 |
 |
|
 |
 |
Crubow's Joybringer in Blue, født 05.03.2010. Han heiter Cody til dagleg, og er min første blue merle-hann. Reiste med fly for å hente han hos Randi Narvesen på kennel Crubow. Han hylte frå Lørenskog til Gardermoen, men deretter har han tatt alt med nysgjerrighet og glede. Planen min med han er å stille han på utstilling og trene agility. Men då må han jo bli litt større først. Kos dykk med bilder, det gjer eg.
Cody i malen til ein gammal montasje. Må jo bevare trenden.
Crubow's Joybringer in Blue. Du ser vel at det namnet klinger bra? Fotograf er Peter Nilsson.
Cody stiller seg flott opp, mens ein nysgjerrig bror lurer på kva som foregår? Foto: Peter Nilsson.
Cody i farta! Kullsøsken i bakgrunnen. Foto: Peter Nilsson.
Ein liten sjarmør i trappa! Foto: Peter Nilsson.
Cody i armane til Randi den 30.april 2010, overleveringsdagen. Godklumpen!
Cody skal utforske alt. Her er det trillebåra i hagen til Randi.
Siste servering med geitemjølk saman med 4 kullsøsken. Nam, nam.
Ein liten Cody i leik med sin svarte bror.
Cody fant ein liten skatt i hagen til Randi..og halen viser at den er hans! Så det så!
Cody og eg rett før me skal reise med fly til Bergen. Foto: Randi Narvesen.
Ei lita kongle smakar godt under ei trerot i hagen til Randi.
Cody skuar vestover...mot ny heim.
Me bur rett ved ein sånn liten veg. Og me må passe godt på Cody. Her er det ein liten pust i bakken før me tuslar ned til morgontoalettet.
Her er Cody og speglbiletet av han. Dette resulterte i videoen som ligg nede på sida.
- Hei, kva er det som er under denne mosen her, då? Interessant!
Lille Cody har ein liten pause i aktiviteten. 2/5-2010.
Cody leikar med den lilla dinosauren.
Med ballen på skeive..viser fin nakke, synest no eg. Våken og livleg, ikkje sant?
Her er Cody blitt 9 veker og 5,8 kg.
Cody er trøtt. Han vil ikkje komme ut og leike. Det blir kvilepause på dørstokken.
Etter ein del soving og litt eting var Cody klar for ein oppdagelsestur. Og kva har me her?
Akkurat, ja....eit gjørmehol...supert! Dei fine, kvite potane til Cody og heile fjeset var dekka av svart og blaut jord.
- Åh, her var det fleire spennande saker...svære, inntørka svarte hjortebæsjkuler. Nam, nam..(Eg hinka meg rundt og forsøkte å få Cody til å forstå at dette er ikkje på foringslista!!)
- Endeleg noko eg får lov til å bite på. Griseøyre er godt.
Det er trygt og godt å lene seg inntil beinet til nabogutten.
- Å, skulle ikkje eg hjelpe til med å opne skoreima? ??? Å???
Men når ein er 9 veker, så skal ein vel vera både rampete og som her: Berre søt og uskuldig.
Cody utforskar ein mosegrodd plass.
Og her utforskar han ein liten bekk. Spennande saker.
Lett kamuflert i dei få grastustene som finst blant all mosen i hundegarden vår.
Oisann! Her har halsen vokse, og øyrene har komme godt på plass...og beina er litt lange. Cody er framleis liten, men han har tydeleg blitt større.
14.5-2010: Cody er 10 veker. Og etter at han var behørig børsta og blåst, så synest han det passa med litt graving som siste finpuss.....
Ein ekte fårehund passar på naboen sine sauer. Og når ein er 9 veker, då synest Cody at det er ein slett ikkje for liten til.
Cody står fint og ser på Stine som hoppar på trampoline. Vårlege blomar gjer dette litt søtt, ikkje sant?
10 veker gammal er Cody 6,8 kg. Og utruleg nydeleg.
Cody har potensiale til å showe i ringen, han, ikkje sant? Nydeleg fanga inn i kameralinsa av Annie Kristensen rett etter hovudutstillinga.
Cody møter snø for første gong...av den verkeleg gamle og rotne typen. Men han synest det var spennande. Filefjell 21.mai.
Cody trudde at alle leikene til Cazi og Steffi var hans. Denne var den første han adopterte.
11 veker og nettopp ferdig med kloklipp....og denne gongen trudde Cody at han skulle sprelle med alle 4 beina på ein gong...Men eg heldt og Hilde klipte..Så då blei han ok på 11 vekersdagen også. Foto: Cato Larsen.
- Ballen til Cazi er min! seier Cody. Cato tek bilde.
- Å, var ikkje den store ballen min likevel? Ok, eg LÅNER denne vesle her...og?? spør Cody. Foto: Hilde eller Cato.
- Åh, her står det seng til meg også! Yippi, eg er jo litt trøtt, jublar Cody. Foto: Hilde Jensen.
Blått bilde....ein liten blå gutt undersøker den blå Mjøsa. Spennande med så mykje vatn!
Lurer på om Cody skal bli fjellklatrar? Foto tatt på Domkyrkjeodden av Hilde eller Annie.
Slitsomt å vera fotomodell!
Cody hadde det så gøy, så å sove, det hadde han ikkje tid til. Men då me var på grilling, så kubba han heilt på teppet sitt.
Han ensa ikkje at me fekk besøk av ein liten 9 veker gammal sheltie-kvalp..men denne kvalpen måtte inspisere leikene til Cody.
Men så kom Cody på at det kunne vera artig å tygge litt på eit griseøyre.
- Hm...har han også fått griseøyre?
Cody lurer litt på dette her. Broder Bolt fekk også griseøyre og låne teppet til Cody. Litt etter blei det stereo-tygging.
Og så litt god gammaldags kvalpeherjing....Her er Cody øverst.
..og nederst....
Her oppdagar dei litt popkorn på bakken....
Cody kan sove på dei underlegaste plasser..her er det sjiraffnettet mitt og veska til Annie som er madrass.
Foto: Annie Kristensen.
Ganske fint å vera på mamma sitt fang...og ganske godt med ein varm kvalp på fanget når det byrjar å bli kald.. Foto: Annie Kristensen.
Inne i utstillingsteltet på søndagen. Cody slappar av. Takk til Anita for lånet av buret. Det var perfekt. Men han fekk plass inn også, altså.
Ein liten godgutt ved Mjøsa. Stiller seg jo nesten perfekt. Viser vinklar, nakke og at halen er lang. Fotograf er Annie Kristensen.
Cody sitjande ved Mjøskanten. Foto: Annie Kristensen.
Cody, 13 veker, 10,7 kg. Fin liten gut. Foto: 5/6-2010.
Cody kikkar på dei vakre, blå Irisane til søster mi.
Me har vaska med shampo for svarte hundar.....og det gjekk heldigvis bra.
Litt trøtt. Det tek nemleg på å bli bada og tørka...så rulle seg i den tørre molda på bakken..med våte bein..og så bli meir tørka og blåst...streng mor...Cody likte godt "parfymen" og konsistensen pelsen hadde før badet.
Her er Cody 16 veker. Han har ein barkebit i munnen, for mor har kasta den bortover...slik ho har sett garva uttillarar har gjort for å få hundane til å stå...akkurat. Hent hadde vore betre kommando, ikkje sant?
Cody og eit strå. Foto teke 1.juli 2010.
Hilde har teke mange vakre bilder av lille Cody...som no har vakse Steffi over hovudet. Her eit av mange.
Her har Hilde fanga inn Cody i blåbærlyngen.
He, he..her er mitt kamera brukt av Hilde...og det er viktig med motlys for å få fram den knakande reine blåfargen til Cody...lovar vel bra for ein aftensutstilling i Nesbyen, hi, hi, hi.
Her står Cody i vegen opp til Drangstjødno. Med prestekragar i bakgrunnen.
Her står Cody på låvebrua til Elisabeth Gjøen. Stilig, og potane viser ikkje fordi låvebrua går nedover i bakkant.
Cody tek seg ein svingom i graset.
Cody på veg opp att på låvebrua til Elisabeth.
"Takk for besøket!" seier Cody, som står og ser etter ferja. Der set våre gode venner Steffi, Cazi, Hilde og Cato. Det har vore veldig koseleg å ha dykk på besøk. "Er det lenge til de kjem tilbake?" undrar Cody.
Her set Cody ved løa til Mamma og Pappa. Han er varm, men ein lykkeleg hund, 17 veker. 2,juli.
Cody er blitt så flink til å stå på bordet. Litt langbeint for alderen, men akk kor vakkert hovud. Sjekk den øyreplasseringa, då!
Er det lurt å trene i motvind? Niks, då blir det ståøyrer på unge Cody.
Foto: Mads Støle.
Her får me fram lengde i kroppen, men har gløymt nakken. ER ikkje lett, dette her. Foto: Ruben B. Aasheim.
- Trur du at den handa er noko interessant? Eg veit at du har godis i lomma!
Foto: Pia B. Aasheim.
Cody er ikkje for stor til ein kos på armen til mor. Foto: Pia B. Aasheim.
Her kan ein no sjå at Cody er nybørsta. Og så så fin og lys han er i fargen, ikkje sant? (Det er flatt der han står...fotografen må plassere seg betre..)
Cody strekker no nakken godt her. Men betong får ikkje akkurat fram den flotte og lyse fargen til Cody.
Foto: Eldbjørg Nordal.
No er me klare for ringen! Foto: Annie Kristensen.
...Men litt tørrtrening må jo til ....
Foto: Annie Kristensen.
Så var det alvor. Ei litt betenkt mor med ein strålande våken Cody. Foto: Annie Kristensen.
Cody har ein aldri så liten pust i bakken etter at han er blitt bir. Me ventar på grupperingen. Foto: Annie Kristensen.
Og her spring Cody og eg med forholdsvis fin flyt i grupperingen. Foto: Annie Kristensen.
Å fotografere ein liten tass på 5 mnd er ikkje det lettaste..Her er Cody i hagen til Mamma og Pappa. Foto: Elin A. E. Erstad.
- Hei, ser du ferja? Cody i farten..har akkurat studert ferja i bakgrunnen. Foto: Elin A. E. Erstad.
Søster mi får prøve seg som handler. Ikkje verst, må eg sei.
Og så må me jo få med den sida med minst svarte flekkar på..Men trur nok søster mi synest dette var strevsomt. Så me får dra på trening igjen.
Og her har me fått rette lyset til den blå pelsen til Cody..næh...i tillegg har det regna i pelsen. Men han har no flott nakke. Og sjekk dei nyklypte øyrene!
Ein våken krabat, dette her. Og her er vel blåfargen litt betre, om eg skal få sei det sjølv.
Så var det ny dag...og den blei utydeleg, du. Men ser dette ut som det er samme hund som i går, med hensyn til farge? Det er det, altså.Heilt utruleg, etter mi meining. Blåfargen kjem til å fascinera meg og driva meg til vanvidd.
Nydelege Cody i vinden. Fotograf er Hilde Jensen.
Hilde Jensen har foreviga Cody og broder Bolt på Lone. To vakre gutar. Veldig kjekt at både Hilde, Randi og Jorunn var med oss på denne fotoseansen.
Og her er det eit bilde av Cody og Bolt som Randi Narvesen har teke.
Her er eg og Cody i bevegelse i ringen på Norsk Collieklubb vestlandet sin utstilling i september. Bolt slo oss, og me blei nr 2 i klassen. Men artig å sjå korleis bevegelsane til Cody ser ut. Fotograf trur eg er Jorunn Schwabe.
Cody i kveldssol på Knulten.
Annie fekk til å ta dette bildet av Cody, min viltre krabat. Nydeleg sol på Lone då Nck vestlandet hadde utstilling.
Ikkje lett å ta bilder av Cody. Men med god hjelp så blir det bra.
Veldig mykje å vera opptatt av. Det kom både store og små hundar forbi.
- Lurer på kva Monty driv på med, seier Cody.
Med tunga på snei...flott nakke, flotte øyrer og gode vinklar....men frykteleg lys for den flotte blå pelsen til Cody. Ein vakker og livleg venn!
Hovudstudie 30.oktober. Vind i pelsen.
På veg til å bli retteleg majestetisk, altså!
Stadig på farten!
Cody nyt utsikten på Knulten.
Cody har funne ein liten dam, og ein tørst hund må jo smake.
Ein liten skøyar kikkar fram mellom all braken langs stien vår.
- Kjem du, mor? spør Cody.
Eg veit det...Cody treng ein øyreklipp!
- Var det nokon som klaga på at eg ikkje stod i ro? undrar Cody. Her står han i ro i kanskje 30 sek og lytta på naboen sine høns.
Ein litt annan vinkel. Viser kor vakker og majestetisk Cody er. Stort potensiale, seier no eg. Tydeleg objektiv, hi, hi.
Ein nydeleg blå colliegutt i rim på myra ved Drangstjødna. Våken og livleg. Tenk at han stod i ro sånn at eg fekk dette bildet!! Fargen er mørk pga lyset.
Cody speidar heimover! Han koste seg på isen ein månad før julafta.
Med halen på snei...og hovudet i retning sin gode venn Monty.
I fullt firsprang. Dette var kjekt, synest Cody.
Cody fanga inn av blitzen min. Blå hund og rim er vakkert.
Nærbilde av Cody. Sjå kor det glitrar i rimen. Her var det nesten 10 kuldegrader.
Om sommaren er det ganske bløtt her, for som de ser så har vatnet frose. Cody ser seg om i vinterlandskapet.
Cody er klar til å gå til Knulten.
Lett kamuflasjefarga. Men eg synest fargen er retteleg fager her.
Cody har no litt pels. Skikkeleg buskete hale, som er nybørsta for denne turen.
- Litt action, mor? Eg er klar for å herje litt her! seier Cody.
I farta!
Dette er ikkje den beste vinkelen for Cody. Men då eg fekk bildet fram på skjermen, så synest eg nesten at han skein og glitra. Blå farge er ganske sjarmerande og veldig fascinerande.
Cody forlet Knulten.
Mer infoLiker
| |
 |
|
|
|