 |
 |
|
 |
 |
Her finn du montasjar som er laga i 2010.
Here you can find my Photo Creations made in 2010.
Denne montasjen blei lagt ut på framsida 29.desember 2010.
Denne låg på framsida frå julafta til 5.juledag, trur eg det vart.
Denne montasjen la eg ut på framsida 22.desember
Dette julekortet la eg ut på sida mi om morgonen 4.søndag i advent: 19.desember.
Denne montasjen kom på framsida 17.desember.
Dette julekortet laga eg visst i byrjinga av desember, men det blei lagt ut på framsida 14.desember
Dette julekortet la eg ut på framsida 11.desember
Dette kortet pryda framsida frå midnatt 9.desember.
Her er iskrystallane frå Drangstjødno blitt bakgrunn for eit i mine auger svært vakkert julekort. Einig? Dette pryda framsida i frå søndag 5. des til onsdag 8.des.
Dette fekk ligge på sida mi litt mindre enn eit døgn, trur eg det var. Men eg likar det så godt, at det kan vera det kjem fram att.
Dette julekortet pryda framsida mi 3.og 4.desember
Denne montasjen pryda sida mi 1. og 2.desember.
Ein liten framsidemontasje av lille blå.
Ein liten montasje til framsida.
Eg lurer på om eg skal ha nytt banner...og her er første utkast...Blir det fleire?
Monty må også få seg ein montasje i den tidlege haustfrosten.
Cody i haustfrost-montasje.
Seinsommarmontasje av Monty og Cody. Bildene som er brukt, dei har eg og søster mi teke.
Her ein dag skein denne flotte månen over huset mitt, og dermed fekk Cody ein bakgrunn til ein ny montasje.
Monty i sommarleg montasje med prestegragar frå hagen til Mamma og Pappa. Bjørnefjorden i bakgrunnen.
Første sommarmontasje av Monty og Cody. Regnmontasje.
Eg måtte setje inn Monty og Mia i ein montasje også. Her ser du med andre ord to Melville-søsken. Melville Moonlit Meadow og Melville Montebello. Vakre!
Her har eg sett inn Monty og Cody på samme bakgrunn. Blei ganske nøgd med klippen. Ser naturleg ut, ikkje sant?
Her har eg funne ein ny funksjon i Photoshop...eit lite eksperiment, med andre ord.
Litt rotete montasje. Men eg likte den sjølv.
Det går mot 17. mai, så her er årets 17. mai-montasje.
Her er første utkast.
Første montasje av Monty og Cody saman. Peter Nilsson har tatt har teke bildet av Cody.
Min nye blå kvalp heiter Cody til dagleg.
Ny variant av Izzie in Black.
Endeleg har Izzie fått seg ein eigen montasje og.
Visste du at Monty hadde eigen avis? Kjem ikkje så ofte ut, hi, hi. Men her er første og førebels einaste nummer av den nystarta Monty-posten.
Monty har fått sin eigen montasje. Den er laga i svart og grønt...men no fekk den svarte plass her.
Monty i påskegrønt.
Påskemontasje med kyllingar og blåveis...vellykka?? Tja...kva seier du? Gjesteboka er der, open for kommentarar..positive og negative.
Litt redigering må til....
Ein blå påskemontasje av Monty og Izzie.
Vårleg påskemontasje av mine vidunder!
Montasje til Eldbjørg. Vakre Ikaros.
Eg prøver meg med litt andre bilder. Denne gongen i svart kvitt med old paper funksjon, trur eg det var. Litt søt, synest eg.
Ny svart montasje med Monty og Izzie på. Etter ein ide eg fekk til ei god venninne.
Monty i sommarleg montasje.
Er det nokon tvil om at me lengtar etter vår? Izzie i sommarleg montasje.
Monty kler også svart.
Her går det i svart.
Eg sette inn Monty og Izzie i den bakgrunnen eg laga til Nico her forleden.
Eit vinterleg bilde av Monty, med roser frå Haaheim gard.
Denne montasjen heiter: Monty lekt litt, og den er det Hilde som har laga til meg. Tusen takk!
Ein vakker vinterdag tok eg dette bakgrunnsbildet. Har leika meg og sett inn mange ulike bilder. Her er det første forsøket.
Sånn blei det med Monty.
Izzie måtte også få sin variant.
Hm..eg likar jo egentleg å bruke bilder der ein ikkje ser fjeset til mine vakre collies...dei er vakre uansett vinkel, synest no eg. Og no står dei og ser framover og lurer på kva 2010 vil bringe for oss.
Hi, hi...plutseleg kom Cazi og Steffi på besøk frå Ingeberg! Hi, hi..alt er mogeleg i Photoshop!
Inspirert av Hilde sin montasje...måtte jo ha ein lik av Izzie.
Mer infoLiker
| |
 |