Velkommen til Nero si heimeside

Eg og min sambuar Vidar hadde lenge prata om at vi kunne tenkt oss ein hund, og etter sikkert over eit år med tenking og fundering på alle mulige fordelar og ulemper bestemte vi oss for at vi skulle ha!

Valget av rase var ikkje enkelt, men med tanke på at vi hadde ei lita leilighet så skulle vi ha ein liten hund. Plutselig kom vi over dvergpinscheren, og vi blei meir og meir interessert i denne rasen. Etter masse mailar og telefonsamtalar med eit utall med oppdrettarar falt valget på Trine og Kennel Rodutto i Tromsø, noko vi ikkje har angra eit sekund på!

I November 2006 reiste vi til Narvik for å hente verdens finaste dvergpinscher som hadde fått navnet Arwin av oppdrettar Trine. Trine var så snill at ho møtte oss på halvveien i Narvik med mor til kvalpane, Ultra og nokre av søskena til Nero. Vi smelta sjølvsagt då vi såg dei små, og der og då kunne eg godt ha tatt med meg alle heim Nero, som etter kvart blei hans nye navn, blei fort fortruleg med meg og Vidar og han sovna ved sidan av meg i bilen lenge før vi hadde køyrt utav Narvik

Nero er ein hund med masse personligheit. Han lograr så det ser ut som heile rompa hans skal gå utav ledd når vi kjem heim frå jobb, han får noko godt, vi skal gå tur og ikkje minst visst han får kose i senga Vel, egentlig så lograr Nero stort sett heile tida Eg kan tenke meg at kos, mat og tur det er lykke for Nero Når eg skal legge meg på sofaen og hentar fram pleddet så er Nero der på eit blunk! Då kryp han tett inntil meg med pleddet godt rundt seg og der kan han ligge i mange timar Når vi er ute er Nero full av futt og fart og er veldig aktiv. Han er ein nyskjerrig liten dvergpinscher og er der det skjer!Han vil gjerne ha med seg alt, pluss litt til 

Dvergpinscherane kan gjerne vere litt reservert overfor framande, men heldigvis har ikkje det vore noko problem med Nero! Han elskar alt på to og fire bein! Jo fleire, jo bedre Likevel har Nero nokre favorittpersonar som det alltid er like stas å besøke; "bestemor" på Fauske og "tante" Julie og "onkel" Tore på Skau som har kullbroren til Nero

Før vi bestemte oss for å kjøpe hund var vi veldig klar på at vi skulle ta han med på kurs og eventuelt utstilling. Sistnevnte falt ikkje heilt i smak, men vi har vore på to lydighetskurs med Norsk Hundeskole, og driv litt med lydighetstrening på eigenhand. Interessa for agility kom også etter kvart, og det er kjekt å sjå kor ivrig Nero er på agilitybana Vi er så vidt byrja med organisert agilitytrening, og så vi får sjå kor vegen tar etter kvart



Dette var litt om Nero, og er du interessert får du vite mykje meir visst du tar ein kikk inn i Nero sin verden Skriv gjerne i gjesteboka! Då blir vi veldig glad

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Tord | Svar 02.06.2010 23.52

Heisann, Nero. Endelig fikk jeg treffe deg. Litt synd at det var så vått på bakken at du syntes det var ekkelt å være ute. Skjønner jeg godt. Vi snakkes

Caroline 04.06.2010 14.15

Eg er litt pyse når det er regn. Trivast best når det er sol og varmt. Du får komme på besøk i sommar og grille. Eg likar sånne aktivitetar.

solrun | Svar 12.03.2010 19.58

Heia Nero :) hehe :D lenge sia sist...ha ei fin helg :)

Caroline 13.03.2010 13.10

Takk for det Solrun :) Eg er hos "bestemor" og "bestefar" på Fauske og kosar meg veldig der ;) Håpar du har det bra! :)

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

04.06 | 14:15

Eg er litt pyse når det er regn. Trivast best når det er sol og varmt. Du får komme på besøk i sommar og grille. Eg likar sånne aktivitetar.

...
02.06 | 23:52

Heisann, Nero. Endelig fikk jeg treffe deg. Litt synd at det var så vått på bakken at du syntes det var ekkelt å være ute. Skjønner jeg godt. Vi snakkes

...
13.03 | 13:10

Takk for det Solrun :) Eg er hos "bestemor" og "bestefar" på Fauske og kosar meg veldig der ;) Håpar du har det bra! :)

...
12.03 | 19:58

Heia Nero :) hehe :D lenge sia sist...ha ei fin helg :)

...
Du liker denne siden