Fotoalbum

Januar 2008 tok eg kontakt med Fitjar-Stord Hundeklubb for å få byrje å trene agility med Monty. Det har me gjort sidan, men nokre pausar pga sommarferie og juleferie. 31.januar 2009 vart første trening etter jul. Og eg trente med både Monty og Izzie. Han tar fleire hinder enn henne, men ho er jo ny i faget, så vidt eg veit. Men begge to viser stor glede ved å ta hindera. Og dei er ikkje som mange andre som har mønet som favoritt hinder. Dei likar begge beste pølsa og tunnelen. Monty likar også hjulet godt. Han tar alle hindera, men Izzie har hjulet og vippa att. Dei andre går det ganske greitt med. Her er kjem eg til å setja inn bilder frå treningane våre. Førebels har me ikkje deltatt i nokon konkurranse, men det kan jo komma.....