 |
 |
|
 |
 |
Her finn du bilder av begge hundane mine. Dei er no vakre.
Monty og Cody i hundegarden...lyttande til naboen sine skravlande høns.
Desse to skal nok bli gode venner, dei.
- Du, Cody, no er du på rett spor. Mykje artig å sjå i skogen!
- Hm...er det slik det skal gjerast? undrar Cody...han er ivrig opptatt i å studere Monty sin "teknikk".
Nydeleg? Utan tvil!
Monty og Cody snuser på kvarandre.
Det var litt godt å ha ein storebror ved sida av seg når det kjem hundar forbi. Men Kaisa var snill og roleg. Ho hadde lyst til å leike med Monty og Cody. Men det kan dei gjere ein annan gong.
Å, dette blei eg stolt over å sjå. Cody var der først. Og så la Monty seg ned der. Søtt, synest eg.
Monty og Cody inspiserer ein liten hatlebusk. Kan hende det har vore ein hjort og gnidd seg forbi?
Monty står nybørsta og vakker og passar på ein liggande Cody, som er 10 veker.
Cody er godt kamuflert i steinrøysa, ikkje sant?
Stor og liten i "magisk" kveldssol 14.mai 2010, då Cody var 10 veker.
Monty og Cody leikar med Cazi og Steffi. Foto: Hilde eller Cato.
Oi, oi, oi, så mykje artig her var...leiker og damer, seier Monty. Cody har mest lyst på ballen til Cazi.
-Åh, hå! Ei på min størrelse! Eg er ingen trussel for deg, seier Cody og legg seg ned for Steffi.
Her er Monty i ferd med å hive seg ned i leikestilling, og Cody gjer ein liten "high five" til han. 5/6-2010. Cody er her 13 veker og Monty er 3 år og 11 mnd.
- Du skal liksom stå fint, Cody, sånn at mor får begge i linsa...Og i linsa betyr her borte, du skal ikkje tygge på kamera!!! Monty er lett forferda over Cody sine sprell!
Her står Monty og nyt utsikten. Cody er ein ivrig elev, og studerer Monty si haldning.
Her er eit lite sommarminne frå då Cazi og Steffi var hos oss. Hilde, det var jo dette eg mangla!! Tusen takk!
Ein langbeint Cody og ein litt meir proporsjonert Monty. Me fekk eit bilde på Lysekloster i dag, 15/7, og så opna himmelen sine sluser. Irriterande at Monty ikkje hadde utstillingsband på...
Cody og Monty spring i dei siste solstrålene på kveldsturen vår, 16/7-2010.
- Spring etter meg, då! seier Cody.
- Å! Der var du! Yippi!!
Her er det tydeleg gjensynsglede hos begge. Cody hadde seg ein liten tur opp til treet. Men stien ligg djupt, så han forsvant eit ørlite øyeblikk i graset.
Monty og Cody ved eit gammalt stabbur i Nesbyen.
Tenk om Cody hadde sett opp, og bildet hadde vore klart!
Monty og Cody på veg heim frå Hovda. Cody snuser på ein pinne.
Her er Monty og Cody og eg i hagen til Mamma og Pappa, 12/8-2010. Foto: Elin A. E. Erstad.
Glorie-gutane! Motlys-effekten er ganske stilig, av og til, synest eg. Og Litt artig med Cody som står på ein stein og prøver å bli like høg som Monty, hi, hi. Men egentleg lyttar dei etter lydar i skogen.
Eg fekk hjelp til å fanga inn dei tre collie-fargane av naboen min, Robert Støle.
Og det er ganske stilig å ha tre fargar samla, så eg trong meir hjelp. Her er det Pia Bjøntegaard Aasheim som hjelper meg.
Eg prøver meg litt sjølv også....
Ja, her held Monty på å forklare til Cody korleis ein skal stille seg fint opp. Cody er ivrig lyttar.
Monty og Cody på Lone. Annie er fotograf.
Hilde har fått dette blinkskotet av mine vakre guttar.
Eit av bileta frå bjørkeskogen på veg opp mot Såto. Tenk om det ikkje hadde vore skugge i fjesa deira!
Men litt artig bilde, likevel, synest no eg.
Her er Monty, Cody og eg på Såtetoppen 16/10-2010. Takk til den snille dama som tok bildet.
Det var kaldt og litt vind. Eg sakna faktisk berre vottar. Elles var det heilt topp.
Her er me foreviga av ein snill fjellfarar i det området der me tok bilder av isen på vatna. Tusen takk også til denne fotografen.
Monty og Cody i kappløp i Kjevikjo.
- Eg har han, seier Monty. Det kjem ein pinne dalande frå himmelen.
Ein liten springmarsj i Horsstøo.
To vakre collies i haustfargar.
Monty først og Cody heng på.
Haustblad i Horsstøo.
Interessante greier her i vannkanten. Monty og Cody inspiserer. Cody lurer på om det går an å drikke sjøvatn.
-Yippi! Me skal til Drangstjødna!
To glade guttar på veg mot den islagte Drangstjødna.
I full fart! Desse to likar litt action.
Litt forsiktige trippa Cody og Monty utover isen.
Cody svinsar med halen. Dei har nok ein liten passiar om kor gøy dette var.
Cody har også ein vakker silhouett på isen. Monty snusar i bakgrunnen.
Ein springmarsj på isen. Ikkje nokon som er redd for glatte underlag her, nei!
- Førstemann tilbake, seier Cody.
- Å, sjå! Ein liten isdekka pytt til! Så artig!
I fullt firsprang mot Knulten. Desse to kosar seg saman, i kjølig vintersol.
Tid for ein liten pause. Mor prøver å fange begge to inn i kamera, der begge skal ha nydeleg positur.....og vera forholdsvis nær kvarandre.....
Monty og Cody likar å springe rundt på Knulten også. Her er det fin muskelbygging.
Dette øyeblikket måtte jo komma: Ein veksande Cody ser ut til å ha nådd att sin kjære broder Monty. Men det er eg jo ikkje lei meg for. Håpar han blir minst like kraftig og flott når han er ferdig med å vekse. Dette bildet blei eg veldig nøgd med. (Måtte jo forstørre det litt, derfor blei det litt uklart.)
Mer infoLiker
| |
 |