 |
 |
|
 |
 |
Her kan du sjå bilder av Monty som er tatt i 2010-
These pictures are taken in 2010.

Monty kan showe, han, ikkje sant?
Nydeleg fanga inn av Hilde Jensen. Teke rett etter at hovudutstillinga var ferdig. Me fann bakgrunnen like ved Tangen Camping ved Mjøskanten.
Vakre Monty i sola.
Interessante saker får fram nakken...og halen er nesten flott.
- Her er det eit tre som sperrar vegen, mor! Monty og Izzie vil ned og sjekke ut isen på Drangsvågen
Her ser Monty ut som ein majestet, synest eg. 13.02.10
Februarbilde av Melville Montebello, nybørsta og klar for utstilling i Ølen. 13.02.10
Monty har ein nydeleg farge. Og han er ein nydeleg hund. Desse bildene er teke på tur med Eldbjørg, Eira, Ikaros og Michaela. I Myklestadskogen. Foto: Eldbjørg Nordal.
Årets første utstillingstrening...i høg snø, utan utstillingsbånd og manglande godbit. Men Monty kan det likevel. Foto: Eldbjørg Nordal
Monty lyttar etter noko på beitet. 2/4-10.
Der kom Izzie også...Monty og Izzie på beitet i sol på langfredag.
Monty og Izzie på steinen ved postkassen på Hovda. 2/4-2010. Langfredag.
Ein fin utkikkspost. Melville Montebello 2/4-2010.
Monty er og blir fotballgal! Kanskje noko for Brann? Hi, hi.
- Puh...blir litt svett av å springe etter fotballen, seier Monty.
Den store ballen er definitivt Monty sin favoritt...men valgets kvaler er innimellom til stades.
Her står Monty så fint, på veg opp på eit ubrukt beite.
Vind i vakker collie-pels...nydeleg, synest eg. Monty, 24.april 2010.
Morgonøkt med fotballen, men først må det lyttast til litt lifleg hønseklukking hos naboen.
Monty på ein liten stein på veg til Sukkertoppen, (Knulten).
Hovudbilde av Monty...med motlys-glorie.
Monty, bildet er teke 2/5-2010.
Anita Østerbø har tatt dette fine bildet av meg og Monty på utstillinga til NCK avd. Vestlandet. Eg er utruleg nøgd med min soble godgutt! Vakker, det er han. Tusen takk til Anita for flott bilde.
Studie av Monty på utstilling. Foto: Anita Østerbø.
Monty står i hundegarden og ventar på sine gode fotballmedspelarar. 5/5-2010.
Monty har fått griseøyre. Det er utruleg godt, synest han.
Monty og er søt. Han er no søt og god, der han ligg og kviler i skuggen.
Monty i sola med fotballen som han elskar over alt på jord.
Fekk tilsendt dette koselege bildet av Monty og Stella i Stella sin hage. Dei hadde ei fin leikeøkt. Foto: Michaela Naunheim.
Vårleg og litt trolsk stemning, synest eg. Monty står og lyttar etter bilar.
Monty sett frå sida.
Nybørsta og klar for ein fotballkamp. 14.5.2010.
Monty på veg ned til Slettevikjo.
Vårleg kveldsol gjer biletet litt trolsk.
Monty er vakker i kveldssol.
Monty med motlys i pelsen.
Ein glad og ubørsta Monty i hagen til Cazi og Steffie. Foto: Cato Larsen.
Ein hage med deilige leiker og stor plass! Foto: Cato Larsen.
Monty er ein vakker gut. og han står fint i ringen. Kunne nok vist øyreplasseringa si litt betre. Men nakke og alt er så flott. Fotograf er Kristin Herfoss Austevoll. Tusen takk for dette fine bildet.
Vakre Monty ved Mjøsa. Her er det flott øyreplassering, lang nakke, nydeleg øyreplassering av dei "tunge" øyrene hans. Lang i kroppen og nydeleg frill. Ein vakker representant for rasen. Nydeleg foto av Hilde Jensen.
Her står eg og Monty ved Mjøskanten og blir behørig fotografert av Annie Kristensen.
Me treng eit frå denne sida også. Foto: Annie Kristensen.
Dette her var koseleg. Hilde Jensen har teke dette nydelege bilde av Monty og søster hans, Mia. Ser de søskenlikheten, slik eg gjer? Tusen takk, Hilde.
Hovudstudie av Monty. 5.juli 2010.
Kleppevarden er nådd. Monty står og skuar utover kongeriket sitt. Og me kan berre sei, både eg og Monty: Fantastisk utsikt, ta gjerne turen om de ikkje har vore der før.
Nybørsta Monty i vinden før me drog på utstillingstrening.
I hundegarden, som er nyslegen. Monty lyttar etter ungane på trampolinen.
- Kom og leik med meg! seier Monty.
Hjelper det ikkje å stå med ballen i munnen og spørje om ein vil vera med, så hjelper kanskje dette?
Her ser de Torbjørn og Jonas, Turid med en feriehund og meg og Monty. Me er på trening, og dette var dagens " open klasse hannhund".
Foto: Eldbjørg Nordal.
Her står Monty ved eit stabbur på Nesbyen. Blei ingen ringbilder av han der.
Melville Montebello, Melville Moonlit Meadow, Nuch Brilyn Whiteheather og Nuch Melville Misty Belle. Monty med søstera Mia, bestemor Fiona og mor Nellie.
Her står Monty og smiler ved sida av si vakre certvinnande søster på Nesbyen Camping.
Min vakre Monty i hagen til Mamma og Pappa. Foto: Elin A. E. Erstad.
Monty liggande ved klesstativet til Mamma og pappa.
Monty i det grønne, smilande og blid.
Ein regnvåt, nybørsta Monty. Vakker er han.
Monty forsvinn nesten i det høge graset. Oppmerksom på ein lyd i området.
Monty med vatnet på Lone Camping i bakgrunnen. Fotograf er Hilde Jensen.
Eg og Monty har ein pause etter at me fekk raud sløyfe. Her blir "Jan Thomas"-stilen prøvd ut. Foto: Cato Larsen. Motivator er Hilde Jensen. Hi, hi.
Hovudbilde av Monty i hagen, i slutten på september.
Vinden bles så fint i fagre Monty!
Monty på Knulten, skuar utover landskapet medan seine solstråler gløder utover landskapet. 30.september.
Haustbilde frå Knulten. Eiavikjo i bakgrunnen.
På konglejakt.
Monty i skogen, på veg frå Kjevikjo til Horsstøo.
Ein lyttande Monty med låg haustsol bak seg. Vakker sabelforma hale.
Ein collie er majestetisk vakker, og Monty er ikkje noko unntak.
På denne turen var Monty eksemplarisk fotomodell.
Ikkje berre Cody som ventar på mor.
- Men heilt ærleg...synest du ikkje det er nok fotografering i dag, mor?
Oppstilling på Knulten.
På vegen ned att, så kom Monty på å stille seg lik opp. Eg likte jo bakgrunnen, då.
- Å, kor glad eg er i deg, seier Monty. Og det er så gjensidig som det kan få blitt. Foto: May Helen.
Monty er flink til å stille seg opp. Synd det blei litt uklart her. Foto: MH.
Tindrande våken Monty...synd det er verre med meg, fotografen, som skjelv på handa.
Eg leitar jo alltid etter fagre hovudbilder. Dette var nokonlunde....Men har vel teke betre hovudbilder av godgutten min.
Monty syntest det var stas med is på Drangstjødno.
Her står kjem Monty i fullt firsprang mot Cody. Vakkert i den rimdekka myra.
På isen. Vakre Monty.
Så stilig det blei med silhouetten som skuggen laga på isen. Monty er og blir ein nydeleg collie.
Sjekk den øyreplasseringa, folkens!!
På veg til Knulten: Nybørsta og uendeleg vakker. Strålande farge i vintersol.
Nysgjerrig Monty på Knulten.
Hovudstudie i motlys.
Ein gjengangar: Monty speidar utover sitt "rike".
Mer infoLiker
| |
 |
|
|
|