16.juli 2010 hadde eg og hundane ein kveldstur rundt Drangstjødno. Me hadde aldri gått rundt slik. Eg hadde fotoapparatet med, og medan eg dreiv og fotograferte vannliljer som gjekk til ro for natta, så oppdaga eg at Monty og Cody dreiv og sprang i full fart. Klippet er ikkje så godt, og lyden ber preg av at det er litt mykje vind. Men hundane hadde det kjempekjekt. Og god muskelbygging, for det er tungt å springe i våt myr.