groomed and handled.


Neste utstilling var Norsk Terrier Klub på Nesbyen 2/8-08.
Dommar var Seamus Otes.
Det blei 1, 2, Ck. Og kritikken blei slik:

Nice type, in g. condition.
Well balanced head, g. high earset.
Dark owal eyes, g. bite.
Strong neck, g. front.
Deep chest, g. topline. Strong hind quarters.
Moving well.


Så kom vår aller største dag i utstillingssamanheng. Det var Irsk Ulvehundklubb, Norge som stod for utstillingen, Nesbyen 3/8-08.
Dommar var Brenda Banbury. Resultatet vart slik:
1, 1, ck, CERT og 2 BHK!
Strålande kritikk:

Good topline, long tail, well carried. has some laidback shoulder. Good neck, has length of head. Almond eyes, black lips, good bone, feet. Tail slightly high. Fairly hard coat with good undercoat. Good markings. Good furnishing.



Så gjekk Monty inn i ein røyteperiode.
Og me stilte ikkje før på BSBK, 27-28/9-08.
Dommar var Petru Muntean, og me fekk blått. Handlinga mi var heller ingenting å skryte av.


Så stilte me på Fitjar-Stord Hundeklubb 8/11-08.
Monty var dessverre litt tjukk. Men han viste betring i ringen inne. Han trekte seg ikkje for dommaren, men halen var høg og øyrene seig ned på sidene.
Per-Erik Wallin var dommaren, og det beste han sa var at Monty hadde utmerkta ben og tassar. Men det blei blått på oss.

Unghund Klasse

10.februar 2008 var me klare igjen. Då hadde Monty fått pels, og Ølen-Etne-Vindafjord Hundeklubb hadde sin årlege utstilling. Og no var det første gong eg og Monty skulle stille i Unghundklasse. Dommar denne gongen var Gert Christensen.
Her er kritikken:

19 mnd. Bra str. Maskulint hode. Saksebitt. Mørke øyne. Ikke helt parallelle hodelinje. Velans. ører. Velvinklet, bra benst. Rør seg bra. Litt glad hale i bev. Bra pels. Bra temp.
1,2, HP.

Vinnar denne gongen var Anita og Ina sin Happy. Men me var glade, for handlinga gjekk betre.



2.mars reiste me til Manger og skulle delta på Nordhordland Hundeklubb sin utstilling for første gong. Denne gongen var det Helge Werner Hagen som dømte.
Slik gjekk det:

Maskulin helhet, godt uttrykk. Kan utvikle underkjeven noe mer. Tilstrekkelig nakkelinje, stabil overlinje. Godt brystparti og front.  Gode kroppsproporsjoner, bra ben. Tilstrekkelig vinklet bak. Skal setles ned litt i ringen. Noe ivrig hale. Utmerket pels, farge og temperament.
1, 1.

Men denne dommaren var grei. Han funderte veldig over halen til Monty, for han meinte at han hadde korrekt halefeste, og undra seg over at den var så høg. Men det gjorde ikkje eg. Ringen låg ved inngangen, og då me stilte, så rann det på med små hundar i bur som gneldra konstant. Men me trong meir ringtrening, det var vel konklusjonen.


Så før neste utstilling, då deltok me på handler-kurs hos Bente Løseth. Og det hjelpte mykje. Men me sleit litt med å "løpe som en gaselle!" Men me latar som heile tida.
I tillegg hadde me starta på agility-trening. Og då fekk me utruleg mykje betre kontakt. Så frå å gå i ringen som ein V, der me trakk frå kvarandre, så var me no byrja å bli eit team.

30.mars 2008 var det NKK-utstilling, med Petra Junehall som dommar. Bente Mellem handla Monty, etter mitt ønske. Eg var ikkje heilt klar for gaselle-trikset enno. Og eg prøvde å ha han inn i ringen, men eg lykkast dårleg. Det gjekk ikkje så bra med Bente heller. Det blei ein rein blå. Ja, ja. Alt var feil, utanom pelsen, som var velstelt, av utmerkt farge, struktur, mengde og tekstur.

26.april 2008 møtte me opp i ein ridehall på Stend for å delta på Norsk Shetland Sheepdog Klubb sin utstilling. Det var usedvanleg kaldt i hallen. Men for eit greitt underlag! Dommar var Loes Mouchart.
Kritikken vart slik:

Nice overall type. Good head prop. Good expr. Good ears and teeth. Could do with more underjaw. Angulation Ok. Good coat. Good bone. On the move behind ok. In front tends to toeing in. Very well handled.
1,2,ck.

Det var første gong Wassail Rough Diamond slo oss...men det var berre kjekt...me hadde fått VERY WELL HANDLED. Og CK. Yippi.


Dagen etter, 27.april 2008, då var det Norsk Collie Klubb Vestlandet igjen.
Duna Jones var dommar. Etter gårsdagens suksess var me spente. Men prøvde å gjera våre vante rutiner og roe ned. Slik gjekk det:

Well grown sable. Good body and coat. Good head. Well placed eye. Well rounded muzzle. Needs to tighten in front movement.
1, 2, ck, 4 BHK.

Luke slo oss i klassen igjen. Men: For første gong blei me plassert i Bhk! Og me gjekk heim og sykla for å bli betre i bevegelsane i fronten.


4.mai var me komen til Kristiansand og Nkk, saman med Bente. Men denne gongen hadde eg bestemt meg for å handle sjølv. Ho stilte mor til Monty. Dommar var Peter Harsanyi. Det var varmt, og eg var spent.
Her er kritikken:

56 cm. Correct height. This moment coat not max, but hairtexture is well. Excellent headtype. Good scull and stop.. Correct ears, very nice zize and expression. Correct neck. Short form. Chest is not full. Correct bones and angulations. Hind and front quarters a little narrow in movement. Good character and representation.
1,2, ck, 4 Bhk.

Nok ein gong blei me slått av Luke, men nok ein gong plassering i Bhk. Det var verdt turen for oss!

Og det var den siste gongen me stilte i unghundklasse. No skulle Monty i Åpen klasse. Og korleis skulle det gå?

Slik presenterte me oss i Kristiansand. Fotograf er Bente Mellem.

Junior-klasse.

Så var det alvor. Me skulle stille i Juniorklasse, og Bente Mellem kom og skulle vera handlar for den overnervøse mor. Det var Norsk Shetland Sheepdog Klubb sin utstilling i Bergen 28/4-2007. Dommar var Stella Clark. Det gjekk strålande. Bente sikra det første ck til Monty.  Kritikken var slik:

56 cm. 10 month. Good construction. Excellent coat texture. Well presented. Good neck + front. Good feet. Well padded. Nice expression. Ears rather heavy. Good muzzle and underjaw.
1, 2, ck.



Dobbelutstilling, så 29/4.2007 var Bente og Monty i ringen igjen. Då var det Norsk Collie Klubb Vestlandet som hadde utstilling. Dommar då var Joyce Cosme. Her er kritikken:

Age: 10 months. Height: 56 cm. Ex. quality. Very good head, eyeset & ear. Good prop scull to muzzle. Very good neck onto topline Good angulation front & rear. Good coat. Moved badly pulling away from his owner.
1, 3.

Så skulle me stille sjølv, eg og Monty. Det var utsillingen til Haugesund og Omegn sin Hundeklubb, 26.05.07. Dommar var Svein Helgesen.
Slik vart den kritikken:

Maskulin hannhund. Mg type og balanse. Fint formet hode, litt tunge ører. En anelse små øyne. Noe smal svak underkjeve. M god hals og overlinje. Velkroppet for alder. Velvinklet. Utmerket pels. Tendens til noe glad hale. Bra bevegelse fra siden. Enda noe trang bak.
1, 2, HP.


Så kom Norsk Collie Klubb Rogaland sin jubileumsutstilling 27.05.07. Det var årets hovudutstilling. Dommar var Sandra Wigglesworth. Og handlar var igjen Bente Mellem.
Her er kritikken:

Shoulder ht: 57 cm.
11 months sable. Very well developed. Shown in superb coat and condition. Very maskulin in outlook. Very good body & bone. Moved very well both in front and behind. Well moulded head, Good foreface. Well defined stop. Well filled flat scull. Slightly heavy in ears. Hase lovely eye & expression. Very nice exhibited.
1, 1, CK.

Han blei desverre uplassert i BHK, men ck nr 2 var sikra.


Me var blitt bitt av utstillingsbasillen...og reiste til Norsk Japansk Spisshund klubb 7/7-07. Dommar var Leif Ragnar Hjorth.

Men me fekk berre ein 2. premie. Og hadde funne ut at det går opp og ned med livet i ringen. (Skriv berre kritikkane til raudsløyfer)


Men me lot oss ikkje stoppe. Og reiste saman med Bente Mellem, som skulle handle Monty til Moss og Omegn Hundeklubb sin utstilling 29.07.07. Dommar var Per Svarstad.

Hm...også her blei det 2. premie på Monty, no med Bente som handlar. Ja, ja. Nye muligheter.


No var det blitt august. Og me drog til Nesbyen 4/8-07 , Norsk Tibetansk Terrier Klubb. Her var det Joanne Sewell som dømte. Og denne gongen handla eg sjølv.
Kritikken er her:

56,5 cm. Ok in head, but not the equal planes to be required. Good neck, topline and tailset. Balanced for and hind quarters. Moving well.
1, 1.

Dette var også dobbelutstilling, så 5/8-07 stilte me for Salvatore Tripoli på Norsk Myndeklubb sin utstilling på Nesbyen. Eg handla sjølv i dag også...og det viste seg å bli utruleg morsomt for oss.
Her er kritikken:

57 cm. 13 months. Nice quality. Good expr. Correct ears + eyes. Good neck & body. Good coat, good ribcage & cronp. Good movement.
1,1, CK.
Også her blei me uplassert i Bhk. Men: Det var første gong eg tok ck der eg handla sjølv. Så eg var så stolt som ein hane.

Og reiste 11/8 til Drammen og deltok på Norsk Collie Klubb sin utstilling i det regnveret. Heldigvis kunne me vera under tak i eit slags amfi. Dommar var John Geddes.
Her er kritikken:

Just a little bit strong in scul, nice eye, good forface, correct bite, good angulation at rear. Just al little bit upright in upper arm, moves quite well. Coat of good texture. Nice  rich colour.
1, 3, Hp.

Så reiste me til Oslo dagen etter, til Bjerkebanen på NKK-utstilling. Og Bjerkebanen var utsett for det reinaste vestlandsver: Det hadde regna trollkjerringar heile dagen før, så banen var eit einaste stort gjørmebasseng.
Kari Engh skulle dømt, men det vart dommarendring til Bente Harlem.
Og me fekk ein ny 2.premie.

Så kom Monty inn i ein gigantisk røyteperiode, og såg noko merkeleg ut. Så neste utstilling måtte vente til han kunne stille i Unghundklassen.

Bente stiller Monty for Joyce Cosme. I bakgrunnen står vinnaren den dagen, Bermarks Maverick in Blue, eigar Ulla Bergh Persson.

Kvalpeklasse.

Monty stilte i kvalpeklasse to gongar. Fotoet er tatt av Ada Elin Ekeland etter utstillingen i Ølen der Monty gjorde retteleg bra.

Debuten var på Fitjar-Stord sin utstilling 04.11.06 i kvalp 4-6 mnd. Dommar var Gunilla Skallman. Monty synest golvet var skummelt, men sjarmerte dommaren: 1, Hp og Bir.

Kritikken: Maskulin, mycket tiltalande helhet. Fint uttrykk, men litt tunge ører. Kunne hatt litt mer hake. Velbygd. God benstamme. God pels og farge. Litt forsiktig og uvant med underlaget, men kjem seg rett bra. Godt gemytt.


Så kom Ølen-utstillingen 11.02.07, i kvalp 6-9 mnd. Dommar var Jean Lanning. Kritikken var kort...men resultatet vart topp: 1, 1 Bir og Big 3! Wow, for les kritikken under:

Lovely type of quality. Firm front. Well balanced. Needs plenty  of ringtraining if owner is to do well.


.....og gjett om ho hadde eit poeng!

Her er Monty med Bailey. Monty er nettopp blitt Bir, og me venta på at gruppa skulle starte. Fotograf: Ada Elin Ekeland.