 |
 |
|
 |
 |
Scott Eager to Please, 08.03.1993 - 21.06.2002
Etter å ha lese Charlotte Høier si bok collien, og å ha besøkt Anita og Ina som hadde kull på Haveng's Debbie med Crubow's Demis Raussous, då blei det bestemt at Scott skulle flytte til meg.
Han fekk dessverre HD, men han levde eit godt liv likevel. Ingen utstillingsstjerne, men ein trufast venn for både meg og mine venner.
Her ser de litt av det han var med på så lenge han levde.
7.mai 1993: På kjøkkengolvet i ny heim. Åse Lillian og Scott. Han var litt tufs etter ein biltur på 12 km...med innlagt oppkastpause. Men han kom seg raskt. Fotograf: Målfrid Espevik.
Ein liten luring med ein fotball som passar til størrelsen. Scott på parkeringsplassen utanfor huset vårt.
Sommaren 1993 ferierte me i barndomsheimen til far min. Og i periodar hadde me med oss schæferen Mickey, eller Torax E-Mickey, som han heitte på stamtavla. Her er dei to ivrig opptekne med å tygga på pinnar.
He, he, her er det kaffi- og røykepause på trappa saman med besto! Ja, Scott tok seg ein liten slurk av kaffien til mamma, som bestod av mjølk og kaffi.
Forever Faithful Mirabelle og Scott Eager to please, søster og bror. Tenk, Mira blei 15 1/2 år!
Ein langhåra collie, ein groendal og ein schæfer. Alle er hannhundar: Scott, Shanko og Mickey.
Scott på bakken utanfor huset til besteforeldra mine.
Scott Eager to Please
Her er me på besøk hos Anita igjen. Ho set her med Mira og kvalpane hennar til venstre, og så har ho Scott på høgre side. Altså Onkel Scott.
Me var mange gongar på besøk hos Anita og Ina. Her på kjøkkenet saman med ein liten kvalp og ein søt katt. Fotograf: Anita Østerbø
Scott likte seg ikkje i bil, blei alltid bilsjuk. Men i båt hadde han det fint! Her skulle me på badetur med ei venninne av meg. Fotograf: Wenche Heie.
Så kom jo Mason inn i livet vårt. Scott synest han var ei stor plage. Men det gjekk seg til etter kvart. Og han nytte litt å vera helten i livet til Mason også. Her er me i Solheimsdalen på ein tur i regi av Tysnes Hundeklubb, som for lengst er oppløyst. Litt usikker på kven som er fotograf her.
Av og til gjorde me byfolk av oss. Her er me på Fløien med nevøen min. Søster mi fotograferer.
No har me flytta til Kleppe, og Mason er byrja å bli stor. Eit fint par. Og Scott, som var så lys som kvalp, han viste seg å bli ganske mørk.
Dette er det siste bildet som er tatt av Scott. Me stoppa på Lysekloster og tok årets julekort-bilde.
Mer infoLiker
| |
 |